HEIMEDØYPT
I.
Fred, det var meir
enn eg hadde etter den tilburden med han Nils. Brotet vart liggjande tyngja
som ein kaldvaat skoddedott, som eg ikkje kunde evla koma meg utor.
Det var som han Nils
fylgde meg trutt kvar eg so heldt til. Eg hugsar kor eg stundom spratt
i veret og saag attum meg, med so skilleg ei nemjing at eg hadde han der
straks i ryggen.
Vissa var det no
den lukti av klædi hans som eg ikkje fekk ifraa meg. Det hende fleire
gongjer naar eg laag sov, at eg skvatt upp vitskræmd iferd med aa
kovna. Daa var det han Nils som laag meg paa bringa og strypte og strypte.
Høvde det
seg eg laut framum vegen til Harkahaugen, la eg jamt i laup det snøggaste
eg vann.
Ein sundag eg var
ved kyrkja kjende eg som vart eg naamen i knei daa eg steig inn paa kyrkjegarden
og hugsa, at det var her han Nils laag.
Og langsleden hans
Lars Seim gjekk eg jamnan umveg fyre, der han stod i tunet naar eg kom
skulde i skulen; for paa den sleden var det dei køyrde han Nils
til gravi.
Det vart alt verre
di lenger det leid. - Eg freista beda til Vaarherre. Men der stod han Nils
stengjande og skræmde bøni munnvali attende; han stod der
klaga og klaga meg fyre honom den renvise hemnaren, som hadde evle kalla
meg til domen kva tid og time han vilde. Og berre altfor vel tottest eg
vita kva eg so kunde venta meg.
- Men var der bergingvon,
vart det daa likevel Vaarherre eg maatte ganga til. Eg laut prøva
venda um og verta eit Guds barn. At dette var ein tung og vand veg, det
hadde eg baade høyrt og lese meg til. - Og eg visste det var ein
hjarteleg anger som bar fra til den fyrste milestolpen paa vegen.
Eg totte endaa so,
at eg hadde trega vondska mi beiskeleg. Men naar eg no tok til aa naglefara
meg sjølv og leita etter, vart det stødt til at den rette
angeren ikkje var aa finna. Og di meir eg truga meg sjølv til aa
trega, di hardare og kaldare kjende eg meg i hjarta.
Segja seg laus fraa
denne verdi, det og var kravet til deim som etla seg den smale stigen Men
den bakken vart meg tung koma upp.
Naar eg um sundagen
sat inne las i bøneboki eller huspostillen, fysste og saud den friske
barnefysna etter leik meg i hugen. - Eg visste at no heldt dei andre gutarne
paa -- - synda seg burt med aa kasta skothella nede i vegskilet. Og det
vart no verst for deim sjølve, det. Eg hadde fenge augo upplatne
eg, og hugsa kva tridje bodordet baud. Men nei aa nei, so trøysamt
dei likevel maatte hava det!
Det bar daa tidaste
soleis til, at eg umsider skunda meg med dirrande hand stinga salmeboki
eller katekisma i fikka til aa hava som eit plaaster eller muleband paa
samvitet, naar eg la av garde i fejugande tan. Og ingen var sidan fusare
midt upp i leiken enn eg, til dess det var myrke kvelden.
- So fekk eg annsamt
med aa trega brotet og lova Vaarherre og meg sjølv det skulde vera
seinste gongen eg let den freistaren lokka meg.
Men naar sundagen
kom, tok det gjerne same leidi -og dette uppatt og uppatt.
II.
Tidi skreid, til pinsehelgi var yver.
Daa var det der kom
ein klokkesmed reikande og gav seg til framme paa Hauge.
Det var nok so han
aatte heime nede i Stavanger fraa det fyrste, men hadde - sa han - i fleire
aar vore utanlands, baade i England og Amerika. - Han var ein vesall skrinn
mann med svart haar og skjegg og myrke sterke augo.
Det spurdest snart
at han var med lesarane. Sundagen etter han var komen heldt han samling
i stova hans Torbjørn Hauge; og dei som hadde vore der var sams
um at make til klokkjande preikar hadde dei aldri høyrt.
Det varde ikkje lenge
fyrr han preika mest til kvar einaste kvelden, anten i vaar eigi eller
og i grannebygdi. Folk tok til aa kvekkjast upp or synde-svevnen baade
her og kvar, og klokke smeden vart allstødt fagna som eit reint
serlaga gudsmenne.
- Nei, der var det
ein sundagseftan han tala burte paa Seim. Men eg skal tru det kom undring
og stokk i mugen daa han paa seinsten i preika si orda ut um, at det var
vel nok nokon kvar tok til aa søkja den tronge vegen til gudsriket,
- berre det ikkje vart eit stræv i faafengdi, naar det var paa sjølvvise
gjerdi vaar eigi me gjekk fram. Alle saman kjende me bodet: fyrst tru,
sidan daap! soleis var det Vaarherre vilde hava det. Men var det kann henda
likevel ikkje den vanlege visi aa freista trengja seg inn gjenom porten
traass imot desse ordi, som ingen kunde ynskja seg klaarare. Endaa han
vilde so langt ifraa setja seg upp paa domarstolen; det fekk Vaarherre
gjera, han med naaden høgre enn alle himlar. - Men kor som var:
den som paa rette maaten vilde yver gudsriket sin dørstokk, laut
fyrst tru, og so verta døypt. Og til deim som var døypte
fyrr dei enno evla tru, vilde han segja: lit ikkje paa barnedaapen dykkar!
gakk heller stad lat dykk døypa uppatt!
- Eg skal berre med
harefot snerta innpaa alt det uppstyret som dette gav støyten til
der i heimkrinsen, korleis bygdefolket sanka seg i tvo hopar, ein større
som heldt preikaren for ein satan sin utsending, og ein mindre som fann
honom vera burtimot ein engel fraa Vaarherre, - at presten og atterdøyparen
paa nokre møte dei heldt, kjeftast so det fauk etter; og meir sovore.
Nok er det, at han Torbjørn Hauge og han Ola, son hans, og so han
Jens Teigen vart uppattdøypte fyrr klokkesmeden strauk sin veg ut
paa hausten.
III
Men det var dette
eg vilde draga fram, at i hugen min eigen, saar som han alt var det, tok
atterdøypartankarne seg meintak, - og det kunde dei so mykje meir
som det var meg kunnigt, at eg ikkje var døypt plent soleis som
flestalle andre.
Ja, for eg hadde
høyrt fortelja, at det nok var lite sjaaande liv i meg daa eg kom
her til verdi: og so klemde dei i ein ruff til og døypte meg med
same; for dei fælte eg snart skulde slokna. Men kor rettugt det med
dette var tilgjenge, det maatte Vaarherre vita!
Eg byrja so smaatt
fretta etter hjaa ho mor, og fekk so greida paa at det var godmor som døypte
meg, sidan ingen likare var til stades!
Ho gamle godmor!
Tunghøyrd og stutthugsi som eg mintest henne! - aa ja, det var kje
betre ventande daa enn at det kunde ha gjenge ymist!
So naar alt kom til
alt stod eg kann henda likt med sjølve heidningarne, eg. Og galne
vegen peika det, um eg aldri so mykje freista verta eit Guds barn; for
daapen var no døri han, korso.
Hadde eg berre stade
jamsides alle dei hine, vore kyrkjedøypt! - eller døypt av
mannshand endaa! - det kunde likevel fenge skura for meg som for andre
daa.
-Men denne gamle
kjerringi! - - du skulde aldri i verdi maken til tusseskap ha høyrt
!
At dei bar meg aat
kyrkja ein sundagen seinare og let presten lesa yver meg - hm! det var
det ja menn liten bate i naar det like godt var paa den godmordaapen eg
var kristna menneskja.
- Eg kjende meg usæl
og ille, som, hadde eg æveleg ulukka hangande i eit haar yver hovudet.
Ei greida laut det paa einkvar maaten verta; for dette var ikkje til aa
halda ut.
Og som det leid greip
det meg meir og meir ein brennande hug til aa faa tala med klokkesmeden.
- Ja, der ein eftan
smeit eg meg av garde; for han far var sinna paa
atterdøyparen som paa han Gamle-Eirik
sjølv. Eg var so heppen aa finna mannen heime og endaa til aaleine;
for gardsfolki var enno ute paa slaatteteigen.
Det var med skjelte
um hjarta og dirrande kne eg steig inn og fekk ei vesall helsing or munnen.
Kva ærend eg
hadde? spurde han.
Og seint um sider
fekk han meiningi av stamande ordi mine sanka ihop.
Um eg hadde gjenge
for presten?
Nei, eg skulde ikkje
fyrr komande aaret.
Han heldt paa ei
heil stund spyrja etter um baade dette og dette. Sidan tok han til aa leggja
ut um kor sæl den var som skunda seg or Sodoma og rømde til
Zoar fyrr eldflaumen kom, -- og endaa ei heil regla som eg lite skyna,
men di meir kjende meg aga av. So gav han meg nokre smaabøker, og
bad meg koma til seg att.
- Heime stal eg meg
stunder til aa gruna bøkerne igjenom. Eg tottest finna greidare
og greidare meiningi i deim etter kvart, og det vart meg alt vissare, dei
synte rette leidi.
Men samstundes seig
det meg tyngre og tyngre inn paa hugen, kor forfælande det vilde
vera um det likevel paa seinsten skulde syna seg, at presten og dei hine
hadde rett.
Daa spurdest i bygdi
atterdaapen hans Torbjørn Hauge. - Og dette auka elden under traai
mi eigi. Det vart ikkje onnor raad, eg laut lata staa til, eg og.
Kunde eg berre faa
einkvar kjenningen min med! -eg vilde liksom vera meir ankelaus daa, totte
eg.
Um eg no freista
gjera røynsla med han Sjur-Ola.
- Han hadde vakse
seg baade stor og sterk han Ola, hadde vissa i dei tvo seinste aari reint
vunne munen fyre meg. Eldende braasinna var han naar noko bar imot, og
det bata aldri taka han med trumf; men med finleik og fyretola kunde eg
jamnast faa han litug som ein sau.
- Og som me so ein
dagen raakast, tok eg til aa styra røda inn paa ævelengdi
sine leider.
«Du,»
sa eg, «nede i helvite der maa vera øgjelegt der.»
Ja, det høyrdest
so, svara han.
«Berre me endaa
slapp koma der, eg og du, Ola! »
Ja, han vilde daa
vona det.
Men um det no var
sanningi dette som atterdøyparen sa ? - so ja menn kunde det knipa
for nokon kvar. - Og eg so til etter desse bøkerne leggja ut um
barnedaap og atterdaap.
Det var sjaaande
kor han meir og meir vart ættvill.
Ja, so kom det eit
motmæle svivande honom paa tunga.
«Men du kann
daa vita at presten skynar det betre han, enn den klokkesmeden!»
«Presten! -
- var det kann henda ikkje just prestarne som fekk Vaarherre sjølv
hengd upp paa krossen? - so dei var rette gutarne lita paa!»
Eg veit ikkje kvar
eg hadde fenge fat paa tanken soleis skoren. Men nok er det, at dette gjorde
det av med han Ola samstundes som det gav stødleik i mitt eige tiltak.
Og fyrr me skildest
hadde me avtala at me baae tvo i all mogeleg løynd skulde ganga
stad faa oss uppattdøypte.
- Nokre dagar seinare
gjekk klokkesmeden framum, nord til Teigen; daa han so ut paa eftansida
kom att, vakta me honom upp framme i Lonalunden. Og den som ikkje lenger
var bljug og flamsen, det var eg. - Han Ola berre sa ha og ja han, medan
eg gjorde greida for baade honom og meg.
«Ja,»
tok atterdøyparen frami, « jeg tror i nu med rette kan
sige med hin kammersvend fra Morland: her er vand, hvad hindrer os i at
blive døbte?»
Det var ei tjørn
straks inne i skogen, heitte Lona-demma, han meinte paa.
Der var det og at
han fyrr hadde døypt.
Han ut av vegen og
me etter.
Men med same eg fekk
sjaa vatnet blenkja millom stuvarne, kom det yver meg ein fælskeleg
skjelte, so det var med naudi eg vann halda meg paa fot.
Me fekk bode taka
av oss klædi.
Ja, han Ola skal
fyrst! meinte eg.
Kvifor det ?
Jau - - han han var
fjortan dagar eldre, han! - Eg fann ikkje i snøggvenda nokon likare
grunn.
No ja, tok so han
Ola til aa klæda av seg utan aa mæla ordet, berre glanande
munnopen framfyre seg, reint som trollfjetra.
- Klokkesmeden skilde
seg av med nedre plaggi sine, tok guten i handi, og dei vassa fine sandbotnen
utetter til vatnet naadde dei ein stubbe ovan kneet.
So vart han Ola duppa
fyrste rappet.
Han hiksta stygt
etter anden daa han kom upp att, og var heller stiv i ryggen som
han andre gongen vart duppa.
Men daa han skulde
hava den tridje duppen, starta han traass imot. Døyparen paa si
sida - brennande i aandi som han sagte var - tok paa røyna; og daa
ikkje anna vilde bata, slo han krok so guten kom veggjande vidopen ned
i vatnet.
Men aldri fyrr var
han Ola paa lot att fyrr han flaug beint bust i bringa paa atterdøyparen;
og augneblinken etter bar det i koll med dei baae tvo.
Nei, daa eg so saag
skitne pulderen slaa saman yver deim, daa ramla eg laus i ei lægjing
so eg vart liggjande krøkja meg paa bakken.
Eg skratta som skulde
eg kovna daa dei reis og vassa i land, skratta
daa klokkesmeden - silande vaat som
ein hund i regnvær - tok til aa bannlysa yver oss, skratta
daa han Sjur-Ola - som var iferd med aa klæda seg paa - i berre skjorta
flaug upp jaga honom inn igjenom skogen og so heiv broki, sokkarne og styvlarne
hans paa vatnet, skratta daa so guten paa eit hengjande haar var reidug
gjeva meg smurning, meg og, - skratta og rulla meg og rulla meg og skratta.
– Og endaa daa eg sidan laag heime i sengi mi frampaa natti vart det ender
og gong ved nykkja og klukka i meg, traass eg var saar i magen som ein
kaun.
- Han Ola var paa
heimvegen eitrende vond og gav ilt fraa seg, banna baade atterdøyparen
og meg og heile hurven, so det berre loga.
- Men naar vegarne
skildest, og eg sidan for ruslande aaleine i sumarskvelden millom bjørkerne
i Kvaalshagen, daa vart eg tak um bil standande lyda kor fagert det let
naar sysvorti song.
- Det var som eg
ikkje fyrr hadde høyrt henne det aaret.
Tilbake til [toppen]
[forside]
[innholdsfortegnelsen]
[Hovedside for høgskolens
digitale tekster] [HVEs nettbibliotek]
Sivle: Sogor. Tønsberg: Høgskolen i Vestfold,
1999