Høgskolen i Vestfold
Bibliografi over FoU-virksomhet og publikasjoner 1998

[ Innhold  |  Prosjekter  |  Publikasjoner ]


Eldres daglegliv i sjukeheim

Tidligere navn på prosjektet: Sjukeheimen som arena for eldres daglegliv -ein studie av dagleglivet til kronisk sjuke eldre i
institusjon

Statusopplysninger: Igangværende prosjekt. Start dato: mai 96. Beregn. slutt dato: 2000

Ansvarlig: Solveig Hauge, høgskolelektor:
 
Prosjekttype: Anvendt forskning
Dr.gradsprosjekt knyttet til Universitetet i Oslo, Institutt for sykepleievitenskap. Veileder professor  Margarethe Lorensen.

Ressursinnsats i 1998
Finansiert av HVE. 100% stilling

Faglig beskrivelse av prosjektet:
Fagnavn: 11. Humaniora
Spesialområde: Helsefag, sykepleie til eldre
Norske emneord: eldre, sykehjem, dagligliv, eldreomsorg

Sammendrag :
I 1997 var det omlag 25 900 plassar i somatiske sjukeheimar her i landet. Storparten av desse plassane, dvs over  89%, vart disponert til langtidsopphald. Dette betyr at mange eldre må leve siste delen av livet sitt i institusjon. Dei eldre som i dag får langtidsopphald i sjukeheim har så dårleg fysisk og/eller mental kapasitet at dei ikkje lenger meistrar dagleglivet sjølve. I sjukeheimen vert det difor sjukepleiarane sit ansvar å legge til rette for eit så godt daglegliv som råd er. Pleie og omsorg handlar ikkje her om å hjelpe pasienten til å bli frisk eller uavhengig, men om å gjere livet så godt som mogeleg for den gamle. For at sjukepleietenesta skal kunne gje eit så godt tilbod til dei eldre i sjukeheim som råd er, treng ein  kunnskap om korleis eldre opplever å leve livet i sjukeheim.

Problemstilling:    Korleis er det å leve i sjukeheim?
Forskingsspørsmål:
1.  Kva særpregar dei eldre sitt daglegliv i sjukeheim?
2.  Korleis opplever den gamle dagleglivet i institusjon?
3.  Kva særpregar desse opplevingane?
4.  Ynskjer bebuaren å leve annleis tatt i betraktning eige funksjonsnivå?
5.  Kva for faktorar og/eller hendingar påverkar opplevinga av dagleglivet positivt og negativt?
Formål med studien er:
- å forstå og beskrive korleis det opplevast å leve i sjukeheim.
- å identifisere faktorar som kan bidra til eit godt daglegliv
Tidsrom for prosjektet:
1998 Teoretiske førebuingar, sikre tilgang til forskingsfeltet.
1999 Feltarbeidsfase våren -99
         Datasamlinga er planlagt gjennomført i to, eventuelt tre ulike periodar
         I) Frå 1/2 til 12/2    II) Frå 15/3 til 26/6   Event. III) veke 43 - 46 hausten -99
         Analyse hausten -99
2000 Analyse og arbeid med avhandling.

Metode:
Feltforskingsopplegg med deltakande observasjon, dokumentstudier og intervju.
Det er planlagt deltakande observasjon av alle bebuarane i to avdelingar (dvs. ca. 30 bebuarar) for å finne svar på det første forskingsspørsmålet.
Vidare vil det bli gjort eit strategisk utval av 10 til 12 informantar med så ulik livssituasjonar som råd er. Kvar informant vil bli følgt opp ei veke med observasjon og intervju. Dette er gjort for å få meir detaljert innsikt i det første forskingsspørsmålet, samt å få svar på forskingsspørsmål to, tre, fire og tildels fem. For å finne svar på det siste forskingsspørsmålet er det i tillegg planlagt dokumentstudier, ved å lese reglar, informasjonsskriv til bebuarane, dagsplan, aktivitetstilbod, sjukepleiejournal o.l.



Bibliografi over publikasjoner og FoU-prosjekter i Høgskolen i Vestfold 1998.  Innholdsfortegnelse
Tønsberg: Høgskolen i Vestfold, 1999. Ansvarlig: Lars Egeland. Sist endret: 27.3.99.

Gå til: Hovedside for FoU  :  Nettbiblioteket, dokumenter fra HVE-adm.