Sveinung Nordstoga:
Litteraturhistoria på ungdomssteget
- gammal tradisjon i ny innpakking?

Copyright © 2001 forfatteren /
Høgskolen i Vestfold

 

<< Forrige side - Forside - Innhold - Neste side >>

4. Litteraturhistoriografisk vurderingsgrunnlag

Halliday seier at tekstar i ein undervisningssamanheng er eit slags grenseland mellom kulturkontekst og situasjonskontekst. Ser me på lesing av og undervisning i litteraturhistorie som ein slik aktivitet, vil ikkje minst den kulturelle konteksten vera viktig. Meir enn nokon annan norskfagleg disiplin seier diktingas historie noko om vår sjølvforståing som kulturnasjon. Lærebokas litteraturhistorie reflekterer og avspeglar såleis kanskje meir den allmenne litteraturhistoria enn krava i L97.

Framstillinga i tekstmaterialet seier noko om norsk litterær kanoniseringstradisjon, uttrykt ved tekstutval og kvantitativ og kvalitativ forfattaromtale. Viktige problemområde er : Er den kanoniseringa me finn i norskverka i samsvar med ei allmenn tekst- og forfattarkanonisering? Dei tradisjonelle skjønnlitterære leseverka for skuleverket har gjerne innehalde nokre gjengangarar. Korleis står dei nye norskverka i forhold til denne tradisjonen? L97 kanoniserer eksplisitt nokre forfattarnamn. Korleis står norskverket i forhold til denne lista?

Som eg har nemnt tidlegare - det er mange måtar å skrive litteraturhistorie på. Det viktigaste spørsmålet i denne bolken er å finne ut kva for ei litteraturhistorie det er som blir formidla i desse nye norskverka. Dette spørsmålet er altfor stort til å kunna besvarast fullgodt. Likevel vil eg velje tre ulike innfallsvinklar for å kunne nærme meg eit svar.

Me har tidlegare vore inne på disiplinens sentrifugalkrefter. Ein kan trass dette tenke seg at framstillinga gjer eit forsøk på å framstille teksthistoriske linjer på ein konsekvent og heilskapleg måte. Det å påvise graden av teksthistorie blir den fyrste innfallsvinkelen.

For det andre - den biografiske tradisjonen kjem til uttrykk i dei mange forfattarbiografiane der ein ofte tek livet av gamle mytar - og kanskje skaper ny. I kor stor grad er norskverka personfokuserte i si framstilling og i kva grad blir det påpeika ein klar samanheng mellom liv og dikting?

Dette andre spørsmålet heng også saman med den tredje problemstillinga som ser på korleis dikting, som estetisk objekt, blir behandla. Ein måte å framstille dette på er å setje diktverket inn i ei allmennhistorisk ramme der denne ramma gjer greie for kausalitetssamband historie - tekst på positivistisk vis. Denne reduseringa av teksten frå estetisk objekt til historisk kjeldemateriale kan ein forvente å finne ut frå det faktum at dette presumptivt er ein seigliva tradisjon i norsk litteraturhistoriografi. Søkjer ein etter rasjonelle forklaringar i historia, forfattarens liv og trekk ved ein periode for å kunne seia noko om det litterære verket ? Finn ein eit slikt mekanisk kausalitetssamband uttrykt? Ein kan også tenke seg at det estetiske objektet lever sitt eige liv i framstillinga og står i eit dialektisk forhold til sine omgjevnader ( jf Handestens omgrep "troldspeil"). Periodenemningar er eit yndlingstema for litteraturhistoriografar. Forståinga for periodane endrar seg, sjølve periodeinndelinga blir diskutert, både på prinsipielt og spesielt grunnlag.
Periodenemningane og problematikken om dei vil bli vektlagt i mi framstilling.

Nokre av litteraturhistoriene for vidaregåande skule blei melde i laussalspressa, og i den samanhengen blei det gjort eit poeng av at den og den forfattaren var nemnt, eller ikkje nemnt. Denne diskusjonen kan sjølvsagt bli meiningslaus, det er gode grunnar til å nemne mange diktarnamn. I mine analyseobjekt vil eg sjå om det er noko ein kan merke seg når det gjeld omtalen av forfattarnamn, anten om det er eldre forfattarar som blir trekt fram i lyset eller nyare og mindre kjente.

<< Forrige side - Forside - Innhold - Neste side >>

 

 

 
Sveinung Nordstoga:
Litteraturhistoria på ungdomssteget - gammal tradisjon i ny innpakking?
Copyright © 2001 forfatteren / Høgskolen i Vestfold
Konvertert og publisert på veven: 10.10.2001
HVE-Biblioteket