BERRE EIN HUND
I
Han Hall var ikkje
anna han stakar, han var berre ein hund.
Men um han no og
berre var ein hund, so var han daa kor som, er ein framifraa hund; han
var framifraa baade stor og klok, og livde dertil sitt hundeliv so framifraa
utbytt av lagnaden millom lukka og ulukka, at livssoga hans, vissa for
meg, eig fullt so vel krav paa aa minnast som mangt eit mannsliv.
Men fyrr eg no held
vidare fram, lyt eg fyrst faa lov ganga noko attende og fortelja litevetta
um nystova heime paa Kvaale, og kor det bar til at ho vart bygd.
Godfar min, han gamle
Per Kvaale, var innpaa fem og seksti aar gamall daa han fylgde andre kjerringi
si til jordi. Men der var livseld og livshug i gamlen enno; ikkje lenger
til enn aaret etter kom det upp, han hadde i tankar aa gifta seg att, og
det med ei taus paa godt og vel dei tvo og tjuge.
Same sumaren var
det han fekk bygt seg nystova. ”Fær du ein gamall mann, so skal du
no likevel faa deg ny stova, Mari,” sa han godfar.
Nystova var bygd
inn ved den gamle, der far min, som no hadde teke imot garden, skulde halda
hus; der var dør imillom.
Ho var reint namngjeti
radt fraa fyrstningi denne stova hans godfar, hev eg høyrt segja,
med di ho var det einaste maala huset som fanst paa lang leid. Blodraud
som ho var, gløste og glimde det av henne uppe paa Kvaalshaugen,
synberr som ho laag der framfyre heile bygdi.
Det fyrste som eg
minnest, var no han godfar longe gøymd under torva; enkja hans var
fari til Amerika, til ei syster ho der hadde, og nystova var komi i far
min si eiga.
Ho var no ikkje just
so glimande aa sjaa paa no lenger; bordklædningi var sprukki, og
maalingi bleikna der ho ikkje var avdotti. Men endaa var no nystova paa
Kvaale haldi for aa vera den gildaste stova der i bygdi.
Og inni var ho rett
fin, etter høvet. Golvet var jamnaste reinskura, medan dei andre
stovegolvi i grendi kunde takka til fekk dei seg ei laug til kvar høgtid.
Tvo veluppreidde sengjer stod der alltid, og dei kom mang ein gong vel
med, naar presten eller skrivaren eller og einkvar turisten skulde hava
hus for natti i Hallvardsreppen.
II
Ja, so var det daa
den vaaren eg hadde fyllt mitt tolvte aar, - det var endaa den same vaaren
morbror min, han Ivar Lunde, bleiv i Lønsosen.
Det var ein dag framunder
jonsok, og me sat endaa og dogurda oss heime paa Kvaale, daa me, best som
det var, høyrde gardshunden vaar, han Passupp, taka paa aa halda
eit syndeleven nede paa vegen. Han illgøydde, og han kvein og bar
seg so det var reint ulikt. Men ender og daa kom der med innimillom eit
glufs so grovt og holt at det var diplegt aa høyra.
”Nei, men so spring
daa ut, du Per," sa ho mor, ”og sjaa kva det er hunden baskar med!”
Men enno fyrr eg
vel hadde fenge lagt skeii fraa meg og kome meg fram fraa bordet, høyrde
me stig ute paa tunet.
So tok det i klinka,
og inn imellom dørglytten stakk det med same eit mannlikan, slikt
at eg enno aldri maken hadde set. Lang var han og smal var han som eit
riveskaft; hatten hans var liten og striput, andlitet tunt og treturt,
med naseklemma og uhorveleg langt ljost kinnskjegg; trøya og knebroki
var roglelita som ei røy, sokkarne graae, og snørestyvlar
hadde han uppetter dei tvo pipestylkjerne til smalleggjer.
Han vart standande
eit ørlite bil med klinka i handi og bisna paa oss; so nikka han,
krøkte seg under tverstokken og steig inn.
"Aa nei, aa nei"
sa ho mor, og flutte seg lenger inn paa benken.
”Jau, beiske deg!”
tok han Salamon, tenestdrengen, i, heller noko laagt.
Men daa eg so samstundes
vart stird framum honom som inn var komen, kunde eg ikkje halda meg fraa
aa setja i eit illskrik av rædsla.
For der attum honom
stod med labbarne paa dørstokken og glodde inn i stova eit ubeist
so skræmelegt, at eg ikkje kjende føterne under meg, so fælen
vart eg. Trollet tottest meg vera likso stort som ei liti kviga; det var
brungult paa lit, med noko myrkare ragg framme paa halsen, og so hadde
det ein kjeft med slik ein tanngard, som det stod der og teva og hengde
med tunga, at det maatte kunna tyggja ein slipestein.
Eg var viss paa det
ikkje mindre kunde vera enn ei løva, ein tigerkatt eller eit anna
av dei glupande udyri eg just hadde lese um i ”Jagthistorier fra Afrika”,
som i dei dagar fylgde med "Almuevennen", og eg venta meg ikkje betre enn
at me paa raude rappen skulde verta sundrivne og uppetne alle ihop.
Men so gale gjekk
det no ikkje heller, og daa eg saag rakken for det fyrste vart standande
der han stod, krøkte eg meg upp under kraaskaapet, og slo meg til
tols so godt eg kunde.
Medan so hadde han,
reklet, stroke hatten av hovudet og sjøkla fram yver golvet. Han
far var den som fyrst fekk malte upp. «Kvar er denne karen ifraa
daa?" spurde han.
Men der var ikkje
meining skapt i det som spøkjelset svara, det let som berre ”viski
vaski ruski raski”, alt saman. Og so log han og riste paa hovudet og bar
seg so eg ikkje kunde halda meg fraa aa læ, endaa so rædd som
eg var.
”Aa snakka ditt morsmaal,
kar, og statt ikkje so og skapa deg!" meinte han Salamon.
Men fanten lest aldri
høyra, han, gjeng fyrst burt og glytter inn i kleven, snur seg so
mot nystova; der gjeng han inn, med det store gule ubeistet labbande etter
seg.
”Kva er daa dette
for noko," for no han far upp, greip til sida der kniven hekk, og steig
fram fraa bordet.
”Aa Gud betre meg,
no skal du sjaa han stel sylvskeierne mine!” tutra ho mor. Men daa kjem
villtysket i det same inn att, dreg upp setleboki si og legg ein tidalarsetel
burt i vindauga framfyre han far. Og so peika han mot nystova og nikka
og log att so det var ikkje anna aa tru enn han maatte vera komen beint
fraa galehuset.
Samstundes køyrde
der ei kjerra upp fyre døri, og han Lars Haugen, skytsmannen nede
i dalen, steig inn.
”Goddag i huset og
takk for sist!" helsa han. «Eg ser fanten er alt fyrekomen," sa han;
han klufta ifraa meg nede i bakkarne, daa eg peika det var hit me skulde.
"Goddag og sjølv
takk for sist" sa han far. ,Men er det du, Lars, som er ute og fer med
jolebukk no ved jonsoktider?"
”Ja, du maa so segja,"
svara han Lars. ”Skræmde han ikkje mest vitet av baade kjerring og
born heime hjaa meg daa han kom der i dag med skrubben sin! - Han hadde
med seg brev til meg fraa futen Thorsen paa Eide. Futen skriv det er ein
engelsmann som skal vera her sumaren frametter og fljuga um i fjelli, kva
no det skal vera godt for! So bed han meg finna honom husrom, og so, tenkte
eg kann henda du Torstein kunde hava raad med di. - Pengar hev han flust
av, skriv futen, so du fær deg godt betala.”
Ho mor var no ikkje
vidare moda paa hava korkje fanten eller skrubben hans i husi sine. Men
kor som var, so vart det no so paa resten, dei skulde faa lov til aa vera.
Pengar er pengar, og tent er tent," sa han far, han hadde det ordtøket.
Og soleis gjekk det
til at "mister Johnsen", som engelsmannen namngav seg, eller "meistaren",
som han snart vart heitande i bygdi, kom til aa bu i nystova, baade han
og hunden hans. - For det var no ikkje lenge fyrr eg forstod so mykje,
at beistet likevel berre var ein hund, og det endaa ein snild hund, som
ikkje baud paa vera nokon til meinka.
III
Men den hunden, det
var han Hall som eg tala um, "master Hall", som husbonden hans jamt kalla
han.
Ja, det var mykje
til greidor med den velsigna hunden. Eg kann just ikkje segja ho mor vart
vidare blid daa ho saag engelsmannen gav honom av den beste mat paa bordet
fanst, og let honom eta or ein av hennar finaste talkar. Men daa han so
tok det gildaste tæpet hennar, ei brudegaava fraa mor si eigi syster,
og let hunden reida seg bol paa, gjorde ho baade gret og let, og det var
ikkje meir enn so mister Johnson vann bota skaden med ein femdalarslapp.
Han Passupp vart
noko som ein avsett lensmannsdreng han, stakar, fraa den tidi han Hall
kom i huset. Det var med naudi han ender og daa vaaga seg inn i stova til
aa faa maten sin, so trygg og heimekomen han der hadde vore. Og aldri fyrr
fekk han auga paa den gule engelske storkaren, som truleg var altfor storlaaten
til aa bry seg vidare um honom, fyrr han krøkte rygg og pilta smaaknurrande
burtetter med rova millom bakføterne.
Me hadde i fyrstningi
ottast mykje for det vilde verta so paa lag umogelegt for engelsmannen
og oss aa skyna kvarandre. Men det gjekk ikkje so ille med dette endaa.
Det var reint utrulegt som han vann greida seg med fakter og minor, og
som det leid kom han no etter mangt av maalet vaart og.
Han var i det heile
ein snild og godlynd mann, denne mister Johnson, endaa so vimen han var.
For maken til skruv skulde du aldri ha set, naar ridi kom paa honom; han
kunde bera seg daa som var han rispande galen og vel so det. Soleis andre
sundagen etter han var komen. Dreg han so paa seg sundagsbunaden som enno
hekk etter han godfar, og gjev seg paa kyrkjeveg i raudluva, kvit grønkanta
vampe, raud vest, gul skinnbrok og sylvspente skor, jamvel med piggstaven
hans godfar i handi. Det var vel bisning paa kyrkjebakken, skulde eg tru,
daa han soleis budd, høg og stiv, steig fram millom aalmugen.
Ein dag hadde han
vore ute paa veiding, men ikkje funne livende aa løysa skot paa.
Kom han so paa heimvegen nede i lidi frampaa den staute gjeldbukken hans
Ola, lauskaren vaar. Og dermed so klemde mister Johnson til, han, og skaut
so bukken trilla daud nedetter. - Aa ja, ikkje for di at han Ola tapte
paa det; bukken vart nok bøtt, skulde eg meina.
Eg gløymer
aldri eit spikk han gjorde daa eg ein gong ein solvarm sumardag var med
han uppe i Stølsfjellet. Best som det var raakar me der frampaa
ein gamall taterfant, som kom raklande hitetter med sekken paa ryggen.
Fantekroken bad um tobak han, og det fekk han, og endaa ein dugeleg dram
attaat. Han var ikkje so spar paa sovore, mister Johnson. Men kor det no
bar til, nok er det, han fann paa taka upp tvo, eller det var tri dalarsetlar,
som han baud gamlen, um han vilde dansa spildrende naken paa ei snøfonn
der laag. - Og taterfanten so gjorde, han, kasta av seg fillorne sine og
hoppa og krukte seg ei stund so godt han kunde, stakar, med snøen
under dei berre føterne sine; medan stod engelsmannen so aalvorsam
som han var i kyrkja og rita honom av i boki si.
Eg kom snart til
aa verta som ein tenar eller ei fullmegt hjaa mister Johnsen, eg. Eg sprang
ærender for han, gjekk paa posthuset og so burtetter; fylgde han
gjorde eg og som tidast. Og ikkje at eg skulde hava meinlika for det, trur
eg! Pengar fekk eg av han rett som det var, bilæte og god mat og,
so det var reint høgtid for meg no frametter.
Det var ingen faare
um han far baud paa smyrja meg upp heller, naar engelsmannen var heime;
eg flaug berre uti til honom daa, og so var eg berga.
Mest til kvar einaste
dag var mister Johnsen ute og flaug og kleiv i berg og nutar. Og der er
no endaa nøgdi av sovore heime, skulde eg tru; ein skal hava vondt
for aa sjaa so ville og sundrivne fjell som der. Og ja menn var han mykje
verre enn den verste berggeiti. Det var reint umogelegt aa tru det farande
for folkefot der han klødde seg fram. Han saag ikkje faaren fyre
seg, kor det saag ut.
Aa ja, han gjev seg
ikkje fyrr han fær slege seg i hel, sa folk i grendi. No var eg,
um eg sjølv skal segja det, ein rask, urædd gut. Nokolunde
kjend var eg og der i heimfjelli; der hadde eg fare um etter sauer og geiter
eller etter kraakegull og sisselrot baade tidt og traatt; so engelsmannen
jamnaste ikkje brydde seg um aa hava nokon annan med seg enn meg.
Men det stod hardt
fyrr eg fekk lov av ho mor til aa vera med paa desse agelause ferderne.
Eg maatte lova baade med hand og munn at eg skulde sjaa meg vel fyre, og
ikkje ganga etter der det var faarlegt.
Og mister Johnsen
var svært so rædd um meg han og, soleis. Bar det paa livet
laust, fekk eg aldri lov vera med, men maatte vera att einkvar staden med
hunden og nisteskreppa. Det kunde daa vara mest heile dagen fyrr me saag
likt til han att.
I desse stunderne
var det den trufaste venskapen millom meg og han Hall kom upp. Me laag
no og skjegla heller framandt til kvarandre fyrstundes; men daa me vel
baae tvo fann dette hardla stusslegt i lengdi, maatte me noko finna paa,
vilde me faa tidi til aa ganga.
Og endaa so vyrdsam
og gamalklok i all si ferd hunden var naar husbonden var til stades, vart
det snart ingen ende paa alt det løglege han kunde hitta paa, naar
me var paa tvomannshand soleis. Han bykste gøyande etter dei steinar
og paakar eg kasta, flaug ender og daa uppetter meg, la labbarne paa akslerne
mine, og so bar det i tak med oss so me rulla koll i koll burtetter. -
Men vaar beste moro hadde me av aa grava etter myser og lemende under
steinar og tubbor, so berre moldspruten stod.
Det var no og reint
makelaust til vit der sat i den hundehausen. Ein gong me var uppe i fjellet
ei mils veg heimanifraa, batt engelsmannen reiseflaska si med ein liten
setel atmed um halsen paa hunden, og bad han gaa. Eg trur ikkje det varde
yver ein times tid fyrr han var der att, med flaska full av vin og med
namnet hans far paa setelen. Mister Johnsen fortalde endaa, so vidt eg
vann skyna honom, at han eingong i England fekk ”master Hall” til aa symja
med den eine enden av eit reip i kjeften ut til ein mann som laag og baska
i elvi og heldt paa aa bliva. Og mannen vart berga, han, soleis, høyrdest
det ut til.
IV.
Ja, det var hugnadsame
dagar desse. Det var berre synd dei skulde faa slutt so braatt, og so paa
slik ein uheppen maate som det dermed bar til.
Der stend so paa lag ein fjordungs veg
nordanfyre Kvaale ein nut dei kallar Jorberghuten. Han er namngjeten vida,
baade innan- og utanlands, denne nuten. Men so er det no og ein ovkar aa
sjaa til. Han er yver sine fire tusund fot høg, og sting ende i
veret paa dei tri sidorne, jamlagd mest som han var hoggen; men uppe er
han so fint svarva som det skulde vera ein sukkertopp. Til den fjorde kanten,
der han heng saman med fjelli innanfyre, er floget korkje so høgt
eller so bratt, og upp der er det ingen vidare vande naa toppen.
Midt uppe i veggen
som snur ned mot dalen, er der i denne nuten eit trillande rundt
stort hol inn igjenom berget, og der, segjer segni, held ein drake hus.
So langt folk kann
minnast attende hev berre tvo menne vore uppe i dette holet, og det var
endaa han Hans Kvaale, farbror min, og so han Ola Teigen, sonen paa grannegarden.
Dei kom ifraa det med livet baae tvo; men han farbror sa ofte det, at so
rædd som den gongen hadde han aldri vore korkje fyrr eller sidan.
Og han meinte paa di, det hadde fulla gjenge deim verre enn ille, um han
ikkje i verste naudi paa nedvegen hadde lova tvo geitebrimostar og ein
saueskrott til dei fatige, so sant Vaarherre let deim koma heilskapa
ned att.
Um drakehiet kunde
han ikkje større segja, enn at det saag ut til aa gaa myrke berget
stadbeint inn igjenom; men dei hadde ikkje ljos med, og torde ikkje gaa
lenger enn dei hadde ljosken av dagsskimten.
Dette drakeholet
i Jorbergnuten hadde mister Johnsen gjenge og teke sigte paa like fraa
han til bygdi kom. Ein gong prøvde han paa gaa upp der han farbror
og teigsguten hadde gjenge. Men der laut han snu paa halv veg; for ei steinskrida
hadde aaret framfyreaat teke med seg alt som til fotfeste brukande var.
So var det daa at
ulukka vilde han skulde faa auga paa ei smal skor, som dreg seg som ein
myrk traad upp og fram tvers yver den nutveggen som vender mot Hallvardsreppen,
og endaa heilt um paa den andre sida burtimot der drakeholet er.
Men midt under denne
tverskori, djupt, djupt nede, er det ”Helvite” ligg, - for det er namnet
me der heime hev paa det tronge, forfælande braa djupet millom Jorbergnuten
i nord og Teigsstupet i sør.
Og namnet kann for so vidt høva
og, som der i manns minne er fare baade folk og fe derned, men endaa ikkje
beinet kome fram att i dagsens ljos, minder det daa skulde vera at Jorbergelvi
som fysser derigjenom, bar einkvar molen ut med seg i det vaate fanget
sitt.
Burtetter denne skori
var det engelsmannen so hadde sett seg i hausen aa naa fram til holet.
Han laag i samfulle tvo dagar og keik i kikaren sin framfyreaat til aa
merkja seg ut vegen han hadde aa ganga.
”Bed deg Gud til
hjelp, og vis den freistande djevel fraa deg, menneskje!” sa han far. ”Men
hev han so stor magt yver deg at du situpp lyt gjera av med deg, so gakk
heller stad byks utfyre med same."
Men engelsmannen
vilde det han vilde, han. Og ein speglande fin morgon, tvo munader paa
lag etter han var hitkomen, tok me i veg.
Eg og hunden fylgde so langt som fram
paa Teigsstupet; der skulde me vera att, me.
Men var det ikkje
plent som hunden skulde ha ottast for ei ulukka! Han pla no alltid roa
seg hjaa meg; men den dagen vilde han ikkje slaa seg til tols. Han kraup
burt til føterne aat husbonden sin, dilla med rova, saag upp paa
han og kvein so det var reint grøtelegt; der maatte endaa mynduge
ord til fyrr han vilde lita.
So gjekk mister Johnsen
uppum fossen og yver brui han, starta seg uppetter berget til han naadde
tverskori, og tok so paa føta seg tverbergs hitetter nuten.
Fyrstundes gjekk
det so radt ein berre kunde ynskja. Men etter lenger han kom fram og upp,
var det likt til at skori vart smalare og verre aa ganga.
Smaatt um senn hadde
han likevel rokke so langt at det berre var glapet, so paa lag eit byrseskot
breidt, beint yver millom han og oss, so eg saag han naudende vel og kunde
fylgja med augo kvart stiget han tok.
Hunden sat og stirde
so augo i han glimde som berre gløder, og gav seg ille gjorde han
rett som det var. Eg for meg kann segja eg var so paa livet at eg knapt
torde anda.
Det var ein liten
bergknatt engelsmannen laut framum, som saag ut til aa vera honom mykje
til meins. Han freista baade ein og tvo gongjer, men laut jamt draga foten
til seg att. - Eg vart glad daa eg saag han gjekk nokre let attende. ,
”Gudskjelov, no skal du sjaa han snur” tenkte eg. Men det vart ikkje noko
av med sovore, ikkje; han stod berre eit lite bil og kvilde seg liksom,
gjekk so i veg aa nyo. Han trivla etter tak uppetter og nedetter knausen,
leita med taatippen etter fotefeste, og tume for tume hadde han soleis
drege seg fram, so eg alt trudde honom yver det verste der.
Daa med eitt ramla
han laus, tok fyrst inn paa fjellet tett nedanfyre, gjorde eit par kast
i lufti, og so stupte han med hovudet fyre og armarne vidt utslegne like
lukt ned i myrke djupni.
Eg minnest som i
ein draum at eg høyrde eit skræmelegt yl innved meg; so hugsar
eg ikkje vidare, fyrr eg kom sendande heim paa slaatteteigen og skreik,
at engelsmannen var faren utfyre.
”Gud trøyste
meg, kva er det du segjer” ropa ho mor, og let grasfanget detta. ”Kvar
helst, gut?" spurde han far hardt.
”Aa.. han..
han.. datt i Helvite”, tuta og hikka eg.
”Ja, so fær
han nok i Guds namn vera der og daa, so visst som mannemagt er faafengd,"
sa han far med dirrande mæle.”Eg kunde tenkja det var noko han bala
etter.
Han og han Salamon
treiv kvar sitt reip, og burtetter bar det, endaa me altfor vel maatte
vita det ikkje var tenkjande paa berging eingong. - Det einaste minne um
mister Johnsen me der burte saag var hunden hans.
Ja, han Hall, stakar!
han var reint som ifraa seg han. Gøyande og ylande flaug han att
og fram nede paa stupet, gjorde ender og gong i tanande laup ein snert
uppum brui, og so attende. Paa seinsten drog han seg fram paa floget, nedfyre
der me fyrr hadde sete, so langt som berre han koma kunde, og laag so og
stirde ende ned fyre seg i det gapande sluket. Det var ikkje raad faa han
der ifraa, med alt det me lokka. - Ut paa kveldkanten gjekk eg dit burt
med litevetta mat; men han vilde ikkje smaka biten.
Han vart verande
der ved den djupe gravi aat husbonden i samfelde tri døger, og kveldarne
utyver kunde me endaa like heim til Kvaale høyra omen millom fjelli
av dei uhuglege yli han stundom sette i.
Men tridje dagen,
daa eg fram paa eftansida kom og kalla paa han, kraup han seg endeleg frametter
til meg, merkt soleis av den vonlause sorgi, at eg, hugsjuk som eg sjølv
var i mitt mjuke barnehjarta, slo armarne um han og gret som eg skulde
verd dengd.
Fraa den stundi heldt
han seg til meg med ein truskap som var reint
vedkjømeleg. Det var som han
visste han no ikkje hadde nokon annan enn meg, som brydde seg um han.
Han fylgde med heim.
-- Daa me kom inn i stova var det som han livna upp; han flaug mot nystovedøri,
gøydde og gnistra og gav seg ikkje fyrr han slapp uti. Han snusa
og leita romet rundt fleire gongjer. Dermed var det liksom han seig ihop
att, og so gjekk han sin veg. - Sidan baud han aldri paa koma uti nystova
meir.
. . ”Nei, men so
gjev daa stakars dyret noko aa liva av!” sa eg.
”So laga til graut
og mjølk aat han i koppen hans Passupp, du!” svara han far. ”Men
. . . eg er rædd, han ikkje vil hava det!"
Jaja, so fær
han eta den maten han sjølv hev daa, ” meinte gamlen. Der vert ikkje
gjort større krus med han heretter. Men er han svolten, gjeng det
nok ned.”
Mjølki var
sur som brim, og den sleipe koppen lukta verre enn ille. Ikkje fyrr hadde
hunden snusa til det fyrr han snudde seg ifraa og saag upp paa meg med
eit augnelag som vilde han spyrja, um det kunde vera meiningi mi han skulde
eta so ufysen mat. Han var ikkje van med sovore han, skulde eg tru, og
vanen er vond aa venda for baade folk og fe. - Men eg hadde ikkje betre
aa bjoda eg, raadlaus som eg stod, med graaten i halsen. - Endeleg prøvde
han med eit par bitar, gjekk deretter burt og ringla seg ihop paa golvet
ved peisen. Det vart brorparten av min eigen smørkling
som gjekk i han daa fyrst han far vel var ute av stova. Det vart mi største
umsut i dei fire fem vikorne som no gjekk, dette aa finna han Hall mat.
Sjølv skifte eg no alltid trufast med han, jamvel fekk eg no og
tigga laust eitkvart kjøtbeinet, og daa han dertil, som det leid,
laut venja seg taka til takke med grauten, vart det endaa so han berga
seg.
Men han var ikkje
lenger den staute sjølvbyrge karen han fyrr hadde vore. Han gjekk
der og drog seg som ein skugge, og let seg lita med nokosonær alt.
Sneist etter vart han jamnan av dei vaksne der paa garden; men han baud
aldri paa setja upp. Han smatt berre undan og heldt seg or vegen so godt
det var gjerande.
Jamvel han Passupp,
den krøkja, vart smaatt um senn so modig at han vaaga seg til aa
retta rova i veret og bysta seg, naar han gjekk framum honom.
V.
Men so hev eg no aa
fortelja, at um uheppa med mister Johnsen vart det same dagen han var utfyrefaren
sendt bod til lensmannen. Og ein dag i vika kom stemnemennerne og
skreiv upp alt som etter honom var.
Ein maanad paa lag
leid; so let lensmannen oss vita, at eignaluterne etter engelsmannen, med
undantak av nokre bøker og anna smaatt som vart aa senda yver til
England, skulde seIjast paa ein auksjon som komande vika var tillyst heime
paa Kvaale etter han gamle Hans Krokelid, husmannen vaar hadde vore.
”Du fær kjøpa
hunden, du Per, daa," sa han Salamon og lo.
«Det er daa
ikkje sant, far?" spurde eg hand fallen.
«Kva slag?"
«At han Hall
skal seljast um maandagen?"
”Nei, du vilde kann
henda me skulde hava han gangande her paa gjestebodskost lenger, du?” svara
han. ”Eller kanskje du trur det svarar rekning for gjødslehaugen
si skuld?" la han til og kaldflirde.
Eg snøgga
meg paa døri so fort eg kunde. Arme Hall! korleis skulde det so
verta med honom.
Med hovudet hans
i fanget mitt laag eg til fram imot kvelden uppe i urdi og gruna paa raad.
Eg kjende det som det var ein heilag skyldnad eg hadde paa meg aa berga
han. Men kva kunde, kva skulde eg gripa til ? Ei ort og tvo og ein halv
skilling var alle dei pengar eg aatte; og endaa sa han Salamon det, at
tvoskillingen i grunnen ikkje var nokon tvoskilling, men av ei utanlands
mynt som ikkje gjekk her hjaa oss.
Og um eg no og fekk
kjøpt hunden for desse pengarne, kva hadde eg so aa føda
han med!
Eg hadde aldri fyrr
visst kor vondt det er like vel aa kjenna seg kjøvd av dette aa
vera for liten og for magtlaus, so hugheil viljen endaa kann vera.
Det var ikkje anna
fyre, eg fekk freista med han far att, so liti von eg i grunnen hadde,
og so rædd eg og var hans kalde, bitande spe. Eg laga ihop ein heil
liten tale eg vilde koma med. - Og daa eg la meg um kvelden var det seinste
eg gjorde aa beda so hjarteleg eg vann til Vaarherre, at han maatte
hjelpa meg;. so skulde eg verta so snild gut! Aa, so snild, so snild!
”Far!" sa eg, so
smeikjande eg kunde, daa eg dagen etter kom ned paa aakeren til han.
”No daa?"
”Far . . . kunde
ikkje du kjøpa hunden um maandagen?"
Han stod eit lite
bil og kaldgrein burt til meg, med eine munnviki uppdregi.
”Jau eg skulde det!
Det er ikkje nok med det du sjølv aaret rundt kostar meg i føda
og klæde, eg skulde halda hund aat deg og tykkjer du?"
«Men . . .
men . . eg skulde vera so lydug . . . og so trottig til aa arbeida .. ”
«Eg raader
deg til du held upp med det riktet medan tidi er god, gut” tok han i med
eit maalfelle som eg meir enn vel kjende.
Inkje ordet mælte
eg vidare, labba meg berre uppyver og heim.
So var daa endeleg
maandagen komen og med den lensmannen, og av bygdefolk so mange at stova
var full mest.
Han Hall stod bunden
etter eit tog burte ved omnen. - Han let dei stella med seg som dei vilde,
armingen.
Det varde til framyver
non fyrr det vart uppropa det som etter engelsmannen var. Byrsa vart seld,
so klædeplaggi og dei tvo kistorne.
”Ja," ropa lensmannen
endeleg, ”so hev me her ein hund, som endaa til kann ganga for baade bamse
og skrubb. - Gjer bod!"
«Ei ort for
skinnet til styvels-leggjer!" skreik han Lars Lunde.
Eg kjende, der eg
stod, kvart ordet stinga meg i hjarta som det skulde vera syls-oddar.
”Ei ort er bodi!
Ei ort! - ingen betre? . . . Ein halv dalar daa, for baade skinn og skrov!”
”Ja, daa maa lensmannen
vel hava han for meg!” tok han Lars Lunde frami.
”Ein halv dalar!
Tridje og siste gongen, ein halv dalar! - No slær eg!
”Ja, slaa du”, sa
han far.
Og lensmannen lyfte
den litle hamaren sin. Eg heldt det ikkje ut inne lenger, eg skunda meg
til dørar; men med same eg for yver dørstokken fekk eg det
gnelle, kvasse ljodet av hamarslaget etter meg. - Eg tok foten aat
høyløda, kasta. meg ned, reiv og sleit i høyet, gret
og skreik, banna til, som eg no aldri var van, slikt at eg mest vart fælen
for meg sjølv. Eg var sinna so eg berre koka, sinna paa alle, paa
lensmannen, paa han far og ... ja, eg totte no endaa Vaarherre gjerne kunde
ha vore meg noko lite til hjelp, han som hadde so godt for det.
Daa let duren av
ei kjerra nede paa vegen. Eg keik ut gjenom eit navarshol;. - og der køyrde
lensmannen, med hunden slunkande baketter kjerra, bunden etter toget til
det eine stoljarnet.
Herregud, at han daa ikkje, so sterk som han var, reiv seg laus og beit og sleit deim sund alle ihop!
VI.
Men det varde ikkje
lenger enn godt og vel natti yver fyrr eg hadde han hjaa meg att. Eg stod
endaa attum stabburet og lodde staur um morgonen daa eg med eitt fekk sjaa
han koma langbyksande hitetter storaakeren.
Aa, du for fagnad
det vart ! Eg trudde hunden skulde verta galen av berre gleda, og sjølv
var eg so fegen eg hade hoppa og dansa med han.
So truga eg han til
aa leggja seg medan eg stillte meg inn paa stabburet og stakk under trøya
den tjukkaste og feitaste rullepylsa eg fann. Eg totte han kunde trenga
til ein godbit no, stakar.
Men daa var det ulukka
laga det slikt at han far gjekk framum, just som eg steig ut att.
«Kva hev du
der inne aa gjera?"
«Aa . . . eg
. . . eg skulde berre inn . . . etter ein spikar,” stama eg, - daa eg med
det same hugsa paa at spikarkassa stod der inne.
”Det er vel den spikaren
eg ser der under trøya di daa, kann henda?"
Eg saag nedetter
meg, aa ! der stakk den fille rullepylsa fram nedanfyre trøyekanten!
Eg vart so rædd med same at eg slepte henne, so ho rulla ned etter
stabburstroppi og vart liggjande framfyre føterne paa han far.
«Kvar skulde
du so slaa den spikaren inn?" spurde han langt.
Eg slapp for aa svara
med di at han Hall nettupp, daa kom stingande fram med novi.
«Haa haa! eg
kunde mest tenkja det” tok han far i, treiv ein stein og grytte i hunden,
so han ylande og hinkrande la i laup upp etter bakkarne.
Og so vart eg gripen
i luggen og leidd burt i vedhuset, og der fekk eg slik stryk at eg var
saar og striput av det i fleire dagar etter. - Og so fekk eg, daa eg endeleg
var slept, noko attaat som svei mykje lenger enn all lyvjingi; og det var
desse ordi av han far: ”Lat meg no berre raaka deg paa tjuveveg oftare!"
Fraa lensmannen fekk
me sidan høyra at hunden hadde fylgt viljugt med heim. Der var det
meiningi aa halda han i band ute i tunet. Men morgonen etter hadde han
slege seg reint vill, rive og slite i bandet til han kom laus; og burte
var han.
Kvar han no heldt
til var vandt aa vita. Eg var tvo gongjer uppetter og leita, men gjorde
korkje saag eller høyrde til han.
VII.
Me buførde
heim fraa stølen paa denne tidi, og buskapen var slept i heimemarki.
Og no bar det so
til, at hunden, som det leid, meir og meir gjekk meg utor tankar for ein
annan firfoting si skuld, - eit værelamb eg vaaren framfyreaat hadde
fenge av gudmor mi, ho gamle Ingebjørg Seim. - Det hadde endaa mist
mor si, vesle kreket, daa eg fekk det og ol det frametter til det vart
slept aat fjellet.
Det var mykje som
vesle votten hadde kome seg um sumaren. Var han ikkje vorten slik ein lubbe,
at det var reint morosamt aa sjaa! Og tvo smaae nubbar til horn hadde han
fenge seg uppe i skolten, endaa det berre hadde vore som tvo erter aa kjenna
der um vaaren.
Og so kjælen
og kynd som han var daa! Det varde ikkje mange dagarne fyrr kjennskapen
vaar var den gamle gode; berre han saag meg kom han kinkande seg, dilla
med vesle spælen sin og kravde etter einkvar godbiten.
Det let so det var
nok alt anna enn trygt for udyr uppe i marki den hausten. Fraa grannegrendi
fekk me soleis høyra dei hadde funne tvo lamb og ei vaksi geit sundrivne
og halvt uppetne seinste vika. Eg vart illhuga for lambungen min straks
eg fekk vita, dette, so mykje meir som han gjerne hadde for vane, so som
ale-lamb plar, aa halda seg for seg sjølv noko ute fraa dotten;
eg lova meg paa at dagen etter skulde han verta innsett.
Og eg hadde kje ottast
for inkje noko; for endaa same kvelden fram imot myrkningi kom saueflokken
setjande heim, i slik ei vitlaus rædsla, som han skulde vera skræmd
av bamsen sjølv.
Men vesle væren
min var ikkje med.
Eg gjekk med bivrande
hjarta og leita dotten yver tridje gongen, daa han Ola, lauskaren, som
hadde vore uppe i marki og hogge famneved um dagen, kom kluftande nedetter,
med augo i haargarden.
”Jau,” skreik han,
”no hev eg daa endeleg fenge syn for kva udyr det er! Er det ikkje denne
helvites hunden etter engelsmannen kanskje!”
« Han Hall
? - Det er daa ikkje raad ”
”Ja ja, gakk berre
upp under Kvitaberg, du far min, so fær du sjaa! Vil du finna lambet
ditt, so ligg det der so daudt det verta kann, og so sundrive at det er
grøtelegt! - Det var ikkje meir enn som so han vilde røma
for øksi, trollet, som han stod der yver det og grein mot meg daa
eg kom springande til!"
Det ubeistet. Aa
det ubeistet! - Aa lambet mitt! det einaste lambet mitt!
”Ja menn fekk du
takk for umaken, du Per og no!” flirde han Salamon.
Eg var ikkje lenge
um aa faa paa meg helgeplaggi mine um morgonen, daa eg vart paalagd gaa
til lensmannen og beda han koma gjera ei greida med hunden sin.
Men det trega meg
harmeleg aa sjaa kor skalkut han far kneip lipporne ihop daa han saag kor
annsamt eg hadde det med aa koma av garde. - Nei, aa nei, for ein tull,
for ein tull eg hadde vore!
Lensmannen banna
so det berre gneista um han daa eg hadde bore bodi fram; for det vilde
kor som var verta hans sak aa bøta skaden.
Tidleg dagen etter
kom han køyrande, og han og han Salamon og tri andre karar, med
kvar si rifla paa oksli og med fire hundar i fylgje, tok til skogs.
Utpaa kvelden kom
dei heimatt til Kvaale.
Dei kunde segja
ifraa at hundarne sistpaa hadde fenge teven av røvaren øvst
uppe i Lundeleinerne og jaga han fram. Men han Frigar hans Ola Teigen,
som vaaga seg for langt innpaa, vart liggjande att med uppriven mage.
Sidan hadde han Hall
- saara som dei trudde av eikor av dei fem kulorne dei sende han - teke
laupet inn imillom ville fjelli burtetter Sygneleidi, og det gjorde baade
varde og rokk fyrr dei andre hundarne kom tilbake.
Ja ja, han hadde
ikkje fortent det betre heller!
Men var det kje endaa
so eg ikkje var god for lata vera hava vondt av han likevel, tjonet!
Sidan um hausten
var det ikkje merkande til anna enn at kreturi fekk gaa i god fred for
udyr. - Og hunden vart korkje høyrd eller spurd, so visst laag han
longe daud einkvar staden uppe millom knausarne.
VIII.
Det var mykje til
fint og mildt haustver me fekk det aaret. Geiterne berga seg sjølve
ute til fram i desember, og sauerne med, naar eg gav dei litevetta morgon
og kveld. - Ho gamle Sigrid Krokelid sa ho ikkje slik haust kunde minnast,
sidan den gongen han Hans braut beinet sitt i Lonskleivi, og det var tvo
aar fyrr han Sjur son deira kom til; men han Sjur var no innpaa dei tvo
tjug, ikkje rettare ho hugsa.
So endeleg ein dag,
paa lag tri vikor fyre jol, fekk me tjukt snjover, og um morgonen var det
strjukande føre.
Den som var glad
var eg. Ondrarne mine hekk alt longe med sine nye fotband ferdige paa nabben
sin attum smidje-ramen. Eg hadde aldri fyrr fenge bisken i meg fyrr eg
vassa i veg uppyver etter deim; - for smidja heime ligg, som skikken gjerne
er, eit stykke fraa dei andre husi, for eldsfaaren si skuld.
Eg hadde alt fenge
føterne i bandi og skulde til aa sleppa laust nedetter, daa eg fekk
høyra noko liksom gnistra og jamra seg burte i ein bordhaug der
laag.
Eg vart undren yver
dette, steig av og gjekk burtaat og vilde sjaa kva det no kunde vera .
. Uhh! so eg kvakk med same! . . . Men . . . var det raad?
. . jau, det kunde ikkje anna vera, det maatte vera han Hall som laag der!
Men nei, aa nei,
som han saag ut! Han kunde ikkje eingong segjast vera skinn og bein. At
beini var der, var vandelaust aa sjaa, det var ikkje so at kjøtet
var til hinder; men skinnet, det var skurva i skurva og saar i saar yver
heile hans kropp, slikt eg ofte hadde set det paa sauer som hadde gjenge
for lenge ute og frose og svolte haustdags.
Men i same blinken
var alt eg imot han hadde, gløymt som det aldri skulde ha vore.
Han var atter berre den ulukkelege venen min, som eg var reidug taka meg
av alt det eg evla.
Eg passa paa som
eg ingen saag ute i tunet aa faa han inn i smidja; men han var so utarm
at det ikkje var meir enn som so han vann kreka seg etter meg. -Yver ein
aas hekk det ein gamall skinnfeld; den breidde eg under smidjebenken og
let han leggja seg paa.
Og so - ja eg fekk
vaaga det, endaa hjarta hamra stygt i bringa mi - paa stabburet att etter
ei rullepylsa. Og eg slapp snikkelaust fraa det og denne gongen. - Baketter
stillte eg meg jamvel inn i fjøset og mjølka full ei stor
svineblaasa som eg sidan tømde
i ein tresko uppe i smidja.
Han fille Passupp kom rennande uppetter
ut paa dagen, gøydde og bruka kjeft alt det han orka; men ja menn
fekk han skyts nedatt, so han ikkje baud paa det meir!
«Nei, kva er
det daa du Per hev det so annsamt med uppe i smidja i dag?" spurde han
far.
Jau . . . det var
daa ein kjelke eg skulde gjera meg. - Og so hamra eg innimillom laust baade
paa det eine og andre deruppe, so dei skulde tru det var arbeid eg
hadde fyre meg.
Eg torde ikkje tenkja
paa korleis dette i lengdi vilde ganga; eg fekk lata kvar stund syta for
seg, at eg ikkje reint skulde missa modet.
Det gjekk no alt baade godt og vel den
dagen til endes. - Morgonen etter, daa eg steig inn i smidja att med ein
fleskebit i lumma, fann eg hunden i god ro paa same staden.
Nei, so glad han vart
daa han fekk sjaa meg, smaakvein og veifta med rova, og so blidt som han
saag paa meg med dei væne brune augo sine, som no heldt paa faa liv
og eld att; det var merkande han alt hadde kome seg mykje.
Jamvel den dagen
frametter berga me oss fint. Det tok alt til aa dimmast av kvelden so smaatt,
og eg sat nettupp nede i stova og fekk meg nonsmaten min.
Men daa var det at
ho Olina kom farande hovudstups inn og skreik at den vonde sjølv
var uppe i smidja. – Det var som eg hadde fenge ei kald vatsbytta yver
meg med same.
”Aa tøv” meinte
han far.
”Aa jau, jau” - tuta
ho - det var so sant, so sant som ho stod der ein syndar!
Ho skulde upp i smidja
etter is-øksi, og sat han ikkje so der under smidjebenken og glodde
paa henne med tvo augo so store som talkar, so vilde ho ynskja ho ikkje
kom livande av flekken!
”Ja so” sa han far
turt og gjekk til dørar.
Fram for eg ifraa
bordet, framum honom ute i gangen, og so upp, smelte halvopne smidjedøri
i.
«Du kjem ikkje
inn! Du kjem ikkje inn!" skreik eg honom imote.
«Er du galen,
gut!” sa han, treiv meg i armen, kasta meg til sides og gjekk paa. Men
aldri fyrr fekk han dørglytten upp fyrr hunden innanfyre sette i
med ei forfælande gøying og kom dundrande mot døri,
just som han far snøgga seg slaa henne i att.
”Men ... det er daa
vel aldri ...!”
«Aa jau, jau!"
skreik eg, ”det er han Hall! Men du maa ikkje gjera han noko! - kjære
far, du maa ikkje …!”
«Salamon” ropa
han; ”Salamon!"
”Ja”, svara han Salamon
nede i stalldøri.
”Hev du byrsa di
ladd?"
”Ja”
«So kom med
henne daa! - og det paa fljugande flekken!"
Og so kom han Salamon
byksande med rifla si i handi.
”Kva er tiss?"
«Aa, gakk berre
upp tak luka fraa smidjegluggen, so fær du sjaa!" sa han far.
”Ja du kann berre
prøva!" skreik eg, ”du kann berre prøva, torer du! . . .
eg skal skamslaa deg! ... eg skal . . . aa, eg skal drepa deg, skal eg
... ”
«Aa, ditt narr,”
tok han far frami, greip meg og meinheldt meg, daa
eg alt var paa spranget med ein diger
staurende i lufti, - medan han Salamon steig upp, tok luka ifraa og keik
inn.
”Haa haa !” ropa han,
”er det du, din rakkar! ja, bia no so skal du faa varme maten din,
skal du!”
So inn med byrsa;
og so small det.
Daa dei let
upp døri laag han Hall daud paa golvet innanfyre.
Eg kasta meg ned
yver honom reint som ifraa meg. Eg gret, stridgret, hikkegret so eg plent
heldt paa missa anden. Han Salamon stod atved og flirde og log.
Men han far kom burt
og lyfte meg - slett ikkje hardt - upp etter trøyekragen. ”Bed Gud
varna deg, og bruk vitet ditt!” sa han mykje mildare enn han var van, liksom
halvt baade undren og ottefull; ”for du veit daa det, det er berre ein
hund!"
Tilbake til [toppen]
[forside]
[innholdsfortegnelsen]
[Hovedside
for høgskolens digitale tekster]
[HVEs
nettbibliotek]
Sivle: Sogor. Tønsberg: Høgskolen i Vestfold,
1999