EIN TRISKILLING
I.
Soga
som eg no vil fortelja, kjem til aa krinsa um ein triskilling. Men skulde
nokon finna at soga vert for lang etter ein krins so vesal so fær
han hugsa, at um triskillingen var liten, so var han daa rund; og i slik
ei runde kann snaapaste foten springa lenge fyrr han stend skorfast.
Paa lag ein halv
fjordungs veg fraa heimen min ligg det ein gard dei kallar Vindheim; der
hev det vore skysskifte mange manneminne nedigjenom. Garden er vidgjeten
nok, skulde eg tru - som no inkje under er; for utsyn so villt og stort
som der kann snaudt nok annan bustad i Norig bjoda maken til. - Dei hev
bygt eit stort, grust hotel der, no - uppe paa haugen der potet-aakeren
hennar Lars- Brita laag i gamle dagar.
Det er - lat meg
sjaa - tjuge aar sidan; for no er eg ni og tjuge, og den tid var eg berre
godt og vel dei ni.
So var det daa ein
dagen fram paa sumaren eg hugsar ikkje tidi næmare, og det kann no
og vera det same. Visst er det, det var blenkjande solskin, steikjande
heitt i veret og so turt i vegen, at den graabrune dumba stod høgt
etter kvar kjerra som køyrde.
Burte paa Vindheim
hadde folk det annsamt den dagen. Jau, for det var kome eit heilt fylgje
med storfantar og fentor - kvar dei no var ifraa - som skulde hava fire,
fem hestar og kjerror i skyts.
- Og der for dei
og flaug alle desse, taut og buldra og skreik, so det snaudt nok til manne-maal
var høyrande, dragsa og drog paa kistor og byltar og alt det som
til kunde vera. Han gamle Ola Vindheim sprang med sine krokute kne i sylvspente
skinnbroki kring millom deim, greidde og rettleidde alt han vann. - Medan
dei tvo einaste som i denne kavande mylska enno saag ut til aa kunna taka
verdi nokolunde med tol, var granneguten og jamaldringen min, han Sjur-Ola,
og so eg sjølv; og eg heiter no Per, eg.
Eg var lett um hjarta
og lett paa foten den tid, som inkje under var; eg
hadde inkjevetta aa syta fyre. Skjorta
og den vesle skinnbroki med boti paa høgre kneet var alle dei plaggi
eg paa kroppen hadde, so det skulde just ikkje tyngja so stort det heller.
Han Sjur-Ola er no
longe faren til Amerika han, ja. Han var ikkje meir enn attan aar dengong
han gifte seg og strauk av garde. Vaarherre maa vita um han enno liver
og hugsar meg. - Han var den beste venen min i denne verdi. So gode vener
var me endaa til, at alt det me hadde aatte me ihop, var tvo um det. Og
eg skal tru det var ikkje so reint lite me aatte heller; uppe i urdi rudde
me oss den eine glupe garden etter den andre, og hus og hyttor bygde
og grov me oss baade her og der burtetter. Kyr og geiter dreiv me drift
etter drift heim av fraa elvgranden; der var det nøgdi av
fine kusle-steinar; og hestar stod me heller ikkje i beit for - deim spikka
me sjølve. - Dei eldre gutarne, vissa han Salamon Røysi,
hadde tidt og traatt freista gjera ugreida millom oss so me kunde koma
til aa slaast; men jamenn vart det liti lika for umaken dei der fekk! At
me tvo kunde vera anna enn gode bussar, det sveiv oss visst aldri korgje.
No ja, som me daa
stend der med handi i broklumma og bisnar burte i tunet paa Vindheim, han
Sjur-Ola og eg, der veit me kje ordet av fyrr det kjem ei stormannsgjenta
trippande beint bust innpaa og gjev seg til aa prata. Eg minnest henne
enno so ljos livande; ung var ho og bleik var ho, smal um midja som du
skulde set ein kvefs, og so med eit heilt røyve av svart krullut
haar kring hovudet.
Men inkje ordet til
svar fekk ho, og det av den gode grunnen at me ikkje forstod eit einaste
mukket ho sa. Han Ola saag paa meg, og eg saag paa honom; so stakk eg sleikjefingren
i munnen, og so gjorde han det same; og der stod me.
Det kann no endaa
raaka den skripnaste det, aa kjenna seg klumsa naar han stend framfyre
ei ung væn gjenta; og visst er det, at eg ofte sidan paa mi livsferd
naar tilhøvet var det same, heldt paa fara plent like eins aat.
Nei, kor ho daa log!
- og fine kvite tenner hadde ho, det saag eg -. Tok ho so til aa svalla
paa nytt lag, peika og gjorde minor alt det ho berre vann hitta paa. Og
so skyna me daa seint um sidan at det nok var meiningi me skulde
stad leita uppatt eitkvart ho maatte ha mist paa vegen uppyver. -Jau, det
var me viljuge til paa timen. Og burtetter la me so dumba rauk um dei berre
solbrende leggjerne vaare.
Like ved Vindheim
svingar postvegen kring ein stor rund haug, medan ein snarveg sting tvert
yver. Dit fram var me komne daa me høyrde det ropa attum oss: ”Benveien!
Benveien!”
Benveien? - kva var
det for noko?
Jau, det maatte vel
vera det same som ”beine vegen” det, meinte han Sjur-01a, og tok foten
fat aa nyo.
Men kor det so bar
til, anten no eg var litevetta meir maal-gløgg, eller ein ande kviskra
meg noko i øyra, nok er det, augneblinken etter for eg kilande snarvegen
upp. Og der, øvst paa haugen, kom eg frampaa ein fin klut eller
noko sovore, som eg straks skyna var det eg skulde hava tak i.
Den som vart fegen
var eg!
So attende i tanande
spranget.
Gjenta ho vart no
so blid som ei smørøskja ho, maavita, daa ho fekk kluten
sin att, klappa den raude runde kinni mi med den fine kvite handa si, og
sa at eg var ”en sød rask lille
dreng”, - det einaste av pratet hennar eg med naudi forstod.
Og so var det daa
at ho i finningsløn gav meg triskillingen.
De maa no ikkje tru
det berre var ein slik ein som triskillingar var det flestalle. Sjølv
hadde eg aldri i mine dagar maken set, og han gamle Ola Vindheim og sønerne
hans, han Knut og han Jens, sa for seg det same, endaa so mangfelde skillingar
som no dei fekk fat i av folk som etter vegen reiste og rak.
Eg ser honom enno
den dagen i dag so klaart framfyre meg slik som han laag der i handi mi
og gleim i solskinet, so blank, so glitrande blank. Paa den eine sida stod
der ei løva med ei øks i labbarne, og beint uppyver var der
ei rosa som dei sa meg var kongen si eigi kruna. Men paa den andre sida
stod der eit stort 3-tal, som var so framifraa spøkje lage, at ikkje
fyrr var skillingen snudd halvt rundt fyrr 3-talet vart til ein ”E", paa
lag maken til dei han gamle Lars, skulemeisteren, skreiv. - Det varde lenge
fyrr eg kom etter at det same nok let seg gjera med andre 3-tal og.
Jau, her var just
brigde med mynti i dei dagar, det seinste framfyre at me fekk krunor og
øyre, og no var det fyrste gongen me der i bygdi fekk dei nye sylvskillingarne
aa sjaa. Kann henda var dette fraa fyrst mykje grunnen til den brennande
elsken eg la paa den triskillingen.
- No, so kom daa
han Sjur-Ola, han og ein gong, attende. Litevetta flat um nosi var han,
etter di han inkjenoko hadde funne; men daa han so fekk høyra og
sjaa kor mykje heppnare eg hadde vore, jau daa vart det gleda paa guten.
Det stakk meg i hjarta,
og eg kjende som ein tung stein siga meg inn paa bringa; - for eg kunde
berre altfor vel skyna han trudde det var noko sjølvsagt noko at
triskillingen og var med i sameiga.
lkkje den ting paa
Guds grøne jord tottest eg vita meg som, eg ikkje gjerne var halvt
med honom um, - naar berre, berre eg fekk eiga denne eine for meg sjølv.
Og endeleg so tok eg, bakkande og stamande, til aa orda ut um at eg laut
hava han aaleine. Men paa det øyra vilde ikkje han Sjur-Ola høyra
- ikkje so aa forstaa at me skulde byta sund og so skifta, - var det likt
seg! -nei, men me kunde hava han kvar sin dag, vel? eller kvar si vika?
- eller og gøyma han einkvar staden der me baae tvo kunde ganga
sjaa han so ofte me hadde hug?
Eg veit eg gjorde
kva eg kunde, eg, til aa faa han Ola paa andre tankar; ei gamall massingslira
og ein avbroten lummekniv - tvo av dei dyraste eigneluterne vaare - baud
eg honom hava fritt for meg. Men meiner du det bata det heller - han stod
stød paa sitt det same, han.
”Ja, men du veit
daa det, vesle Ola, at det var eg som fekk han."
Fekk han? - ja, berre
han og hadde kome paa dette med den fille ”benveien", kunde alltid han
vore like so nær som eg; so skillingen var ikkje meir min enn hans,
meinte han.
So tok det eine ordet
det andre, daa.
Og stutt er aa segja,
at ein augneblink etter hende det utrulege: me fauk i toppen paa kvarandre
og slost so beistende illsinna som berre dei beste bussarne kann det naar
fyrst det bryt laust deim imillom.
Noko sovore som ei
lumma fanst ikkje paa min syndige kropp; so eg var truga lata munnen gøyma
triskillingen daa eg skyna der vart anna bruk for nevarne.
Du og du so me nappast!
- Haarfillorne berre fauk burtetter. Eg fæler at han var vel so evlug
han; men so var eg mykje meir spretten, eg. Best som daa dette stod paa,
der var eg eldende snaap setja til slaa krok; og der laag me baae tvo,
han under og eg uppaa. Men fekk han so ikkje tak med tennerne i eine armen
min, meiner du, og beit i so det var som skar det meg tvert igjenom. Eg
var like ved skulde setja i aa gaula, men hugsa paa at daa vilde skillingen
strjuka sin veg med same. Beit eg so tennerne ihop, sette honom tumetottarne
attum øyro og klemde til alt det eg orka. -Og det muna; han slepte
taket og sette i ei forfælande beljing. Eg upp og av garde, og han
etter; gret gjorde han, banna, truga og grytte stein; men i laup var det
honom uraad naa meg.
Burte i Vindheims-hagen
torde eg endeleg stogga og anda ut. Blodet tok smaatt um senn til aa kolna,
armen sveid so brennande ilt, og eg kjende ein diger klump veksa fram i
halsen min, naar eg hugsa at no var eg og han Sjur-Ola ikkje vener lenger.
Men kor som var, triskillingen hadde eg berga; og so fekk det andre vera
som det kunde.
Eg kann her med same
segja ifraa, at med han Sjur-Ola og meg greidde det seg att vonom fyrr;
endaa eg fæler venskapen vaar etter den dagen aldri var so fulltrygg.
Jau, eg var daa endeleg
heime att. - Og der vart bisning paa skillingen, skulde eg tru! Taka i
han var det med naudi nokon fekk; men synte han fram gjorde eg, snudde
og vende han paa alle leider framfyre augo deira. - Nei, so det var slik
dei nye pengarne saag ut. -Og byrg var eg!
Han Ola, lausekaren,
vilde plent kjøpa han av meg - han var no jamt so snak, han, etter
alt som berre det var noko serlaga ved. - Fyrst baud han meg tvo skilling,
gnikaren! so tri, og sidan endaa fire. Men eg er viss paa eg vilde ha sputta
etter handel, um han so hadde bode meg alle dei svarte koparpengarne han
gøymde i den store laaspungen sin.
II
Den sumaren skulde
bispen koma og halda visitas der i prestegjeldet. Og daa skulde der møtast
paa kyrkjegolvet og gjerast greida for kva baade kulemeisterar og born
kunde.
So ei stund etter
eg var heimattkomen den dagen der kjem han gamle Lars, skulemeisteren,
stigande inn i stova med vesle raudmaala skrinet sitt i eine handi. -For
me skulde hava skule ei vikes, tid til aa friska uppatt fyrr bispen kom.
- Skulen var paa umgang den tid, og no skulde han haldast der i huset hjaa
oss.
- Han gamle Lars,
skulemeisteren, ja! - eg lyt fortelja litevetta um honom. Det var mykje
til kar, det. Sine gode tri alner høg var han, endaa han longe var
yver dei sytti aari. Han var heller tunn og skrinn av vokster, hadde eit
reinskore andlit der tvo utifraa klaare og milde augo lyste upp framigjenom
dei store runde sylvgjerde brilleglasi; og make til røyst som hans,
so traust og blid og god samstundes, hev eg enno snaudt nok høyrt.
Ei serlaga gaava hadde han til aa taka livet med tol, bude i sorg og gleda.
Men so var det daa heller ikkje korkje vitet eller lærdomen som vanta,
trur eg! Dei vilde vita han kunde bibelen utanboks fraa perm til perm;
- so ikkje presten sjølv jamvel turvte koma der kjøpa saapa!
- Han vilde gjerne supa litevetta naar det raaka vera tilhøve; men
fyrst han fekk noko i hovudet vart han no so makelaust lentug, daa, at
han fekk det til aa vera berre moro og logje alt ihop. - Det var gode halvhundrad
aar no sidan han tok til aa vera skulemeister og klokkar; so flestalle
der i bygdi hadde vore skuleborni hans. Og heldt utav han gjorde dei kvar
han kom; det vart høgtid i huset naar han gamle Lars, skulemeisteren,
synte seg i døri.
Eg for meg var no
so reint framifraa gode venen hans, eg. Naar skulen var heime hjaa oss,
var det ikkje raad for anna enn at me skulde liggja i same sengi um natti
me tvo. Og so forviten og snak etter alt han kunde forteIja var eg, at
endaa so svevnkjær eg var elles um kveldarne kunde eg liggja ljos
vaken lyda etter til langt frampaa, naar han laag røykte paa pipa
si og svalla og svalla. Og ikkje min eigen far jamvel hadde eg so hugheil
ei tru til som til han Lars.
- Ja, so kom daa
kvelden - men samstundes og ei ny møda; for no stod det um inkje
mindre enn eit gøymsle der eg ottelaust torde lata triskillingen
vera natti yver.
Fyrst la eg han i
ei liti øskja som eg sette burt i kraaskaapet, innanfyre den store
blome-maala lummeflaska hans far, - for eg visste at nokon kvar der i huset
tok seg vare koma næmare enn dei turvte innaat henne. - Nei, so dugde
ikkje det! Kleiv eg upp paa kleve-loftet, sette han i ei veggjesprunga
inst i myrke kraai attum peispipa. Aa nei! - det varde ikkje lenge fyrr
eg atter tok han til meg. - Men eg skynar ikkje kor det bar til at eg sidan
fann paa balla han vel inn i ei filla, som eg so gøymde i taai paa
ein gamall sko ute i gangen. Endaa truleg maa eg vel ha tenkt, at seinast
vilde nokon finna paa leita der.
-Jau, so la me oss
daa. - Skulemeisteren var sagte trøytt, for han sovna med same,
han.
Men for fyrste gongen
i livet heldt umsuti for dei ting som høyrer denne verdi til, augo
mine opne; - eg laag tenkte paa triskillingen. Det rann meg i minne ein
lang fæl fant med ein stor sekk paa ryggen som hadde vore der um
dagen, og som nok kunde vera truande til noko av kvart. Kva han var god
til aa nasa upp, og kvar han no heldt til - det kunde ingen vita! - So
tok hunden og katten paa aa slaast ute i gangen, og halda eit syndeleven
med alt som der laust laag. -
Eg stod ikkje i det lenger, eg taut
upp og ut. - Skillingen fann eg let berga der eg hadde lagt han; men til
aa vera heiltupp trygg tok eg han med inn og under hovudputa. -- Og so
endeleg sovna eg. - Det var langt fram paa dag daa eg vakna morgonen etter;
- skulemeisteren var alt upprisen han. -Fyrste tanken min gjekk til triskillingen;
og hovudputa upp. - - - Kva? - - - kva slag? - - - han var der ikkje?!
- - - Eg kjende som hjarta mitt stoppa og so hamra laust att som skulde
bringa sprikka, medan kaldt og heitt gjekk i elingar nedyver meg. - Og
tru no nokon kann gissa kva ein djevel so kom og mulla meg i øyra?
- jau, ikkje noko korkje galnare eller vitugare enn at skulemeisteren var
tjuv.
Eg skunda meg straks
syna freistaren vintervegen; men han var ikkje bljug, han kom att han.
Fekk han meg so til aa trætta med seg, finna fram alle dei grunnar
imot som eg berre var kar hitta paa. - Men daa varde det heller ikkje lenge
fyrr han heiltupp hadde meg i lumma si. Det var ikkje aa beda for anna,
skulemeisteren laut og laut vera tjuven. - For - kvar hinn! - kunde elles
skillingen vera stadkomen? - Og kvifor var han just i dag so tidleg
uppe, gamlingen? -han var no ikkje van
vera morgonfugI, visste, eg. Huhu, so det var grusjelegt! Eg hadde enno
aldri kjent kor ilt duld styggetru kann gnaga; og no var det endaa-til
min eigen kjære gamle skulemeister som den vonde i løyndetanken
beit seg tak i.
- Eg var no
so ung eg enno at eg ikkje for den skuld turvte møta for
bispen; men dei hadde skipa det so at
eg likevel skulde.
Fram paa dagen vart
det skule, og det var ute i nystova.
Stillvore og trufast
gjorde skulemeisteren fyrst ei liti bøn; endaa eg totte han kremta
seg fyrr han tok til, meir enn han var van. So song me eit salmevers; -
og eg var kje viss um daa at han ikkje skolv noko underleg i maalet. Sidan
tok me fat paa katekisma.
- - - ”Kann du, Sjur
Hagen, lesa meg det syvende bud?" raaka skulemeisteren til aa spyrja.
- Det for igjenom meg, og eg kjende kor eg raudna heilt upp i øyro
daa eg endeleg tok meg ihop og saag honom inn i andlitet. - Tru ikkje
samvitet no skulde slaa han? - Nei, det var ikkje noko merkande til
dess, ikkje; dei klaare augo hans skein meg imøte igjenom
brilleglasi so rolege og blidlege som nokosinne. Var det raad at
eg likevel tok i miss? - aa tøv! - for korleis so, etter som heile
tilhøvet var ? - - - Men du, aa du so uppjagd og slog den karen
maatte vera!
”Nu, Sjur ?
nu? Hev du reint gløymt din katikismus, no? - - - Lat høyra,
kann henda du, vesle Per, kunde gjera skam av honom, endaa so stor og lang
han er." - Men det var meg plent uraad faa so mykje som eit einaste mukket
fram or munnen. - - - ”Det syvende bud, Per? det syvende bud? - -
Du - - skal no daa? - - du skal –”
”Du skal ikkje stela!"
braut det utor meg medan eg tok til aa bivra yver heile kroppen. – ”Det
var rigtig, ja! Du skal ikkje stela ! - - du skal ikke sjele, ikke - stjele
- - saadan er det, ja.
- - - Er du kje frisk,
vesle Per?" sa han. - Nei eg - - hadde litevetta vondt i hovudet.
- Ja, so skulde eg
hava lov ganga ut, daa.
Men meiner du eg
var god til aa vera lang stundi ute heller! Det var som noko drog og drog
meg tilbake; og snart sat eg inne paa benken att. Eg passa sidan um dagen
trutt paa aa halda meg der skulemeisteren var.
Men kvar kunde han
vel - gamle tjonet! ha gøymt den stolne skillingen? - Det var dette
eg gruna paa.
Fram ved middagsleite
kom det ein kramkar reikande. Skulemeisteren kjøpte ein blyant han,
og den som hadde augo med seg daa han tok upp gamle skinnpungen sin og
skulde betala, det var eg det. Men daa han riste pengarne ut i handi si
var det vandelaust sjaa, at der var triskillingen ikkje imillom.
So burte i skrinet
hans daa! upp i lædiken ! Den som no berre kunde faa tak i lykelen
! - Han gjekk allstødt klædd i ein sid blaa frakk, gjorde
skulerneisteren, og eg visste fraa fyrr at han pla hava den lykelen i ei
liti baklumma utanpaa eine flaket; det var endaa klaff med ein knapp i
nedyver.
Jau, daa han so sat
fekk seg nonsmaten sin og me tvo var aaleine inne, der vart eg stird at
frakken hans hekk so framifraa lagleg ned attanfyre benken.
Det saud meg fyre
øyro, det slo trummeslag i brjostet, og eg kjende som nykte og stakk
det meg i fingertupparne. - Det fekk ikkje hjelpa, eg laut freista!
Gjekk eg der daa
att og fram, sulla og tralla og lest som inkjevelta, krabba paa golvet
med leikorne mine, -til eg smaatt um senn var komen stad, dit eg vilde.
-Men ja menn kipte eg bude ein og tvo gongjer handi til meg att, som hadde
eg brent meg paa den lumma. - Endeleg so var daa knappen løyst;
- - stilt - stilt med tvo fingrar nedi, - - - og der kjerm litle lykelen
upp og er gøymd i knytteneven min, - utan at skulemeisteren hadde
merka dusti. - - At han daa ikkje kunde eingong faa ete ifraa seg ! - nei,
aa nei, so eg stunda! Eg talde bitarne i han, og dei vart mange, og syrgjeleg
seint gjekk det. - So var han seint og sidan reidug daa. Men so var det
denne fille pipa! han bles, og han kara at, han kara ut,- og han bles so
eg
trudde det aldri skulde faa ende. Eg heldt ikkje ut aa sjaa paa lenger,
eg skunda meg paa døri.
Jau, der kom han
ruslande, og tok vegen burtetter Grindateigen. Eg inn, lykelen fram og
i laasen; skunda meg skulde eg, og skolv gjorde eg so handi mi dilla. Men
meiner du so det var raad faa den fillelaasen upp! -Laag der ein liten
kjepp; den stakk eg inn i lykelauga og vreid til. ”Knakk!" - der sat lykelen
fast. - No fyrst vart eg rædd so det muna, reiv og sleit i lykelen
gjorde eg alt det eg evla; men han sat som var han skruva, han. - - . Tig
no! - der høyrde eg nokon ute i gangen; og den som so tok foten
til vara, det var eg.
Ei stund etter kom
skulemeisteren tilbake, hadde ærend ned i skrinet sitt, - og kom
so etter at lykelen sat i laasen, pinnande fast. Og der vart eit leven!
det var som heile garden kom til aa staa paa ende daa det vart spurt at
nokon hadde vore i kast med skulemeisteren sitt skrin. Dei. tok meg og
fyre seg; - eg! var det likt seg! og sidan eg aldri var van ljuga slapp
eg med sovore.
Slutten vart at han
vesle Jens Røysi, son til eine busmannen vaar, fekk skuldi. - Far
hans stod slo paa ein teig straks nedan husi, og han Jens og ho Anna, syster
hans, var jamt vane vera med, dei tvo, naar foreldri var i arbeid hjaa
oss; for der vanka gjerne einkvar godbiten daa.
Det hjelpte ikkje
alt det vesalle gutungen la skuldi fraa seg og tuta og gret so hjarteleg
ilt. Ho Kari, sumargjenta, kunde segja ifraa ho hadde set han ganga lurra
for seg sjølv inne i huset for ei stund sidan; og so var det no
dette, at han var av tjuveslag og, maavita. - Jau, der kjem faren sendande;
for ho Anna hadde sprunge stad sagt det, ho. - Aa du, aa du for lyvjing
og gauling! Han hadde sagte slege stakaren reint helselaus, hadde ikkje
skulemeisteren lagt seg imillom. ”For fyrr vil eg sjaa han liggja daud
paa flekken framfyre meg, fyrr han skal enda i graatrøya som morfar
hans gjorde!" skreik han.
Eg kjende ei pina
der eg stod so det var som brann det under føterne mine. Han vesle
Jens, armingen - eg visste ikkje alt det gode, eg vilde gjera honom, no
etterpaa; eg stakk til honom sukkerbitar og leikor, og freista trøysta
honom alt det eg vann. Men daa han tusla heimatt kunde eg endaa lang veg
attende høyra kor hjartevondt han hiksta og gret der han gjekk.
- Medan dette stod
paa var ho Olina, tenestgjenta, inne i nystova og reidde upp sengi; ja
menn laag so triskillingen der paa sengjetilet. - Glad vart eg, det skal
vera visst!
Men samstundes vart
og samvitet vake, so det forslo. Eg hadde no elles ikkje for vis vera so
beinkesam just; men det var reint umfram som eg den kvelden stod paa naaler
for gamle skulemeisteren. Pipa laut han lata meg blaasa ut, stappa og kveikja
alt i eitt, so eg paa seinsten heldt paa brjota meg av all den tobakssmaken.
- Og blekkhuset hans - ein ervelut etter gamle provsten Koren - tigga eg
meg lov til aa reinska. Annsam som eg var slepte eg no det ned so det rauk
i bitar. Men det var daa likevel alt saman so utifraa vel meint.
III
Eg kjem no i soga
mi til den bolken um kjærleiken; for desse kvinnfolki lyt no gjerne
vera med i alt her i denne verdi.
Jau, det var just
paa denne tidi at hugen min fyrste gongen stod i loge for ei gjenta si
skuld. Eg kunde gjerne fortelja at sovore aldri sidan hev hendt meg; men
folk er no jamt so kloke dei, maavita, og eg føler dei ikkje vilde
tru meg kor som er, og daa var det liten mun, - so eg vil heller lata det
vera.
Eg hev tidt og traatt
baade høyrt og lese at kvinna er det glupaste skaparen hev laga.
- Og dette kann gjerne so vera. - Visst er det, at noko so fint og i alle
luter framifraa som ho vesle Eli Lunde kunde eg ikkje for augo mine sjaa
den gongen. Ho var paa lag eit aar yngre ho enn eg, og det var i
skulen vinteren framfyreaat at ho fekk so fast eit feste i hjarta mitt.
Eg hugsar henne vissa
som ho ein morgon kom inn i skulestova ho og systeri. Kaldt i veret var
det, og innefugga var ho so snaudt nok nasetippen var sjaaande. Men daa
ho so fekk løyst av seg den store graa-rutute hovudduken og stod
der blenkjande med sitt smørgule haar, rundlagd og raud i kjakarne
som eit eple, lumsig og god, men endaa so sprettande hortig i gule skinntrøya
si med kvite ullfalden nedantil, og med stutte, blaae stakken sprikjande
kring leggjerne, som i høgraude sokkar stakk upp or dei tvo halvstyvlarne,
- ja, daa var eg seld med same! Fraa den stundi stod det naglfast i hugen
min, at ho og ingi onnor skulde vera gjenta mi.
Eg kunde ikkje anna,
eg laut hava ein aa fortelja det til; og det sa seg daa sjølv at
det vart han Sjur-Ola.
”Ja, so kunde eg
taka henne Aasa, eg,” sa han; det var systeri det.
Ja, det maatte han
meir enn gjerne; og me tvo verbrørne gav daa kvarandre handi paa
dette, aalvorsleg og stødleg som dei vaksnaste karar.
Eg hadde høgtid
eg naar eg kunde vera der ho Eli var; det vart som sundag med sol um sumaren
berre eg saag henne. Var andre i laget med, vart det med naudi eg fekk
maalet upp for blygsla; men høvde det so me var for sjølve
oss, daa kann det vel henda der var liv baade i prat og leik ! Vera henne
hjelpen og beinkesam, bera tina hennar, brøyta veg igjenom snøskavlarne
naar me gjekk i skulen saman, det var min største hugnad. Var det
noko ho bad meg um - og det var ho ikkje bljug for -, var det sjeldan eller
aldri eg vann segja nei. Ho skyna nok berre altfor vel, trollet, at eg
lika henne serlaga. Og som ho kunde finna paa pina meg naar det fyrst sveiv
henne! Det var soleis ein dagen fram paa vaaren at lensmanns-sonen, han
Knut, var burte paa Lunde i fylgje med far sin; og eg var der og. Me var
jamaldringar, eg og han Knut. - Jau, so var ho so stor paa det daa at ho
ikkje lest sjaa til den sida der eg var eingong, berre gjekk dragsa med
honom, skulde syna baade dette og dette; det saag endaa ut som eg snaudt
nok skulde hava lov vera med, eg. Paa seinsten vart eg so arg at eg egla
meg i basketak med han Knut og smurde han dugeleg upp. So vart det paa
timen eg daa som var henne den likaste.
Og eg drøymde
og drøymde - vakne draumar um henne og meg, og meg og henne. Tidaste
var det ein kjelke med vengjer me hadde oss; ho sat framanfyre og eg bakpaa,
og so fauk me stad vida yver fjell og hav, baade til Island, Amerika og
Nordpolen, og der slumpa me inn i alle dei hendingar som til kunde vera
og vel so det.
Høvde det
seg naar me var ute leika at nokon gjorde henne meinka i eitkvart, so ja
menn var eg reidug paa flekken, eg og! Mangt eit blaatt auga fekk eg for
hennar skuld, og likso mange gav eg. Um det endaa var større og
sterkare gutar, so raaka det gjerne dei likevel fekk smurning; for han
Sjur-Ola var jamnaste til stades, og det ikkje ein evla, det kunde tvo.
- - - No, daa so sundagen kom og eg vel hadde fenge bisken og flitt meg,
la eg i veg burtetter til Lunde, skulde syna
henne Eli triskillingen.
Eg raaka henne nedan
løda, der heldt ho og systeri paa spela tolvstein. Og ho totte no
det, at skillingen den var reint makelaus gild. Um ho ikkje maatte faa
lov halda han i handi? - - Jau - - ho fekk vel det. Stod ho daa der fikla
og fingra med han, nidglante han paa alle leider.
”Du, vesle Per” sa
ho, smeikjande blid som ein rjomekling.
”Ja?"
”Du kunde gjerne
gjeva meg denne skillingen, du.”
- - - Det var som
kjende eg ei rennelykkja snora halsen min ihop. Ho saag nok eg ikkje var
so reidug som eg pla til aa dansa etter som ho spela; - og der visste eg
ikkje ordet av fyrr ho for piltande stad uppyver. Kjørleiken
eller triskillingen! Og triskillingen vann. Etter henne kila eg og greip
henne; remja seg og skreik gjorde ho, beit meg og i eine fingeren so blodet
tippa; men det hjelpte ikkje, eg vreid handi hennar upp og tok skillingen
til meg att.
Endaa ja menn var
eg likevel tung um hjarta, daa eg sidan for labbande paa heimveg.
Men fraa no vart triskillingen meg kjærare enn nokosinne; eg visste kva han hadde kosta meg. For aa vera so trygg det berre var raad sauma eg han fast under ei bot til brok-liningi, men laut fleire gongjer um dagen spretta uppatt og sjaa um han var der.
IV
Gjekk det eit par
dagar i skulen att. Nettupp som me so ein eftan vart fri, kom han vesle
Hans Lundehaugen, skulde sør til kræmaren kjøpa tobak
aat far sin.
”Du var gjerne kar
kjøpa meg og ein rull, du?” sa han far.
Ja, han var daa det.
Men som no han far
tok pungen sin fram talde etter, hadde han ikkje nok smaapengar.
”Hev du Per aa laana
meg so lenge?” spurde han; for eg pla jamnan tena meg einkvar skillingen
med aa seIja bær.
Nei, det høvde
seg, eg hadde kje solaga no.
Ho Olina og eg, me
tvo var som tidaste ikkje plent dei beste bussarne, og passa gjerne paa
gjera kvarandre all den smaameinka me kunde. Um eg ikkje hadde ? meinte
ho; enn den gruse triskillingen daa som eg gjekk med i brok-liningi?
”So berre hit med
han!” tok han far frami; der vart snart nøgdi av sovorne no, let
han.
Eg forstod det peika
ein galen veg dette, og tok so smaatt paa halda meg burtaat døri.
Men han far skyna for vel kva eg hadde i tankar, og gripen vart eg just
som eg alt stod paa spranget. Eg veit eg skreik som var ein kniv
stungen meg i kroppen. Kva meir eg gjorde kann no vera det same; men visst
er det, han slepte meg att, og det snøgt.
Eg ut, og uppetter
den store urdi so fort føterne berre vann bera meg.
Straks ovan garden er der ein hardla
høg bratt hamar; men fremst framme paa floget stend det her ei stor
bjørk, som tøygjer seg like ut yver djupni, greinut og breid.
Dit upp paa hamaren for eg og kleiv ut i bjørki, eit vaagespel eg
hadde freista nokre gongjer fyrr, men som nok baade den eine og den hin
der paa garden skulde lata vera gjera meg etter.
Sat eg so der millom
himmel og jord medan dei heite harm-taaror brann meg paa kjakarne, og saag
ned yver verdi som ho laag breidde seg under meg, so urettvis og so vond.
Ein galen tanke steig
meg upp i hausen: um eg no berre ein augneblink slepte taket, - so kunde
dei sidan hava takk for meg!
Og eg tok til aa
drøyma meg korleis det so vilde ganga: Fram mot kvelden vart dei
illhuga, skulde stad leita. Men naar dei fann meg der i urdi nedanfyre,
sundslegen, blodut og livlaus, - ja, so kunde det vel henda der vilde verta
syrgjing og tuting!
Maala eg meg vidare
ut korleis dei ein dag køyrde ei liti likkista or tunet. Men han
far gjekk baketter, vreid hender og gret: ”nei, aa nei! - einaste
son min, du vesle Per, du vesle Per! - at eg daa kunde vera so ill med
deg?”
Og eg lo ved tanken
ein laatt so haas og stygg at det riste i meg sjølv av fælska.
- Men so kom eg til
aa hugsa paa henne mor, som no var med buskapen uppe paa fjellstølen,
kor hjarteleg vondt det vilde gjera henne, kor ilt ho vilde koma til aa
sitja graata. - Og ikkje anna i verdi kunde faa hugen min so reint vidje-mjuk,
som at eg fekk sjaa taarorne taka til aa blenkja henne mor i augo.
So var det og den
nye luva med dei tvo flugsi i nakken og blanke massing-ankeret paa sida.
Det var han Per, morbror min, siglaren, som hadde sendt meg henne heim
fraa Bergen; og eg hadde no endaa stunda mykje etter aa syna meg i henne
ved kyrkja bispedagen.
Men det verste av
alt var dette, at eg for nokre dagar sidan hadde fenge fat i eventyrboki
hans Moe og hans Asbjørnsen, og hadde enno ikkje naatt lenger ut
enn til ”Grimsborken", som eg hadde høyrt skulde vera so framifraa
morosam. -
Herre Gud, - det var daa likevel for
tungt segja verdi farvel, naar her var so mykje aa liva for!
Og dagen gjekk sin
veg smaatt um senn; og plent det same gjorde modet mitt og. Eg kjende meg
med eitt so gaulande svolten, og ein liten freistar tok til aa kviskra:
”gjeve Gud eg torde gaa ned faa meg mat!"
Men verre vart det
daa det tok paa dimmast; for eg var so forfælande myrkrædd.
Jau, so var og endeleg nede or bjørki
att, etter at triskillingen fyrst var godt og vel gøymd i eit trepikkar-hol.
Og alt som solstripa
kraup uppyver den store snø-tinden i sud, kraup eg nedyver mot garden,
løynande meg so mykje raad var attum stuvar og steinar.
Vart det daa umsider
so dimt at eg for harde livet ikkje torde vera ute lenger.
Og no fekk det skura ! Muneleg stryk
kom eg sagte til aa faa; men triskillingen kunde dei no kor som var
bita seg i gomarne etter! Ottesam og stillvoren som ein tjuv smatt eg meg
innum døri; - nei, ikkje nokon lest ein gong sjaa meg. Eg byrja
so smaatt faa voni upp; for eg hadde ja menn venta meg anna i velkoma.
- Daa det leid um lite vaaga eg meg burtaat bordet, fekk i meg noko graut
og mjølk.
So smatt eg ut i
nystova, smaug i seng, og takka fyrr eg sovna Vaarherre som hadde laga
det so godt alt ihop.
Men den takke-bøni
kunde eg gjerne ha venta med til det betre var høve; for so reint
snikkelaust var det heller ikkje meiningi eg skulde sleppa.
Eg var ein ærekjær
gnasse, og noko sovore som aa faa tukt i skulen var eg rædd som dauden
sjølv. No visste han far dette, og hadde daa vore so utifraa meinsleg
beda skulemeisteren ”setja meg att” dagen etter, til bot for traaskapen
min.
Fjøren og
glad som ein fugI kom eg i skulen um morgonen. Eg kunde paa mine fingrar
kvar dusti eg vart spurd, las tridje artikelen i katekisma og um Saul i
bibelsoga so det berre saud etter, og visste ikkje av vondt aa segja, og,
fyrr fram ved middagsleite.
”Ja,” sa skulemelsteren,
”no fær de taka fritimen dykkar, born; - men du Per kann faa lov
sitja her, du," la han til.
Eg vart berre standande
munnopen glana honom upp i augo. ”Du forstend vel det er meiningi du skal
sitja att i dag?"
- Sitja att? eg?
- - - Ja, so med ein gong skyna eg korleis det hekk ihop. Men so saara
og illsinna som eg daa vart vil eg ynskja eg aldri meir maa kjenna meg.
Ned att sette eg meg paa flekken, og vart sitjande timen til ende med henderne
under hoka, nidstira i bordet. Tisking og knising høyrde eg ikring;
for det var dei som var ovundsjuke paa meg etter di eg stødt stod
meg so godt med skulemeisteren, og no totte dei dette for vel, maavita.
Borni fekk bod taka
nista med ut paa bakken, og skulemeisteren sjølv gjekk aat hi stova,
skulde faa maten sin der den dagen. - Um ei rid kom han ut i nystova att,
gjorde ei snuning innyver golvet, men gjekk so sin veg utan aa meda eit
ord.
Jau, endeleg var
kvildi til ende og ungarne ropa inn att. Naar alle hadde sessa seg, kjem
skulemeisteren hit, bed meg lesa det fjorde av bodordi.
Aldri knystet fekk
han høyra.
So las han det sjølv,
tok sidan til aa leggja ut um deim som hædrer fader og moder ”at
de skulle længe leve i landet”, og slutta med aa spyrja um eg no
ikkje
hjarteleg trega at eg igaar var so ureipen
mot han far, som Vaarherre sjølv hadde sett yver meg til at byde
og raade”.
Men her raaka han
just slaa paa knall-perla. Det var dette som arga meg so beiskeleg at dei
vilde velta all skuldi yver paa mi sida, medan eg sjølv etter Guds
og mannsens log ikkje kunde skyna betre enn at retten var min.
Sinna burtimot vitløysa
spratt eg upp, slo i bordet det vesle eg orka, og skar i med eit mæle
som dirra og peip av ov-ilska: ”nei, koke meg, so gjere!"
Det vart stilt i
stova so du kunde høyrt ei knappenaal detta. So giekk skulemeisteren
med vyrdsame stig burtetter golvet og ut. Eg visste med same kva dette
hadde paa seg; for vart ender og daa ukjurskapen altfor stor, vanka det
gjerne stryk paa nevarne.
Men eg berre beit
tennerne ihop daa han kom innatt med eit munelegt ris i
handi. ”Kom so med henderne, Per," sa
han. Og det giorde eg paa den maaten at eg stakk honom baae knyttenevarne
beint upp, under nosi.
Fjetra steig han
eit stig attende, saag eit lite bil paa meg, - braut so buska sund og gjekk
stad stakk henne inn i omnen.
No fyrst bar det
i graat med meg - ein graat so skakande sterk som eg enno aldri hadde graate;
og det gjorde baade varde og rokk fyrr eg kunde halda upp att hiksta og
hikka.
Frampaa kvelden, som eg sat attum smidja,
kavande med tankar so myrke og so saare, visste eg ikkje ordet av fyrr
skulemeisteren stod framfyre meg.
”Er du sint paa meg,
vesle Per?" sa han.
Eg svara ikkje, -
kunde det ikkje heller, for eg kjende meg so underleg tjukk i halsen.
”Hev eg vore vond
ved deg? - - - Men eg vilde deg det berre so vel kor som var, - - for du
veit daa det at eg held so utav deg."
So braut graaten
min laust aa nyo.
Skulemeisteren tok
meg paa fanget; og korleis me tvo no sat snakka saman, det vil eg ikkje
eingong freista mana fram att. Men det veit eg, at aldri korkje fyrr eller
sidan saag eg ei taara trilIa han gamle Lars skulemeister or auga.
Og paa seinsten sovna
eg der paa fanget hans, med ei takksam kjensla av lukka og fred; men so
trøytt, aa so trøytt, so trøytt.
V.
Leid det fram til
laurdagen kom; og den dagen var det me skulde møta fyre bispen.
Tidleg um morgonen
vakna eg, var ute or sengi og burt fekk i meg bisken i ein ruff; og so
bar det aat bekken til aa vaska og skura so grønsaapa sveid i augo.
Sidan paa med kyrkjeplaggi, sprettande nye fraa topp til taa, so henderne
mine vart maala blaae av lo-liten berre eg strauk meg nedetter den skinande
sylvknappa trøya.
Vesle-brunen var
folunge den tid; men endaa han ikkje var meir enn godt og vel ei vika gamall,
so ja menn dansa han so det slatt etter der me køyrde burtetter
vegen med mor hans fyre stolkjerra. Han visste ikkje, stakar, at han um
nokre dagar skulde verta morlaus.
Det var han far sjølv
som køyrde meg, og eg skal tru eg ikkje var lite byrg daa me svinga
ned framum kyrkja; der stod det alt bygdefolk store og smaae i mengd.
”Ja lat meg no sjaa
eg ikkje fær skam av deg i dag, guten min,” sa han far og kosta dumba
av trøya mi.
Jau, best det var
der kjem bispen gangande, bøygd og bleik, med sylvkvitt haar ned
under høge hatten, og med gullkrossen blenkjande paa den svarte
kjolen.
Men bakum honom kom
presten, feit og breid, um ikkje plent so høgt i veret med nosi
som han var van. Og so endeleg den tunne prestefruva med fem eller seks
av borni deira trippande etter.
Hattar og huvor vart
lyfte der fylgjet skreid framum og inn kyrkjedøri; so strøymde
me andre same vegen til.
Skulemeisterane stelte
seg upp paa kyrkjegolvet, kvar med sine for seg.
Og so vart det beding og
syngjing og lesing og yverhøyring. Det var ikkje greidt aa vera
skulemeister heller daa.
Han Ola Seim var
den som fyrst laut i fikten, og endaa so kipen ein kar han elles vilde
vera, so ja menn var det sjaaande kor han den gong dilla i knei, aldri
so lite han raaka staa still.
Nei, so var han Anders
Jakobsen anna til kløyvar. Fraa fyrst var han no berre fatige husmannsungen
paa ein plass under Lunde. Men eit par aar etter han var framsloppen slo
presten og nokre bygdemenner seg ihop kosta honom paa lærar-skule,
og sidan endaa paa klokkar-skulen sør paa Stord. Daa han so kom
heimatt hadde stade ut læra, og vart klokkar i den hi sokni, jau
daa var han storkaren fraa ende til annan; - du skulde ikkje anna sjaa
enn haaret stroke upp som ein hanekamb, kvit krage og svart kjole med kluft
baki, og eit maal tala han, som du skulde høyrt spurnadboki sjølv.
Det var gut som ikkje
var klumsa framfyre bispen heller det. Daa tidi korn spratt han fram paa
golvet som ein annan hallingdansar, gjekk so der svinga seg paa hælarne
og sveiva med armarne, medan han spurde og preika og preika og spurde.
Men han gamle Lars
aksla seg og kremta seg og tok det med tol som han pla, han. - Naar skulemeisterane
vel var reiduge med sitt, korn bispen sjølv tok til aa høyra
oss yver. Eg totte han saag so god ut, at eg var ikkje rædd heller
daa eg endeleg hadde honom der beint framfyre.
"Kan du, min lille
gut, fortælle mig noget om Jesu fødsel?"
Og det var no som tok han handet av
ein ertresekk, det. ja, so var daa det so bra.
"Naa! Nattevagt over
deres hjord ved du saa hvad hjord er'?"
"Det - maa vera ein
bøling det,” svara eg.
"Bøling?"
- Ja, kva vilde det segja? - han snudde seg til skulemeisterane, som hadde
sett seg i stolen straks nedanfyre.
Og han Anders Jakobsen
upp med same: ”Hr. biskopen maa undskylde, de taler desværre saa
bondeagtigt disse børn."
”Jeg ønsker
at vide hvad ”bøling" er," sa bispen, og det so det beit.
”Jo,” svara han gamle
Lars, ”en bøling er de same som en samling af kvæg."
No, eg hadde daa
svara so serlaga glupt. Og bispen strauk meg yver haaret med den turre
skjelvande handi si; ”det var kvik flink gut” sa han.
-Men daa kann det
vel henda eg voks der eg stod, eg og!
Nei, at eg no kann
faa fat att i rette traaden i soga mi, so var det dette eg vilde fortelja,
at naar me gjekk ut or kyrkja kom der ein framand mann stad helsa paa han
far. Klædd var han halvt som bonde og halvt som byfant, hadde brillor
paa flate nosi med den uppetter-bretta tippen, og det tunne raude skjegget
hekk langt nedyver bringa paa han.
"Er det han Torstein
Kvaale?' sa han laagvore og langdrege.
Jau, det var daa
det.
"Og mit navn er missions-emissær
Anton Samuelsen fra RyfyIke.”
"Det kann raaka det
ja," svara han far.
Ja, han reiste kring
sanka studnad til missjonen nede i Zululandet. Han skulde i kveld halda
samling paa Uppheim, garden der kyrkja ligg; men so var det dette um han
ikkje maatte faa lov gjera det same kvelden etter heime hjaa oss?
Aa jau, der fekk
verta ei raad med di, meinte han far, lova og paa likaste maaten gjera
det kunnigt der i heimreppen, og tok endaa skreppa hans med i kjerra daa
me sidan køyrde heimatt.
Fram paa sundags eftan kom karen reikande.
Og etter som det leid tok folket fraa grannegardarne til aa sankast inne
i stova, sessa seg paa benkjer og i sengjer og kvar dei elles kunde koma
til.
Store hoggestabben
vaar vart rulla inn burt paa golvet; det var preikestolen.
Det byrja med at
framandkaren gav bod slaa upp ein salme; daa so den var sungen, steig han
paa stabben tok til aa leggja ut.
Og ja menn var det
gut som fekk røysti upp, daa! Det var som det berre dirra og ylte
gjenom stova medan han mana fram det heite helvitet, kor grysjelegt dei
ufrelste sjælerne hadde det der, kor diplegt dei skar tenner, banna
og skreik naar djevelen og englarne hans slo klorne i deim og duppa deim
ned i brennande svaavel-sjøen, so blaabrandute logarne skola og
skvatt.
Men med eitt var
han so mjuk og mild i maalet daa han tok til aa fortelja um Vaarherre i
himmeriket kor god han var, kor ovleg dei sæle vart fagna hjaa honom
uppe i den ljose staden med gator av gull; der gjekk dei ikring i lange
kvite klæde, med gullkruna paa hovudet og palmegreiner i henderne,
medan den eine gudsengelen fagrare enn den andre fauk til og ifraa, leikande
paa gullharpa og syngjande den nye songen um lambet som var slagta.
Og no vilde han beda
oss kvar og ein velja, anten me vilde høyra heime der nede eller
der uppe, naar tidi kom at det vart aa segja farvel til denne jordhytta
her.
Men det laut me vel
hugsa paa, at berre den fekk ervelut med Kristus som skipa seg etter bodi
hans; og no var dette Kristi klaare bodord til oss: aa leida dei arme heidningar
ut or villa og attende ,,til hans hjord og sande faaresti”.
Las han upp or ei
bok og orda vidare ut um kor øgjeleg det stod til der ute hjaa heidningarne,
og kor naudturvelegt det var aa koma deim til hjelp, som heldt paa stræva
og kava med aa kveikja ljos i dette forfælande myrkret.
Der var, daa han
slutta, snaudt nok eit turt auga inne i stova; og som han so let hatten
gaa kring, tok baade den eine og den andre til aa leita pungen fram or
lumma. Eg for meg veit at ikkje ordet av heile tala gjekk meg i miss der
eg sat paa vesle krakken min beint nedan stabben, og klokt i hugen var
eg so visst som nokon.
Fram paa kvelden høvde det seg
so at preikaren og eg kom til aa prata.
"Elsker du Jesus
du, gutten min?” sa han.
- Jau - - eg gjorde
nok det.
Ja, for Jesus var
so snild han, og heldt vissa so mykje utav alle dei smaae. Eg kunde no
segja ifraa eg, at eg hadde fem brøder deruppe hjaa honom.
Um so ikkje eg og
hadde hug koma der? For han vilde vona der enno ikkje var noko som heldt
mitt hjarta burte fraa Jesus.
Men kor han kom til
aa venda og snu, nok er det, han fekk endeleg vita at eg hadde slik ein
makelaus triskilling som var meg so serlaga kjær.
Ja, den laut eg segja
meg laus fraa; for yver dørstokken i gudsriket kom ingen med framande
gudar i hjarta.
Eg spurde handfallen
um mindre ikkje kunde gjera det. Eg hadde ein sliten vest, som var vorten
meg heller liten og; men eine lumma var enno plent like god som ny. Naar
eg no bad meg lov gjeva den vesten til han vesle Mons Bakken - han hadde
korkje far eller mor, han stakar! - tru ikkje det vilde gjera god mun ?
- medan eg tenkte med sjølve meg, at knapparne kunde eg daa likevel
spretta utor.
Nei, det vilde ikkje
bata dusti det, let han; alt eller inkjevetta det var kravet, og det var
ikkje aa rikka. -Tok han so upp or frakkelumma ei rund hardla høg
massing-øskja, gav seg til aa skruva loket ifraa; ho var paa lag
til helvti full av koparpengar, og dei skulde vera - fortalde han - ,til
en skole for de arme smaa sorte hedningebørn, som springer nøgne
omkring og spiser hinanden der nede i Zululandet”. - Um eg no slepte triskillingen
nedi der? - - so kunde han og fortelja andre born der han for fram kva
den vesle guten hadde gjort for dei stakars heidningarne.
Dette var just aa
taka meg paa meinaste stellet; naar eg so og samstundes kom so vel inn
i det med Vaarherre, - - ja, daa fekk det ikkje hjelpa, eg laut lata staa
til!
Men ja menn vart
det meg likevel ei tung gonga uppetter til trepikkar-holet; og eg kjende
det som vilde føterne ikkje flytja seg under meg daa eg endeleg
var paa nedvegen. Stana gjorde eg rett som det var, saag paa skillingen,
blenkte han paa trøyeermi, og var fleire gongjer iferd med aa snu.
- Men so tok eg meg saman, gjekk med støde stig beint inn til preikaren,
snudde andlitet ifraa - - - og straks etter høyrde eg triskillingen
fara klingrande ned i penge-øskja.
Men det kann vel
vera at eg kjende meg byrg og heppen no naar det fyrst var gjort! Eg totte
eg hadde stridt den gode strid og vunne siger, og eg er rædd at hadde
nokon av granne-gutungarne den kvelden neita meg retten til gudsriket,
vilde der vanka all den stryk eg kunde gjeva.
Eg gav meg ikkje fyrr eg fekk lov vera
sengjefelag med preikaren um natti; eg totte det kunde høva det,
etter som no han var eit guds-menne han og.
- Og snart sov eg
den rettvise sin svevn.
Fram i graalysingi
vakna eg med ei usæl kjensla av at nokon heldt paa strypa meg. -
Preikaren, han laag sov og raut som du skulde høyrt ei kaffikvern.
Daa med eitt datt
det yver meg med ei forfælande tyngd at triskillingen ikkje var min
lenger!
Nok freista eg med
same leita fram att dei grunnar som igaarkveld hadde so stort eit evle;
nei, det vart som aa gripa i røyk det.
Det rann meg i minne alt eg hadde sett
inn paa den eigneluten; -- og no! at eg daa kunde vera slik ein braavim!
Øskja stod
der straks framfyre meg paa fote-fjøli og blinka; - - der var han!
Naar berre eg torde!
- - For det var no ikkje sagt mannen med snøggaste fann paa sjaa
etter, eller um so skulde henda, daa illetru meg; - so sagte kom han til
aa fara kring skrøyta av meg plent like godt.
Og Vaarherre, som
var so god, so god, vilde nok sleppa meg inn til seg
kor som var, naar eg angra hjarteleg
etterpaa og var snild og lydug gut.
Elles kunde ingen vita kven han var
for ein denne framandkaren. Kann henda naar alt kom til alt, han stakk
pengarne i si eigi lumma, landlauparen!
Og hadde nokon raaka
koma inn i nystova paa Kvaale um ei rid, vilde han ha funne meg i berre
skjorta standande paa knei i sengi iferd med aa skruva loket av penge-øskja.
- Jau, so varde det heller ikkje lenge fyrr eg aa nyo hadde triskillingen
millom fingrarne. Han var lett nok aa kjenna der han laag i kopardungen
blenkte og skein.
Men ikkje fyrr fekk
eg smetta meg under felden att fyrr samvitet vakna med ofseleg magt. Skillingen
brann meg i handi som var han gloande; eg hadde kjensla av at maken til
styggedom visste eg meg ikkje, og meir enn gjerne vilde eg ha lagt han
tilbake, men torde ikkje rikka meg av flekken, for eg fælte hin-mannen
skulde koma fakka meg med same. Skolv gjorde eg som eit ospelauv, kaldsveiten
taut fram yver heile min kropp, og endeleg braut stridgraaten laust.
Preikaren vakna og
spurde undren ha som var tiss. Hakkande og hikkande kom eg so fram med
kva ilt eg hadde gjort, og bad og velsigna honom taka den usæle triskillingen
attende.
"Nei, mit barn,"
svara han, ,det være din straf at du selv maa beholde den sølvpenning
for hvilken du som Judas Ischkarioth har solgt din herre og frelser.”
Aa jau! tuta eg,
- han maatte, han maatte! for utan fekk eg aldri meir ein glad time! -
han laut! - han laut!
Og paa seinsten vart
det so at han gav etter. - Men det veit eg, det var med hugen heilt annar
leis audmjuk og smaalaaten eg denne gongjen høyrde skillingen fara
klingrande ned i øskja.
Eg vart lenge liggjande
vaken den morgonen frametter; eg laag tenkte og gruna paa so mykje og mangt.
Og daa eg endeleg sovna att med same det ljose solauga blenkte fram yver
Li-nipa og keik inn gjenom ruta, daa hadde eg lova Vaarherre at eg vilde
verta missjonær.
Men at den lovnaden
aldri vart liv, -- det likevel er ikkje triskillingen si skuld.
Tilbake til [toppen]
[forside]
[innholdsfortegnelsen]
[Hovedside for høgskolens
digitale tekster] [HVEs nettbibliotek]
Sivle: Sogor. Tønsberg: Høgskolen i Vestfold,
1999