Sveinung Nordstoga:
Litteraturhistoria på ungdomssteget
- gammal tradisjon i ny innpakking?

Copyright © 2001 forfatteren /
Høgskolen i Vestfold

 

<< Forrige side - Forside - Innhold - Neste side >>

7. Pegasus


Innhold:

[ Innhold - Toppen av siden ]

7.1. Innleiing

Verket Pegasus er organisert i tre bind, og alle desse har undertittelen " språk og litteratur". I kvantitet har nok litteraturhistoria ein noko mindre plass enn i SC, men likevel kan ein snakke om ein tydeleg litteraturhistorisk profil på det norskfagleg stoffet. I motsetnad til den strenge periode- og kapittelinndelinga i SC, finn ein her ei noko friare organisering av stoffet. Som ein inngang til fagfeltet bruker ein ved fleire høve nemningar knytt til forteljinga. Eitt kapittel ber tittelen " Litteraturen forteller", eit anna " Fortellinger fra nasjonalromantikken til naturalismen", eit tredje " Litteraturen forteller - nyrealismen".

Ser ein på bokutstyret, er Pegasus forholdsvis nøkternt i utforminga. Dei typografiske verkemidla er neddempa, ja av og til er det slik at framstillinga er noko uklar når ein skal orientere seg blant dei ulike tekstbitane. Faktisk er det slik at ein kunne ha ønskt at ein hadde ei klarare markering når ein går over til ein ny tekst mange plassar. Spesielt hadde det vore meir oversynleg dersom ein hadde markert nokre av forfattaromtalane med ei lita overskrift ( sjå t d Pegasus. Språk og litteratur 8. klasse s. 239, s. 231). Dessutan blir overgangen frå tekstdøme til verkets eiga framstilling ikkje typografisk markert i det heile. Tydeleg ser me dette t d på s. 83 i det same bindet.

Elles følgjer ein også her langt på veg prinsippet med integrering av skjønnlitterære tekstdøme i den litteraturhistoriske framstillinga. Men når det gjeld det " problematiske " 1900-talet, ser ein klare tendensar til at denne strukturen løyser seg opp. F eks blir lyrikarane frå 1900-talet omtala i eit eige kapittel, organisert som forfattarportrett med døme på dikt av forfattarane.
Eit anna kapittel har tittelen " Arbeid med noveller" der ein skriv om Nedreaas, Borgen og Vesaas. Den reine og fortløpande litteraturhistoriske framstillinga stoppar opp ved nyrealismen. Samtidslitteraturen er organisert som ein tekstantologi, utan litteraturhistorisk plassering av tekst og diktar. Dette er altså ein måte å løyse ei vanskeleg oppgåve på - ein spreier litteraturhistoriske opplysningar utover og inn i andre kapittel.

Språkhistoria er skilt frå litteraturhistoria og har eigne kapittel. På slutten av boka for 10.klasse finn ein kapitlet "Emner fra litteraturhistorien" der ulike tekstar med ulik historisk plassering er sett saman om eitt emne, eitt tema. Pegasus har ikkje eige kapittel om barnelitteraturen, og samisk kultur og litteratur er integrert i andre kapittel.Hovudinntrykket av dette verket er at det har eit levande, elevvennleg og friskt språk, det overraskar med til dels nye og originale innfallsvinklar og tekstutvalet er til ein viss grad utradisjonelt.

Fororda til dei tre bøkene i verka legg vekt på å seia noko om elevens møte med litteraturen. I forordet til den fyrste boka for 8. klasse seier ein : " Litteraturen skal være utgangspunktet for arbeidet med norskfaget". Her kunne ein sagt teksten, eller ein kunne sagt at det er studiet av ulike slags kommunikasjonsformer som bind norskfaget saman. Ein vel altså skjønnlitteraturen. Seinare i same avsnitt slår ein fast at norskfaget "handler om kultur".
I tråd med dette skriv ein i same forordet noko om lesarens møte med litteratur: "Møtet mellom tekst og litteratur er viktig. Når du leser teksten, tolker du den på din måte. Vi vil at du skal bli vant til å snakke om din oppfatning og høre på andres".

Det blir frå lærarhald sagt at Pegasus er vanskeleg. Mitt inntrykk er at dette verker skårar så høgt på kreativitet, perspektivrikdom og formidlingsevne at dette er ein påstand med svært mange modifikasjonar. I sin tradisjonelle omgang med det historiske norskfaget, er SC etter mitt syn vanskelegare tilgjengeleg enn Pegasus.

[ Innhold - Toppen av siden ]

7.2. Kva vil ein elev forstå - og ikkje forstå?

I dette kapitlet vil eg konsentrere meg om to forhold som frå ein tenkt elevs synsstad kan verke upresist og kanskje forvirrande ved verket Pegasus. Det eine har å gjera med framstillinga av den eldre litteraturen, inkludert folkedikting. Det andre punktet omhandlar i kva grad romantikkomgrepet kan seiast å vera tilgjengeleg for lesarane.

Folkedikting og norrøn litteratur
Framstillinga av litteraturhistoria startar med eit kapittel om folkedikting. Her legg ein naturleg nok stor vekt på folkeeventyra. Ved at ein presenterer to variantar av same eventyr, får ein fram den funksjonelle sida ved fenomenet eventyr. Dessutan har ein med diktet" Kjerringa mot strømmen" av André Bjerke som tek vare på det intertekstuelle perspektivet. Ein har også med to kortare samiske eventyr. Det manglar altså ikkje på gode tekstdøme, men desse blir ikkje aktivt brukt for å eksemplifisere eventyrtrekka som ein har presentert først i kapitlet. Berre når det gjeld det ukjente, men interessante, eventyret frå Valdres " Grisegjeteren som vant prinsessa og halve riket" kommenterer ein sjangertrekka direkte i teksten etterpå

Dei fleste eventyrtrekka blir presentert for elevane i form av klare punkt. Her er det trekk som skulle vera lette å registrere i tekstdøma. Men ein tekst er problematisk i denne samanhengen, nemleg det samiske eventyret om Gud ( Jupmele), kona og korleis myggen kom inn i verda. Her gjeld verken tre-talslov, eit "kjent " persongalleri ( Gud!) og det foregår ingen direkte kamp mellom det gode og det vonde. Dette dømet frå den samiske forteljetradisjonen minner meir om ei opphavssegn i vår kulturkrins - eller om ein skapingsmyte.

Introduksjonen til omtalen av eventyr er også verdt ein kommentar. Den startar med to korte tekstdøme som meir er spesielle eksempel enn gode for elevane når dei skal orientere seg i et nytt emne. Den eine teksten lyder slik " Det var en gang en mann / som skulle gå ned til sjøen etter salt/ og det var alt." ( Pegasus 8 klasse s. 80). Teksten blir omtalt som verdas kortaste eventyr, som iallfall har eitt sjangertrekk, nemleg " Det var en gang". Det andre dømet har tittelen "Domerneks" som viser korleis ei forteljing inneheld lag på lag med nye forteljingar ( dømet går slik: ein mann møter Domerneks som fortel eit eventyr om ein mann som møter eit dyr som heiter Domerneks som fortel eit eventyr om ein mann....). Desse to tekstdøma fungerer dårleg sidan dei er så spesielle og fordi dei nærmast blir ståande ukommenterte. Poenget med forteljingar i forteljingar hadde vel vore naturleg å ta opp i samband med Domerneks-teksten, men dette blir ikkje gjort. Starten på emnet om eventyr kan forvirre lesaren. Her vil ein vera original, men ein følgjer ikkje opp val av spesielle tekstdøme.

I kapitlet med tittelen " Sagaer og eddadikt" startar ein med å snakke om fornaldersagaer, og ein brukar mykje plass på å presentere historier om jenta som blei kalla Kråka, både den lokale med tilknyting til Spangereid, og fornaldersagaen slik den framstår i "Soga om Ragnar Lodbrok". Dansken Peter Madsen har laga ein teikneserieversjon av den siste delen av sagaen, og denne er tatt med i verket. Deretter går ein over til å snakke om andre islandske ættesagaer, med sagaen om Gunnlaug Ormstunge som døme.

Når ein les dette, lurer ein på kva slags tekst det er som står før omtalen av sagaen om Ragnar Lodbrok . Teksten har tittelen " Ikke kjørende og ikke ridende", og den er ein folkeeventyrversjon av historia om Kråka. Men kvifor er det ingen kommentarar til teksten? Kvifor er det heller ikkje oppgitt bak i litteraturlista kva for opphav denne teksten har ? Alt som står er at teksten er eit utdrag. Eventyret blir berre ståande utan kommentarar sjølv om ein ser at dette er ein variant av ei historie me får presentert seinare. Ein kort kommentar til dette hadde gitt lesaren god hjelp.

Etter den danske teikneserien, bygd på den nemnde fornaldersagaen, går ein over til å skrive om ein islendingesaga, nemleg sagaen om Gunnlaug Ormstunge. Her merkar me oss at ein ikkje skil i teksten mellom fornaldersaga og islendingesaga Mønstereleven vil resonnere som så at også Gunnlaug Ormstunge er ein fornaldersaga sidan ein ikkje har introdusert ein annan sjangerkategori. Har ein fyrst introdusert fornaldersagaene, burde ein også ha forklart sjangeren islendingesagaene. Ein skriv at fornaldersagaene kan minne om eventyr og segner, men når ein etterpå skriv om den neste sagatypen ( les: islendingesagaene), er det ikkje mykje som minner om eventyr og segner sidan ein her legg vekt på slekter, oppramsing av namn og eit reelt historisk utgangspunkt. Rett nok er ein inne på at ein no går over til å snakke om ein ny type saga, men denne skilnaden er avgrensa til innleiinga og er dermed svært ufullstendig Fyrst heilt på slutten byrjar ein å snakke om ættesagaer etter at ein har sitert Gunnar på Lidarende og Torgrim. Men dette er for seint til å tydeleggjera kva for sjanger ein skriv om i det føregåande. Ein nærliggande tanke er det også at islendingesagaer hadde vore meir presist. Elles må det understrekast at skiljet mellom islendingesagaene og fornaldersagaene er langt på veg udiskutabelt blant fagfolk. I boka Nøkkelen til islendingesagaene ( 2000) opererer Heimir Pálsson med ei tradisjonell og ei ny inndeling av sagalitteraturen, og i begge inndelingane er fornalder- og riddarsagaer skilt ut som eigen teksttype, ut frå ulike kriterium.Sekvensen om sagaer blir avslutta med eit strekpunktoversyn over sagastilen. Ein forklarer ikkje desse punkta med utgangspunkt i tekstdøme. Dei fleste av desse punkta er belyst tidlegare i framstillinga i samband med islendingesagaene. Men eitt punkt burde nok ha blitt eksemplifisert og forklart betre - punktet om den objektive og nøytrale forteljaren.

Framstillinga av edda-dikta er også noko mangelfull. Ein skriv kort om "Håvamål", kort om Den Eldre Edda og kort om metrikken. Deretter presenterer ein 4 strofer, tre av dei både i Holm-Olsens og Mortensson-Egnunds gjendikting, ei i norrøn versjon og Holm-Olsens. Ein kan lett tenke seg eleven som kanskje sit att med desse spørsmåla: kvifor heiter det "edda-dikt"?, eller kva handlar dei andre edda-dikta om? Her har ein altså valt å konsentrere seg om eitt dikt. Kanskje det fungerer svært bra. Men det er eit faktum at denne delen av norrøn litteraturhistorie blir svært mangelfull behandla, iallfall i lys av målsetjinga innleiingsvis i kapitlet som la vekt på "likhetspunkt mellom tekster skrevet i en spesiell periode". Dessutan heiter kapitlet "Sagaer og eddadikt" og legg med det opp til ein noko breiare presentasjon av sjangeren enn det som i realiteten skjer.

Pegasus har ei fin målsetjing med kapitlet "Litteraturen forteller". Den presenterer tre ulike sagatypar, og likskapane er openberre. Men ein går seg altså litt vill i den norrøne sjangerjungelen. Dersom ein hadde tatt med eit anna eddadikt med ei episk form, ville også lesaren ha sett tydelegare likskapspunkt på tvers av skiljet poesi - prosa.

Romantikkomgrepet
Som kjent er romantikkomgrepet noko av det mest problematiske ein litteraturhistorikar kan gje seg ut på å forklare. Eg skal i det følgjande sjå på kva for innhald romantikk-omgrepet får i Pegasus og drøfte i kva grad dette gjev meining for den tenkte lesargruppa. Til sist vil eg knyte romantikkomgrepet til eit synspunkt i artikkelen "Romantikken" av Henning Howlid Werp ( Dvergsdal 1998, s. 125 - 153).

Kva for romantikk-omgrep er det som møter lesaren av Pegasus? Romantikken blir knytt tett opp til den franske revolusjon ved det at denne revolusjonen utarta i valdeleg retning, noko som forårsaka fornufttidas samanbrot, og dette førte til ei erkjenning blant diktarar og andre om at det var ikkje berre fornuft som styrte, men også i høg grad kjensler og stemningar. Slik det står i teksten blir romantikken forklart materialistisk. Den oppstår nærmast på grunn av den franske revolusjon. Vidare gjeld desse stikkorda for framstillinga av romantikken: lengsel til fjerne himmelstrok og til fortida, den urørde naturen som eit ideal og dyrking av enkeltindividet og geniet. Dette blir vidare kopla opp mot nasjonalromantikken. Ein skriv blant anna at " alt som var ekte norsk, kom på moten"

Så langt verkar alt greitt. Men når ein så skal bruke omgrepa romantikk/nasjonalromantikk i samband med diktaromtalar, blir dette meir problematisk og kan verke forvirrande på lesaren. Både Wergeland og Welhaven var både romantikarar og nasjonalromantikarar. Men biletet av Welhaven som nasjonalromantikar blir modifisert når eleven les at Welhaven gjekk i mot dyrkinga av alt som var ekte norsk og at han gjerne ville få inn " [...] fremmede innslag i vår bondske sidrumpekultur". Deretter blir Welhavens romantiske poetikk forklart og sett opp mot Wergelands. Dette er klargjerande. Men på slutten av avsnittet " Welhaven som romantisk dikter" står det at Welhaven skreiv " tekster som kan kalles bondeidyll" trass i at han meinte at bondekulturen måtte tilførast edlare kulturelement frå utlandet. Dette viser at Pegasus med rette gjev eit samansett bilete av Welhaven. Korleis lesinga av dette vil bli, er sjølvsagt vanskeleg å seia, men ei mogelegheit er forvirring hjå lesaren, ein annan utgang er konstruktiv spørsmålsstilling, følgt opp av ei oppklarande samtale med læraren.

I pakt med god tradisjon blir Amtmandens døtre plassert i overgangsfasen mellom romantikk og realisme. Her kan eleven lesa om ei ny side ved romantikken. Romanen av Camilla Collet er nemleg ikkje romantisk i tematikk, men i skrivemåte : "Men måten hun skriver på, er knudrete og innfløkt og nokså typisk for romantikken" ( Pegasus 9 kl s. 108). Dette blir utdjupa noko når ein introduserer realismen som litterær periode. Det står at Amtmandens døtre var typisk for romantikken i måten den " var bygd opp og fortalt på". Kva tyder dette? I kapitlet om romantikken/nasjonalromantikken konsentrerte ein seg om den dominante sjangeren for perioden - diktet. Men ein skriv ikkje noko om den romantiske romanestetikken. Eitt namn kunne fått ein sterkare plass her som eit døme på ein episk romantikar, nemleg Maurits Hansen. Det romantiske ved Amtmandens døtre blir ikkje meir klargjort når ein skriv at Collet skreiv ein realistisk roman i ei romantisk form. Sjølv om ein set dette opp mot Bjørnsons bondeforteljingar, som er romantiske i ei moderne form, vil ikkje innsikten om Collet-romanen bli noko større.

Når ein skriv om Bjørnsons bondeforteljingar, konkluderer ein med at dei to forteljingane har romantiske trekk ( "Et farlig frieri" og "Ørneredet "). Grunngjevinga for dette er så allmenn og generell at den blir meiningslaus ( stikkord: individualisme, kjensler styrer, eit lengt etter eit betre liv som styrer våre val). Ved å vera så generell gjer ein romantikken nærmast absurd som omgrep.

Ein fruktbar innfallsvinkelen til romantikk-omgrepet er å knyte dette til modernisme ved at ein seier at romantikk er forløparen til modernismen. I artikkelen " Romantikken" refererer Henning Howlid Werp til ein artikkel av Brian A. Rowley , " Anticipations of Modernism in the Age of Romanticism" der sambandslinjer mellom dei to ismane blir meir enn antyda. Howlid Werp skriv bl a: " Den fokuseringa på relasjonen mellom selvet og verden som romantikken representerer, får sin etterfølger i modernismens jeg-bevisste og fortellerbevisste romaner. I romantikken og modernismens prosadiktning er fortelleren ofte en bestanddel av fortellingen selv, og skrivingen en bestanddel av romanen. Både romantikken og modernismen har generelt en forkjærlighet for kunstnerproblematikk [...] ( Dvergsdal ( red) 1998 s. 143). Kanskje dette kan redda skulelitteraturhistorias utvatna romantikkomgrep? Kanskje romantikken femner om så mykje at den bør gjelde litteraturen i vår tid like mykje som for perioden 1800- 1850? Romantikken bør kanskje brukast meir som ei forfattarhaldning enn som ei rigid periodenemning. ( sjå elles synspunkta til Asbjørn Arseth i Norsk litteratur i 1000 år. Teksthistoriske linjer.)

Poenget med det som er skrive om romantikken, er ikkje å kritisere Pegasus for å vera spesielt uklare når det gjeld romantikkomgrepet. Snare tvert om. Her er instruktive avsnitt og klargjerande formuleringar. Føremålet er å vise at somme omgrep er mest uråd å bruke presist og på ein avgrensa måte. Derfor vil også lesaren oppfatte dette som noko svært utydeleg, er det grunn til å tru. Romantikken er eitt av desse omgrepa, realismen eit anna ( sjå omtale av Kiellands "Karen" kapitlet "Periodar og periodisering )

Nye perspektiv
Som nemnt overraskar Pegasus ved nye perspektiv sett i lys av ein didaktisk litteraturhistoriografisk tradisjon. Noko upresist kan ein seia at denne perspektivutvidinga går på å gjera stoffet meir internasjonalt for på den måten å gjera emnet meir forståeleg og perspektivutvidande for elevane Eitt døme på dette er nettopp framstillinga av Bjørnson. Ein vel ut den noko ukjente "Ørneredet" , saman med " Et farlig frieri", som eksempeltekstar på Bjørnsons nyskapande prosa. Teksten blir introdusert som ei ny novelle om " klatring og kjærlighet". For å få lesaren til å forstå tematikken med hybris og nemesis, gjengir ein Ikaros-myten, som er ei sterk understreking av det mentalitetshistoriske perspektivet på litteraturen, og via ei forteljing får elevane presentert gamle og nedervde tankemåtar. Med dette blir perspektivet utvida, ein går frå Romsdalsnaturen til Knossos, ein ser linjer og likskapar og ein får fortalt ei historie som kanskje fester seg i minnet.

Eitt anna døme på både ei perspektivutviding og ei klargjering av emnet er bruk av fabelen i folkediktingskapitlet. For å understreke slektskapen mellom forteljingar frå ulike land har ein tatt med fablar frå ulike land, bl anna Russland og India. Dessutan trekker ein inn kunstdiktinga som bruker fabelsjangeren som utgangspunkt. ( Johan Borgens "En fabel om dyret og sneglen" og H. C. Andersens " Konen med æggene"). Viss ein ser prosadelen av folkediktingskapitlet under eitt, er framstillinga prega av svært mange tekstdøme. Elevane vil dermed ha større sjansar til å forstå sentrale moment ved emneområdet, slik som det internasjonale aspektet, det allmenngyldige i tematikken, strukturar i historiene og den sterke munnlege og folkelege forteljetradisjonen. Litt rart er det at ein ikkje trekker inn det internasjonale ved folkediktinga i forklaringa innleiingsvis i kapitlet når ein har med så mange døme frå ulke kulturar og miljø.

Kanskje ein også kan forstå det internasjonale perspektivet som ein stille protest mot den nasjonale måten å framstille folkediktinga på. Sikkert er det iallfall at kapitlet er elevvennleg, og det er rikt på gode døme. Tekstane kjem i framgrunnen og framstillinga er kommentarar til tekstane. Slik blir teksten overordna framstillinga, ikkje omvendt - slik tilfellet er i SC.

Oppsummering
Som ei oppsummering kan ein seia at sjølve framstillinga er klar og instruktiv. Her er mest ingen døme på eit ikkje-tilpassa vitskapsspråk som me såg det i SC. Eit representativt tekstutdrag , omtalen av Obstfelder, viser kor presist og enkelt ein kan skrive om ein innfløkt diktar : " Han følte seg både tiltrukket og frastøtt av teknikken. Det moderne samfunnet som vokste fram på slutten av 1800-tallet, med store byer, industri og høye hus, gjorde at han følte seg fremmed og utenfor. Fremmedgjøring kalles det når en ikkje kjenner seg hjemme i denne verden. Vi kan si det slik at mens naturalistene i 1880-årene skildret skyggesidene ved samfunnet, skildret Obstfelder følelsene som de samme skygggesidene skapte - angst, ensomhet og fremmedgjøring" ( Pegasus 8 klasse s. 162). Ein har på mange vise rive av seg den tvangstrøya som heiter vitskapsspråket. Det som derimot kan skape uklarheiter er dei mange ukommenterte tekstdøma, bruk av periodenemningar saman med den litt tunge starten litteraturhistoria får når ein snakkar om dei eldste forteljingane.

[ Innhold - Toppen av siden ]

7.3. Korleis vender teksten seg til eleven?

Tekstelement som kan verke opne og som kan setje i gang "eit eller anna " hjå eleven er det neste punktet som skal behandlast. Kva for meiningspotensiale finst ?

Korleis blir diktarar introdusert?
Det er eit hovudinntrykk at sjølve framstillinga talar med ei stemme som svært ofte vender seg direkte til lesaren. Ein måte å gjera dette på er å projisere emne, omgrep eller diktarar over på notida for å klargjera eit fagleg poeng. Eg skal i det fylgjande kommentere nokre av desse parallellføringane mellom notid og fortid.

Som nemnt i et anna kapittel blir Wergeland introdusert for elevane med desse orda:
"Henrik Wergeland er kanskje den største norske idealisten gjennom tidene. Han blir også av svært mange regnet som Norges største dikter. Hvis han hadde levd i dag, ville han kanskje ha vært medlem av SOS Rasisme, Bellona, Naturvernforbundet eller en annen idealistisk organisasjon. Ja, han kunne ha vært medlem av mange ! Han kunne ha vært blitzer også, for der ting skjedde, der var han med, glødende av engasjement og stå-på-vilje " ( Pegasus 8 kl s. 255)

Dette er eit forsøk på å forklare for lesaren på ein enkel måte kva for enorm tyding Wergeland har hatt i vår kulturhistorie. Parallellføringa med aktuelle kampsaker i dag er relevant. Appellen til unge lesarar blir forsterka ved at ein bruker ord som " stå-på-vilje" og "blitzer". Men kor innsiktsfull denne parallellføringa eigentleg er, kan diskuterast. Dette tankeeksperimentet har som ein premiss at den historiske konteksten er tilnærma den same, og at ein Wergeland av i dag ville framstå som ein stor idealist som gløder av engasjement. Men ser ein på dei store endringane i offentlegheita, ville Wergeland heilt sikkert spela ei heilt anna rolle i dag. Kanskje han var ein glødande idealist, men heilt anonym? Kanskje han var desillusjonert, og utmeldt av samfunnsdebatten? Dette er umogleg spørsmål å svare på. Det heile blir så hypotetisk at det blir uinteressant. Uansett vil nok denne innleiinga vera med på klargjera eit bilde av Wergeland som kan forsvarast.

Ein annan diktar som får ei noko utradisjonell innleiing er Sigrid Undset. Gjennom denne innleiinga - som skulle appellerer til mangt eit ungt og utforskande sinn - får ein sagt mykje om både Undsets posisjon internasjonalt, men også om hennar litterære tema. Ein treng altså ikkje byrje med fødselsår og - stad når ein skriv om ein diktar. Pegasus skriv: "På planeten Venus er det et krater som har fått navn etter Sigrid Undset. Den internasjonale astronomiske union ville gi landskapsformene på Venus kvinnenavn, siden Venus opprinnelig var den romerske kjærlighetsgudinnen. Sigrid Undsets navn ble tatt med ikke bare fordi hun var nobelprisvinner, men like mye fordi hun hadde stor sans for Roma, romersk og annen gudelære, for landskap og ikke minst for kjærligheten " ( Pegasus 10 kl s. 227).

Pegasus viser ved fleire høve at ein går friskt rett på sak i forfattaromtalane, ein slår an ein tone som kanskje får lesaren til å lesa vidare. Her er tre døme på innleiingar som eg oppfattar som gode fordi dei er interesseskapande. Cora Sandel-omtalen startar slik: " Hvis du har en lengsel mot et annet og bedre liv, så gjør noe med det! Dette kunne ha vært Cora Sandels motto"( Pegasus 10 kl s. 222). Om Camilla Collet skriv ein aller først: " Camilla Wergeland var intelligent, vakker, kunstnerisk begavet og litt bortskjemt av sin prestefar Nicolai. Hun burde hatt det beste utgangspunkt for et lykkelig liv" ( Pegasus 9 kl s. 106) . Ein startar å omtale Hamsun med desse orda. "Mange har forsøkt å skrive som Hamsun, men ingen har fått det til"( Pegasus 10 kl s. 206)

Det tidsaktuelle
Ved nokre høve løfter ein emne opp frå det historiske mørkret for å gjera det dagsaktuelt, og dermed kan bodskapen skape ei slags fornya meining hjå lesaren. Igjen vil eg tilbake til kapitlet om folkedikting for å gje eit døme på dette. I innleiinga til emnet får ein presentert ein alternativ og nyare versjon av " Da klokka klang". Dessutan blir det sitert to " alle barna-vers" som døme på produktiv moderne folkedikting innafor barnekulturen. Her skulle ein tru at ein møtte eleven på heimebane sjølv om den nye versjonen neppe er "frekk" ut frå ein elevs synsstad. Døma understrekar det samtidsfunksjonelle ved folkediktinga, men dette blir merkeleg nok ikkje gjort til eit poeng når ein definerer "folkedikting". Her blir fenomenet knytt til "gamle tekster som vi kjenner til".

Under gjennomgangen av eventyr driv forfattarane høgttenking omkring vald i eventyra. Ein understrekar at mange eventyr er svært valdelege, men dette aksepterer " [...] vi nærmest uten å blunke eller med et tilfreds grøss og en kilende, kald følelse nedover ryggen" (Pegasus 8 kl s. 88) Det blir gitt fleire døme på eventyr med grotesk og makaber vald. "Kjerringa mot strømmen" blir nemnt spesielt sidan det er gjengitt like før og sidan det også inneheld eit drap. Men denne høgttenkinga fører ikkje til noko. Alt renn ut i sand. Det verkar som ein vil snakke om noko presumptivt elevvennleg, men ein greier ikkje heilt å trekke ein fagleg konklusjon ut av dette. Dersom ein hadde reflektert meir over korleis valdsinnslaga fungerer i teksten, ville saka ha stilt seg noko annleis. Valdsinnslag blir ikkje oppfatta så groteske ut frå tekstens eigenart og sjangerforventingar.

Reiseskildringa
Pegasus skriv ein del om reiseskildringar frå seint 1700-tal. Dette er med på å vitalisere litteraturhistoria i ein periode der ein for det meste har lagt vekt på Holberg og Det Norske Selskap. Kapitlet om reiseskildringar er interessant, det fortel om ei fascinerande og spennande fiktiv verd og inneheld gode tekstdøme.

Ein skriv om Niels Klims underjordiske reise, Robinson Crusoe og Gullivers reiser. Rett nok burde ein nok her ha drøfta sjangernemninga " reiseskildring" noko meir - ein omtalar blant anna Holberg-boka som den fyrste science-fiction-romanen i felleslitteraturen - men dette er inga hovudinnvending. Eleven les her fyldige presentasjonar av desse bøkene der ein kombinerer parafrasen og omtale av skrivemåte på ein naturleg måte. Ved å omtale desse nemnde bøkene oppnår ein svært mykje. Eleven tar eit aldri så lite sideblikk og får lære om samtidig utanlandsk litteratur. Samtidig lærer ein noko om eigenarten til ein - på den tida - unorsk litteraturtype, nemleg den fantastiske litteraturen. Omgrep som satire og allegorisk litteratur blir behandla. Ideelt sett burde denne framstillinga verka bevisstgjerande på det kompliserte skiljet mellom fiksjon og fakta.

Ein tek også med ei meir tradisjonell reiseskildring, nemleg engelskmannen Edward Clarke som skreiv ned sine minne frå ei reise i Skandinavia rundt år 1800 ( Edward D. Clarke Reise i Norge 1799). Ein siterer små utdrag frå denne reiseskildringa, med små kommentarar. Her er det ikkje det fantastiske som er fascinasjonskrafta, men heller avstanden, den framande som ser på oss med sine auge, til og med for 200 år sidan !

Eksempel og konkretiseringar
Som allereie nemnt er Pegasus prega av ein levande stil som svært ofte konkretiserer og synleggjer stoffet. Tre døme kan nemnast på dette. Om Holberg står det at han skreiv 15 komediar i løpet av eitt år - med andre ord " en komedie hver fjerde uke i gjennomsnitt". Bjørnsons brevskriving var enorm, noko også Pegasus er inne på: " [...]han skrev over 30 000 brev! Dersom en person skriver ett brev hver dag, trenger vedkommende over 82 år for å skrive 30 000 brev". Om skilnaden mellom naturalismen og realismen står det: "Realismen fortel om kloakken, naturalismen let folk bade i den!"

Ovanfor har eg nemnt nokre av dei tekstlege appellformene ein kan finne. Dette kan karakteriserast som innhaldsmessige tekstbitar. Spørsmålet er om ein kan finne spesielle presumptivt elev-vennlege trekk når ein ser på sjangerdimensjonen ved teksten . Kanskje neste kapittel kan gje oss eit svar på dette?

[ Innhold - Toppen av siden ]

7.4. Sjangerdrøfting

Pegasus unngår stort sett den opplistande og leksikalske teksttypen der det er om å gjera å ha med så mykje informasjon som råd på minst mogeleg plass. Den einaste staden i verket der ein ser ein slik framstillingsmåte er der ein skriv om norske komponistar i kapitlet " Fra romantikk til tidlig realisme". Her skriv ein korte omtalar som langt på veg nærmar seg leksikonsjangeren. Bak desse to sidene om kjente komponistar ligg den tverrfaglege fordjupinga i nasjonalromantikken som L97 legg opp til. Sidene verkar fagleg perspektivutvidande, men er inga lykke for lærebokspråket.

Elles serverer verket oss også nokre anekdotar, men dei er få i talet. Her er mest ingen reindyrka forteljingar som framstiller delar av ein diktars liv. Eitt døme på dette er Wergeland og torgslaget, men det er den einaste korte forteljinga av betydning som finst i diktaromtalane.

Forfattarpresentasjonen
Den dominerande sjangeren i Pegasus kan ein kalle for ein forfattarpresentasjon, ein teksttype som ligg i grenseland mellom ei forteljing, ein biografi og ei saksframstilling. I tillegg har ein periodekarakteristikkar. Forfattarpresentasjonen er den mest interessante sjangeren i verket, både kvantitativt og kvalitativt. I det fylgjande skal eg sjå på tre presentasjonar for å vise korleis ein bruker denne sjangeren Dei aktuelle diktarane er Arne Garborg, Johan Sebastian Welhaven og Johan Herman Wessel.

Wessel
Johan Herman Wessel blir omtalt på ein entusiastisk og lesarvennleg måte.( Pegasus 8 kl s. 245 - 247). Korleis er undersjangrane til sjangeren forfattarpresentasjon organisert her? Ein startar med ei saksutgreiing der ein siterer diktet " Kjærlighet og smørrebrød" og seier at dette diktet er typisk for Wessels måte å skrive på. Blandinga av det kvardagslege og viktige kjensler som kjærleik og hat gjer diktet lite høgtidleg og " [...] forteller dermed leseren at det han sier , ikke er helt alvorlig ment.". Dette er ei saksframstilling, der ein bruker ord som er konkrete og meiningsfulle for eleven. Ein skriv at Wessel "erter leseren", og at han " leker med ordene og lokker andre til å være med på leken" .I den biografiske delen skriv ein om Wessels rolle i Det Norske Selskap, og her kjem ein ny dimensjon inn i framstillinga: Wessel er den som skil seg ut. I det lystige selskapet er Wessel den som ikkje seier stort, " han lyttet helst, men kom iblant med en munter replikk eller et vers, gjerne et som stakk litt". Førestillinga av Wessel som annleis enn dei andre blir forsterka når ein skriv at dei fleste medlemmene av Det Norske Selskap reiste tilbake til Noreg for å bli embetsmenn, men Wessel blei igjen i København og fekk aldri nokon embetseksamen. Lesaren blir invitert til vidare tenking om dette når ein stiller spørsmåla: " Var han lat? Var han litt for glad i det gode liv? Eller var han kanskje som den østersen du leste om på side 240?" ( Dette viser til ein Holberg-fabel om geitebukken og østersen. Geitebukken klagar østersen for å vera lat. Han får til svar at han er tilsynelatande doven, men han har lag ei fin perle som er meir verdt enn 100 geitebukkar - !). Fabeldømet kan vera med på å forsterke det undrande elementet i framstillinga. Kven Wessel eigentleg var, får lesaren ikkje svar på. Trass i at han skreiv mykje, skreiv han aldri om sitt privatliv.

Deretter kjem ei utgreiing om "Kjærlighet uten strømper" med vekt på skrivemåten - oppbygging av handling, parodien, stilen, komisk effekt osv. Wessel-omtalen sluttar med tre småvers knytt til ulike situasjonar, slik som " Nyaarsvers", gravskrifta over seg sjølv og diktet : " Han syntes født til bagateller/ og noe stort han ble ei heller". Heilt til slutt står diktet "Smeden og bageren".

Wessel-kapitlet balanserer mellom biografi - med innlagd underleggjering av stoffet - ,saksframstilling av skrivemåte og gode tekstdøme. Når det gjeld det siste, er jo Wessel ein takksam forfattar å formidle.

Welhaven
Generelt for beskrivinga av diktarane på 1800-talet kan ein seia at Pegasus bruker forholdsvis mykje plass på Wergeland, Welhaven og Collet i forhold til dei forfattarane som kjem seinare i hundreåret. Dette betyr at ein forfattar som Arne Garborg får i kvantitet mykje mindre plass enn Welhaven. Likevel er Garborg-omtalen så fyldig at den toler ei samanlikning med Welhaven- kapitlet.

" Hvem var Johan Sebastian Welhaven?" opnar ein framstillinga av Welhaven med.( Pegasus 9 kl s. 96). Deretter får ein ei beskriving av kva han stod for som diktar, og kva som skil han frå Wergeland som diktar og som kulturdebattant. Dette er ei saksutgreiing. Så kjem ei framstilling av livsløpet fram til vaksen kunstnar. Me får høyre om at han tenkte å bli målar, me får høyre om skulegang og til og med ein anekdote som skildrar eit møte mellom han og H. C. Andersen. Her går ein heller ikkje av vegen for ei noka vågal psykologisering. Det står at han fekk mange uvenner, " [...] men det virket som om han trivdes i rollen som selvbevisst, ensom og litt sær"(Sjå elles Welhaven-forståinga i Gjennom språket). Deretter skriv ein om forholdet til Camilla Wergeland for så å beskrive eit opphald i Paris - ei framstilling som blir ståande noko isolert i heilskapen. Resten av framstillinga fortel om Welhavens poetikk, hans tematiske utvikling som lyrikar og om ulykkeleg kjærleik og ekteskap. I omtalen av Welhaven balanserer ein altså mellom biografi, inkludert korte kjærleikshistorier og saksframstillingar av hans estetiske grunnsyn.

Det er eit ope spørsmål om den psykologiseringa han blir gjenstand for er ein konsekvens av eit Welhaven-syn som går ut på å tillegge han "dårlege" eigenskapar for å kontrastere han mot den edle Wergeland , eller om psykologiseringa bygger på fakta. Uansett er omtalen av Welhaven langt på veg eksemplarisk. Ein kombinerer informasjon om diktarliv med syn på diktarkunst på ein innsiktsfull måte. Ein prøver ikkje å bruke dramaturgiske knep for å skape ei dramatisk forteljing. I staden viser ein vilje til å gå i djupna på hans kunstsyn. Det same kan ikkje seiast om korleis Arne Garborg blir omtalt.

Garborg
Dei to fyrste avsnitta er mest leksikalske, med periodeplassering, kortfatta omtale av tematisk utvikling og inspirasjonskjelder. Deretter skriv ein om Garborgs pietistiske oppvekst, farens sjølvmord og Garborgs skuldkjensle på grunn av det. Alt Garborg skreiv må sjåast i lys av denne problematiske oppveksten, hevdar Pegasus. Framstillinga av Jæren-diktaren er ein kombinasjon av biografisk framstilling av barndom og leksikalske opplysningar der ein blant anna til slutt listar opp kva for sjangrar han skreiv innafor. Her bruker ein altså ikkje saksutgreiinga som teksttype for å gå inn på Garborgs estetikk og idégrunnlag. Er det nokon norsk 1800-talsforfattar som har krav på ei slik omtale må det vera Garborg. Men her vel ein altså ein reindyrka historisk-biografisk innfallsvinkel, og ein gir ikkje ei innføring i Garborgs rike ideologiske forankring. Denne vektlegginga av barndommen gjer eigentleg biografi-elementet svakt. Garborgs vaksne liv hadde mange oppbrot ( oppseiinga i statsrevisjonen og busetjing på Kolbotn, tilbakevendinga til Jæren på 90-talet osv) som ein ikkje skriv om. Men det ein prioriterer og skriv om i staden, er eit Garborg-verk spesielt, nemleg Haugtussa.
Som ei samanfatting kan ein seia at det er eit særkjenne ved diktarportretta i Pegasus at ein greier , i større eller mindre grad, å kombinerer ei relevant og poengtert biografisk framstilling med ei sakleg utgreiing om vesentlege sider ved skrivemåte og syn på dikting.

[ Innhold - Toppen av siden ]

7.5. Litteraturhistoriografisk vurdering

Verket Pegasus syner evne til å vise fram tekstane og den teksthistoriske utviklinga. Tekstdøma spelar hovudrolla og blir ramma inn av kommentarar om skrivemåte og meir kortfatta litteraturhistoriske innleiingskapittel. Som ein konsekvens av den teksthistoriske vinklinga er det to andre emneområde som blir nedtona, i sterk kontrast til f eks Frå saga til CD, og det er det biografiske elementet og den allmennhistoriske delen.

Fleire døme viser korleis tekstane blir sett i sentrum: Petter Dass' salme: "Herre Gud ditt dyre navn og ære" blir presentert i to versjonar, ein nyare frå Norsk Salmebok og ein eldre, den opphavlege versjonen. Samanlikninga er eit enkelt, men kanskje lite nytta grep i litteraturhistoria. Her har ein eit ypparleg utgangspunkt for teksthistorisk arbeid, ikkje minst for å oppfylle læreplanens målsetjing om å sjå litteratur - og språkhistoria under eitt.

Det andre døme viser enda tydlegare den teksthistoriske forankringa. I innleiinga til det lange kapitlet " Fortellinger fra nasjonalromantikken til naturalismen" står det at ein no bryt med den kronologiske organiseringa av stoffet. I staden plukkar ein ut ulike tekstar frå ulike periodar på 1800-talet som belyser det same tema, i dette tilfelle at unge menneske søker i hop. I tilknyting til dette merkar me oss kva ein seier om eleven og teksttolking i det ein vender seg direkte til eleven: " Når tekster settes sammen, påvirker de hverandre. Det betyr at vi nok tolker dem på en litt annen måte enn om vi hadde lest novellene helt atskilt eller sammen med andre tekster" (Pegasus 9 kl s.119). Sjølv om ein gjer det klart at ein vil framheve periodeskilnader belyst gjennom tekstar, er det ikkje rett at ein løyser opp den kronologiske strukturen. Tekstane blir presentert i kronologisk rekkefølgje, og ein skriv ei innleiing til teksten der ein tek for seg forfattar og periode - eit kjent og kjært mønster. Likevel viser ein overfor eleven at tekstane har ein innbyrdes samanheng, dei er ikkje valt ut tilfeldig.

Under gjennomgangen av Frå saga til CD blei framstillinga av Sigbjørn Obstfelder nemnt som eit døme på ei nærmast overdriven vektlegging av biografisk informasjon. Slåande er det å sjå korleis Pegasus omtalar same forfattaren. Her er det mest berre lagt vekt på tematiske spørsmål, og ein nemner berre tre biografiske opplysningar på den knappe sida: han var utdanna teknikar, han døydde ung og han gav berre ut ei diktsamling. Klargjerande er også formuleringa om at medan naturalistane skildra skuggesidene ved tilveret, skreiv Obstfelder om kjenslene dette førte med seg ( sjå elles kapitlet " Kva vil eleven forstå - og ikkje forstå?).

Men den teksthistoriske vektlegginga er ikkje konsekvent gjennomført. Det er verdt å merke seg korleis Sigrid Undset blir behandla ( Pegasus 10 kl s. 227). Riktig nok gjev ein ein fyldig presentasjon av Kristin-trilogien. Men det som likevel pregar kapitlet, er den forholdvis detaljerte biografiske gjennomgangen av livet hennar. Detaljane kan ha relevans for hennar kunstnarleg utvikling ( " [...] maleren Theodor Kittelsen sa at hun hadde talent"), men likevel er inntrykket at ein slår om seg med detaljar som står i eit svært indirekte forhold til hennar forfattarskap. Mange av desse informasjonane er unødvendige viss ein skal skrive ei litteraturhistorie, men relevante viss ein skal skrive ein biografi. Me får veta at Undset som kontorist hadde ni timars arbeidsdag med fjorten dagars sommarferie og 30 kroner i månadslønn. Ho "hatet" handelsskulen. Ho skreiv om kveldane, nettene og om søndagane. Ho var i USA under krigen , ho miste to av barna sine like før og under andre verdskrigen og etter krigen var ho sliten og hadde dårleg helse. Ho døydde på Lillehammer sjukehus i 1949, skriv ein. Ein typisk historisk-biografisk samanheng blir også tillagt vekt. Stikkordet her er 11 år - diktaren var 11 då far hennar døydde. Ein skriv: " Hun lar det ofte skje avgjørende hendelser i livet til hovedpersonene sine nettopp når de er i den alderen."( Pegasus 10 kl s. 228).

Pegasus bruker også delvis sjangerdeling som prinsipp i sin litteraturhistoriografiske metode. På 1800-talet skil ein ut dei episke sjangrane i kapitlet " Fortellinger fra nasjonalromantikken til naturalismen" medan ein let 1900-tals lyrikarane få eit eige kapittel der ein presenterer diktarane kvar for seg utan at ein skriv ei samanhengande framstilling av lyrikkens utvikling. Det same er tilfelle for 1900-tals novellistar der ein presenterer Vesaas, Borgen og Nedreaas kvar for seg og som innleiing til tekstdøma. Dermed har ein i realiteten brote ned litteraturhistoriesjangeren, i staden for å peike på utviklingstrekk organiserer ein kunnskapen om personar.

Eit anna viktig poeng i denne samanhengen er at ein faktisk avsluttar den samanhengande framstillinga av norsk diktings historie med Sigrid Undset. Kvifor? Forfattarane gir ikkje svar på dette, men ein kan spekulere. Ein grunn kan vera føringane i L97, ein annan er disiplintrengselen , ein tredje er at ein tenker som så at emnet er så komplisert at det er uråd å presentere ei fagleg forsvarleg utviklingslinje. Frå saga til CD kastar seg ut i det, Pegasus løyser problemet ved å lage ein antologi over samtidslitteraturen med den lause tematiske overbygninga:" Hvem er jeg?"

Kommentarar til periodar og forfattaromtalar
Den norrøne perioden
Dei episke sjangrane innafor den norrøne diktinga dominerer mest fullstendig denne perioden. Samtidig held ein fast ved det ein legg opp til innleiingsvis - tekstane skal stå i sentrum og tala med si stemme, og ein skal sjå samanhengen mellom desse tekstane.

Islendingesagaene blir omtalt i eit mentalitets- og teksthistorisk perspektiv. Eddadikt blir eksemplifisert ved sentrale strofer frå "Håvamål," og ein seier litt om dei formelle sidene ved dikta. Elles blir den norrøne poesien forbigått i det stille. Ingen ting blir nemnt om skaldedikta trass i at ein har med eit utdrag frå " Olavs saga " der eit slikt dikt går inn i ein episk samanheng. Inkje blir heller sagt om Den Yngre Edda, og den høviske litteraturen er ikkje omtalt. Kvifor er det slik? Ein premiss ligg i tittelen på kapitlet som gjev sterke signal om at her er ein opptatt av det episke ( " Litteraturen forteller") . Ein konsekvens av denne avgrensinga er at ein ikkje får fram mangfaldet, sjangervariasjonen og tekstar som avspegling av framveksten av ein skriftkultur. Ein greier heller ikkje heilt å følgje opp det episke perspektivet ved at samanhengen mellom tekstane ikkje er godt nok klargjort, og ein er ikkje nøyaktig nok når ein skal skilje mellom sjangerkategoriar.

Folkedikting
Når det gjeld folkeviser, legg ein vekt på balladar. Omtalen av balladen er summarisk og tradisjonell. Her kunne ein gjerne ha hatt meir kjøt og blod på framstillinga. Ein kunne ha gjeve balladen ei tydelegare historisk forankring ved å knyte den til hoffet til Håkon Håkonsson. Olav Solberg skriv om dette: " Håkon Håkonssons litteratur- og kulturpolitiske program for å kultivere hird og folk er eineståande både i nordisk mellomalder og i norsk danningshistorie, men meiningane om verdien av den omsette riddardiktinga hans har vore delte." ( Dvergsdal 1998 s. 59). Olav Solberg er i same artikkelen , "Folkedikting", inne på sambandslinja mellom mellomalderballaden og norrøne tekstar, spesielt sagaer. Balladen som sjanger oppstod i Noreg allereie på slutten av 1200-talet, " i kjølvatnet av den omsette riddardiktinga". Solberg nemner eit døme på ei ofte oversedd litteraturhistorisk sambandslinje: " I Eufemiavisene , dei norrøne sogene som Håkon Vs dronning Eufemia fekk omsett til svensk knittel, finst det spor av balladen i formlar og rim." Vidare heiter det: "Den nye og populære diktinga vart lesen høgt ved hoffet og i andre stormannsmiljø, og motiv og idear vart vidareførte og utvikla til balladar i den munnlege tradisjonen" (op.cit. s. 60). Solberg konkluderer med at ein på 1300- og 1400-talet dikta mange nye balladar og eventyr og desse var inspirert av den munnlege tradisjonen ( op. cit. s. 61)Så kvifor ikkje framstille balladen også som ei vidareutvikling av den norrøne litteraturen, ikkje berre som noko nytt som oppstår i Frankrike ?

Felleslitteraturen
Faktisk bruker ikkje Pegasus nemninga felleslitteraturen som overordna periodeomgrep. Ein held fast ved nemningane barokken og opplysningstida. Av desse to periodane er det heilt klart 1700-talet som blir mest vektlagt. Spesielt tida rundt Det Norske Selskap får stor plass, bl a med eit avsnitt om nasjonalsongsjangerens framvekst.

Barokken, derimot, får ei mindre omfattande behandling. Salmediktinga blir ikkje nemnt i det heile. Ein trykker eit figurdikt av Laurits Thura og gjev språklege døme på ein typisk pompøs barokk stil. Elles blir diktet ståande isolert, og ein stiller seg spørsmåla: kven var Laurits Thura? Er slike dikt litteraturhistorisk representative? Er dette eit høvesdikt? For å oppfylle dei tverrfaglege krava - nemner ein Johan Sebastian Bach og at musikken har blitt brukt av Procol Harum, ei rockegruppa frå 60-talet du truleg må vera over 40 for å kjenne namnet på!

Peter Dass-omtalen er interessant (Pegasus 8 kl s.231 - 234). Den er ei panegyrisk, hagiografisk omtale som stadfester biletet av den rause, romslege og sosiale Peter Dass, folkeleg estet, godt likt av alle, som blant all barokk pompøsitet skil seg ut med sin " enkle og folkelege" stil. Ingen annan stad i verket får ein person så panegyrisk omtale. Omtalen er faksjon i ordets rette tyding, her smeltar myten, anekdoten, hagiografien og nekrologen saman til ei framstilling som gjev eleven innblikk i eit rikt liv. Som diktinga, så mannen. Storslagen, raus og altomfemnande. Nokre sitat understrekar poenget:" svært godt likt av alle", "I heile to hundre år etter at Dass var død, ble det sørget,", salmane hans " hørte til de kjæreste de leste", "en folkelig mann som kjente sine" sognebarn"", "han var "romslig og hjalp folk" og - nok ein gong - " derfor var han godt likt av alle". I iveren etter nærmast å heilag-gjera Dass seier ein også det unødvendige " Han var utvilsamt ein svært kristen mann", som om eleven ikkje visste det når han like før las at han var ein salmediktande prest .

Kvifor denne hyllinga? Peter Dass var kanskje slik. Eller kanskje han var rett mann til rett tid, for seinare litteraturhistorieskrivarar. Eller kanskje han var stor, for dei andre var så små. Eller kanskje det er slik at diktaren blir som diktinga Det storfelte smittar over på personkarakteristikken, akkurat som nyromantikaren Obstfelder må lide fordi han ikkje skriv vidare lystige tekstar.

Den viktigaste årsaka til at Peter Dass skil seg så ut, er at ein har i norske akademiske miljø forska svært lite på barokken som litterær periode og på norsk-danske barokkdiktarar. Pegasus gjev ei nøytral og ikkje-normerande framstilling av barokken og den barokke stilen. Tradisjonelt har eldre litteraturhistorier sett på, i følgje Jørgen Sejersted, barokken som ein stilperiode med overdriven bruk av retoriske verkemiddel som ein til dels har vore negativ eller ambivalent til ( Dvergsdal 1998, s. 71 - 95).

Wergeland, Welhaven og Collet
Henrik Wergeland får ikkje uventa tildelt rikeleg plass. Framstillinga er todelt - eit kapittel om mannen og eitt om diktaren. Samfunnsmennesket og idealisten Wergeland avsluttar det lange kapitlet " Litteraturen forteller " for 8 klasse medan diktaren Wergeland blir omtalt i byrjinga av kapitlet " Fra romantikk til realisme" (Pegasus 9 klasse s. 86) . Hovudinntrykket er at samfunnsmennesket får ein fyldigare og meir samansett omtale enn diktaren. Vel er det mange dimensjonar ved Wergelands dikting som er vanskeleg å formidle. Likevel er vinklinga på forfattarskapen noko avgrensa. Ein legg vekt på to dikttypar, kjærleiksdikta og dikt om natur og dyr. Den metafysiske sida ved forfattarskapen, eksemplifisert ved Skabelsen, Mennesket og Messias, er ikkje nemnt, heller ikkje dei satiriske og politiske kampdikta. Eller kva med metadiktinga til Wergeland? Edvard Beyer skriv at Skabelsen, Mennesket og Messias er det "dristigste, størst anlagte diktverk i nordisk litteratur".(Beyer 1975 b. 2 s. 101). Det viktigaste ved presentasjonen må vera at eleven skal ane eit mangfald i diktinga til Wergeland, ein skal få inntrykk av det store spennet, frå det ørvesle til det kosmiske, frå det poetiske til det satiriske. Alt i alt blir framstillinga av diktinga noko blodfattig sett på bakgrunn av alle gode tekstdøme og tekstomtalar ein finn elles i verket.

Omtalen av Welhaven er behandla på ein anna plass i dette arbeidet. Eit par moment kan ein slå fast: Welhaven som diktar kjem like tydeleg fram som Wergeland, og ein er opptatt av å endre på førestillinga om Welhaven som, i motsetnad til Wergeland, konservativ og gammaldags og den som bremsar på ei utvikling Om dette skriv Pegasus: " Men om han var konservativ, var han også et moderne menneske, helt på linje med samtida når det gjaldt dikting."( Pegasus 8 kl s. 96) Welhaven er i pakt med si samtids rådande poetikk, det er ikkje Wergeland. Nettopp det poenget legg ikkje verket vekt på når ein skriv om Wergeland.

Camilla Collett er ein diktar som dei nye norskverka oppvurderer. Kanskje grunnen er at vår fremste Collet-ekspert, Torill Steinfeld, skriv interessant om diktaren i Norsk kvinnelitteraturhistorie bind 1 1600- 1900 ( " " Gjør sommeren blid for svalene " Camilla Collet ( 1813 - 1895)" ) der ein nærmast får inntrykk av at det mest interessante som skjer med Collet er det som hender etter at ho har blitt enke. Ho gjev avkall på eit borgarleg familieliv, ho blir ein reisande betraktar som ser verda frå europeiske storbyar, ho ser betydninga av sin litterære innsats tydelegare etter kvart som ho ser at kvinnerørsla veks fram ut over hundreåret (litterær handling blir sosial handling) og ho utviklar nye sjangrar og skrivemåtar, bl.a. sjølvbiografien og reisebrevet med " en elegant stream- of - consciousness-teknikk, tatt i bruk lenge før noen kom på termen " modernisme" " ( Steinfeld 1988 s. 80) .

Collets forfattarskap sluttar ikkje med Amtmandens døtre. Slik sett kan ein seia at Collet berre er halvvegs oppvurdert. Steinfelds innsiktsfulle utlegningar står i kontrast til den slappe og banale avslutninga av framstillinga av hennar liv i Pegasus: " Ekteparet fikk ti år sammen. Han var bare 38 år da han døde. Nå ble det helt nødvendig for Camilla å endre levemåten. Pensjonen var for liten, hun hadde ansvar for fire sønner, og hun sørget over mannen sin". ( Pegasus 9 kl s. 107). Collet blir plassert på tradisjonelt vis i ein bås, mellom romantikk og realisme. Det romantiske elementet ligg i skrivemåten som er " knudrete og innfløkt". Steinfeld skriv derimot dette om Collets 1860-tals prosa: " Hun er også obligatorisk for den som vil se hvor moderne norsk prosa lot seg skrive i 1860-åra". ( Steinfeld 1988 s. 80).Det fråverande modernitetsperspektivet på Collet gjer at ein blir hengande att i romantikkens forelsking og "støpegodsoppdragelsen" av borgarlege jenter. Og ein gløymer det aller viktigaste - Camilla Collet blei ei gammal kvinne på 82 år og gav ut sine siste skrifter 72 år gammal.

Hamsun
Modernitetsperspektivet som ein kunne ha sett Collet inn i, manglar også når ein skriv om Knut Hamsun. Framstillinga her har lite substans, her er det lite "blodets hvisken og benpipernes bønn" i sjølve framstillinga, og perspektivet er heller avgrensa. Spesielt blir 90-talsromanane forsømt. Blant anna skriv ein ved to høve at Sult ( 1890) er ei forteljing om kva som skjer med ein person som svelt.( Hamsun er omtalt på to stader, under kapitla "Nyromantikken" og "Nyrealismen", og dette blir gjentatt). Ein trekker ikkje inn modernitetsperspektivet på Sult eller 90-talsdiktinga i det heile .

Atle Kittang har blant anna hevda i si bok Luft, vind, ingenting ( 1996) at det mimetisk- psykologiserande " Sult- perspektivet" verkar avgrensande. Kittang skriv bl a : " Sult skildrar ikkje berre ein forfattars materielle armod og vanmakt, eller motseiinga mellom subjektive ideal og objektive vilkår. Boka fortel også om vanlagnaden til ein kunstnar som er fanga i ein illusjon om kunstnarleg suksess" ( Kittang 1996 s. 59) ( jf Howlid Wærps drøfting av romantikk/ modernisme). Dessutan er det merkeleg at ein på den eine sida skriv at Hamsun er den store kjærleiksdiktaren, men ein nemner ikkje Pan . Heller ikkje Mysterier er nemnt. Victoria blir - som i SC - trekt fram og trykt utdrag frå ( den "svakaste" av dei litterære høgdepunkta til Hamsun på 90-talet). Hamsun-omtalen senkar ambisjonsnivået overfor det ein meiner elevane bør lære på dette området. Hamsun-framstillinga er heller knapp, perspektivfattig og prøver ikkje å overtyde eleven om at vi her har å gjera med verdslitteratur!

[ Innhold - Toppen av siden ]

7.6. Periodar og periodisering

Som tilfellet er med SC, Pegasus er svært tradisjonell når det gjeld å bruke periodeinndelingar. Rett nok blir kanskje sjølve periodiseringa dempa noko når det gjeld litteraturen fram til 1814. Her har ein stort kapittel med tittelen "Litteraturen forteller" der ein som underkapittel bruker dei kjente nemningane, med nokre modifikasjonar. "Norrøn tid" blir brukt som overskrift på eit oversynskapittel om den språkhistoriske utviklinga, ikkje som ei nemning eller overbygning for tekstar frå den norrøne perioden . I staden for felleslitteratur som nemning brukar ein "Dansketida begynner", "Barokken (1600-tallet)", "Opplysningstida ( 1700-tallet)" . Elles er folkediktinga skilt ut som eige kapittel, og slik det er presentert er det ikkje meint til å vera ein mellomperiode mellom norrøn tid og 1800-talet. På det viset fristiller ein seg frå tradisjonell periodetenking når det gjeld denne delen av litteraturen.

I fylgje tradisjonen blir Vinje og Collet plassert i kapitlet " Fra romantikk til tidlig realisme". ( Pegasus 8 kl 86 - 118). Aasmund Olavsson Vinje er romantisk i naturdikta, mens livssynet hans var "basert på fornuft og realisme". Igjen kan ein etterlyse alle dei dikta av Vinje som uttrykker ein allmenn livsvisdom, som er tanke- og refleksjonsdikt - korleis høver dei inn i periodeforståinga som er uttrykt? Vidare skriv ein om lyrikken til Henrik Ibsen. Dikta som blir omtalt er "Borte!" og "Terje Vigen", i tillegg til at ein siterer frå "Solveigs sang" og eit par andre kjente dikt. Tema som blir berørt er kjærleiken, døden, verdien av å gjera dei rette vala og sjølvransakinga til kunstnaren. Slik dei dikta står, gjev det lita meining å plassere dei mellom romantikk og realisme viss temaval er eit periodekriterium. Dersom kronologi er eit uttrykt periodekriterium, er saka ei anna.

Når det gjeld det lange kapitlet "Fortellinger fra nasjonalromantikken til naturalismen" (Pegasus 9 kl s. 118 - 152), er idéen bak kapitlet at kvar tekst representerer sin periode. Dette er uproblematisk med tanke på Maurits Hansen og novella hans " Luren". Bjørnson står som ein overgangsfigur mellom romantikk og realisme, og dette er også greit når ein skal skrive om bondeforteljingane. Men Bjørnson blir plassert i den båsen, og der blir han verande. Han sluttar å skrive bøker i 1860, får ein eit inntrykk av. Rigid periodisering fører til ei avgrensa forståing av Bjørnson.

Realismen som periode er representert med teksten "Karen", ein av dei verkeleg store leseverkklassikarane. Men å la teksten stå som eit typisk verk for realismen, er å redusere teksten. I tematikk tek den opp i eit samfunnsproblem. Men Kielland-novella er så litterær, med sin natursymbolikk, sin replikk-kunst, sin antydande stil og sin stramme komposisjon. Naturens rolle i teksten og dei underliggande kjenslene gjer teksten like mykje romantisk som realistisk. Periodisering fører i dette tilfelle til ei reduksjonistisk lesing.

I kapitlet om nyromantikken blir både Jonas Lie og Arne Garborg plassert. Dei blir med rette plasserte i fleire periodar, realisme, naturalisme og nyromantikk. Nemninga nyromantikk blir brukt og forklart, ein seier også at somme diktarar heldt fram med å skrive " slik de hadde gjort før". Dette er den einaste forma for nyansering i biletet av 1890-talet som nyromantikkens tidsrom. Trongen for periodisering fører til at ein ser bort frå andre sider ved den litterære utviklinga på 1890-talet ( framveksten av litteratur på landsmål, modernistiske Hamsun-romanar, heimstaddikting, populærlitteratur ).

"Nyrealismen" blir også oppretthalde som periodenemning ( Pegasus 10 kl s. 205 - 235). Var framstillinga av 1890-talet uklar, blir grunngjevinga for å operere med nemninga nyrealisme enda tynnare. Det einaste som gjer Hamsun, Duun, Undset og Sandel til nyrealistar er at det er ein nye generasjon, og at dei representerer "flere sider ved den norske litteraturen i det 20 århundre". Dette er så upresist at det gjer ein periodekarakteristikk umogeleg.

[ Innhold - Toppen av siden ]

7.7. Konklusjon

Den beste delen av litteraturhistoria i dette verket er frå tidleg 1800-tal. Etter det løyser litteraturhistoria seg opp og ein sit att med både periodeinnføring og forfattarportrett som er av noko ujamn kvalitet. Ein avviklar gradvis den kronologiske litteraturhistoria, og med Undsets død er det slutt. Tilbake er likevel inntrykket av ein på mange vis kreativ og inkluderande skrivemåte der eleven blir invitert med inn i eit nytt tekstlandskap, og der ein nærmast konsekvent dempar ned det biografiske elementet. Dei store forteljingane uteblir. I staden prøver ein ganske medvite å gå under huda på diktaren - kva gjer han til forfattar, korleis tenker ho, kva kan ein tenke rører seg i diktarsinnet? På det viset tek Pegasus litteraturen på alvor, og dei før omtalte sentrifugalkreftene i disiplinen er ikkje så sterke. Dei fiktive tekstane blir synlege. På dette viset er nok Pegasus mykje nærmare enn SC når det gjeld å vise fram ei teksthistorie.

<< Forrige side - Forside - Innhold - Neste side >>

 

 

 
Sveinung Nordstoga:
Litteraturhistoria på ungdomssteget - gammal tradisjon i ny innpakking?
Copyright © 2001 forfatteren / Høgskolen i Vestfold
Konvertert og publisert på veven: 10.10.2001
HVE-Biblioteket