Sveinung Nordstoga:
Litteraturhistoria på ungdomssteget
- gammal tradisjon i ny innpakking?

Copyright © 2001 forfatteren /
Høgskolen i Vestfold

 

<< Forrige side - Forside - Innhold - Neste side >>

1. Innleiing

Målet med dette arbeidet er å undersøke korleis ein framstiller litteraturhistoria i tre norskverk for ungdomssteget. Dei tre verka er valde ut nokså tilfeldig. Frå saga til CD er det som sel mest. Gjennom språket er utradisjonell med tanke på emneorganiseringa og Pegasus går for å vera vanskeleg.

Eg har valt tre sentrale innfallsvinklar. Den eine prøver å seia noko om sjølve språket og framstillinga ved at eg tek utgangspunkt i potensielle meiningsskapande og ikkje- meiningsskapande element i teksten, alt ut frå ei førestilling om ein modell-lesar - som sjølvsagt ikkje finst. Den andre problemstillinga er å undersøke kva for sjangerbruk ein finn i disiplinen. Den tredje innretninga er å undersøke kva for litteraturhistorie ein formidlar og kva for litteraturhistoriografisk metode ein bruker i så måte.

Sidan tekstmengda er forholdsvis stor i Frå saga til CD, noko mindre i Pegasus og mykje mindre i Gjennom språket, har omtalane av dei ulike verka blitt ulike i lengde.

Tekstmaterialet i studien er den fortløpande framstillinga i lærebøkenes litteraturhistoriedel. Tekstmaterielt som skal studerast er altså brødteksten, grunnteksten, medan alle dei andre teksttypane ein finn i ei moderne lærebok ( rammetekst, bilettekst, oppgåvetekst osv) er halde utafor.

Eit grunnleggande spørsmål blir: kva for litteraturhistorie er elevane tent med? korleis bør ei litteraturhistorie for ungdomsskuleelevar sjå ut? For å svare på dette må ein gå inn i klasserommet for å studere praksis. Min studie er teoretisk og må vurderast som det. Mi rolle blir å drøfte på eit teoretisk grunnlag, ikkje å undersøke praksis. Likevel vil mange av synspunkta ha stor relevans for praksis, meiner eg.

Bak mine vurderingar ligg det eit kvalitativt syn på litteraturhistorie. Eg meiner at litteraturhistoria må vera tekstnær, med eit klart historisk feste, den må ha ein neddempa biografi og den må sjå vidt og romsleg på periodiseringsspørsmålet. Samstundes bør ein bruke forteljinga for å skape interesse for stoffet og for å gje innsikt om emnet, men dette må balanserast opp mot bruk av tekstdøme og understreking av tekstanes historiske plassering.
Dette er også eit legitimitetsspørsmål. Korleis skal disiplinen kunna forsvare sin plass i ei tid der historias vindar bles sterkare enn nokon gong ? Korleis kjem disiplinen ut i så måte i desse norskverka?

Drøftingane mine er fagpersonens vurderingar. Innhald og utforming av tekstmaterialet blir gitt ei fagleg vurdering. Samstundes prøver eg å ta elevens perspektiv. Men denne innfallsvinkelen er bygd på mine vurderingar sidan dette er ein rein teoristudie.

Metoden som er brukt er i utgangspunktet lik for alle tre verk. Men sidan funna blei såpass forskjellige, har eg lagt vekt på ulike område når eg skal formidle resultata. Dette ser ein bl a i omtalen av Frå saga til CD som har eit kapittel om retoriske aspekt og går inn på kanoniseringsproblematikken. . I Pegasus er det andre område som er vel så interessante, bl a konkret fagleg vektlegging i dei ulike periodane. Gjennom språket er, på grunn av det avgrensa tekstmaterialet, meir tent med ein gjennomgang av kvart kapittel.

Dei same spørsmåla er altså stilte til heile tekstmaterialet, men svara har blitt utforma noko ulikt. Det må understrekast at ulikskapen gjeld primært den tredje delen av problemstillinga ( " kva slags litteraturhistorie som blir formidla ?") i samband med gjennomgåinga av Frå saga til CD og Pegasus.

Ein kan stille seg spørsmålet om ikkje problemstillingane femner for vidt . Det må understrekast at mange av dei delområda som er undersøkte heng nøye saman. Det er min tanke å ha ulike inngangar til teksten som, trass i ulikt startpunkt, kan føre fram til innsikter om teksten og formidlinga av den. Det er også eit mål for denne undersøkinga å vise fram korleis ulike startpunkt kan føre fram til dei same tekstområda. Blant anna vil alle tre hovudinnfallsvinklane føre oss fram til forteljinga.

<< Forrige side - Forside - Innhold - Neste side >>

 

 

 
Sveinung Nordstoga:
Litteraturhistoria på ungdomssteget - gammal tradisjon i ny innpakking?
Copyright © 2001 forfatteren / Høgskolen i Vestfold
Konvertert og publisert på veven: 10.10.2001
HVE-Biblioteket