| Høgskolen i Vestfold : Biblioteket : Skriftserien | ||
|
Sveinung Nordstoga: Litteraturhistoria på ungdomssteget - gammal tradisjon i ny innpakking? |
Copyright © 2001 forfatteren / Høgskolen i Vestfold |
|
|
<< Forrige side - Forside - Innhold - Neste side >>
3. Tekst-teoretisk vurderingsgrunnlag Innhold:
Ei lærebok skil seg ut frå andre sjangrar sidan mottakarane er slik ei einsarta gruppe. Dei som les Aftenposten er ei samansett gruppe, dei som les Erlend Loe og Jan Kjærstad likeins. Lesarane av lærebøker, derimot, er forholdsvis lette å avgrense og å seia noko felles om. Me kan også seia at di lågare ein går ned i undervisingssystemet, di fleire forhold er det som bind saman gruppa til eit felles heile. Dei som les lærebøkene i vårt tilfelle har altså ein forholdsvis klar gruppeidentitet, og dette skil denne teksttypen frå svært mange andre. Eit anna moment som skil læreboka frå andre tekstar er at den bli lesen i ein klar definert kontekst, nemleg ein undervisingskontekst. Språkteoretikaren Michael Halliday skil mellom kulturkontekst og situasjonskontekst. Den konkrete konteksten lesinga føregår i, i ein lære- og undervisningssamanheng, kan ein med Halliday kalle for situasjonskonteksten medan den vidare kulturelle og institusjonelle samanhengen ei slik lesing inngår i er kulturkonteksten. Lærebokas situasjonskontekst vil variere ( lesing som lekse heime, bruk til å løyse oppgåver på skulen, bruk som kjeldemateriale til prosjektarbeid osv). Likevel er den forholdsvis avgrensa i forhold til dei kontekstane andre tekstar går inn i ( t d roman - og avislesing).
Eitt poeng er at språket, realisert i form av tekst, er eit system av meiningar med eit meiningspotensiale som blir gjort verkelege i ulike sosiale situasjonar. Halliday kan plasserast i tradisjonen etter Ferdinand de Saussure og hans understreking av lingvistikken som ein del av teiknsystemet ( semiologien) i samfunnet. Halliday brukar då også uttrykket sosialsemiotikk. Meining blir skapt i ei samhandlingsprosess mellom sendar, kontekst, tekst og mottakar . Å skape meining med språk er også tittelen på den norske innføringsboka i Hallidays funksjonelle språkteoriar. ( Berge m fl 1998 ) Det å lesa ei lærebok er ein meiningssøkande aktivitet, trass i ulike grader av motivasjon. Dette faktum, i tillegg til at konteksten og lesaren er forholdsvis tydelege, gjer Hallidays teoriar interessante i denne studien. Halliday brukte også ofte undervisningssituasjonar som eksempelmateriale. I kapitlet " Koda. Tekst, kontekst og læring" ( Berge m fl 1998) nemner Halliday fem fasar - eller periodar - i ein læreprosess med utgangspunkt i tekst og kontekst. Desse fem fasane er " metafunksjonell konstruksjon" ( forståinga av teksten) , sitasjonskonteksten ( tekstens eigenart ut frå situasjon), kulturkonteksten ( som kan forklare situasjonskonteksten) , den intertekstuelle fasen og koherens ( immanent tekstsamanheng). Den fyrste fasen ser på teksten som ein " metafunksjonell konstruksjon", som igjen er eit kompleks av " ideasjonelle, mellompersonlege og tekstuelle meninger". Eg skal i arbeidet mitt sjå spesielt på den ideasjonelle og den mellompersonlege funksjonen.
Medan me ovanfor har sett på teksten i eit funksjonelt perspektiv med tanke på ei lesargruppe, vil dei neste områda sjå på korleis teksten artar seg ut frå ulike innfallsvinklar. Halliday snakkar om " diskursens mediering" , dvs dei funksjonane som blei gitt språket innanfor ein tekstleg heilskap i ein gitt situasjon. Det er desse funksjonane og eigenskapane som allereie ligg i teksten som me skal sjå på i det følgjande, og me startar med sjangeraspektet. Sjølv om læreboksjangeren er fasttømra og rigid og verkar styrande på framstillinga på alle emne, er det likevel ein fruktbar tanke å sjå kva for sjanger som legg sterkaste føringar på framstillinga, læreboksjangeren eller litteraturhistoria. Svaret er sjølvsagt eit både- og -svar. Ein finn eit vekselspel mellom dei to sjangrane i framstillinga. Likevel er det eit poeng at av dei ulike emna som blir omtalte i desse norskverka, er det litteraturhistoriesjangeren som er mest tydeleg, har den mest "ærerike" historia og som har flest utanom-faglege implikasjonar av typen nasjonal sjølvforståing, mytedanning osv. Som ein foreløpig hypotese kan ein tenke seg at det er fleire stader i mitt materiale der litteraturhistoria tar over for læreboka - og omvendt. Dynamikken mellom desse to sjangrane kjem eg tilbake til seinare i framstillinga. Ser ein meir isolert på litteraturhistoriesjangeren, er det ein hybrid sjanger som inkluderer mange andre teksttypar. Me kan tenke oss eit breitt utval av undersjangrar: forteljings- og anekdotesjangeren, den saklege framstillinga, den leksikalske teksttypen, bokreferatet/ parafrasen/ verkpresentasjonen, skildringa og, ikkje minst, biografien ( inkludert sjølvbiografien).Eg vil kartlegge desse undersjangrane kvantitativt, kommentere nokre tekstdøme og ut frå dette trekke konklusjonar om læreboktekstens eigenart i eit sjangerperspektiv. |
| Høgskolen i Vestfold : Biblioteket : Skriftserien | ||
|
|
||