HVE Skriftserien
Biblioteket
Høgskolen i Vestfolds skriftserie : utgivelser i 2001

Sveinung Nordstoga:
Litteraturhistoria på ungdomssteget -
gammal tradisjon i ny innpakking?

Ein analyse av tre nye norskverk

Tilgjengelig i fulltekst topp

Rapport 4/2001
62 s.
ISBN papirutgave: 82-7860-050-3

Om rapporten:

I rapporten undersøker korleis ein framstiller litteraturhistoria i tre norskverk for ungdomssteget. Dei tre verka er valde ut nokså tilfeldig. Frå saga til CD er det som sel mest. Gjennom språket er utradisjonell med tanke på emneorganiseringa og Pegasus går for å vera vanskeleg.

Forfattaren har valt tre sentrale innfallsvinklar. Den eine prøver å seia noko om sjølve språket og framstillinga ved at han tek utgangspunkt i potensielle meiningsskapande og ikkje- meiningsskapande element i teksten, alt ut frå ei førestilling om ein modell-lesar - som sjølvsagt ikkje finst. Den andre problemstillinga er å undersøke kva for sjangerbruk ein finn i disiplinen. Den tredje innretninga er å undersøke kva for litteraturhistorie ein formidlar og kva for litteraturhistoriografisk metode ein bruker i så måte.

Eit grunnleggande spørsmål blir: kva for litteraturhistorie er elevane tent med? korleis bør ei litteraturhistorie for ungdomsskuleelevar sjå ut? For å svare på dette må ein gå inn i klasserommet for å studere praksis. Rapporten er ein teoretisk studie og må vurderast som det.

Bak forfattarens vurderingar ligg det eit kvalitativt syn på litteraturhistorie. Litteraturhistoria må vera tekstnær, med eit klart historisk feste, den må ha ein neddempa biografi og den må sjå vidt og romsleg på periodiseringsspørsmålet. Samstundes bør ein bruke forteljinga for å skape interesse for stoffet og for å gje innsikt om emnet, men dette må balanserast opp mot bruk av tekstdøme og understreking av tekstanes historiske plassering.
Dette er også eit legitimitetsspørsmål. Korleis skal disiplinen kunna forsvare sin plass i ei tid der historias vindar bles sterkare enn nokon gong? Korleis kjem disiplinen ut i så måte i desse norskverka?


Om forfattaren: 

Sveinung Nordstoga (f.1954) er cand. polit., ansatt ved Høgskolen i Telemark. Han har arbeidd som norsklærar i videregåande skole og er no høgskolelektor i norsk ved Høgskolen i Telemark, avdeling for lærarutdanning

 


Copyright:
Forfatteren/Høgskolen i Vestfold 

Denne publikasjonen er tilgjengelig i fulltekst topp


[ Tilbake til publikasjons-/bestillingsliste ]

topp

Høgskolen i Vestfold    Skriftserien    Biblioteket
Sist oppdatert: 10.10.2001
Ansvarlig: Lars.Egeland@hive.no