| Høgskolen i Vestfold : Biblioteket : Skriftserien | ||
|
Sveinung Nordstoga: Litteraturhistoria på ungdomssteget - gammal tradisjon i ny innpakking? |
Copyright © 2001 forfatteren / Høgskolen i Vestfold |
|
|
<< Forrige side - Forside - Innhold - Neste side >>
Innhold:
Frå den gjennomførte konvensjonelle framstillinga i Frå saga til CD via den meir fragmenterte og tekstorienterte Pegasus er vegen lang fram til litteraturhistoria i tre-bindsverket Gjennom språket. Her er sjølve den ytre organiseringa av stoffet eit poeng for å forstå kva ein gjer med emnet. I 8.klasseboka har ein eitt kapittel som har tittelen " Eventyr og anna folkedikting" .9. klasseboka har med tre kapittel : " Nasjonalromantikken" , " Tekster fra 1800-tallet" og "Roman", i tillegg til eit kapittel med tittelen " Samisk litteratur". Det første kapitlet i bind 9 er ein rein periodeomtale, det andre ein antologi med ein kommentar til Welhaven- Collet-forholdet medan romankapitlet tar for seg romansjangerhistoria på 1800-talet. 10.klasseboka har med to relevante kapittel, "Henrik Ibsen" og "Tekster av Hamsun, Undset, Duun og Sandel" der ein i det sistnemnde innleier tekstutdraga med forfattaromtalar. I tillegg til dette har ein med svært komprimerte periodeoversyn bakst i kvart bind med ei svært så velkjent inndeling, i innhald og form identisk i dei tre binda. Og dessutan har ein ei samling med forfattaromtalar, kalla "Biografiar", heilt til slutt i kvart bind der kvar av dei tre bøkene har med ulike diktarar som er omtalt tidlegare i boka. Kva har ein gjort her? Det er berre små restar att av den kronologiske framstillinga, i staden har ein splitta stoffet opp i to undersjangrar - den korte, nærmast leksikalske, biografien, og ei komprimert leksikalsk periodeframstilling. Desse tekstane er ut frå plassering i verket meint å fungere som reine oppslagstekstar, og noko anna kan dei neppe tene til. Dette er rein faktaframstilling som komprimerer stoffet. Kva er så att? Kva for fragment finst ? Fyrst og fremst omtale av nasjonalromantikken, dessutan ein del om Collet, Wergeland og Welhaven , litt om Hamsun, litt om folkedikting - og det var det. Dette betyr at det som skal studerast i dette arbeidet er i omfang mykje mindre enn i dei to andre verka. Av dei totalt 61 kapitla omhandlar 12 kapittel litteraturhistorie, men berre 3 av desse kapitla er ei framstillinga av litteraturhistoria i tradisjonell forstand.( "Eventyr og anna folkedikting" , " Nasjonalromantikken " og " Tekster av Hamsun, Undset, Duun og Sandel") Samanliknar ein med Frå Saga til CD , kan ein slå fast at her har ein å gjera med to verk som har total ulik fagleg prioritering. Når ein no har slått fast dei ytre organisatoriske og kvantitative forholda omkring disiplinen, og sett at Gjennom språket skil seg ut, kan ein gå over til å sjå på innhaldet i den litteraturhistoriske framstillinga. Og kva finn me her? Jau, ein svært uvanleg måte å skrive om diktingas historie på, ei framstilling som er på mange punkt ulika alt anna som til no er undersøkt i dette materialet, på godt og vondt. Sidan sjølve analysematerialet er såpass lite, vel eg i denne bolken å ta for meg kvart kapittel og kommenterer desse - med tanke på dei momenta eg har vore inne på tidlegare i dette arbeidet. Oppslagsdelane bak i kvart bind ser eg ingen grunn til å gå nærmare inn på. For det eine er arbeidet mitt retta inn mot den samanhengande framstillinga, ikkje leksikalske oppslagsdelar som er skilt ut frå framstillinga elles. Dessutan er periodeomtalane så knappe
8.2. "Eventyr og anna folkedikting" På mange vis er det eit annleis kapittel om eventyr og anna folkedikting ein her har framfor seg ( Gjennom språket 8 kap 10 s.165 - 186) Det er ei mest fullstendig ahistorisk framstilling. Ein legg minimal vekt på å tidfeste innsamlinga av folkedikting, og ein legg heller ikkje vekt på å knyte denne diktinga til andre litteraturhistoriske forhold eller til andre tekstar innanfor kunstdiktinga. Tidsperspektiva bakover blir vage og utydelege når ein skriv at " langt tilbake i fjern fortid blei eventyra til" og "det har vore folkedikting i Europa i 2500 år ", og det ahistoriske blir understreka når ein seier at "eigentleg er ikkje folkediktinga knytt til ei spesielle tid". Denne siste setninga markerer overgangen til det relevante poenget med den samtidige og funksjonelle folkediktinga som lever i vandrehistorier, rim, regler osv. Ein har også med elevtekstar som handlar om framtida, som skildrar ein framtidsvisjon. Desse tekstane blir også kalla for eventyr. Tekstar med fantastiske innslag som skildrar ei framtid, er " Eventyr om framtida". Viss ein tekst er eventyrleg, er den eit eventyr. Her utvatnar ein sjangeromgrepet. Og dette er berre med på å understreke korleis folkediktinga svevar i eit tidlaust rom. Det tematiske innhaldet i eventyra er vagt og luftig formulert. Dette ser ein tydeleg når sjangeren blir kontrastert mot segner. Medan segnene er sanne, handlar eventyra om " ønske, draumar og fri fantasi". I stil med den ahistoriske vinklinga vel ein folkevisa " Han Mass og han Lass" som døme. Dei tyngre mellomaldervisene blir berre omtalt. Her får ein også den fyrste og einaste historiske opplysninga om folkediktinga når ein skriv at eventyr og folkedikting blei nedskrive først på 1800-talet, og innsamlarnamna blir også nemnt. Tidlegare i dette arbeidet har det blitt sagt at tekstmaterialet minner mykje om eit komprimert norsk grunnfag ved at ein forenklar og komprimerer faglege samanhengar i vitskapsfaget norsk. Gjennom språket bryt heilt med denne tradisjonen. Her merkar ein annan tradisjon, her er ei stemme i framstillinga som snakkar direkte til eleven, som allmenngjer stoffet, gjer det tidlaust, prøver å appellere meir til elevens innleving enn til behovet for faktiske historiske
Viktigare er det å slå fast at denne forenklande stemma, som tek vekk folkediktingas historiske feste, målber eit fagsyn som er lite presist. Riktig nok kjem det funksjonelle aspektet tydeleg fram. Men sjangeroppfatninga av eventyr er svært flytande. Ein legg meir vekt på å kategorisere enn å gje presise sjangerdefinisjonar, ein opererer ikkje med nemninga folkeeventyr og ein let forståinga av eventyr gli ut i ei form for forteljing som er fantasifull. Framstillinga av folkedikting blir langt på veg slik som forfattarane meiner folkediktinga er, utan tids- og staddimensjon. Det siste ser ein tydeleg når ein let vera å kommentere eventyret ein har med frå Nepal, " Bestefaren og doko-korga". Her ligg det jo an til faglege poeng som burde interessere kvar og ein. Ei segn om Petter Dass er med, men ein har ikkje med relevante opplysningar om Dass som kunne kaste lys over segna om diktaren som lurer Fanden sjølv.
Nasjonalromantikken er den perioden i Gjennom språket som får den fyldigaste behandlinga ( Gjennom språket 9 s. 86 - 117). Som med folkediktinga - her er ein opptatt av å løyse opp tidsdimensjonen, i alle fall innleiingsvis. I avsnitt " Er du romantisk - og nasjonal?" skriv ein om romantikk som fenomen, ei framstilling som inviterer eleven med på medskaping og medføling: " Vi ser for oss noe søtt og godt, spennende og drømmeaktig, noe bortimot uvirkelig"( s. 86). Ein legg ut om romantikk, prega av vekebladas klisjear, før ein endeleg er over på romantikken som litterær periode. Framleis unngår ein historiseringa. Blant anna omtalar ein konsekvent opplysningstida som tida " før". Omtalen av romantikken som periode er også så allmenngyldig og banal at ein gjer seg tanken om at her har lesaren krav på meir presise meldingar frå forfattarane si side. Ein skriv om romantikken at historia blir sett på som spennande, at ønsket om fridom for individet er typisk og at ein set fantasien og kjenslene i sentrum. Romantikkomgrepets legitimeringsproblem blir her akutt. Når ein skal studere korleis litteraturhistoria blir framstilt, hadde ein venta seg fleire anekdotar og forteljinga om diktarane våre, i tråd med forteljingas plass i L97. Brått, uventa, blant alle allmennelege ord om romantikk og stemning dukkar det opp ei poetisk og kort forteljing, ja faktisk to. Den eine handlar om då Adam Oehlenschläger skreiv " Gullhornene" og korleis Heinrich Steffens inspirerte han og var fødselhjelpar for diktet. Deretter blir det gitt ei skildring av jenta som fann desse gullhorna, ei noka pompøs og romantisk skildring, men her er lærebokforfattarane tilgitt sidan ein her set dette inn i ein historisk kontekst. Slik dette blir framstilt i lærebokkonteksten, blir denne episoden starten på ein ny æra i vår kulturhistorie. Samanhengane blir ignorerte, i staden er episoden, forteljinga, samanhengen. Forteljinga fortener å bli sitert i sin heilskap: " Over landskapet ligger en sugende , mystisk spenning. Skyene suer, natta bruser, det sukker fra gravhaugen, rosene lukker seg. Her forbereder selve naturen seg, her skal det skje noe stort og hellig. Og det skjer: Opp fra den svarte molda kommer det rødlige gullet. Bondejenta ser noen ufatteleige gamle og uendelige verdifulle drikkehorn. Det fantastiske med hornene er særlig de skrifttegnene som er risset inn. De er hemmelige og hellige tegn fra mennesker i en for lengst svunnen tid. Gjennom dette språket går det en bro til nåtiden, det finnes en forbindelse mellom dem og oss. Det er som om vi hører historiens veldige drønn, vi er en del av en fantastisk sammenheng " ( Gjennom språket 9 s. 89). Som tilfellet var med folkediktinga, ein blir slik som det emnet ein skal skriv om er. Når ein skal skrive om romantikken, blir ein romantisk. Det er vidare eit poeng å merke seg kor omstendeleg ein er når ein skriv om nasjonalromantikken. 10 sider bruker ein før ein kjem fram til nasjonalromantikken og diktekunsten. Før det skriv ein som kjent om romantikken og "deg", om romantikk generelt, om nasjonalromantikken som kjem til Norden, til Noreg, multi-mediashowet i Christiania Theater, nasjonalromantikken i musikk og historieskriving før ein endeleg kjem fram til Wergeland - som ikkje er nasjonalromantikar. Hadde ein kartlagt like mykje føresetnadene for det moderne gjennombrotet , hadde det sagt meir om norsk litteratur. Her legg ein vekt på nasjonalromantikken, slik L97 seier. Wergeland
Men denne framstillinga er prega av ei projisering av den tids konflikt over på eit notidsplan som forenklar og tilslører. Wergeland og Welhaven mobbar kvarandre, dei slåss faktisk av og til, dei har kvar sin flokk bak seg - som elevar i friminuttet. Men ingen ting står om syn på dikting. Det einaste poenget som går på fagleg skrivemåte er at Wergeland ville bruke fornorska former. Siste sjanse til å lesa om diktaren Wergeland ligg i enkeltbiografiane bak i boka. Er det her diktaren skal stå fram? Det som står her er at han skreiv kjærleiksdikt, at han er glad i naturen, og spesielt dyr og at han synest det er dumt å forlate så mykje vakkert når han skal døy. Den magre omtalen av Wergeland som diktar stadfester synspunkt framført av Sigurd Aa. Aarnes som meiner at Wergeland i ettertid har blitt tolka inn i ein nasjonal-politisk sjølvstendekamp, først av partiet Venstre i slutten av førre hundreår. Diktaren har kome i bakgrunnen. Det er altså tradisjon for at samfunnsmennesket Wergeland har fått dominere i forhold til diktaren ( Aarnes 1986 ) Welhaven
Framstillinga er langt på veg utan historisk basis, ein skriv om venleiken i diktinga og heile omtalen blir ei skildring, stilleståande og ahistorisk. Ein prøver å vera elevmoderne ved å snakke om "den sexy" huldra ( ut frå tekstens stilmessige føresetnader eit skjemmande stilbrot) , og ein psykologiserer over Welhavens karakter ved å skrive: " Han opplever ikkje alltid at han blir møtt med forståelse som dikter. Derfor skjuler han ofte sitt følsomme sinn og sin ensomhet bak en tøff tone og fleipete bemerkninger. " Psykologiseringa over Welhaven glir vidare i framstillinga over i ei inkluderande betrakting der me alle tek del i hans forhold til andre: " Kanskje er han selv klar over at det er slik det er, og kanskje kan han derfor også forstå slike mennesker som vi i første omgang ikke liker. De kommer kanskje med stikkende bemerkninger og har en væremåte som støter dem bort. Men ville vi ha opplevd dem slik dersom vi kjente deres bakgrunn og historie ?" ( Gjennom språket 9 s. 105) Når det gjeld Camilla Collet, gjev ein ei vanleg lite substansiell framstilling av hennar liv og virke. Me får greie på at kvinner må få utvikle sine evner, at det er forskjell mellom kjønna , at ho er opptatt av skriveprosessen og at ho streifar rundt på Eidsvold prestegard om dagen og skriv gjerne om nettene. Gjengivinga her er ikkje meint som spissformuleringar. Igjen må ein stille seg spørsmålet: kva er dette? Dette er ei ahistorisk framstilling av ei overklassekvinne som likar å skrive og som er opptatt av kvinnesak. Igjen er ein over i ei stilleståande skildring utan faglege synspunkt For å trekke den ahistoriske linja heilt ut fører ein problemstillingar knytt til nasjonalromantikken fram til i dag ved at ein let kapitlet munne ut i ein appell om at me ikkje må bli for nasjonale, for då kan ein bli rasist og "legge grunnlag for frykt, hat, strid - og krig"
8.4. "Tekster fra 1800-tallet "og "Roman" Den sterke romantiske substansen blir ført vidare i kapitlet " Tekster fra 1800-tallet". ( Gjennom språket 9 s. 117 - 144). Dette er som sagt ein antologi, men den har med ei innleiing om forholdet Collet - Welhaven. Omtalen av dette forholdet er prega av innlevande romantisering ( " Men noe var det mellom disse to spesielle menneskene , noe spennende og mystisk, noe uforklarlig - og tragisk."). Camilla Wergeland leikar med sjølvmordstankar, skriv ein. Ein skaper inntrykk av at hennar kjærleikserfaringar er tragiske for henne, ikkje at dei representerer eit potensiale for hennar kunstnarlege karriere. Med andre ord kastar ikkje kjærleikshistoria mellom Welhaven og Collet lys over norsk litteraturhistorie i det heile. Likevel brukar ein forholdsvis god plass på dette. Når ein derimot skriv om romansjangerens utvikling på 1800-talet, komprimerer ein stoffet og skriv så knapt og har med så få døme at det pedagogiske utbyttet truleg blir svært lite. Her skriv ein om overgangen frå ein synleg til ein usynleg forteljar utan å grunngje dette med instruktive tekstdøme. Her ser ein tydeleg klare trekk av ein norsk- grunnfag-tradisjon. Men det er tydeleg at ein ikkje er villig til å gå skikkeleg inn i teksthistoria med fyldige forklaringar og døme. I forhold til dei tidlegare romantiserte avsnitta sender ein her på ein heilt annan frekvens. Ein snakkar med ei sakleg stemme, men denne får ikkje høve til å forklare og eksemplifisere. Dermed blir truleg dette meir togn enn tale for eleven. Skriv ein vanskeleg om romanens utvikling, kan ein i neste vending gjer stoffet svært enkelt og banalt. Ein kan hevde at eleven ikkje har særleg mykje å bryne seg på i denne innleiinga om 1800-talets skjønnlitterære tekstar:" Du vil nok merke at tekstene bærer preg av at de er skrevet i en annen tid, under andre forhold. Folk tenkte annerledes, de hadde en annen hverdag, selskapslivet var ikkje slik vi er vant til, de hadde andre skikker. Og ikkje minst skriftspråkt var annerledes." ( Gjennom språket 9 s. 118). Så avsluttar ein innleiinga med å skrive at sjølv om livet dei levde før i tida var forskjellig frå no, er det visse sider ved livet som aldri endrar seg, eksempelvis kjærleiken. Dette er overforenkling, ikkje innsiktsfull kunnskap.
8.5. "Tekster av Hamsun, Undset, Duun og Sandel" Har Gjennom språket ei heller svak innføring i romantikken, er omtalen av Hamsun etter mitt syn svært god - ei framstilling som overgår dei to andre Hamsun-bileta i dei andre verka.( Gjennom språket 10 s. 102 - 116). I denne framstillinga greier ein å kombinerer innleving med sakskunnskapar på ein framifrå måte. Eit hovudpoeng blir å setje Hamsuns 1890-tals prosa inn i ein modernistisk samanheng og understreke hans banebrytande arbeid for å fornye romansjangeren. Teksten om Hamsun har også klare romantiserande trekk. Ein kan berre sjå på eitt av dei spørsmåla forfattarane stiller innleiingsvis - for å koma lesaren i møte: " Hvem var denne gutten som lå i graset og skrev med pekefingeren på nordlandshimmelen fordi han manglet kladdebok, mens trangen til å dikte sprengte på?" ( s. 102) . Dessutan blir det gjort eitt poeng av at Hamsun var ei " gåte" - ein klisjé i Hamsun-forståinga. Men når ein skal konkretisere og synleggjera overfor elevane det Hamsun måtte ha meint med " det ubevisste sjeleliv", " blodets hvisken" og " benpipernes bønn", greier ein på ein god måte å eksemplifisere dette: "[...] han ville skrive om den ville gleden som kommer helt uten grunn, om intense pust av smerte, underlige anelser, [...]". Vidare skriv ein :" Han ville i stedet vise mennesker som overrasker, som er fulle av motsetninger, skiftende i sinn og handlingar [...]". ( s. 103). Ved å bruke så mange ord, ved å utpensle dette viktige poenget får ein fram mykje av føresetnaden for modernismen. Tema og språk blir også sett i samanheng ved eit kort Hamsun-sitat om orda som skal omgjerast til " farge, til lyd, til lukt". I Hamsun-forståinga er ein altså fullt på høgde med rådande synspunkt blant fagfolka: Hamsun er ein føregangsmann i verdslitteraturen på 1890-talet. Derfor seier også lærebokforfattarane at 1890-talet var eit vendepunkt i norsk litteratur pga Hamsun. Og når ein skal introdusere Sult-utdraget legg ein vekt på det irrasjonelle mennesket, ikkje på teksten som eit realistisk, mimetisk svar på kva svolt er. Modernitetsaspektet på Hamsuns 90-tals dikting er blant mange framført av Jan Kjærstad ( " Vi har ham ikke nå" , Dagbladet 2.5 1996) og Atle Kittang ( Luft, vind, ingenting, 1996) Når det gjeld Hamsun, er delinga mellom ein kort biografi bak i boka og ein omtale i ei fortløpande framstilling svært vellykka. I biografien får ein gitt nødvendige leksikalske opplysningar, medan ein brukar tid på å vektlegge modernitetsperspektivet i den andre delen. " Henrik Ibsen"
Inndelinga av litterære periodar er gjennomført på ein stram måte i oppslagskapittel bak i kvar bok. Her treffer me på dei kjente båsane som ein er godt vant med. Denne leksikalske måten å komprimere boksoga på gjev seg mange utslag som verkar i beste fall fagleg upresise. Men det kjem sjølvsagt an på korleis ein bruker desse sidene. Framstillinga viser elles, ikkje overraskande, at det er vanskelegare å vera presis di nærmare vår tid ein kjem. Alle motførestillingar som er nemnt tidlegare mot ei rigid periodisering gjeld også for korleis Gjennom språket periodiserer. Ein deler opp litteraturhistoria i fagleg tilslørande båsar, der f eks Garborg blir berre ein naturalistisk forfattar, Vinje blir berre nasjonalromantikar, Bjørnson berre ein diktar som høyrer til realismen osv. Den stramme periodiseringa ein finn i dette verket aktualiserer alle dei problema som ei tradisjonell periodeinndeling reiser.
Gjennom språket skal ha honnør for å skrive levande, elevnært og direkte. I tillegg bruker ein nokre av fiksjonens verkemiddel , som skildringa, for å levandegjera stoffet. Dette grepet blir ofte mislykka sidan den historiske tida i så liten grad blir gjort eksplisitt i framstillinga. Derfor endar ein ofte opp i ei ahistorisk skildring, som både kan forvirre elevane ved sitt sjangerbrot og som trekker merksemda bort frå det teksthistoriske. Gjennom språket nedprioriterer det litteraturhistoriske stoffet som emne ved at ein plasserer svært mykje av det som oppslagsdel bak i boka ( med lita skrift). Litteraturhistorieframstillinga i Gjennom språket er ujamn - frå det innsiktsfulle og teksthistoriske til det skildrande og fiktive utan teksthistoriske resonnement. Derfor blir litteraturhistoriografien i verket utydeleg. |
| Høgskolen i Vestfold : Biblioteket : Skriftserien | ||
|
|
||