| Høgskolen i Vestfold : Biblioteket : Skriftserien | ||
|
Sveinung Nordstoga: Litteraturhistoria på ungdomssteget - gammal tradisjon i ny innpakking? |
Copyright © 2001 forfatteren / Høgskolen i Vestfold |
|
|
<< Forrige side - Forside - Innhold - Neste side >>
2. Litteraturhistorias grunnlagsproblem Litteraturhistoria er problematisk sidan den ofte handlar om alt anna enn det den skulle handleom, nemleg litteraturen. Det heftar mykje ved disiplinen . Den amerikanske litteraturforskaren David Perkins stiller spørsmålet " Is Literary History Possible? " i boka med same namn. Og dei to danske litteraturforskarane og - didaktikarane Torben Weinreich og Lars Handesten har skrive ei bok om litteraturhistoria og eldre tekstars i dansk skule med tittelen Litteraturens byrde: litteraturhistorie og ældre tekster i folkeskolen i teori og praksis ( 1997). Då Willy Dahl hadde skrive bind 6 i Noregs litteraturhistorie i 1974, skreiv han artikkelen " Jeg skal aldri gjøre det mer. Omkring det å skrive sin samtids litteraturhistorie" Det er noko med litteraturhistoria, noko som valdar problem. Det første og viktigaste spørsmålet er av heilt grunnleggande karakter: Er det i det heile tatt mogeleg å skrive litteraturens historie? Sett på spissen er svaret sjølvsagt nei av to banale grunnar : for det første kan ein ikkje få med alt som er skrive, og for det andre er det uråd å rekonstruere fortida og seia at slik var det. Litteraturhistoria blir seleksjon og fortolking av fortida , skrive i ein sjanger som minner mykje om fiksjonssjangrar, f eks romanen. ( jf Rakel Granaas og Lars Sætre 1982, " Litteraturhistorien som roman" ). I artikkelen " Norsk litteraturhistorieskriving - tradisjon og tradisjonskritikk" skriv Sigurd Aa. Aarnes om korleis ny innsikt om litteraturhistorieskriving har ført til at " En "uskyld" er tapt: "Den selvfølgelige referensielle korrespondanse mellom begrep og " virkelighet" er ikke lenger så selvfølgelig. Vi kan ikke lenger naivt sette likhetstegn mellom våre begreper om fortiden og fortiden selv". ( Aarnes 1986 s. 18 - 19) Når ein sit med eldre tekstar og skal prøve å gje ei framstilling av historia til desse, er det mange sentrifugale krefter som trekker merksemda bort frå teksten og mot alt som kan ha ein meir eller mindre fast eller laus samanheng med utgangspunktet: teksten. Her kan ein nemne viktige moment som tilblivinga av teksten i ein historisk kontekst, forfattarens biografi og teksten og lesinga av teksten. Dette utgjer eit så stort og vanskeleg problemområde at litteraturhistoria som vitskap må nærmast pr definisjon bli, i beste fall, svært upresis. For å synleggjera dette enda meir: Det er uråd å rekonstruera tankeverda til ein forfattar i ein skriveprosess og seia at visse biografiske forhold verka inn på diktinga, akkurat som det er uråd å hevde at det alltid vil vera eit kausalsamband mellom samtid og tekst. Og resepsjonen av litteraturen er eigentleg like mangfaldig som talet på lesar ( - og korleis skal ein måle det?)
Ser ein på den norske litteraturhistorieskrivinga, har nasjonsbygginga hatt ein viktig plass.
Behovet for å skrive mytisk og biografisk om kjente diktarar og det å la nasjonsbygginga bli uttrykt i ei forteljing med oppturar og nedturar - gullalder og mørk dansketid - skaper ei narrativ framtilling der også teksthistoria blir nærmast usynleg. Danningsaspektet blir uttrykt gjennom motivasjon for å skrive ei litteraturhistorie som bl a blir bruka i skuleverket der litteraturhistoria er meint å fungere dannande og utdannande. Har ein danningsaspektet in mente når ein skriv, vel ein f eks ut forfattarskap som er kulturhistorisk viktige, og dermed kan danningsmotivet overstyre dei reint vitskaplege aspekta, som for eksempel å trekke fram ukjente forfattarar som med urette er gløymde eller ignorerte. Utval er eit anna viktig problemområde innanfor litteraturhistoriografien. Kva skal ein velje ut, og kva skal ein velje bort? Kva for område av litteraturhistoria skal gjerast til gjenstand for analyse? Ein kan tenke seg ulike kriterium for denne utveljinga, t d sjanger, periode, geografi, tematikk, utbreiing osv. David Perkins understrekar behovet for utveljing: " The multiplicity of objects must be converted into fewer, more manageable units, which then can be characterized, compared, interrelated and ordered" ( Perkins 1992 s. 61). Det som likevel valdar flest vitskaplege problem for litteraturhistoriografien er det faktum at tekstane, dei skjønnlitterære tekstane, er estetiske objekt. Dei er litterære tekstar som blir tolka, som må tolkast og som fører med seg ulike lesingar - ulike tekstforståingar som truleg vil vera enda meir forskjellige enn tilfellet er for sakprosatekstar. Tilbake står ein då med spørsmålet: korleis skal ein gje ei litteratur-/ teksthistorisk framstilling der analyseobjekta i seg sjølv blir oppfatta så ulikt frå lesar til lesar, frå miljø til miljø? Litteraturhistorie dreiar seg også om historie og historiesyn. Dette er ikkje minst aktuelt når ein ser på eitt av dei tre norskverka som er i sentrum for denne framstillinga, nemleg Frå saga til CD som integrerer medvite mykje generell historie i litteraturhistoria. Kva for historiesyn kan ein tenke seg? Ein vanleg seiemåte er at ein kan lære av historia. Det historiske medvitet er altså viktig for å sjå sambandslinjer mellom notid og fortid og for å skjønne at ein kan lære av tidlegare feil. I dette medvitet ligg det også eit framtidsperspektiv tufta på notid og fortid. Ein annan vanleg måte å tenke om historie på er at kjennskap til fortida gjev oss sterkare røter og styrker vår kjensle av fellesskap og identitet. Begge desse tankemåtane bygger på kronologi. Det gjer ikkje Michel Foucault når han snakkar om historias diskontinuitet. Foucault meiner at historia kan forståast i kvalitative sprang der ein hoppar frå periode til periode, frå tankesystem til tankesystem, utan den tradisjonelle kronologiske utviklingslinja ( Weinreich og Handesten 1997 s. 115 - 116) Historiesynet i litteraturhistoriene, spesielt dei som blir nytta i skulen, kan knytast spesielt opp mot to av dei sistnemnde syna. Det er ingen tvil om at intensjonen bak ei litteraturhistorie for ungdomssteget er å styrke den nasjonale, kollektive identitetskjensla. Dette er skulens føremål med sjangeren og forfattaranes siktemål. Ser ein på praksis, korleis litteraturhistoriene er strukturerte, er periodeinndelinga framleis, og i pakt med god tradisjon, rigid og firkanta. Ein kan mest få kjensla av at historias gang går i hopp, ein hoppar frå tuva nasjonalromantikk til tuva realisme, så over til nyromantikken, så til nyrealismen. Framstillinga minner om Foucault og hans kvalitative historiske sprang. Det fyrstnemnde historiesynet er kanskje det vanskelegaste å realisere i ei litteraturhistorisk framstilling, eller i tilsvarande samanhengar. Ein velmeinande kulturjournalist i NRK spurte ein kvinneleg teaterregissør som skulle ha premiere med ein gresk tragedie om det gamle greske teater var " den tids såpeopera". Eit norskverk antydar at Wergeland var den tids blitzar eller Bellona-medlem. Dette er eit ønske om å trekke trådar mellom notid og fortid, men samstundes er det eit umogeleg spørsmål å svara på sidan dei historiske kontekstane er så ulike. Å projisere enkeltfenomen i fortida over på notida er krevjande viss det skal vera meiningsfylt. Her kan ein lett gripe til lettvinte, men pedagogisk salbare, uttrykk. Det som står fast er eit forholdsvis intrikat vekselspel mellom historie og litteratur, og dette skal eg eksemplifisere ved å bruke Ibsens Et dukkehjem som døme på korleis tekst og historie kan gripe inn i kvarandre. I ei historisk framstilling av kvinners situasjon på 1800-talet kan ein bruke verket som ein del av eit historisk forløp. Men ein kan også ha verket som utgangspunkt og dermed få innsikt om kvinnas historiske situasjon. Med andre ord: ein ser på verket som sosialhistorisk dokumentasjon. Ein trekker historiske fakta ut av teksten. Ein kan også ta med seg historiske kjensgjerningar inn i teksten ved at ein tolkar teksten basert mykje på den tids historiske forhold. Nora og Torvald blir forstått som litterære skapnader ut frå vår historiske kunnskapar om tida. Endeleg - ein kan framheve dei immanente litterære strukturane som ligg i verket og seia at desse er historisk betinga. Lars Handesten uttrykker dette firledda resonnementet i desse poengterte og meiningstunge setningane: ein kan lesa litteraturen inn i historia, ein kan lesa historia ut av litteraturen, ein kan lesa historia inn i litteraturen og ein kan lesa litteraturen ut av historia ( Weinreich og Handesten 1997 s. 119). Går me no tilbake til emnets kjerne, nemleg teksten, kan denne ha ulik funksjon i ei litteraturhistorisk framstilling. Lars Handesten nemner desse innfallsvinklane i Litteraturens byrde. Ein kan ha eit syn på forholdet verd - tekst som byggjer på gjenkjenning, mimesis, der ein ser på teksten som noko som refererer til eit saksforhold, som noko som viser til den reelle verda. Men dette synet må nyanserast ifølge Handesten ved at ein ser på teksten som eit " troldspejl" som tolkar verda, ikkje avspeglar den, ein trollspegel som både kan idealisere og kritisere. Ein kan også betrakte eit verk som ein autonom struktur, eit lukka tekstlandskap i forhold til litteraturhistoria, men eit tekstlandskap som opnar seg innover. Denne teksthaldninga fører i sin yttarste konsekvens til at teksten blir ahistorisk, sidan all kontekstualisering av teksten vil relativisere den litterære eigenarten. Det tredje poenget til Handesten i denne samanhengen er den post-moderne og dekonstruksjonistiske synsmåten som ser på teksten som så mangetydig at den umogeleg kan plasserast i ein litteraturhistorisk samanheng. Ein konsekvens av dette kan vera eit intertekstuelt tekstomgrep der ein opnar tekstobjektet mot andre tekstar og ser korleis dei påverkar kvarandre. No nærmar me oss ein resepsjonsestetisk innfallsvinkel som til no ikkje har fått plass i ein tradisjonell litteraturhistorisk kronologi. Er det så inga framtid for litteraturhistoria? Er grunnlagsproblema så store at det er umogeleg å dyrke sjangeren? David Perkins skil mellom den narrative og ensyklopediske litteraturhistoria i si bok Is Literary History Possible? ( 1992). Den narrative boksoga er den tradisjonelle som me alle kjenner. Den kronologi-baserte forteljinga er det overordna disposisjonsprinsippet. Men i den siste tida har det også kome ut litteraturhistoriske framstillingar som følgjer eit anna prinsipp. Her bryt ein opp den indre kronologien og i staden samlar ein artiklar/ essay om beslekta emne ( f eks om ulike forfattarskap innanfor ein periode, om ulike kvinnelege forfattarar, om ein spesiell sjanger osv). Samanhengen mellom artiklane er lausare, ein gjev opp det overordna kronologiske prinsippet og ein inviterer dermed lesaren til i større grad å danne seg sine eigne samanhengar. Samstundes får ein høve til å gå i djupna. Denne forma for boksoge kallar altså Perkins for den ensyklopediske litteraturhistoria, og denne type framstilling har han betydeleg sans for. I dei siste 20 åra har det blitt gjeve ut fleire slike litteraturhistorier i Norge. Kanskje den viktigaste er Norsk kvinnelitteraturhistorie 1- 3 (1988- 90) . Eit par andre kan også nemnast: Essayet i Norge. Fjorten riss av ein tradisjon. (1982) og Forfatternes litteraturhistorie (1981). Kanskje læreboktekstane også nærmar seg eit slikt prinsipp? Etter desse refleksjonane over sjangeren litteraturhistorie på eit allment plan, nærmar me oss no problemstillingar knytt til det som denne studien skal dreie seg om, nemleg formidling av litteraturhistorie i ein undervisningssamanheng. Igjen vil eg referere synspunkt frå boka Litteraturens byrde der Lars Handesten gjer det til eit stort poeng at disiplinen litteraturhistorie i liten grad har dreia seg om tekstanes/ litteraturens historie. Derimot har det vore ein sterk tradisjon for å bruke skjønnlitterære tekstar for å belyse eit historisk forhold, f eks ein sosialhistorisk røyndom. Utgangspunkt er dansk skule og praksisen der, og Handesten refererer viktige synspunkt frå danskfagets historie der ein spesielt på 70-talet tala sterkt for at litteraturen og historia til denne skulle fungere som eksempelmateriale for overordna tematiske overbygningar. For å bruke Handestens uttrykk: ein har undervist med litteratur, ikkje i litteratur. Fyrst på 90-talet har ein nådd fram til eit grunnleggande syn på skjønnlitteratur som eit estetisk objekt. Dette er iallfall nedfelt i læreplanar og fråsegner frå Dansklærerforeningen. Noko anna er praksis. Handesten meir enn antydar at lærarane i dansk verkar rådlause overfor denne haldningsendringa, ja kanskje ikkje lærarane har den nødvendige kompetansen for å kunne ta innover seg endringa og til å omsetje dette i vellykka pedagogisk praksis Dette grunngjev han bl a ut frå resultatet av ei spørjeskjemaundersøking. Enda meir problematisk blir dette når den nye interessa for litteraturen som estetisk objekt fell saman med den nye interessa for eldre litteratur som også blir nedfelt i danske læreplanar på byrjinga på 90-talet. Som me ser av desse synspunkta - dei same problemstillingane gjeld også for norsk skulerøyndom. Spørsmålet om ein underviser i eller med litteratur er i høgste grad eit betimeleg spørsmål å stille, spesielt når det gjeld den eldre litteraturen og litteraturhistoria. Eitt av paradoksa i L97 er understrekinga av arbeidsmåtar som tek utgangspunkt i at litteraturen er eit estetisk objekt samstundes som ein strekar under tema- og prosjektbaserte arbeidsmåtar der ein lett kan tenke seg at det spesifikt litterære må underordne seg allmenne tematiske forhold og der merksemda om dei estetiske kvalitetane ved verket forsvinn undervegs i arbeidsprosessen som ein fokuserer så sterkt på. |
| Høgskolen i Vestfold : Biblioteket : Skriftserien | ||
|
|
||