Sveinung Nordstoga:
Litteraturhistoria på ungdomssteget
- gammal tradisjon i ny innpakking?

Copyright © 2001 forfatteren /
Høgskolen i Vestfold

 

<< Forrige side - Forside - Innhold - Neste side >>

9. Oppsummering

Det som slår ein når ein ser desse tre verka i samanheng er kor forskjellig dei behandlar emnet litteraturhistorie. Frå saga til CD gjev ei svært framtung framstilling der ein bruker mykje plass og tid før ein kjem inn på det som emnet skal dreie seg om , det teksthistoriske. Alt det som omgir tekstane av historiske opplysningar tar overhand og gjer tekstens betydning mindre.

Pegasus har ei anna tilnærming til teksten ved at den er meir i sentrum, og diktarens grunnar til å skrive som han/ho gjer kjem ofte fram i forfattaromtalane.

Gjennom språket har ei spesiell framstiling ved at ein stor del av emnet blir plassert i ein rein leksikalsk del. I den fortløpande framstillinga brukar ein ved fleire høve ein innlevande stil der ein bruker fiksjonens verkemiddel, og der substansen blir vag og utydeleg.

Frå saga til CD er det verket som i minst grad greier å frigjera seg frå den tvangstrøya som vitskapsspråket representerer. Dei andre verka prøver meir medvite og meir vellykka å vende seg direkte til eleven.

Høgdepunktet både i Pegasus og Frå saga til CD er på mange vis tida rundt romantikken. Her har ein fyldige og gode framstillingar, og ein er tru mot planen og legg stor vekt på nasjonalromantikken som periode med tverrfagleg innfallsvinkel. Når Gjennom språket prioriterer frå norsk bokheim, vel ein også ut romantikken og nasjonalromantikken.

Periodiseringa er svært tradisjonell. Ein ser tydelegvis på periodisering som eit nødvendig grep slik at elevane skal få utbytte av framstillinga. Men det er ingen som i nemneverdig grad drøftar periodeinndeling som prinsipp.

Frå saga til CD sit mest fast i ein biografisk tradisjon. Pegasus frigjer seg bevisst frå denne, kan det sjå ut som. Gjennom språket er i liten grad biografisk, men heller ahistorisk skildrande og ved eit par høve teksthistorisk.

Både Frå saga til CD og Pegasus er heilskaplege framstillingar med ein relativ konsekvent litteraturhistoriografi, i motsetnad til Gjennom språket. Det som er felles for alle tre verka er prinsippet om å la dei skjønnlitterære døma vera integrerte i framstillinga av diktingas historie. Tekstutvalet er elles svært lite overraskande.

Ingen av norskverka greier å gje boksoga som skuledisiplin særleg ny kraft og legitimitet. Det er heller klare tendensar til at den lineære litteraturhistoria går i oppløysing, den blir integrert i andre tematiske samanhengar. Der ein prøver å gje ei heilskapleg framstilling, avslører ein veikskapar slik at dette svekkar legitimiteten. Dette er problemområde knytt til periodisering, utval innafor etterkrigslitteraturen, eit stivt vitskapsspråk osv. No er ein tilbake til David Perkins' boktittel Is Literary History Possible? . Svaret når det gjeld desse lærebøkene må langt på veg bli nei. Litteraturhistoria er ikkje " mogeleg" viss ein ser den tradisjonelle Frå saga til CD som ikkje greier å frigjera seg frå eit lite elevvennleg vitskapsspråk og som formidlar minimal ny innsikt på feltet, Gjennom språket som gjer litteraturhistorie til skildring, fiksjon, utan nye faglege poeng og Pegasus som tilfører noko nytt når det gjeld språk og tekstutval og er fagleg vinkla inn på teksten, men som sviktar på den nyaste litteraturen og er for uklar på den eldre.

Framstillingane som er undersøkte viser også tydeleg korleis lærebokteksten eksisterer i spenningsfeltet mellom plan og ein læreboktradisjon. Nye emne er planrelaterte, og sjølve framstillingsmåten prøver å nærme seg eleven medan fagdisiplinen litteraturhistorie er prega av eit fagleg etterslep frå tidlegare lærebøker om emnet. Det er kanskje den alvorlegaste innvendinga mot boksoga i desse verka: fråveret av ny fagleg innsikt.

Lesinga av dette tekstmaterialet viser også til fulle korleis ein læreboktekst om dette emnet er inneklemt mellom mange omsyn som vanskeleg let seg sameine: fagets behov, omsynet til eleven, omsynet til planen og omsyn til klårleik og relevans

- - - - - - - - - - - - - - -

Om nokre år kjem ein ny plan for grunnskulen. Då er kanskje litteraturhistoria gitt opp. Læreboka i det heile går ein uviss lagnad i møte. I staden klikkar eleven seg inn på nettet og finn dei opplysningane han/ho treng til sitt prosjekt - der og då. Den danningsskapande, lange og samanhengande lesinga - er den historie for elevane i morgon? Blir etterkvart skulen så instrumentell - med vekt på ikt - at tekstmaterialet for denne studien ikkje vil høve inn i framtidas utdanningssystem?

 

<< Forrige side - Forside - Innhold - Neste side >>

 

 

 
Sveinung Nordstoga:
Litteraturhistoria på ungdomssteget - gammal tradisjon i ny innpakking?
Copyright © 2001 forfatteren / Høgskolen i Vestfold
Konvertert og publisert på veven: 10.10.2001
HVE-Biblioteket