Kapittel 1
Kapittel 2
Kapittel 3
Kapittel 4
Kapittel 5
Kapittel 6
Kapittel 7
Kapittel 8
Gå til [toppen]
[forside] [neste]
I
Uppmed elvi ei halv mils veg fraa fjordbotnen er der ein liten husmansheim som heiter Kroken. Husi er smaa og forfalne, og nokre smaa aakrar og engflekkjer ned mot elvi er fulle av stein og røysar. Det er likso likt til aa vera ei utslaatta som ein bustad for folk, og det er helder ikkje rett lenge sidan der kom folk. Berre titolv aar. Det var paa den tidi dei lagde postveg uppetter dalen, og han kom til aa gaa gjenomskogen litt ovanfor Kroken. Daa laga vegarbeidarane eit gamalt sumarfjos um til stova uppi Kroken, og etter vegen var ferdig vart ein av dei sitiande att der. Han hadde fenge eine armen skarnslegen av eit mineskot, so han ikkje lenger dugde til steinarbeid. So fekk han fastehald paa huse og ein liten jordflekk i kring, kaupte seg ei gamal merr og kjerra og tok til aa driva med kjøyring og skyssing paa den nye vegen. Eit kvinnfolk som fyrr hadde vore kokartaus hjaa vegfolki vart og verande der; dei vart gifte same vaaren.
Ikkje rett lenge etter var dei tri i stova; eit gutebarn laag i eit lite trog - onnor vogga hadde dei ikkje -- og gret. Fjortan dagar etter bar dei han for presten og gav han namne Kristian.
Soleis byrja soga hans Kristian uppi Kroken, og um den fyrste tidi hans frametter er ikkje mykje meir aa seia en at han gret liksom den fyrste dagen. Det var det vissaste han for med i aarevis frametter; for verdi laga seg jamt so uheppe for han at han hadde noko aa graata og tuta for.
Mor hans øydde aldri mykje vatn til vask og vøling i huse, og gav seg aldri tid til aa halda ungen rein. Han fekk soleis tidleg saar og skurv og annan vesalldom aa graata for. Og ikkje betre var det at han ofta fraus so ille. Han fekk ikkje lenge liggja i voggetroge med den vesle dyna yver seg. Det kom um eit aars tid ein annan liten som laut faa rome der. So fekk Kristian lega i ei liti fjølkassa burtved veggen. Der stod det drag inn millom dei glisne veggjerne um vetteren so det gjekk heilt gjenom sengklædi hans. So var graaten det vissaste aa ta til att naar det vart for ille. Og naar far hans kom trøytt og sær heim av skyssing og bad ein annan skyssmann ta seg av den tuthalsen som aldri kunde tia - so visste Kristian ikkje anna aa seia til det en aa driva endaa meir paa med tutingi si.
Det var reint ei møda med den stakars ungen. Mori klussa og smurde skurvsaari hans med talg og terpentin og mangt anna og freista ei tid best ho kunde aa faa han til aa tia noko meir; men ingen ting hjelpte. Han skreik berre endaa verre, etter kvart som han fekk sterkare maal til det.
Daa vart ho lei og arg ho og, og let han berre liggja og tuta til han blaana reint av.
Men kor mykje han skreik so slokna han aldri av det helder. Han voks smaatt um senn og hadde alltid ein sers mathug, so laakt det elles var med han. Han gnog og aat alt det han fekk so han alltid hadde noko aa staa imot moda med.
Men Kristian var ikkje aaleine um staake og skraale der i huse. Der var dei som snart tok baade likso hardt og hardare i.
Far hans, han Søren i Kroken, hadde all sin dag vore drikkefengd, og verre vart det etter kvart som han kom upp i det med kjøyring og skyssing. Der var øl og brennevin aa faa baade nede paa handelsplassen ved elveosen og paa skysskifti uppetter dalen, og han var kjend med alle dei drikkebrør der fans. Han var ofta ute og sumla og drakk heile natti, og daa han so kom trøytt og utmasa heim var det kona som fekk ta imot ulage hans. Men ho var ikkje den som tagde til alt. Ho var eit stort og sterkt kvinnfolk, ho kunde bita fraa seg, og det vart rett som det var til slagsmaal og uppstyr millom dei so alt i den vesle stova stod paa ende.
Og so alle ungarne. Det kom barn etter barn, kvart elder annakvart aar frametter, til dei var sju-aatte stykke; fem laag daa nedstuva i ei flatseng um netterne, ein i eit bol av halm og fillor bakum omnen, og den minste i troge. Og dei hadde alle sitt aa skrika for som han Kristian og slett ikkje minder; for attaat alt det andre var det no ofta den reine matnaud i huse. Det dei skulde liva av hadde ikkje auka med folketale, det hadde helder minka etter kvart som mannen vart verre til aa sumla; og dei fekk ikkje hjelp av fatigkassa som andre fatigfolk. Dei som sat i fatigstyre var ikkje huga paa aa hjelpa ein mann som hadde raad til aa sumla burt so mykje med drykk. Det var aa hjelpa han til aa halda fram med ulive sit, totte dei. Og kona fekk sjeldan hjelp av grannekonorne som andre fatigfolk. Dei lika ikkje dette framande kvinnfolke som var kome til bygdi paa ein so rar maate; ingen visste rett kvar ho var fraa elder kva ho hadde vore fyrr, og der var noko hardt og ilskelegt ved henne so ho aldri kunde koma rett i kunnskap med folk.
Dei fekk soleis hjelpa
seg som best dei kunde uppi Kroken, og hadde det vore ilt millom mannen
og kona fyrr so besna det ikkje no daa krubba so ofta var tom. Kona vart
til slutt so vond av all denne livemaaten og kave med ungarne at ho egla
seg inn paa mannen um han so vilde ha fred, og so sumla han ute endaa meir
en fyrr.
Gå til [toppen]
[forside] [neste][begynnelsen]
II
Soleis stod det til uppi Kroken den vaaren Kristian var paa niande aare. Det var han som no var komen til aa liggja i eit bol bakum omnen, og naar det kom ut paa di so var det nok nettupp han, skraalaren, som no var den mest stillfarande i heile huse.
Han var for ei heil tid sidan blitt so stor no at han tolde juling, og synd var det aa seia at det skulde mykje til fyrr han fekk av det slage. Han kunde faa øyrefikar og ris av mori berre han ertest aldri so lite med smaasystkeni elder tjaadde etter mat i utide. Og naar faren var paa det vonde lage kunde han lyfta han upp etter haar og øyro og rista han, so snart han knau i seg til aa tuta som fyrr. Det klokaste var daa aa smjuga stilt og fint fram og ikkje lata del gaa for mykje at han var til ; det var det fyrste han hadde skyna daa han tok til aa tenkja paa eigi hand. Han kraup liten og still som ei mus upp i bole sit um kveldarne, og sa ingen ting um han so laut leggja seg utan kveldsmat. Det galdt berre aa halda ut netterne inne, so var det ingen vande um dagarne no det var vaar og godt ver - daa kunde han ferdast ute paa fri fot kvar han vilde.
Det hadde alltid vore gildt aa faa vera ute um vaaren og sumaren fyrr og, men aldri som i aar. Han hadde berre lege og grave utfor veggjerne med hine ungarne daa, elder nedmed elvi. Men no hadde han lært aa finna vegen gjenom skogen burt til alle gardarne nedetter langs postvegen. Der raaka han jamnaldringar i mengd; han kunde vera med aa leika og staaka so mykje han vilde og aldri ha ris og hank aa ottast for. Og naar han var med dei nye venerne sine inn i stovorne fekk han jamt mat av konorne. Var det ikkje den eine staden so var det den andre - naar han berre var um seg og kom naar dei stelte med maten. Dette var det beste av alt, og han slapp daa aa gaa heim att midt paa dagen. Han var fri som fuglen fraa morgon til kveld.
Han hadde snart fenge slik smak paa dette frilive at han aldri kunde vera heime ein einaste dag. Det bar av stad so snart han hadde fenge paa seg klædi um morgonen, og han kom ikkje heim att fyrr so seint som raad var um kvelden. Og korkje faren elder mori sa noko vondt for det. Det var alltid ein minder til maten, og det var berre godt. Dei spurde ikkje ein gong stort etter kvar han for elder ferdast. Naar han kom att um kvelden var kje det meir. Verre var det med smaasystkeni, dei hala stundom etter og vilde vera med. Han laut lura seg av elder laupa beint fraa dei; naar han var fri vilde han vera skikkeleg fri og.
Soleis gjekk det vika etter vika, han var snart kjend paa kvar veg og stig og i kvart, hus i grendi, og folk sa ikkje noko for det um han kom ofta att. Dei lo berre og spurde um den karen var ute og for. Men det giorde ikkje noko. Han lo berre med og var glad naar han kunde faa springa smaaaerend elder gjera eitkvart anna for dei som gav han mat.
Naar han vart altfor
fillutt og dei vaksne gutarne og gjentorne vart stride til aa læ
aat han, fekk han stundom heile klædeplagg og av konorne. Dei totte
synd um han, tutlingen, anten det var so elder so med sluskeforeldri hans.
Han kunde ikkje noko for kva dei var og saag ut til aa vera snild og god
i seg. - Han kjende seg sistpaa heilt som eit nytt menneskie der han gjekk,
og
fann moro i alt som til var. Dette var
meir en han nokon gong hadde drøymt um.
Gå til [toppen]
[forside] [neste][forrige]
III
Men lukka var ikkje aa lita for mykje paa nokon stad - ikkje her helder.
Etter kvart som han vart so fælt tidtgjengd kring gardarne var det ikkje alltid han hadde heppa med seg til aa faa mat nettupp kvar gong han trong det. Det kunde gaa ovgodt i nokre dagar, han kunde faa meir en han trong; men so kunde det koma ein elder tvo dagar daa det gjekk reint i mist. Alle trudde kanskie han hadde fenge mat ein annan stad; elder dei hugsa ikkje sers paa det - han visste kje. Og det var ikkje so greitt aa koma ut for slikt no; for det hadde etter kvart vorte til det at han livde mest berre av det han fekk uti grendi og litte paa det; han fekk ikkje noko nemnande heime til morgons og kvelds ein gong, spurde ikkje etter noko helder naar han kunde berga seg paa annan maate. Men gjekk det so i mist her og, so var det svelt og svolt heile dagarne so han gjekk reint sjuk. Men aa be etter mat kunde han aldri faa seg til kor ille det var, det var so leitt; og endaa minder huga var han paa aa gaa heim til Kroken midt paa dagen og spyrja etter mat. Det var uvisst kva der var aa faa, og so var det so vondt aa ljota ta paa med det no atter.
Det hadde endaa drive yver paa ein maate fyrr; men i slaattonni fram paa sumaren vart det verre. Der var daa mest ikkje folk aa finna heime. Sume stader var dei utpaa bøarne heile dagarne baade mannfolk og kvinnfolk og hadde maten til dugurs med seg; andre stader var alle i huse uppaa fjellslaattorne. Alle var onnuge med sit og ansa ikkje paa honom. Det kunde soleis vera baade tvo og tri dagar paa rad han mest ingen mat fekk; - det hjelpte ikkje um han for heile grendi yver og bruka alle dei kunster han visste.
Daa var det han til slutt fekk ein tanke. Um han fann seg mat sjølv inni kjøkenarne, naar alle var ute? Dei stengde vel ikkje dørerne so væl alle stader.
Han tok til aa halda seg langt fraa alle dei andre ungarne og stira kring seg med flakkande augo. Det var ikkje so greitt aa vaaga det; han fekk slik klem for bringa. Men ein dag han var uvanleg ille i det vaaga han det likevel. Folki paa ein gard burtunder bakkarne var utanfor ein høg haug og høya, og det fanst ikkje liv aa sjaa heime. Han smaug still som ein katt burt aat bakdøri.
Det gjekk ovgodt. Døri var ikkje læst, der var ingen inne, han fann baade spekekjøt og anna og stuva lummorne fulle. So smaug han langt burt i skogen mot elvi og sette seg til aa eta.
Han var ikkje rolegare en væl turvtest dagen etter. Det var slett ikkje uraad at einkvan kunde ha set han, likevel, og skyna eitkvart. Han gjekk berre og glytte uroleg paa alle han møtte. Men ingen sa noko elder visste ein knyst, korkje i dag elder sidan um dagarne. Daa vart han roleg og trygg att, og næste gongen han kom i matnaud vaaga han seg inn ei bakdør til. Og sidan gong paa gong so ofta det turvtest. Var der læst sume stader so kom han alltid til slutt inn ein annan stad, og folk gaadde visst ingen ting um han tok litt soleis. Raaka han folk naar han kom soleis smjugande so giorde han seg berre til ærend aa spyrja etter einkvan av gutarne; so var ikkje det meir. Det var i grunnen vael so lett og greitt dette som aa gaa og traava og faa ein bit her og der. Og daa det gjekk so godt med dette so fekk han snart auga paa eitkvart anna med som det kunde vera moro aa ha. Ein stad var det ein liten kniv, ein annan stad ei hornskeid elder andre smaating. Han vart meir og meir modig, han hadde sistpaa ein heil liten rikdom og kjende seg heilt glad og lukkeleg og sorglaus att, til . . .
Ja, til det gjekk so uheppe ein dag burtpaa ein av gardarne at tvo vaksne gutar kom beint yver han med rop og skraal, med han stod og grov inni eit skaap og stakk flatbraud i lummorne; dei hadde sote paa lur burtunder ei tropp. Og dei tok han ikkje berre for denne gongen; dei truga og skræmde han so han laut gaa ved at det var han som hadde vore inne og naska kringum paa hine gardarne og; for dei hadde gaatt uraad mange stader no likevel, og ikkje skyna seg paa kven tjuven var.
So jula dei han dugeleg upp og jaga han heimyver aat Kroken som ei onnor gardbikkja. Han sprang og ylte; han var rædd og skjemd so han snautt saag, og kjende seg ikkje trygg fyrr han var langt uppi marki ovanfor Kroken.
Og fraa den dagen vart det ein annan leik naar han vaaga seg burt i gardarne att. Heile grendi hadde snart fenge vita kva han hadde giort. Ungarne flirde og ropa “kjøkentjuven” etter han; konorne som hadde vore so gode mot han vilde ikkje ha han innum dørerne, dei vilde kje sjaa ein slik fantetrave som hadde takka for væl gjort paa denne maaten. Og dei vaksne gutarne spurde um han vilde ha meir ris, og hadde moro av aa senda bikkjorne etter han. Han vaaga snart ikkje aa koma gardarne naame nær elder syna seg for folk.
Mor hans hadde og ein dag fenge vita kva han hadde giort, og so vart det eit nytt uppvask med rise - og det ikkje so lite helder; for ho hadde fenge høyra ilt for dette ho med, og skyna at han no laut faa livemaaten heime att.
Gå til [toppen]
[forside][neste][forrige]
IV
Kva skulde han so ta seg til ? Ute var alt stengt, og heime var det dubbelt vondt aa vera no daa han so lenge hadde havt detso gildt paa frifot. Det var som aa vera innestengd i ein kjellar. Han var heimlaus alle stader.
Som ein jagd hund smaug han kringum. i skogen urn dagarne, svolten og arm, og stirde vonlaus burtyver mot gardarne. Og dagarne var lange so dei aldri vilde ta ende. Aldri hadde han havt det so ilt. Han slengde seg ned og gret uppi buskarne, so leid var han, og freista fyrr aa liva av surblokkor og bær en aa gaa heim midt paa dagen.
Men so fekk han ein kveld ein tanke att. Han hadde eit par gonger kjøyrt med far sin ned til handelsplassen og set eit heilt stort grannelag nedanfor dette her uppe. Der var gardar baade ovanfor vegen og nedanfor. Der kunde dei ikkje kjenna han elder vera vonde paa han . . kanskje det so kunde vera ei hjelp for han der?
Han laag og vakte til langt paa natt og tenkte paa dette. Men korleis skulde han so koma der? Det var verre. Det var so fælande langt, han hadde aldri i sit liv vaaga seg so langt. Han somna til slutt i tviraad. Men daa han vakna tidleg um morgonen og kom ut i det blanke solskinet risste han svint otten av seg og vaaga seg i veg likevel. Han laut noko vaaga no og ikkje gjeva seg, det fekk ikkje hjelpa kor langt det var.
Men han vaaga ikkje aa fylgja postvegen nedetter, so folk og hundar kunde sjaa han. Han tok vegen nedetter langs elvi. Der var det berre skog og utmark langt, langt nedetter millom elvi og vegen. Den einaste som budde der var ein husmann nedi ei vik. Dit ned var han kjend so det gjekk lett nok. Men lenger nede vart det verre. Skogen varrtett og tjukk, og han saag ingen veg. Han stod lenge og berre stirde, rædd og fortenkt. Men so skaut han hjarta høgt i live att og steig i veg her med. Naar han fylgde elvi kunde han ikkje tulla seg burt, og her var korkje hestar elder kyr elder anna vondt aa sjaa. Han sprang meir en han gjekk, og fyrr han visste orde av var han komen gjenom skogen og saag eit stort bus beint framfyre seg attunder ein liten bakke fram mot elvebrote.
Han stadna forbina og glande paa det. Det stod midt i ein hage og var glimande kvitmaala og høgt mest som kyrkja som han hadde set daa han var med far sin nedyver. Men det kunde ikkje vera kyrkja; for ho var ikkje paa desse kantar, og so hadde det ikkje noko torn, dette, - Han skyna det med eit. Det maatte vera huse aat den rike bymannen som budde her nede um sumrarne, han som fiska laks i elvi. Han hadde nokre gonger set han fara upp med elvi med fiskestong, og ofta høyrt um det store huse hans, Fagerheim kalla dei det. Han hugsa no at han hadde set att-idet paa desse kantar og, sist han kjøyrde med far sin.
Han steig varleg nærare
og stakk nasa inn millom spildrorne i hagegjerde; det var
kvitmaala det med og høgt som
ein vegg. Nei so fint og staselegt der var. Vindaugo i huse var store og
blanke som speglar og dørerne prydde med allslags kraat. Der var
fagre blomesengjer med gule sandgongar imillom, og allslags blomande smaatre.
Der stod stolar og benkjer mange stader langs gongarne, og lenger burte
eit grønmaala bord. Attmed dette stod eit kvinnfolk og stelte med
eitkvart; litt burtanfor sat eit kvende til og ein mann, og bakanfor dei
sprang tvo gjentungar att og fram paa ein sandgong. Det maatte vera bymannen
sjølv og huslyden hans. Og der kom ein til, ein gutunge. Han sprang
og trilla ein stor ball framfyre seg. Dei var fint og underlegt klædde
alle, men han mest av alt. Han var reint rar. Han hadde brun hatt, blanke
skor, ljosgraa klæde med blanke knappar i, og buksor som berre so
vidt rakk ned paa knei. Han korn til slutt heilt hit aat gjerde, so Kristian
godt kunde ha tala inn til han; so ropa dei paa han burti hagen, og or
vegen var han som ein vind.
Det var mat ho stelte med ho burtmed borde, var det likt til. Dei sette seg kring borde, og han totte han kjende ange av kaffi; dei aat kanskie ikkje til morgons fyrr no.
Han vart standande og stirde og stirde paa alt og vart so underleg. Han hadde sjølv ikkje smaka mat enno i dag og lite i gaarkveld og; han hugsa snautt naar han var skikkeleg mett sist. Men her millom desse villframande folki nytta det nok ikkje aa halda seg fram, og han vaaga det ikkje helder.
Han vart full i halsen og drog seg seint og varlegt upp langs hagegjerde att. Daa saag han noko raudt millom lauve tett innanfor spildrorne; det var bær. Og maken til bær - dei blenkte i solskine og var store og tunge so kvisterne bøygde seg. Han saag glosvint i kring seg. Nei, dei kunde ikkje sjaa han der nede. Svint som ein elding for eine handi hans inn millom spildrorne og fekk tak i ei honk. Dei var so gode at han reint gløymde seg sjølv og stakk heile armen inn etter fleire . . høyrde i det same ei fæl knurring og saag ein svær, eldgul hund som kom med ope gap og beit yver armen hans. Det svartna for augo hans, han sette i eit vitskræmt skrik og seig i kne.
Folki nedi hagen hadde høyrt skrike og kom springande. Daa stod den store hunden der og hadde tak i ein liten fillutt arm som stakk inn i ein bærbusk. Bymannen jaga han strakst burt, hadde upp ein liten port i gjerde tett ved og gjekk ut til Kristian.
"Kva vil du her ? gieng du her og stel ?” spurde han hardt.
Kristian berre ylte og kunde ikkje svara; han var graa av rædsl og blaaheldt seg yver armen.
"Elder kanskje du berre vilde sjaa inn?” spurde eit av kvinnfolki, ho var og komi ut. Daa vaaga Kristian aa sjaa upp; men han var for skræmd til aa hugsa paa aa Ijuga nokon ting.
,,Det var berre nokre bær .. eg var so svolten,” stota han og stridgret.
Dei saag paa guten og paa kvarandre og sa ikkje meir; so saag dei paa armen hans. Der var blaa flekkjer etter hundetennerne, men blødde berre paa ein stad litegrand og saag ikkje nettupp so svært faarlegt ut. Men det kunde verta vondt nok for det. Kvinnfolke - det maatte vera husfrua sjølv, skyna Kristian - sende einkvan etter vatn og linty; so vaska og fetla ho armen. Det verkte fælt enno, men gav seg mykje daa det korn kaldt vatn paa; og der var noko so godt ved det framande kvinnfolke at han snart kom seg av rædsla og, og stogga paa med graaten.
“No skal det snart verta godt att,” trøysta ho daa ho var ferdig. “Men no maa du agta deg for hunden og ikkje koma han for nær oftare.”
Han lova væl og vilde smjuga sin veg. Men daa bad ho han aa venta litt enno. So sa ho noko til gjenta som hadde stulla ved borde der nede; denne gjekk inn ei bakdør og korn ut att med mat, braudskivor med smør paa i ein heil haug paa eit fat aat honom. Kristian visste mest ikkje um han skulde tru det; men kona sa det.
“Sidan du no er so svolten so . .” sa ho og lo.
Han sette seg ned attpaa marki og tok aat seg, og det var lygn aa seia at han ikkje gjorde rett paa maten. Han gløymde hundebit og alt der han sat.
Mannen hadde gjenge inn i hagen att, og no gjekk kona og. Men borni vart standande innanfor og stirde fortenkte paa han, og gjenta stod atti porten skulde venta til han var ferdig. Ho kniste sistpaa og totte nok det varde lenge; men han brydde seg um ingen ting.
Men til slutt var det ikkje raad med meir; han sagde takk for seg og grov seg i veg. Bymannen sjølv kom og slo porten hardt i og ropa enno ein gong at han fekk ta seg i vare for aa koma der meir.
Ja ja..
Uppaa bakkebrote mot skogen snudde han seg og saag enno ein gong attende paa dette underlege huse. Daa stod den vesle guten aaleine nedmed porten og saag etter han enno; han stakk nasa ut millorn spildrorne og vifta med handi. Vilde han noko? Kristian stod litt. Nei nei, han vaaga ikkje aa gaa ned att no.
Paa lettan fot for
han uppetter skogen. Visst var det gjenge ille, men ikkje berre ille helder.
Det kunde vore verre. No turvte han ikkje gaa lenger for i dag i minsto.
Han lagde seg til slutt til aa dubba og kvila i ei kraa uppmed elvi; der
grodde høg einstape og l6k i kring og anga so godt av lyngen, Der
var han til soli stod langt nede i vest.
Gå til [toppen]
[forside] [neste][forrige]
V
Morgonen etter var han likso tidleg uppe og for nedetter skogen. I dag laut han gjera aalvora av det og koma ned aat storgrendi. No var han kjend paa vegen og hadde kje noko aa syta for soleis. Han giorde ein stor krok nedmed Fagerheim, so han ikkje skulde koma for nær hunden; labba so nedetter postvegen.
- Daa soli laagna vestyver varKristian komen upp i furuskogen att ovanfor Fagerheim. Han hadde slengt seg ned millom buskarne og sat og anda tungt og stoda hovude mot henderne. Han var trøytt so han skolv i knei, han var turr i halsen, tom i magen og vaat nedetter kinni - han hadde grete.
Det hadde vore ein lang, ein endelaus dag. Han hadde fare fraa gard til gard halve grendi yver der nede og væl so det; men daa han kom der var det so heilt annleis en han hadde gienge og tenkt og drøymt. So heilt paa ein annan maate.
Paa eit par av dei fyrste gardarne han kom til var der tenestfolk ovanfraa hi grendi som kjende han og flirde og lo daa dei saag han att her. Han var glad han slapp væl fraa dei. Og der han var heilt framand brydde ingen seg um han. Dei berre glande paa han og spurde kvar han var fraa, og det brydde han seg nettupp minst av alt aa ha noko drøs um. Dei kunde snart ha hoyrt eitkvart um kjøkentjuven her med. Kva han elles gjekk etter skyna ingen naar han ikkje beint fram sa det og bad etter mat -, men det korkie vaaga elder kunde han faa seg til her helder. Han taut til slutt gaa att likso vanhjelpt som han var komen. Og det vilde vel ikkje gaa betre um han freista ein gong til. Vonlaust var vonlaust.
- Han taut til aa gaa att, men berre so vidt seig stig for stig. Han kom alitid tids nok heim. Faren hadde vore ute og kjøyrt og sumla i natt var, og laag heime sjuk og fæl daa han gjekk i dagmorgo. Han visste fraa fyrr at slike rider kunde vara baade ein og tvo dagar, og daa var det alitid tryggast aa vera ute.
Han var kje komen langt fyrr han taut slengia seg ned att, og vart so paa nytt lag sitjande eit langt bil; stirde vonlaus paa buskarne kring seg og nedyver mot bymansgarden. Der var ei liti opning i skogen midt fyre han, og han totte han skimta litt av det kvite møne millom greinerne. Og der sat dei no kanskje ved borde att nedi hagen som igaar; . . den som hadde visst ei raad til aa faa mat som daa! Han hugsa med eit so livande den maten; det var som han kjende angen og smaken. Aldri i sit liv hadde han ete betre. Men det var hunden og .
Men kva var det ? I same blinken som han tenkte paa hunden var det skileg som han høyrde han gjøy grovt og fælt. Og kven visste um han var trygg for hunden her helder ? - han hadde vore for trøytt og forkomen til aa tenkja paa det fyrr. Han stokk so han sette paa sprange uppetter og stansa ikkje fyrr han ikkje vann meir. Men daa han so skulde lyda betre etter høyrde han strakst at gjøyingi ikkje kom nedanfraa. Det lyddest mest som ho, kom langt burtanfraa hi sida av elvi.. kanskje bymannen var der og hadde hunden med ? Han smaug varleg burtetter mot elvebrote og fekk strakst auga paa ein praam med tvo mann i tett ved land paa hi sida av elvi. Og der var ein hund og i praamen, ein stor gulbrun - jau so menn var det bymannen og hunden hans. Han kjende dei godt. Men daa kunde det ikkje vera nokon faare aa gaa ned aat huse helder og freista . ., Kunde han berre koma i dros med borni fyrst; og so mor deira koma . .
Han vart varm av ny von og tok til aa glida nedyver, men hugsa so med eit at han var der og stal igaar; dei vilde kanskje tru han var ute paa det same i dag med og jaga han ?
Han stansa fortenkt,
men stod ikkje lenge fast. Han kunde gjera seg eitkvart til lovlegt og
ærlegt ærend, so saag dei han gjekk kje paa vondt. Han bar
paa eit lite knivstell som han hadde funne attmed vegen burtum Kroken ein
dag . . han kunde seia han hadde funne det ved vegen her nede og spyrja
um nokon her aatte det.
Han vart svint so
modig at han sprang nedetter aat hagen.
Porten var stengd, og der var ingen aa sjaa paa øvre sida av huse. Han smaug ned paa andre sida og saag. Jau der sat kona og gjentungarne paa ein benk burtmed husveggen, og litt lenger burti ein gong augna han gutungen. Men dei saag ikkje honom, og han vaaga ikkje aa ropa inn til dei. Det kunde ogso sjaa rart og uærlegt ut aa staa soleis og lura. Han visste kje onnor raad en aa smjuga upp aat porten att og gieva seg til aa venta um det ikkje skulde koma einkvan der.
Men det gjekk ikkje so svint det. Gong paa gong saag han atti guten nedi gongarne og stod som paa glør og venta og gjorde minor og teikn. Men han kvarv kvar gong burt atter; og snart kunde bymannen sjølv koma att med hunden. Han vart modlaus so han var paa graaten . . daa stokk han upp av noko som ropa burti bakdøri. Det var den gienta han hadde set igaar. Ho hadde set han og kom farande.
“Er du her i dag og, du? Kva gieng du etter?” spurde ho og stirde nasevist paa han.
Han fortalde ærende sit best han kunde og synte fram knivstelle.
Ho hadde upp porten og kom ut og saag paa det. So sette ho i ein speande laatt.
“Jaso, er det det du gjeng for, du? Daa kan du gaa atter med det same . . slikt skrap eig ingen her,, sa ho og gjekk og vilde slaa att porten.
Han laagna stygt der han stod; han totte med eitt at det var so toskutt dette ærende hans, og at alle maatte sjaa han for med vas. Men det fekk ikkje hjelpa. Han gjorde seg so modig han berre kunde og spurde um han ikkje kunde faa spyrja sjølvfolki og. For det var kje visst . .
“So? Ja ja, værsgod daa !” sa ho og grein endaa verre. So tok ho han i nakken og skyssa han inn gjenom porten og fylgde han nedyver til dei andre.
Husfrua lo med daa ho kjende han att og høyrde kva han gjekk etter, og ho visste kje um nokon eigarmann til knivstelle ho helder. Men ho lo ikkje paa den stygge maaten som det gjentetrolle. “Det var snildt av deg at du vilde spyrja deg fyre og ikkje ta det du fann. Du er visst ein snildare gut en me hev tenktd” sa ho.”Men korleis er det so med armen din i dag?”
Armen . . sant aa seia so hadde han alt batna so det var lite, han hadde kjent vondt i 'n i dag. Men han skyna svindt at det ikkje kunde gjera skade aa ha vond arm no. Han kjende seg med eit so modig framfor dette menneskje som alltid trudde so godt. Han fortalde paa snøgge flekken at han hadde vakt mest heile natti av verk og kjent mykje vondt i dag og.
Det var synd, sa ho og saag paa armen. Men han saag ikkje verre ut en at det snart maatte godna seg att, meinte ho. So spurde ho kvar han var fraa, og her var han ikkje rædd aat aa seia det; her kunde dei aldri ha høyrt noko um han fraa fyrr, likevel.
“Men kvifor er du so nedi bygdi her i dag atter?” sa ho.
“Dei jaga meg av stad det var noko, eg laut gaa etter, nedi bygdi,” sa han og gjorde seg tjukk i maale. Og so hadde han lote venta her nede heile dagen, og . ; han slo jamvel paa at han ikkje hadde havt mat med.
Daa saag ho so paa han .. det var vel leitt med svolten i dag og daa? sa ho.
Han kunde ikkje svara; det vilde kjøvast nedi halsen paa han daa han tenkte attende paa alt det han hadde stræva til inkjes i dag.
Ho venta helder ikkje paa noko svar. Ho bad gienta ta han med inn aat kjøken. Han fylgde inn gjenom nokre dører og fekk sæte attmed eit bord i eit stort rom.
Det hadde gjenge so lett og fort og underlegt alt saman - han maatte mest sjaa seg i kring at der ikkje var noko gale med det enno; det var ikkje fritt det var likt det han stundorn hadde drøymt seg, naar han hadde lege paa ryggen med attlatne augo uppi skogen. Men no var det sant likevel. Ikkje skyna han korleis desse klusseraaderne hans hadde hjelpt til alt dette; men hjelpt hadde dei.
Det hadde vore flust med mat i gaar, men mot i dag var det berre for smaating aa rekna. Gjenta bar fram for han so det aldri tedde att kor mykje han aat; - det var til slutt reint leitt at han skulde ljota gaa fraa so mykje. - Han tok til aa halda auga med gjenta som gjekk ut og inn - ho hadde vorte so blid no, liksom; so gleid det stilt og varlegt eit kakestykke ned i ei av lummorne hans ein gong ho var ute. Og sidan gjekk det smaatt um senn same vegen med meir og meir - braud og pylsa og fleire guds gaavor, til alle lummorne var so fulle som dei vel kunde vera. So tetta han godt til med fillor og anna lummegods ovanpaa og stakk slutteleg eit stykke braud inn under fore i huva; - det kunde vera mun i det med paa ein trong dag. For det var uvisst kor snart han kunde koma upp i det som i dag atter.
Endeleg var han ferdig; han kom seg ut bakdøri og sprang upp mot porten, han maatte skunda seg no. Daa høyrde han gjenta ropa endaa ein gong. “Skal du ikkje ned i hagen og seia takk for mat til dei der, naar dei hev vore so gode mot deg?” sa ho og lo att.
Han vart litt heit og vilde helst ha sloppe; men dette laut han nok giera likevel, og lummorne var heile og alt væl løynt so det kunde ikkje vera faarlegt. Han for nedyver til framsida av huse.
Daa var husfrua gjengi inn, og berre guten stod der. Men ho kom visst strakst ut att, sa han, og medan Kristian stod der og venta kom dei til aa drøsa litt meir, dei tvo. Dei spurde kvarandre kva dei heitte, og so spurde guten - Robert heitte han um det ikkje var moro aa faa springa berrføtt; det fekk ikkje han, sa han.
“Aa jau, det er alltid væl nok naar det er varmt som i dag. Men tarv du spyrja nokon um det?” spurde Kristian og stod berre og glande.
Robert svara ikkje noko til dette; han spurde i staden um Kristian hadde knivstelle sit enno; han vilde gjerne faa sjaa det betre.
Kristian fann det fram, og daa dei hadde set det væl yver fraa ende til annan vaaga han aa spyria kvar den store ballen var som Robert hadde sprunge med i gaar; han vilde gjerne sjaa den, han.
Jau han laag nok nedi hagen ein stad. Dei sprang nedetter ein sandgong heilt aat nedste kraai i hagen og fann han der paa ein benk. Du, so fin han var! - raud og grøn og so lett og mjuk som ei fjør. Kristian stod berre og kjende paa han og stirde.
Men det var ikkje
berre ballen som var rar aa sjaa paa her. Det hadde vore vent aa
sjaa inni hagen daa han stod utanfor
og glytte inn; men endaa mykje underlegare var det
naar ein var her. Der var store raude
og gule rosor og smaa grøne engjar so slette som stovegolv millom
buskarne; der var ein liten dam med fuglar i, og atti kraai stod eit ørlite
hus som var bygt av berre grønmaala spildror og var utkrota og fint
som eit leikety. Men det allra gildaste var noko han fekk auga paa bakum
dette huse. Det var ein ovstor trehest. Han var fint brunmaala og hadde
augo og maan heilt som ein livande hest; og under føterne hadde
han meiar so ein kunde vogga seg naar ein sat paa han.
“Det er hesten min” sa Robert og synte korleis ein skulde rida. So skulde Kristian ogso freista. Det fall alltid noko ulaglegare for han med dei tjukke lummorne; men det gjekk rett godt likevel. Han hadde reint gløymt kva han hadde heft for no; han lo og moroa seg og jaga paa so det gjekk i tvihopp. Og den andre moroa seg ikkje minder. Var ikkje hesten noko nytt for han, so var det nytt aa ha ein jamnaldring med seg her i hagen. Smaagutarne nedanfraa gardarne fekk aldri koma inn her, og han fekk aldri gaa ut nokon stad utan han var i fylgie med einkvan av dei vaksne; mor hans var alltid so rædd elvi og den store fossen nedanfor.
Kristian hadde snart lært aa rida likso godt som hin, og so fann dei paa at dei skulde rida baklengjes. Men best som det gjekk paa det beste høyrde dei eit rop uppi ein av gongarne og ei tenestgjenta kom farande. Ho hadde set Kristian som nettupp sat paa hesten.
“Kven hev gjeve deg lov til aa vera her?” spurde ho og skjellte og var sinna for han for so hardført med hesten. Han hugsa svint kvar han var og kva han hadde heft for, og sprang upp aat huse. Nei, daa var der ingen aa sjaa enno. So laut han gaa som var. Han skunda seg upp aat porten og ut. Daa kom Robert etter og ropa varleg: “Kom att ein annan gong! “
«Ja», sa Kristian og var snart or syne uppi skogen,
- Nei verdi var ikkje so vond, likevel. Berga for i dag og for i morgon med! Daa kjende han ikkje det som heitte sorg og sturing lenger, Han hoppa og sprang uppetter og kleiv so upp paa ein stein i skogen litt nedum husmansplassen og tømde lummorne sine. Han vilde sjaa. kor mykje han hadde.
Fælt so mykje. Det var visst baade for ein og tvo dagar. Han hadde aldri aatt so mykje fyrr. - Men kvar skulde han no gjera av dette til i morgon? Aa. ha det med heim var ikkje vaagalt; dei kunde snart sjaa eitkvart og koma med allslags spurlag. Det tryggaste var aa finna ei gjøymsla her i sjølve skogen, Her kunde ingen nasa upp noko, og det var snart gjort aa springa ned atter i morgon,
Han fann snart eit lite godt løyndarhol under ein stein, stakk maten varleg inn og tetta godt til med smaastein og mose utanfor.
Soli var no tett nedmed fjelli i vest; men det hasta ikkje aa koma heim enno paa lenge. Han gjekk og smaatunna og song og leitte etter bær millom tuvorne.
Men kva var det som duna so underlegt? Han hadde alt høyrt det nokre gonger, men ikkje tenkt vidare ved det; det kunde vera rumling av kjerror burtantil postvegen. Men no var det for sterkt til dess. Det lyddest mest som torebrak.
Han sprang uroleg fram i ei opning i skogen burtmed elvebrote og kunde kje skyna at tora slog naar det var solskin, Aa, men det var nok ikkje so underlegt likevel. Daa han skulde til aa sjaa var heile himlen i sud og aust svart som kol av tjukke skyer, toreskyer av rette slage, og ut yver himlen paa alle kantar drog det digre skyklumpar med, eldraude og gule render. Det var snart berre ein flekk vest yver fjelli som var klaar. Han maatte ha set det for lenge sidan hadde kje skogen skygt. Det hadde vore tjukk dimma i lufti fyrr i dag og og kjøvande varmt som so ofta framfyre uver.
Soli gjekk ned no,
og heile skogen stod der so døkk og still at ikkje eit blad leda
seg. So kom det med eit eit sprakande ljon og eit slag so sterkt at det
skolv etter. Han stokk so han miste mest anden og sprang paa live laust
uppetter; han var alltid fælande
rædd tora, og dubbelt fælslegt
var det naar han var aaleine her i skogen. Det tok alt til aa gaa kvite
regnel aust i fjelli, og i det same han naadde heim slog droparne tunge
i marki alt hit.
Gå til [toppen]
[forside] [neste][forrige]
VI
Det vart eit øye ver med torebrak og regn frametter heile kvelden. Dagen etter var torevere yver; men regne heldt paa. Det sila og dryste ned heile dagen, og himlen laag tjukk og gyrmutt og graa ned yver fjelli. Det vart flaum so det var lite ut komande for folk.
Han Kristian uppi Kroken laut ogso halda seg inne i dag. Som væl var var far hans likare att no; han sat og volte hesteselen, og var ikkje paa naame nær so speleg som i gaar. Mori hadde vore av og fenge heim mat i gaar so det var ikkje noko i vegen soleis helder no nettupp. Det var betre en von for ein gong aa vera heime. Men Kristian hadde liten fred paa seg likevel, han - han tenkte paa maten han hadde nedi skogen og korleis det vilde gaa med den i dette vere. Det var heile elvar og bekkjer i dag der det fyrr hadde vore berre marki, og det kunde snart renna fullt av vatn under steinen og og øydeleggia alt for han. Men det var uraad aa gaa dit ned i dag. Ein vart dyvaat berre ein stakk nasa um dori, og han kunde ikkje koma yver bekkjerne. Og dagen etter var det ikkje stort betre. Han kunde ingen stad koma daa helder og var graaten nær daa han tenkte paa alt det gode han kunde missa.
Endeleg fram mot middagstid tridje dagen stadna det paa med regne og tok til aa ljosna og letta i skyerne. Flaumbekkjerne minka strakst ned, og Kristian var strakst paa fjukande sprange nedetter skogen. Greiner og buskar var vaate enno so det dryste um øyro paa han, men han brydde seg um ingen ting. Han var snart framme aat steinen, og daa - du store! laag det like turt og væl berga alt saman. Der var rett nokre svarte sniglar inni braude; men det gjorde kje noko. Han lo av gleda og heldt eit rett herremaal med det same. So kleiv han upp paa steinen og sette seg til aa vrida veta or klædi sine.
Det hadde besna endaa
meir med vere no. Skodda letta upp fraa fjelltopparne vestog nordyver;
skyerne skilde seg so ein saag atti blaae himlen her og der, og best som
det var kom soli fram. Daa hasta det ikkje aa gaa uppyver att. Han sprang
burt i ein bakke ved elvebrote der soli fekk skina betre, og hoppa fraa
stein til stein og turka seg. Det var som soli skein dubbelt bjart no etter
regne; lufti var so klaar og ljos, og alt stod som det var nytvege. Det
glima i lauv og lok; det anga av gras og blom. Bekkjerne fossa stride og
blanke nedyver mot elvi. Og so elvi sjølv! Ho hadde ikkje auka upp
so fort som bekkjerne. Det var ikkje fyrr i gaarkveld og i dag ho hadde
fløymt rett upp. Men daa ho kom so kom ho dugeleg, Ho gjekk grøn
og gul som ein brei sjø nedetter dalen; ho gjekk heilt upp paa grøne
marki mange stader, og i ein foss eit
stykke lenger uppe gjekk ho kvit som snø og dura mest som torebrak.
Han gjekk radt ned aat vatne og saag paa sugdrage og idome og fylgde elvi nedetter. So fekk han auga paa noko endaa underlegare. Der laag ein lang flat mo nedunder det øvste elvebrote eit stykke ned fraa husmansplassen i Viki, der hadde vatne fløymt inn yver heile sletta. Det bugta seg fram i lange løkjer, og laag i store klaare sjøar i dekkerne. Tuvor og steinar laag som holmar og øyar utetter, og grøne buskar stakk upp midt i vatne. Og daa han kom nedaat var straumarne so grunne at han kunde vada yver dei med uppbretta brok mest kvar han vilde og koma fraa holme til holme. Grasbotnen var mjuk som dun aa tro paa, og vatne var ikkje det slag kaldt. Han skulde gjerne ha lauga seg for det.
Han sumla og vada lenger og lenger nedetter og gjekk imillomaat upp paa ein grøn grasholme og sat og sola seg og song. Og so fint vatn som det her skulde vera for smaabaatar! Han farm seg ein stor bork som han laga eit slags baat av og freista med. Men det vilde liksom ikkje verta det rette lage med dette naar han gjekk her og stusla so radt aaleine. Han sakna ikkje lage naar han var svolten og uglad; men no var det armleis. Men aa faa tak i nokon lagsbror her var eikkj greitt. Det hadde aldri vorte væl att med gutarne burti grendi sidan han kom so ut for vanlukka der, og so var det langt burt til gardarne no; og uppaa plassen i Viki var der ikkje born.
Han kom svint til aa tenkja paa guten nedpaa Fagerheim. Han var den næraste no. Kunde han berre ha fenge honom med her! Han tala aldri um kjøkentjuv og var so god i seg. Her skulde han faa sjaa det var endaa gildare moro en aa rida paa hesten, og her kunde dei vera so trygge. - Nei nei, men han fekk vel ikkje gaa ut or hagen som han vilde. Og hunden og far hans var vel og heime i dag, so det var aldri tenkiandes paa.
Han var sistpaa komen heilt ned til endes paa moen, og som han gjekk der og slapsa i vatne kom han til aa tenkja paa at det ikkje kunde vera so svært langt ned til Fagerheim no. Og det var vel ikkje so fullvisst at mannen og hunden var heime no meir en sist. Gjekk han ned paa bakken ovanum huse so kunde han snart faa greida paa det. Og so kanskje raaka guten likevel. Det kunde i minsto vera moro aa sjaa. Han badde so god tid og hadde ikkje slik otte for hunden no sidan det gjekk so godt sist; hunden gjekk visst ikkje ut or hagen aaleine um han var heime.
Han tok til aa tusla nedetter buskarne langs elvi og stakk snart nasa fram for ein busk ovanfor Fagerheim.
Nei, dei var heime alle i dag likevel. Han fekk strakst auga baade paa mannen og hunden langt nedi hagen. Og so var der nokre framande folk som han ikkje hadde set fyrr. Dei var visst nettupp komne elder skulde snart reisa; for ein port paa nedre sida av hagen stod open, og hest og kjerra stod utanfor. Men guten var ikkje aa sjaa. So var der ingen ting aa gjera.
Han tok til aa gaa, men stansa alt uppum næste busken og glytte endaa ein gong ned gjenom lauve. Daa fekk han auga paa guten og han kom springande upp paa baksida av huse alt aat øvste porten og gav seg til aa tunna att og fram der liksom han leitte etter eitkvart. Folki nedi hagen var med det same gjengne attum huse, og hunden laag samankrulla paa ein sandgang liksom han sov. Daa gleid Kristian svint fram i berrljose og gjorde minor og vitta med handi. Og so underlegt gjekk det til: denne gongen daa det ikkje var so ovmykje um aa gjera aa verta sedd gjekk det som det var smurt. Guten fekk strakst auga paa han og ropa upp. Kristian vaaga ikkje aa svara for hunden; han berre vifta ein gong til. Daa drog Robert svint ein hagestol burt aat porten, kleiv upp og fekk upp laasen og kom springande uppyver.
«Er det du? vil du ikkje koma ned aat hagen?” spurde han glad.
Ikkje i dag nettupp . . der var so mange folk og hunden; ein annan gong helder, kviskra Kristian og kom seg bakum busken att. “Men vil ikkje du helder vera med upp aat elvi ?»
Nei . . Robert visste kje um han kunde det naar han var aaleine.
«Du er vel ikkje aaleine naar du hev meg med?”- spurde Kristian byrg. Det var ikkje det slag spelegt helder, og der var so mykje rart aa sjaa i dag daa elvi var so stor.
Robert tok til aa sjaa seg i kring og saag ingen nedmed huse enno. Daa gleid han bakum busken han og. Der kom dei betre i drøs, og enden vart at han vilde vera med eit stykke, naar Kristian berre vilde lova aa fylgia han attende, Kristian lova væl ; so bar det i veg fraa busk til busk, og snart var dei langt or syne burtpaa elvebrote.
Daa var Kristian modigare, han lo og hoppa og kleiv paa karstykke ut i ei stor gamal bjørk som stod atti elvebakken og lutte radt ut yver straumskavlarne. So huska han seg upp og ned so heile bjørki dissa. “Kom du og, so skal me vogga os!»
Robert stod reint bleik og saag paa, og ropa og skreik at han maatte koma attende; han kunde detta ned.
Kristian laut lyda, og so tok dei til aa grava ut steinar uppi eit moldbrot og velte dei i elvi. Dei var snart svarte som smaagriser i ein aaker baae tvo og huja og skreik for kvar gong ein stein losna og slupsa i vatne.
Men det var dei store høljarne uppaa moen dei skulde sjaa. Robert gløymde reint at han ikkje maatte gaa langt, og uppyver bar det. Dei var snart framkomne og kom seg lett ut yver dei fyrste holmarne. Dei hadde paa vegen funne seg nokre store borkar til baatar og vilde sjaa aa koma ut paa ein av dei største holmarne og byggja naust og driva sigling der. Men so vart det ei knipa. Løkjerne vart so breie at Robert ikkje lenger vann hoppa yver dei, og han vaaga ikkje aa vada. Kristian laut freista aa lyfta han yver. Han var noko større og klara det paa ein maate fyrste gongen. Men burti ein annan straum vart byrdi for tung. Han staup framyver i vatne so lang han var. Men han gret ikkje for det, han. Han vada yver paa alle fjore med byrdi si. So hoppa han i vatne so det fossa og sprøytte kring han, og lo og risste seg som ein liten havmann. Verre var det at Robert ogso hadde vorte kalleg vaat paa armar og føter. Men naar han no ein gong var vaat -. Han saag med undring paa den modige venen sin og fekk svint av seg skor og sokkar, han med. Og daa vart det anna til moro. Dei gløymde baade sigling og baatar. Dei vilde vera ville hestar no og kapplaupa i vatne, og uppetter fraa holme til holme bar det so det berre rauk etter. Kristian var snart so vaat at det visst ikkje fanst ein turr traad paa han lenger, og so svert mykje turt var det nok ikkje paa hin helder.
Dei var paa denne vis til slutt komne radt ut aat sjølve elvestraumen langt uppe paa moen. Der gjekk dei endeleg upp paa ein av dei største holmarne og sette seg til aa kvila og vrida væta or klædi sine. Robert var ikkje fri han var stiv i føterne av alt vatne no og fraus um knei; men det gav seg strakst her paa holmen. Der var turt og fint millom orebuskarne, og soli skein varmt og godt. - Og so underlegt som det var aa sitia her tett ved storelvi. Ho gjekk kolande djup fram under torvorne og sende av og til ei tung bylia mest upp aat føterne deira. Rett som det var kom det siglande kjeppar og greiner; dei kvarv burt i idome ned langs land, skaut upp atter lenger nede og kom so burt i nye idor og straumskavlar. Det var mest kjølslegt aa sjaa.
Men dei kunde kje sitja lenge og berre sjaa paa dette. So snart dei var litt turre att tok dei til aa brjota greiner og kvister og kasta uti. Det var so loglegt aa sjaa daa dei vart gløypte som i fæle kjeftar.
Men daa Kristian ein gong vilde kasta ut ei grein litt lenger nede vart han stygt skræmd. Torva utmed vatne seig under han. Han for attende som ein gneist. Vatne maatte ha skore burt moldi innunder so ho hekk laus.
Dei vart litt varsame etterpaa. Men rett lenge kunde Kristian ikkje halda seg burte fraa den faarlege torva. Han heldt seg i ein orebusk tett ved og trodde utpaa, han vilde prova um ho var svært faarleg elder um han kunde tro henne skikkeleg laus og faa henne ut i elvi.
Nei ho var nok ikkje so laus endaa. Ho dirra under foten hans som fyrr, men hekk like fast; grassvorden ho hekk etter maatte vera seig som skinti. Daa tok han mod til seg, slepte busken og gjekk radt utpaa, og det gjorde ikkje stort meir av seg det. Ho sokk ikkje under den vesle tyngdi hans, berre vogga. Han kunde gjerne hoppa upp paa henne for det.
Robert hadde i fyrste lage set noko fælen paa dette; men no vart han modig han med og vaaga seg utpaa; han stakk berre ein stav nedi til aa halda seg i. So skulde torva vera skipe deira; det vogga seg paa sjøen, og det var dei som siglde uppetter dalen med strjukande fart og ikkje elvi som glekk nedyver. Og naar det kom eit tungt bylgjedrag so torva risste og vatne gjekk mest rundt dei var det ein fæl stormsjø. Det var fælt so gildt.
Men hadde dei skip so maatte dei ha segl og. Dei skar tvo store greiner og sette dei midt paa torva til mastrar. So hengde Robert trøya si upp paa den eine, ho skulde vera klyver, og fekk trøya hans Kristian til storsegl paa den andre. Til flagg hengde han upp ein liten lummeduk, og ein paak han stakk ut i vatne var ror. I slike skipsgreidor var det han som skyna seg best paa det, og Kristian gjorde viljug og lydug alt som han sagde fyre. Han var so glad i den nye venen sin, at han visste kje korleis han best skulde syna det. Han gav han det knivstelle han hadde havt med seg nedpaa Fagerheim den dagen, og lova med seg sjølv at han alltid skulde verja han – um so nokon vilde han vondt.
Lat so sigla det! Segli blakra av eit friskt vindgul som stod upetter dalen. Dei ropa hurra og song; Kristian svinga med huva si ein gamal holutt koll av ein stor sydvest og Robert svinga med den brune straahatten sin. Men so kom det ei kvass vindflaga og reiv hatten or handi hans og føykte han langt burtetter tuvorne. Kristian flaug etter som ein gneist og fekk ta han fyrr han fauk paa elvi, og daa han kom attende sette han hatten paa hovude; det var moro aa prøva korleis han høvde. Daa Robert saag dette tok han upp sydvestkollen som Kristian hadde slengt fraa seg, og prøvde korleis den var aa ha paa hovude. Han drog han heilt ned yver augo og øyro og glytte med eine auga ut gjenom eit lite hol paa eine sida. Dei storlo baae og song og skraala atter. Men med det same fekk dei anna aa tenkja paa. Der kom eit heilt stort tre rekande nedetter elvi. Det var ei bjørk som var rivi upp med røter og alt. Ho rak tett med land og stansa sistpaa attunder torvorne; ho hadde haka seg fast med røterne. Dei laut sjaa aa faa henne laus att so dei kunde faa sjaa henne sigla lenger. Kristian sette seg utpaa torvtrømen til aa spenna med baae føterne, og Robert skulde skuva etter med ein stav .
- - Husmansfolki uppi Viki var uppmed elvi ein stad og kjerva lauv um dagen. Dei totte dei høyrde skrik nedmed elvi em gong frampaa etternon, og gjekk nedyver og saag; men daa var der ingen ting aa sjaa elder høyra.
Gå til [toppen]
[forside] [neste][forrige]
VII
Nedpaa Fagerheim var det stort uppstyr. Vesleguten var burtkomen og ikkje til aa firma att.
Eit ferdalag fraa byen hadde vore innum og skulde nettupp fara lenger uppetter dalen no daa det hadde ljosna upp atter med vere. Daa vart det spurlag etter Robert. Eit av kvinnfolki i fylgje, moster hans, vilde sjaa han fyrr ho for og seia farvel til han. Men daa var han ingen stad aa finna, korkje inne elder i hagen, og helder ikkje burti huse hjaa hesterøktaren paa baksida av hagen der han stundom var; og det kom upp no at han ikkje hadde vore aa sjaa paa lenge kanskje yver ein time. Mor hans var ikkje rett frisk i dag og heldt seg inne. Ho hadde trutt at han var med hine uti hagen. Men faren og tenestfolki hadde havt annsamt med dei framande og ikkje tenkt noko paa kvar han for. Han hadde elles aldri havt for vis aa laupa av nokon stad uløyves so ingen hadde kome paa aa tenkja paa det no meir en fyrr. Ingen hadde soleis sakna han fyrr no.
Dei leitte enno ein gong gjenom huse og sidan ute paa alle kantar, rundt hagen og uppetter skogkanten, sende til slutt folk heilt burt til alle gardarne. Men det var alt like faafengt. Han var ingen stad aa finna, og ingen hadde set han. Det var som han var sokken i jordi. Elder i . . ? Ingen vaaga rett aa nemna elvi; men alle tenkte paa henne. Ho var so stor i dag og fløymde yver alle stader . . hadde han tumla seg ned paa den leidi so kunde det verste snart vera gjort. Faren var likbleik, mori kom ut og ropa Gud hjelpe seg, og litt etter var dei nedmed elvi alle saman og leitte alle stader, uppetter og nedetter. Der var ingen ting aa sjaa der helder, men det var helder ikkje aa venta hadde han dotte uti.
Dei stod til slutt forfælde og berre saag paa kvarandre, faren for uppyver att og vilde leita endaa ein gong uppi skogen. Daa høyrde han rop og skrik fraa folki nedmed elvi. Han sprang ned atter og saag det fyrr nokon fekk seia noko: det kom rekande eit tre midt uti elvi, og millom greinerne paa dette hekk eit menneskje - ein liten gut med brun hatt; han skreik og kava med armarne og saag mot land . . alle skyna med ein gong kven det var. Dei kjende hatten.
Mori datt i uvit, dei andre sprang forvildra att og fram. Hadde det vore ei gaata korleis guten var komen burt so gjekk dette endaa meir yver alle sit vit.
Men her var ikkje ein augneblink aa spilla. Det høvde seg so heppe at der laag ein fiskepraam uppdregen strakst ovanfor; mannfolki sprang uppyver og var attende med han paa minder en ein minutt. Men berre denne vesle heftingi var for lang. Straumen gjekk so fort at tre'e alt var kome eit heilt stykke nedum der dei stod, og fekk dei ikkje berga guten no strakst so var all von ute. Fossen - det var ikkje so langt ned til den, og den som kom i den kom ikkje livande att. Dei høyrde dune alt hit no i flaumen; gove stod som ei kvit skodda uppyver, og eit heilt stykke uppetter fraa fossen var det stygge straumbrot og kvite skavlar midt i elvi. Og no hadde tre'e ikkje so langt stykke att ned til det fyrste brote.
Men no var dei ferdige med praamen og; tvo-tri av dei sterkaste mennerne sprang uti og skauv han som ei pil utyver og nedetter midten av elvi. Folki paa land fylgde etter langs elvetrømen og heldt i eit tog som var fest i bakskuten. Praamen muna snart inn paa tre'e, dei saag guten retta armarne uppyver og høyrde han ropa att; han hadde fenge auga paa hielpi. Folki paa land anda snautt, kvendi ropa og bad høgt til Gud at det maatte gaa godt. Hesterøktaren var styrar i praamen; dei saag han gaa fram i stemni og staa ferdig til aa ta guten. Men daa . . dei var berre eit par baatslengder fraa kvarandre . . var tre'e kome so langt at dei fyrste fraudbroti nedi elvi saug det til seg og reiv det undan med stygg fart. Det var so stort at det ikkje gjekk heilt under i brote; men vatne skylde yver guten nokre gonger, Det var som eit under at han endaa kunde hanga fast. Han munde ha haka seg godt fast millom greinerne.
Kvinnfolki tok paa nytt lag til aa ropa av rædsl og trudde voni var ute; men mannfolki ropa enno med von ned til dei i praamen. Nedum dei fyrste straumbroti var tre'e kome i stillare vatn atter, der kunde det enno vera tanke um aa naa det. Og kararne i praamen baatvande og sterke folk alle - gjorde sit beste og vaaga alt dei kunde. Med nokre svinte aaretak skaut dei praamen eit stykke inn mot land paa denne sida; so stod dei modig nedyver att. Det var stygg stryk her og, men jamnare vatn. Men med eit tok brote burti elvi til aa suga praamen til seg; dei var for nære det enno. Dei var nære paa aa kvelva um og klara seg berre so vidt fraa det. Og medan dei vart hefte med dette i nokre augneblink var tre'e alt kome ned mot det næste brote. Aa vaaga seg dit ned med den vesle praamen var raadlaust; det kunde alle sjaa. Det var aa setja mange liv paa spel til ingi nytta. Dei laut sjaa aa berga seg i land atter og hadde nok med aa klara det.
Faren var daa so forvildra at han sjølv vilde springa i praamen og freista endaa ein gong. Dei laut halda han attende med magt. Ingi menneskjemagt kunde her gjera noko lenger. Tre'e var no midt nedi dei verste straumbroti og nærma seg fossen; det tumla i kring som eit lauvblad og vatne skylde yver det gong paa gong. Guten hekk fast enno, so rart det var, men dei kunde kje sjaa han røra seg no; han laag aa gruve nede millom greinerne.
Det var ei fæl stund. Faren sprang nedetter langs elvi og ropa vonlaus paa sonen sin; kvendi gret og bad atter; - mori sjølv hadde ikkje orka aa fylgja nedyver so ho slapp aa sjaa det. Og so siglde tre'e framyver paa stupe.
Faren hadde stadna frampaa ein bergknaus eit stykke nede og snudde seg burt, han kunde kje sjaa paa det. Han hadde store sveittedropar paa skallen.
“Er han burte?” spurde han med broste maal daa nokre av mannfolki ein augneblink etter kom ned til han.
Dei svara med undrande utrop. Endaa var han ikkje burte! Midt i elvi tett frarn paa fossen hadde drivtre'e med eit stansa og tok til aa gaa i ring. Det saag ut som eit reint under og synkverving; men daa dei fekk tenkja seg betre um var det ikkje so underlegt likevel. Der var eit par store bergknausar midt i elvi som kløyvde fossen i tvo. Dei stod til vanlege tider høgt yver vatne, og det meste av elvi rann ned paa denne sida av dei; men no daa ho var so stor rann det mest like mykje paa kor sida, og vatne skylde heilt yver dei. Dei stakk likevel so langt uppi at det vart ei evja bakum dei, og det var inn i den tre'e no var kome. Der var greiner og rekved fyrr og som heldt paa aa gaa i ring. Og hefte det der eit bil so kunde det kanskje enno vera von!
Faren fekk svint all sin umtanke att. Han sende folk uppyver etter praam og tog og andre hjelpegreidor, og sprang med resten ned paa berghamaren midt for fossen.
Men daa dei stod der var det strakst altfor berrsynt at voni var ikkje stort betre hell inkje no helder.
Aa koma ut til guten med baat var det ikkje tanke um, og um dei fekk tog ut til han - fossen var ikkje breiare en at det let seg nok gjera - so kunde han ikkje knyta det fast i tre'e elder festa det um seg sjølv. Han laag enno som naamen nede millom greinerne og høyrde ingen ting daa dei ropa ut til han. Og um han so kunde festa eit tog, so vilde fossen berre suga han til seg og riva han til avgruns i same augneblinken som han kom ut or evja.
No daa dei var nærare saag dei ogso at evja var berre som eit einaste haar aa hanga i. Naar greinerne som dreiv rundt kom burt mot fossen paa denne sida saug han rett som det var sume av dei til seg og tok dei. Eit par gonger hadde han tak i det store tre'e og; det var berre so vidt at straumen i evja fekk yvertake og heldt det. Men næste gongen -?
Det var som dauden hadde moro av aa leika med fengdi si framfor augo aat faren og alle som stod der og ingen ting kunde gjera.
Daa sprang Tom, hesterøktaren, fram for husbonden sin.
«Eg kan ikkje sjaa paa dette; eg bergar han elder læt mit eige liv,” sa han.
«Berga han korleis?” stota faren og stirde paa han.
«Eg kan symja,” sa tenaren. “ Eg tek eit tog um live og gjeng ut i elvi ovanfor stryki; so sym eg med straumen nedyver midt i elvi same vegen sort, tre'e gjekk, og freistar aa koma inn i evja - berre det ikkje vert for seint”
“Vaagar du det, Tom? Trur du ? Men korleis kjem du so i land att med han?” ropa faren.
Det vart vel ei raad med det, berre han var ut komen, sa Tom roleg; han hadde nettupp tenkt seg ei raad. Nokre av folki skulde ro yver paa hi sida, og naar han so var komen ned til guten skulde dei kasta ut tog fraa baae sidor, og han skulde festa dei i tre'e. So skulde dei faa med seg so mykje folk dei kunde og dra tre'e med han og guten paa upp mot straumen midt i elvi til dei var komne so langt fraa fossen at dei kunde dra dei i land.
- - Nokre augneblink etter var nokre av folki alt i ferd med aa ro yver elvi uppmed Fagerheim ; andre vart sende burt til bygdi paa alle kantar etter folkehielp.
Alle visste at den modige guten vilde vaaga live med dette; men skulde det finnast hielp so var dette den einaste, og han stod fast ved at han vilde vaaga seg.
Han hadde tent hjaa husbondsfolki sine i mange aar, so det var mest som han høyrde huse til. Han hadde alltid havt det godt hjaa dei og saag upp til dei som til folk av eit høgare slag. Han totte daa at det ikkje var meir en skyldnaden hans aa vaaga live for einaste sonen deira. Og var det raad at nokon kunde klara dette vaagestykke so maatte det vera han. Han var ein stor og sterk kar og den beste symjar paa langan leid. Han hadde ofta sumt yver elvi uppmed Fagerheim um stryken var noko sterk.
Det galdt daa berre um aa vera snare. Dei badde fenge tak i ein praam til uppmed elvi, og Tom fekk nokre av folki til aa ro seg utpaa.
“Tom.. Gud løne deg, det skal ikkje verta deg gløymt; men ver no varsam!” ropa husbonden med skjelvande maal etter han.
“Eg skal gjera det eg kan” sa Tom, han hivde av seg yverklædi og sprang i vatne med eit symjebelte og tog um live.
Evja der nede fekk enno yvertake kvar gong fossen hadde tak i tre'e; elvi heldt paa aa laagna sterkt so det var mest likt til at fossen fekk minder tak for kvar gong, gud ske lov. Alt stod daa um han her uppe, og paa nytt lag anda dei snautt som saag paa. Han var snart nedi fyrste brote der praamen ikkje klara seg lenger. Det gjekk med stygg fart, han gjekk nokre gonger under, men skaut snart upp atter. Folki paa land fylgde etter ned langs elvi med toge; dei skulde hjelpa han i land dersom sidestryk bar av med han. Men det turvtest ingi hjelp. Han heldt seg traust i stryken midt i elvi der tre'e hadde gjenge, og var snart nedi næste brote.
Der vart det verre. Han var nokre gonger so lenge under at kvendi skreik og trudde det var ute med han. Men enno skaut han upp att som ein fisk kvar gong enno heldt han leidi - enno klara han seg fraa brot til brot ; - hadde nokon stridt det han vann nokon gong so var det Tom no. Og daa han siste gongen gjekk under skaut han upp atter midt inni evja!
Høge glederop helsa han fraa land; han fekk snart tak i tre'e og kom seg uppaa det . . no saag dei guten røyva paa seg att og retta henderne mot bergingsmannen sin!
Dei fekk snart togi ut til han fraa baae sidor; han feste dei godt kring rotenden av tre'e, surra seg sjølv og guten godt fast i greinerne og gjorde so teikn at dei skulde dra uppyver.
Det var alt samla ei heil mengd med folk fraa alle gardarne som hjelpte til paa kor sida. Det vart ei hard ferd uppyver, som venteleg var. Tre'e gjekk i kav uppi broti so dei nokre gonger snautt saag atti det. Men Tom sat fast som ei kjempa og tok mot støyti framanfor den vesle; og det var ingen vandske aa halda farkosten midt i straumen naar dei drog jamnt og varsamt paa kor sida. Dei var soleis snart komne uppum dei verste broti, so drog dei varleg inn mot land paa denne sida.
Nye glederop tok mot dei tvo; kvendi takka gud, og uppi bakken kom mori springande og gret av gleda. Ho hadde vore so forkomi av rædsl etter ho kom til seg sjølv att uppmed elvi at dei hadde lote hjelpa henne heim, og ho hadde sidan ikkje orka aa gaa ut og sjaa noko fyrr ho no fekk vita at det bar til liv og berging.
Men som han saag ut, armingen! Han hadde nok daana att av alt vatne; han laag som ein naae innunder armen paa Tom, silande av vatn; armarne hekk slakke ned. Faren sende i fljugande farten ein mann etter dokteren som budde strakst nedi dalen; sprang so ut paa torvorne og tok mot guten daa Tom hadde løyst han or greinerne.
Men kva var dette ? kva i all verdi ? Han vart standande og stirde paa guten, og daa mori i det same kom og vilde ta han i armarne heldt han henne attende. Guten var noko større en han skulde vera; han hadde ei fæI lappa brok paa seg, og gamal skurv i nakken . .
Men endaa underlegare vart det daa der i det same kom tuslande ein liten gut uppi bakken og ropa nedyver. Han gjekk med ein stor koll av ein gamal sydvest paa hovude, men var elles Robert ljos livande.
Gå til [toppen]
[forside] [slutten] [forrige]
VIII
Eit bit etter kom dokteren kjøyrande i fjukande sprang. Mannen som skulde henta han hadde funne han heime og fenge han med med det same.
Folki som hadde vore med og berga stod uppmed hagen paa Fagerheim, bygdafolki utanfor porten, byfolki innanfor. Dokteren sprang av kjerra fyrr ho var skikkeleg stansa og for inn til bymannen, grosseraren, som nettupp kom ned mot porten og vilde ta imot han.
No, korleis stod til?
Grosseraren trykte dokteren i handi og kremta. Jau - det var ikkje aa klaga. Guten var komen til seg sjølv att so snart han var komen paa land, og hadde visst ikkje nauva so mykje endaa. Men . . ja; det var elles eit mistak naar det vart sagt at det var hans gut som hadde vore i elvi; - det var han der. - Han peika paa ein liten gut som sat bleik og fortenkt og i umbytte klæde burtpaa ein benk tett ved og venta paa dokteren.
Ikkje hans gut? Dokteren saag forbina paa skyssmannen som uppetter vegen hadde fortalt heile soga um vesle Robert og um Tom som hadde berga han; han uppdaga med det same at alle saag so rart paa kvarandre, og at det ikkje var fritt for løynlege smil burte millom bygdarfolki.
- - - - - - - - - - - -
Altfor sant - det var eit lite mistak. Tom hadde havt so nok med aa berga guten og seg sjølv at han ikkje hadde gaatt nokon ting so lenge han var utpaa elvi ; det fall ikkje so i augo helder daa guten laag der vaat og tilreidd nede millom greinerne. Men daa dei kom i land var det strakst greitt at dette ikkje var Robert, Den rette var han som kom uppi bakken. Og heile gaata vart løyst daa dei endeleg fekk ut av Robert korleis han badde lurt seg upp aat skogen med Kristian og korleis, dei kom til aa byta hovudplagg daa dei siglde paa torva der uppe. So var det store drivtre'e nettupp kome, og daa Kristian sat og skulde spenna det laust gjekk det so uheppe til at han stupa beint ut i greinerne paa det i det same det losna, og fylgde med nedyver.
Robert hadde sidan spronge vitskræmd nedyver og vilde faa folk til aa berga han. Men fyrr han kom yver høljarne var Kristian alt reken or syne nedpaa elvi, og daa han endeleg kom ned paa bakken ovanfor Fagerheim saag han tre'e langt nedpaa fossestupe og mange folk nedmed elvi. Han trudde daa at det var ute med Kristian og vart so rædd at han vaaga seg ikkje lenger; han trudde dei vilde gjeva honom skuldi for dette. Han gjøymde seg uppi buskarne, og vart standande der alt til han saag at dei fekk Kristian i land, og med det same saag mor si springa nedyver; daa vaaga han aa springa etter. Og han hadde heile tidi vore so forvildra at han ikkje hadde hugsa paa aa kasta av seg den store sydvestkollen.
- - Dokteren gjekk burt og saag paa Kristian og lydde paa bryste hans. Nei der var ikkje noko sers i vegen. Guten var alltid noko forkomen av vatne; men han kom seg nok snart att, meinte han.
Tom var med det same komen ned fraa huse, umbytt og stelt; husbonden vilde at dokteren skulde sjaa paa honom og.
Der var ikkje noko i vegen med han helder; han hadde eit bryst som tolde kva det var. Dokteren trykte han i handi og gav han mange lovord for det modige verke hans.
Tom sa ingen ting, han berre stirde styven ned for seg og burt paa den skurvutte ungen som han hadde gjort slikt braak for.
Dokteren saag paa han ein augneblink og lagde handi paa aksli hans.
“Naa, guten min,” sa han; “lat det vera mistak elder ikkje dette du hev gjort eit like stort og ærefullt mansverk for det, veit du. Alle liv er like dyre, og det finst nok ei mor og ein far som all sin dag vil vita deg takk for dette, um det ikkje nettupp er dei du hadde tenkt.”
“Visseleg . . sant,” sa grosseraren, og Tom jatta med best han kunde, han med. Men burti bondeflokken der dei alle hadde fenge vita kven guten var, sa dei ingen ting. Dei som stod lengst bak glytte berre paa ei fillutt kjering som nettupp var komi og stod der og lydde paa - det var kona fraa Kroken. Ho hadde hovt til aa ha eit ærend nedi bygdi um dagen, og hadde fenge vita alt av ei kona ho hadde raaka burtpaa vegen. Ho var no komi og vilde ta guten med seg heim att, og stod fyrst som ho berre grein aat det heile. Men daa dokteren kom med dette um foreldri kunde ho ikkje for det - ho laut snu seg burt og turka taaror or augo. Det var fulla væl at dei hadde berga han, armingen, det var det; men det var so underlegt aa tenkja paa kor faa som vilde ha trega han . . og kor mykje betre det kanskje endaa kunde ha vore for han at fossen hadde fenge han, en at han skulde veksa upp i naudi og til det som ilt var.