- Biblioteket      

Høgskolen i Vestfold (HVE)

-

  HVE > Biblioteket > Digitale tekster > Lokalhistorie > Tilla Valstad

   

Kåre Glette

TILLA VALSTAD - TØNSBERGS FØRSTE MODERNE FORFATTAR

Tilla (Mathilde Georgine) Valstad, f. Christiansen
Foreldre: Mathilde Georgine (f. Hvistendahl) og Johan Henrik Christiansen
1871: Fødd
1957: Død
1889: Lærarprøve
1890-98: Lærar i Tønsberg
1893: Gift med Otto Valstad
1898: Flytter til Kristiania
1899-1957: Bur på Hvalstad
1898-1920: Lærar i Kristiania (Vaterland)
1920-22: Skoleskipar, eigar og lærar ved Hvalstads Friluftsskole Vangen
1922-28: Lærar ved Friluftsskolen.
1928-57: Forfattar, skribent, journalist, foredragshaldar, kulturaktivist.
Skjønnlitterær forfattarskap
Saklitterær forfattarskap

Ho var vakker og romantisk. 16 år gammal kysser ho sin 25 år gamle lærar ved Tønsberg Middelskolen og oppfattar det som eit løfte om evig truskap. 82 år gammal får ho ein invitasjon. Ho stasar seg opp i sin finaste bunad og går i bryllaup til prinsesse Ragnhild, fru Lorentzen. Mellom kysset og det royale bryllaupet utfaldar det seg eit sjølvstendig, engasjert og hendingsrikt liv.

Tilla Valstad voks opp på Løkken ved Slottsfjellet, på den eigedomen advokat J. H. Christiansen i dag eig like ved Fylkesmuseet og som opphavleg var ein gard som også omfatta museumsområdet. Faren tok eigedomen i bruk som privatbustad det året Tilla vart fødd, og den vart driven som gard også av familien Christiansen, dei hadde hest, kyr, griser, høns og kalkunar. Tilla, eller Mathilde Georgine, som ho var døypt etter mor si, var nummer sju av ni søsken i ein høgborgarleg familie. Mora heitte Mathilde Georgine, faren Johan Henrik Christiansen. Han var først og fremst skipsreiar med ei rekkje seglskuter i fart samstundes, men også konsul, fabrikkeigar, ein av Tønsbergs største bygardeigarar og ein respektert politikar. Dessutan eigde og dreiv han garden Bjørneboe på Foynland.

Tilla Christiansen tok eksamen ved den private Nissen Lærerinneskole i Kristiania. Først året etter fekk kvinnene i lovs form tilgjenge til dei offentlege seminara, som lærarskolane heitte den gong. Som lærar arbeidde ho først i Tønsberg. Der gifte ho seg med Otto Valstad (1862-1950), som var son til ein bonde og møbelsnikkar og han som ho altså oppfatta seg som hemmeleg trulova med etter det første kysset. Så flytte paret til Kristiania, året etter til Øvre Valstad, til den garden som Otto var oppvaksen på.

VENNER MED HULDA OG ARNE GARBORG

På Hvalstad vart dei venner med og næraste naboar til Hulda og Arne Garborg. Heimane til Garborg og Valstad vart samlingsstader i eit miljø som kom til å spela ei viktig rolle i norsk ånds- og kulturhistorie. Ei rekkje kunstnarar, forfattarar og kulturpersonlegdomar busette seg i dette området, noko som førte til at det vart kalla Kunstnardalen, ofte Målkroken på folkemunne, fordi miljøet var sentrert kring kjende personar som brukte og arbeidde for landsmålet og norsk folkeleg kultur; Garborg, Rasmus Løland, Rasmus Steinsvik, Olav Nygard og andre. I vår tid har Ottar Grepstad lansert omgrepet Asker-kretsen for å identifisera og skilja dette miljøet frå den såkalla Lysakerkretsen som heldt til ikkje langt unna Hvalstad, men som var ei elitistisk og akademisk gruppering forankra i embetsmannskulturen, med Fridtjof Nansen, Eirik Werenskiold og Molkte Moe som dei mest kjende. Denne grupperinga ville byggja bru mellom embetsmannskulturen og norsk folkeleg (allmuge-) kultur, på premissane til den førstnemnde, dessutan knyta bandet til europeisk kultur. Askerkretsen arbeidde for å løfta fram og gje status til norsk folkeleg kultur, særleg bondekulturen, på dens eigne premissar.

LÆRAR I VATERLAND OG I FRILUFT

I Kristiania arbeidde Tilla Valstad som lærar i 22 år ved Vaterland skole i austkantbydelen av same namn. Ho slutta i 1920 for å starta Hvalstads Friluftsskole Vangen saman med mannen. Denne skolen skulle tilby rikeleg med C-vitamin – frisk luft og friluftsliv, pluss solide kunnskapar - til vanskelegstilte, sjuke og tuberkulosetruga barn frå hovudstaden. Denne skolen eigde Tilla og Otto saman, ho var lærar, og mellom anna Hulda Garborg var gjestelærar. Etter to år overtok Oslo Sanitetsforening skolen. I dag eksisterer den i beste, moderne velgåande under namnet Brusetkollen Barneversenter og i Tillas ånd.

Tidlegare var det ein stillteiande føresetnad at kvinnelege lærarar slutta når dei vart gifte. Dette nekta Tilla og ho vart den første kvinnelege læraren i Kristiania som var yrkesaktiv etter at ho var gift. Grunnen til dette var at ho ville forsørgja mannen slik at han kunne ta kunstnarutdanning. Noko Otto Valstad gjorde. Han var utdanna lærar og møbelsnikkar som faren. Men hans største ønske var å teikna og måla. Tilla, som hadde lærarjobb, sytte som nygift i 1893 for at han fekk eit studieopphald ved Académie Julian i Paris. Han var også elev ved Den kgl. Tegneskolen i København i 1899, før han gav opp læraryrket. Etter kvart vart han kjend som kunstmålar, teiknar, forfattar, musikar og handverkar. Særleg fekk han ry som den store og pasjonerte Samlaren. Land og strand reiste han rundt, kjøpte opp antikvitetar, brukskunst og gamle bygningar; tømmerstuer, loft, stabbur og jamvel eit lite kapell frå Nordfjord. Alt dette plasserte han på eigedommen på Hvalstad. Ein gong karakteriserte Tilla han kjærleg spøkefullt slik: ”Et kaos av evner. For mye for ett menneske”. Tilla og Otto gjorde fleire stipendreiser til Italia, Frankrike, Tyskland og England og tok med seg kunst, handverk og kulturimpulsar heim til Hvalstad og Asker-kretsen.

Møtet med austkanten i Vaterland og det intellektuelle og samfunnsmedvitne miljøet på Hvalstad gjorde noko med Tilla Valstad. Ho solidariserte seg med underklassen og folkeleg kultur gjennom ein mangslungen kulturaktivitet. Ho vart ein kjend journalist og skribent og ein ettertrakta foredragshaldar. Eit fyrverkeri på talarstolen, skreiv Aftenposten. I mange år var ho tilsett i Nationen, men ho skreiv òg i ei rekkje andre aviser, vekeblad og tidsskrift. Fleire av artiklane er på nynorsk. Særleg var ho aktiv i blad med kvinner som målgruppe, som Urd og Husmorbladet. Stridssakene var folkekunst, husflid, bunad, matstell og nybrott, for å nemna det mest sentrale. I første halvdel av 1900-talet, etter at allmenn røysterett og andre sentrale rettar var vunne, skjedde det ei dreiing innan kvinnesaksrørsla, ein vart meir oppteken av den tradisjonelle kvinnekulturen og dei tidlegare ”usynlege” sakene. Tilla ville gi kvinnene større sjølvtillit, betre kunnskapar og høgare kompetanse. Dermed ville statusen til kvinnearbeidet og kvinnekulturen auka, meinte ho.

KVA STOD HO FOR?

Tilla Valstad døydde i 1957, 86 år gammal. Kva stod ho for historisk sett? For det første kritiserte og braut ho med sitt høgborgarlege verdigrunnlag. Som lærar insisterte ho på at ho ville stå i jobb også etter at ho var gift. Seinare vart denne retten instituert i lovs form. I ekteskapet plederte og praktiserte ho jamstilling, sjølvrealisering og yrkesaktivitet for begge lenge før det var vanleg. Ho stridde for eit anna og betre samfunn, særleg for barn og kvinner, og spelte ei kulturhistorisk rolle på landsplan gjennom miljøet på Hvalstad. Dessutan står det i dag to institusjonar som kan førast attende til henne; Brusetkollen Barneversnsenter og Asker Museum, Valstads Samlingar. Tilla og Otto Valstad i 1949 testamenterte nemleg heile sin eigedom med hus, inventar og bygningar til Asker kommune, og dermed oppstod museet i Asker.

Tre omgrep kjenneteiknar moderniteten, seier Dag Østerberg; det frie individet (individualisme), fornufta (rasjonalisme) og framstegstru (progresjonisme). Alle tre dimensjonane finst innbakt i Tilla Valstads liv og forfattarskap, det er såleis ikkje tvil om at ho bør karakteriserast som ei moderne kvinne og ein moderne forfattar.

Ein strålande septembersøndag hadde eg eit møte med Tilla og Otto Valstad. Eg rulla inn til hausttakkefest ved Asker Museum, Valstads Samlinger. Sakte gjekk eg opp grusgangen mellom blomsterflor og skulpturar. Rusla gjennom hovudhuset til Tilla og Otto, gjennom hans katedralliknande atelierstue og ut i den barokkinspirerte hagen med eksotiske planter, vassfontener, smijernsarbeid og Anne Grimdalens dyreskulpturar. Under dette nærværet dukka dei brått opp. Og vi hadde ein hyggeleg prat.

SKJØNN OG SAKLEG

Tilla Valstads forfattarskap omfattar to delar; skjønnlitteratur og sakprosa. Sakprosaen omfattar den lange rekkja av artiklar ho publiserte i aviser, vekeblad og tidsskrift som del av den dagsaktuelle kulturkampen ho førte. Dei er ikkje skikkeleg registrerte, systematiserte og analyserte, men fleire av dei finst i arkiv ved Asker Museum, Universitetsbiblioteket og i Hulda Garborgs brevsamling. Det hadde vore interessant og fått dei analysert, mellom anna for å få eit klart bilete av kva Tilla Valstad stod for som kvinnesakskvinne og samfunnsdebattant og for å få innsikt i den rolla som ho spelte i Askerkretsen.

SKJØNNLITTERATUR

Otto Valstad var barnebokforfattar og gav ut fem barnebøker med eigne illustrasjonar. I 1918 gav så han og Tilla ut Æsops fabler. Tilla hadde omsett teksten til norsk, tilrettelagt den for barn, og han laga illustrasjonane.

I 1925 kom så Tilla Valstads eigentlege debut med boka Et år i Vaterland, ei bok om barn under første verdskrig og som spring ut av hennar arbeid som lærar. Møtet med elevane og foreldra deira i Vaterland gjorde eit gripande inntrykk på henne og utløyste eit livsvarig engasjement. Boka er meir ei samling skisser enn ei samanhengande forteljing. Denne strukturen har nok samanheng med at boka først vart publisert som avisfølgjetong, noko som viser at tekstene var ein del av Tilla Valstads sosiale engasjement og gjekk inn i eit breitt opplysningsprosjekt; ho ville vekkja opinionen for å betra levekåra for vanskelegstilte barn. Publiseringsmåten kan òg forklara den knappe og poengterte forma som mange av skissene har fått.

Det som bind skissene saman er den gjennomgåande klasseromsituasjonen med frøken og elevane. Frøken spelar ei tilbaketrekt og forteljeteknisk varierande rolle, det er elevane som i første rekkje skaper forteljinga gjennom sine uforfalska og heimeavslørande kommentarar og historier, med det resultat av vi får skakande bilete av fyll, fattigdom og arbeidsløyse, av overgrep og mishandling, av undergang og død. Dette retoriske grepet gjer at underklassen og samfunnet kjem ”direkte” og rystande til uttrykk, og boka får såleis eit naturalistisk preg. Men boka har òg ein annan dimensjon; replikkane, fantasien, og overlevingsviljen til desse gutane er ekstremt frodig og fargerik. Forfattaren solidariserer seg med austkanten og underklassen.

TØNSBERGS KULTURHISTORIE

Teodora (1933)I vår samanheng er det i første rekkje den breie kulturhistoriske romantrilogien om Tønsberg som interesserer; Teodora (1933), Teodora kommer hjem (1935) og Men størstav alt er kjærlighet (1941). I dette verket er handlinga lagd til Tønsberg i ein 30-årsperiode, til 1870-, 80- og 90-åra. Byen er ikkje eksplisitt nemnd i sjølve teksten, men forfattaren brukar ei lang rekkje underliggjande stadnamn som Nordbyen, Kjelleolla og Jarlsberg. I tillegg er romanen på framsida utstyrt med ein illustrasjon av Otto Valstad som viser ei ruvande seglskute på Tønsberg hamn med Domkyrkja, Nordbyen og Slottsfjelltårnet i bakgrunnen, ein paratekst som underforstått seier at ”dette er ein roman om Tønsberg og skal lesast som det”.

Det grunnleggjande prosjektet i dette verket synest primært å vera å gjenskapa ein kulturhistorisk epoke ved å skildra individet, familien og småbyen. Vi møter derfor hovudpersonen Teas utvikling frå barn til ung kvinne. Ho veks opp i ein velsituert familie på ”Berg” (les: Løkken), ein stor eigedom ved Slottsfjellet. Faren er skipsreiar og konsul. Mellom anna har han eige verft i Nordbyen. I romanen blir vi tekne med på sjøsetjinga av seglskuta ”Teodora”, vi er i lystig lag under skutelaget blant arbeidarane på verven, og vi stiller også oppstasa til selskap hos skipsreiaren. Fornøyeleg er skildringa av opninga av jernbanen i 1881, striden om tunnelen gjennom Slottsfjellet, kongebesøket og ikkje minst fleire storslagne ball på Klubben. La oss òg ta med grosserar Markussen som slår seg opp på dampskip og blir ein Røkke og spradebasse i dåtidas Tønsberg. Mellom anna han understrekar at det var ikkje så ulikt den gong og nå. I det siste bandet er det forholdet mellom den unge Tea og læraren ho er forelska, i som står i fokus.

Det sentrale i denne trilogien er skilnaden og brytninga mellom før-modernitet og modernitet. Forfattaren samanstiller og fokuserer derfor på konservatisme og radikalisme, borgarskap og proletariat, seglskip og dampskip, bykultur og bondekultur, eit statisk versus eit mobilt samfunn, eit tradisjonelt versus eit moderne kvinnesyn, eit borgarleg versus eit demokratisk språksyn osv. Til tider kjem forfattaren med hard kritikk av småbyen og borgarskapet. Men verket inneheld òg ein nostalgisk kjærleik til det farne, og både ei tilslutning og avstandstaking til mangt i det moderne samfunnet. Forholdet til moderniteten er såleis samansett og problematisk. Dette kan ha samanheng med at Tilla Valstad sjølv hadde eit personleg forhold til bondekulturen, oppvaksen som ho var på ein gard under Slottsfjellet. Dessutan eigde faren ein gard på Foynland som ho tilbrakte mange av sommarferiane på i barndomen, og som ho var glad i. Også faren var glad i denne garden, foreldra hans var bønder frå Sandefjord. Sjølv såg skipsreiaren med sterk uvilje og uforstand på det nye som braut fram med dampskipsepoken, og som reiv grunnen under hans høge status som skipsreiar og forretningsmann i Tønsberg. Denne agrare bakgunnen kan kanskje langt på veg forklara kvifor ei høgborgarleg dame frå Tønsberg solidariserte seg med og aktivt arbeidde innanfor det delvis regressive prosjektet som Hulda og Arne Garborg og Asker-kretsen stridde for.

EIN NØKKELROMAN?

Sjølv meinte Tilla Valstad at det låg så mykje sjølvbiografisk stoff i romanverket at ho identifiserte personar og hendingar for professor Oscar Albert Johnsen då han gav ut Tønsbergs byhistorie i 1954: Konsul Martens er forfattarens far, seglskuta Teodora er seglskuta Mathilde, Sverre Fjell er Svend Foyn, grosseraren Markussen er Gustav Conrad Hansen osv. Men verket er skrive 50-60 år i ettertid. Det kan difor ikkje lesast som eit ”fotografi” av Tønsberg i 70-og 80-åra, men som eit uttrykk for korleis den vaksne, kulturhistorisk engasjerte og medvitne forfattaren hugsa og meinte det var, uttrykt i ein skjønnlitterær sjanger og forteljemodus (ironi, satire o.l.). Tilla Valstad bygde ikkje på dokument, som professoren gjorde. Hennar størst fortrinn var oppvekst og ein innanfråbasert kjennskap til ein av dei mest sentrale, høgborgarlege familiane i småbyen Tønsberg i den aktuelle perioden. Dette ”dokumentet” hadde professoren ikkje tilgang til.

BÅTBYGGING I NORDBYEN

Er det lenge sidan du har vore på ein feiande fest eller i eit stilig selskap? Er du klar over at det ligg ein unik invitasjon til deg frå Tilla Valstad? Jamvel til fest og selskap i Tønsberg i andre halvdel av 1800-talet.

Skipsreiar Johan Henrik Christiansen, far til Tilla Valstad, var som nemnt ein stor skipsreiar og ein mektig forretningsmann i Tønsberg, med ei rekkje seglskuter i fart samstundes. I 1865 kjøpte han Nordbyen 2 (Hvistendahl-gården) på auksjon, som svigerfaren tidlegare hadde eigd. Nedanfor huset dreiv han eige verft frå 1867 til 1879 og her bygde han tre av seglskutene sine; barken Skjold (1869), barken Mathilde (1876) og skonnerten Activ (1879). Tilla har fortalt at ho – som då var 8 år gammal - og faren dagleg rusla hand i hand ned på Verven eller Tomta som det heitte då den siste seglskuta var under bygging. Men ”modellen” for skuta Teordora i romanen er barken Mathilde som fekk same namn som reiarens hustru og dotter (Mathilde Georgine). I romanen er også skuta oppkalla etter kone og dotter til reiaren (Teodora, Tea til dagleg). Bygginga, sjøsetjinga og den tilhøyrande feiringa får stor plass i romanen.

SJØSETJING OG CHAMPAGNE

I kapitlet ”Teodora går av stabelen” skildrar forfattaren først stemninga på ”Berg” i tida før sjøsetjinga som skal skje den 1. mai kl. 12.00. Det er hektisk aktivitet; vasking, baking og stelling. Like hektisk er det på verftet blant byggmeisteren, arbeidarane og hjelparane. Om morgonen på sjøsetjingsdagen er det flaggheising over heile byen, elevane får fri på skolen og folk strøymer til. Presis klokka 12 slår kyrkjeklokkene tre slag, nasjonalflagget og reiarflagget fer til værs, namnet på skuta blir avdekt og reiarens hustru renskar stemmen og slepper champagneflaska og døyper skuta til Teordora. Så tek skuta sjøen med eit kniksande, elegant plask. I det neste kapitlet - ”Skutelag på Verven” - får vi bli med på ein folkefest for arbeidarane og folk flest. Her er det trekkspel, synging, skråling og dans blant ungdommen, drikking og sjømannshistorier blant gubbane.

I det neste kapitlet - ”Skutelaget hos konsulen” - er scenen flytta til reiarens og konsulens storslagne stuer på Berg der byens prominensar har teke sete rundt damask, eksklusivt servise og høgstetta glas. Champagnen sprudlar, burgunderen roterer i munnen og steika duftar og smakar. Det blir skålt og talt for alt og alle, veldig høgstemt og til dels svært utflytande. De ”dannede” konverserer og koketterer, ungdommen tek seg ut i hagen og svingar seg i dansen.

SKUTA ER IKKJE BERRE EI SKUTE

Seglskuta Teodora skal i romanen utrykkja ein kulturhistorisk epoke som er før-moderne, klassedelt, patriarkalsk og konservativ. Gjennom skildringa av dei to skutelaga understrekar teksten skilnaden mellom skipsreiaren og arbeidaren, arbeidarkultur og borgarkultur. Forfattaren legg vekt på å ”rekonstruera” desse kulturane, teksten er derfor nærgåande, detaljert og sanseleg. Dette ser vi til dømes i samband med talespråket, arbeidarane snakkar tønsbergdialekt og rett frå levra, borgarane derimot snakka oppstyltra eller ”dannet” som dei sjølv meiner det er. Vi ser også at teksten er filtrert gjennom eit kvinneleg sanseapparat; her er ein god del om blomster, kjolar, situasjonar og relasjonar som kvinner ofte persiperer best.

Teksten er fri for tendens eller politisering. Forfattaren viser til dømes at det er eit nærast familiært forhold mellom skipsreiaren, byggmeisteren og arbeidarane på verven og skutene. Arbeidarane er skildra med varme og godhug, medan borgarskapet i skutelaget hos konsulen blir hardt ramma av satire. Ein gong synest det liksom å gå opp for forfattaren at ho skriv om skipsbygging i dei harde 1930-åra: ”Det var ingen diskusjon om sociale og politiske anskuelser, skjønt lønnsspørsmålet egnet seg nok til å bli tatt opp til behandling” . Og så kjem ei lita utgreiing om lønn og arbeidstilhøve.

LØGN OG FORBANNET DIKT?

Er Tønsberg-biletet i Tilla Valstads trilogi berre løgn og forbannet dikt? Finst det ingen samanheng mellom fiksjon og historie, mellom romantekst og historisk røyndom? Er byen berre kulissar? Lærer vi byhistorie berre ved å gå til Tønsbergs byhistorie? Ingenting ved å lesa Valstads romanar? Er faghistoria sann, medan fiksjonshistorie berre er imaginasjon? Desse spørsmåla grip rett i forholdet mellom fiksjonsprosa og sakprosa og i forholdet mellom språk og verkelegheit. Mitt svar er at både fiksjon og sakprosa kan uttrykkja historisk røyndom, men sjølvsagt aldri restlaust, og aldri sant eller objektivt. Sjangrane representerer derimot ulike tilnærmingsmåtar og forsøk på å gjengi historisk røyndom. Den mest fruktberande måten å lesa Tilla Valstads trilogi på i dag er etter mi meining å lesa den som ei Tønsbergs kulturhistorie i skjønnlitterær form. Forfattaren sit på eit ”dokument” som faghistorikaren i ettertid ikkje får tilgang til; personleg deltaking i mentalitetshistorie og sosiale og kulturelle rom. Les vi romanverket på bakgrunn av byhistorie, familiehistorie og sjølvbiografi ser vi at verket inneheld mykje historisk stoff. Og ikkje minst stoff som sakprosaen ikkje har evne til å fanga inn. Er du ennå sugen på feiande fest og stilig selskap? Tilla Valstads invitasjon står framleis ved lag!

MELLOM KIELLAND OG DUUN

Romanverket om Tønsberg er skriven både i ein realistisk og nyrealistisk tradisjon. Skildringa av overdådige selskap, høgtider og høgborgarleg miljø generelt fører tankane umiddelbart til Kielland og andre forfattarar frå ”gullalderen” eller det moderne gjennombrot (1875-90), som var den epoken og dei forfattarane som Tilla Valstad voks opp med. Også ideologisk finn vi her samsvar. Liberalisme ber det heile; individet står mot samfunnet og hovudfokuset er lagt på sjølvstendiggjering, utvikling og frigjering frå samfunnet. Det er denne utviklinga vi følgjer gjennom hovudpersonen Teas utvikling frå barn til ungdom, ho som gifter seg med sin lærar og ”bondetamp” mot foreldra sin vilje. Med ei spissformulering kan vi seia at Tilla Valstad er Vestfolds einaste forfattar som høyrer heime i ”gullalderen”, sjølv om ho var femti år for seint ute. Men likevel!

Gjennom interessa for det lokale, for det historiske og den breie episke forteljinga (tre band) med ein vrimmel av personar og hendingar knyter verket også an til nyrealismen. Og her er ho Tønsbergs einaste forfattar som er i takt med si litterære samtid. Men i motsetnad til Olav Duun er det ikkje Valstads mål å framstilla psykologisk innfløkte personar og universelle tema. Ho ville ”rekonstruera” ein kulturhistorisk epoke i eit enkelt språk og ei tradisjonell forteljing. Verket har sine klare veikskapar, ordrikdommen kunne vore innstramma og framstillinga meir finslipt, men teksten er likevel eit sprudlande og sjarmerande overflodshorn, noko som delvis kan tilskrivast at Tilla Valstad var språkleg radikal i si samtid, både når det gjaldt syntaks, ordtilfang og bøyingsformer, noko som gjer at teksten verkar frisk også i ettertid, vi slepp å blåsa bort fleire lag støv. Er du interessert, kan du lesa Valstads romanar ved å klikka deg inn på Vestfolds litteraturportal (Vestfoldportalen) på nettet.

Tilla Valstad vart populær og landskjend i 1930- og 40-åra. Dette blir understreka av ein antologi som Alfred Hauge redigerte i 1948 med tittelen Min mor og far. Kjente kvinner og menn forteller som sine foreldre. Her bidreg Tilla Valstad saman med ei rekkje forfattarar, stortingsmenn og skolefolk. Prinsesse Ragnhild, som snart også skulle bli fru Lorentzen, visste kva ho gjorde då ho i 1953 førte Tilla Valstad opp på gjestelista.

 

Grunnlaget for denne artikkelen er ein leksikonartikkel og tre mindre artiklar av underskrivne i Tønsbergs Blad 1.- 3.11.2004.

Litteratur:

E. N. Christiansen: En Tønsberg-slekt fra seilskutetiden. Oslo 1998.
K. Glette: Valstad, Tilla. Norsk Biografisk Leksikon, bd. 9. Oslo 2005. (u.t.)
A. Hauge: Min mor og far : Kjente kvinner og mennforteller om sine foreldre. Oslo 1948.
O.A. Johnsen: Tønsbergs historie. Oslo 1954.
I. Aastebøl: Tilla Valstad. Asker Museum 1995.

Artikkelforfatteren er førsteamanuensis ved Avdeling for lærarutdanning, Høgskolen i Vestfold.

 
Se også:

[ toppen av siden ]


  Sist oppdatert:   30. nov. 2004   nettbibl@hive.no