Avdeling for lærerutdanning 
 
Fokus på pedagogiske tekster 3
Fem artikler om vurdering av lærebøker
Copyright © 2001 forfatterne /
Høgskolen i Vestfold

 

<< Forrige side - Forside - Innhold - Neste side >>

Elevens litteraturhistorie anno 1997
Litteraturhistoriografien i tre norskverk for ungdomssteget

Av Sveinung Nordstoga


Innhold:

I samband med innføringa av ny læreplan for grunnskulen gav fleire forlag ut nye norskverk for ungdomssteget. Eit fellestrekk ved mange av desse er at dei legg forholdsvis mykje vekt på litteraturhistorie, og ein har med mange eldre ,ofte klassiske og kanoniserte, skjønnlitterære tekstar. På dette viset tek ein intensjonane i L97 om meir vekt på klassikarane på alvor. Mitt utgangspunkt for denne artikkelen er å undersøke kva for litteraturhistorie desse nye verka formidlar. Presenter ein ei ny litteraturhistorie, heng ein fast i den gamle eller er ein ein plass midt mellom? Eller sagt på ein annan måte : i kor stor grad har den historiseringa som har skjedd innafor litteraturvitskapen dei siste tiåra nedfelt seg i nye lærebøker på området? I kva grad er t d resepsjonshistoriske synspunkt til stades i framstillinga? For å belyse denne problemstillinga har eg valt ut dei tre verka "Frå saga til CD", "Pegasus" og "Gjennom språket" - tre verk som er valde ut tilfeldig, men som, skal det vise seg, er mest ulike. Denne artikkelen er ein del av eit større prosjekt der eg har sett på fleire aspekt ved framstillinga av litteraturhistoria i desse tre verka, blant anna språkfunksjonelle og retoriske aspekt.

[ Innhold - Toppen av siden ]

Ein umogeleg sjanger?
Det aspektet eg skal sjå på i den vidare framstillinga, er den litteraturhistoriografien som desse verka bygger på. Litteraturhistoriografi kan forståast som den tradisjonen som litteraturhistorieskrivinga utgjer, og dei faglege tilnærmingsmåtane ein bruker for å kunne skrive diktingas historie. Desse metodane gjev seg utslag på mange vis, f eks kor mykje ein legg vekt på sjølve teksthistoria, korleis ein periodiserer, kor mykje ein legg vekt på sambandet liv - dikting , korleis ein legg vekt på det biografiske stoffet - for å nemne nokre innfallsvinklar.

Før eg går over på sjølve den litteraturhistoriografiske vurderinga krev det kompliserte emnet litteraturhistorie ei problematisering. Litteraturhistoria er problematisk sidan den ofte handlar om alt anna enn det den skulle handle om, nemleg litteraturen. Det heftar mykje ved disiplinen. Den amerikanske litteraturforskaren David Perkins stiller spørsmålet "Is Literary History Possible?". Og dei to danske litteraturforskarane og - didaktikarane Torben Weinreich og Lars Handesten har skrive ei bok om litteraturhistoria og eldre tekstars plass i dansk skule med tittelen Litteraturens byrde: litteraturhistorie og ældre tekster i folkeskolen i teori og praksis ( 1997). Då Willy Dahl hadde skrive bind 6 i Cappelens litteraturhistorie Noregs litteraturhistorie i 1974, skreiv han artikkelen " Jeg skal aldri gjøre det mer. Omkring det å skrive sin samtids litteraturhistorie" i Norsk Litterær Årbok (Dahl 1974).

Det er noko med litteraturhistoria, noko som valdar problem. Det første spørsmålet - og viktigaste spørsmålet - er av heilt grunnleggande karakter: Er det i det heile tatt mogeleg å skrive litteraturens historie? Sett på spissen er svaret sjølvsagt nei av to banale grunnar: for det første kan ein ikkje få med alt som er skrive, og for det andre er det uråd å rekonstruere fortida og seia at slik var det. Litteraturhistoria blir seleksjon og fortolking av fortida , skrive i ein sjanger som minner mykje om fiksjonssjangrar, f eks romanen. ( jf Rakel Granaas og Lars Sætre 1982 "Litteraturhistorien som roman") Sigurd Aa. Aarnes skriv om korleis ny innsikt om litteraturhistorieskriving har ført til at " En "uskyld" er tapt. Den selvfølgelige referensielle korrespondanse mellom begrep og "virkelighet" er ikke lenger så selvfølgelig. Vi kan ikke lenger naivt sette likhetstegn mellom våre begreper om fortiden og fortiden selv". ( Aarnes , 1986)

Når ein sit med eldre tekstar og skal prøve å gje ei framstilling av historia til desse, er det mange sentrifugale krefter som trekker merksemda bort frå teksten og mot alt som kan ha ein meir eller mindre fast eller laus samanheng med utgangspunktet: teksten. Her kan ein nemne viktige moment som tilblivinga av teksten i ein historisk kontekst, forfattarens biografi og teksten, og lesinga av teksten. Dette utgjer eit så stort og vanskeleg problemområde at litteraturhistoria som vitskap må nærmast pr definisjon bli, i beste fall, svært upresis. For å synleggjera dette enda meir: Det er uråd å rekonstruera tankeverda til ein forfattar i ein skriveprosess og seia at visse biografiske forhold verka inn på diktinga, akkurat som det er uråd å hevde at det alltid vil vera eit kausalsamband mellom samtid og tekst. Og resepsjonen av litteraturen er eigentleg like mangfaldig som talet på lesar (- og korleis skal ein måle det?). Det som gjer litteraturhistoria enda meir problematisk, kan summerast opp i tre forhold: det nasjonale identitetsprosjektet knytt til ein nasjon, f eks Noreg, narrasjon som litteraturhistoriografisk metode og danningsaspekt som litteraturhistoriografisk motivasjon. Dette er overordna målsetjingar ved ei litteraturhistorisk framstilling som gjer det vitskaplege og tekst-historiske vanskeleg.

Ser ein på den norske litteraturhistorieskrivinga, har nasjonsbygginga hatt ein viktig plass.Det nasjonale identitetsprosjektet gjorde teksthistoria underordna soga om framveksten av Noreg som nasjon i dei fyrste litteraturhistoriene våre. Det nasjonale blei kopla saman med eit syn på det realistiske som norm på god litteratur, med gullalderen og Brandes-inspirert fiksjon som eit høgdepunkt, samstundes som ein brukte positivistiske metodar for å forklare tilblivinga til litteraturen. Sigurd Aa. Aarnes skriv om dette: " Ingen annen retning har preget norsk litteraturhistorieskrivning så gjennomgripende som "den positivistiske historisme" (Aarnes 1986:10). Dei nyaste framstillingane ønskjer også å vise fram ein nasjonal identitet, no med ein annan motivasjon bak, nemleg behovet for felles nasjonal identitet i eit mobilt, fleirkulturelt samfunn.

Behovet for å skrive mytisk og biografisk om kjente diktarar og det å la nasjonsbygginga bli uttrykt i ei forteljing med oppturar og nedturar - gullalder og mørk dansketid - skaper ei narrativ framtilling der også teksthistoria blir nærmast usynleg.

Danningsaspektet blir uttrykt gjennom motivasjon for å skrive ei litteraturhistorie som bl a blir bruka i skuleverket der litteraturhistoria er meint å fungere dannande og utdannande. Har ein danningsaspektet in mente når ein skriv, vel ein f eks ut forfattarskap som er kulturhistorisk viktige, og dermed kan danningsmotivet overstyre dei reint vitskaplege aspekta, som for eksempel å trekke fram ukjente forfattarar som med urette er gløymde eller ignorerte.

Utval er eit anna viktig problemområde innanfor litteraturhistoriografien. Kva skal ein velje ut, og kva skal ein velje bort? Kva for område av litteraturhistoria skal gjerast til gjenstand for analyse? Ein kan tenke seg ulike kriterium for denne utveljinga, t d sjanger, periode, geografi, tematikk, utbreiing osv. David Perkins understrekar behovet for utveljing: " The multiplicity of objects must be converted into fewer, more manageable units, which then can be characterized, compared, interrelated and ordered" ( Perkins 1992:61).

Det som likevel valdar flest vitskaplege problem for litteraturhistoriografien, er det faktum at tekstane, dei skjønnlitterære tekstane, er estetiske objekt. Dei er litterære tekstar som blir tolka, som må tolkast og som fører med seg ulike lesingar - ulike tekstforståingar som truleg vil vera enda meir forskjellige enn tilfellet er for sakprosatekstar. Tilbake står ein då med spørsmålet: korleis skal ein gje ei litteratur- ( teksthistorisk ) framstilling der analyseobjekta i seg sjølv blir oppfatta så ulikt frå lesar til lesar, frå miljø til miljø?

Litteraturhistorie dreiar seg også om historie og historiesyn. Dette er ikkje minst aktuelt når ein ser på eitt av dei tre norskverka som er i sentrum for denne framstillinga, nemleg Frå Saga til CD som integrerer medvite mykje generell historie i litteraturhistoria. Kva for historiesyn kan ein tenke seg?

Ein vanleg seiemåte er at ein kan lære av historia. Det historiske medvitet er altså viktig for å sjå sambandslinjer mellom notid og fortid og for å skjønne at ein kan lære av tidlegare feil. I dette medvitet ligg det også eit framtidsperspektiv tufta på notid og fortid. Ein annan vanleg måte å tenke om historie på er at kjennskap til fortida gjev oss sterkare røter og styrker vår kjensle av fellesskap og identitet.

Begge desse tankemåtane bygger på kronologi. Det gjer ikkje Michel Foucault når han snakkar om historias diskontinuitet. Foucault meiner at historia kan forståast i kvalitative sprang der ein hoppar frå periode til periode, frå tankesystem til tankesystem, utan den tradisjonelle kronologiske utviklingslinja ( Weinreich og Handesten 1997:115 - 116).

Historiesynet i litteraturhistoriene, spesielt dei som blir nytta i skulen, kan knytast spesielt opp mot to av dei sistnemnde syna. Det er ingen tvil om at intensjonen bak ei litteraturhistorie for ungdomssteget er å styrke den nasjonale, kollektive identitetskjensla. Dette er skulens føremål med sjangeren og forfattaranes siktemål.

Ser ein på praksis, korleis litteraturhistoriene er strukturerte, er periodeinndelinga framleis, og i pakt med god tradisjon, rigid og firkanta. Ein kan mest få kjensla av at historias gang går i hopp, ein hoppar frå tuva nasjonalromantikk til tuva realisme, så over til nyromantikken, så til ny-realismen. Framstillinga minner om Foucaults kvalitative historiske sprang.

Det fyrstnemnde historiesynet er kanskje det vanskelegaste å realisere i litteraturhistorisk framstilling, eller i tilsvarande samanhengar. Ein velmeinande kulturjournalist i NRK spurte ein kvinneleg teaterregissør som skulle ha premiere med ein gresk tragedie om det gamle greske teater var "den tids såpeopera". Eit norskverk antydar at Wergeland var den tids blitzar eller Bellona-medlem. Dette er eit ønske om å trekke trådar mellom notid og fortid, men samstundes er det eit umogeleg spørsmål å svara på sidan dei historiske kontekstane er så ulike. Å projisere enkeltfenomen i fortida over på notida er krevjande viss det skal vera meiningsfylt. Her kan ein lett gripe til lettvinte, men pedagogisk salbare, uttrykk.

Det som står fast er eit forholdsvis intrikat vekselspel mellom historie og litteratur, og dette skal eg eksemplifisere ved å bruke Ibsens Et dukkehjem som døme på korleis tekst og historie kan gripe inn i kvarandre. I ei historisk framstilling av kvinners situasjon på 1800-talet kan ein bruke verket som ein del av eit historisk forløp. Men ein kan også ha verket som utgangspunkt og dermed få innsikt om kvinnas historiske situasjon. Med andre ord: ein ser på verket som sosialhistorisk dokumentasjon. Ein trekker historiske fakta ut av teksten. Ein kan også ta med seg historiske kjensgjerningar inn i teksten ved at ein tolkar teksten basert mykje på den tids historiske forhold. Nora og Torvald blir forstått som litterære skapnader ut frå våre historiske kunnskapar om tida. Endeleg - ein kan framheve dei immanente litterære strukturane som ligg i verket og seia at desse er historisk betinga.

Lars Handesten uttrykker dette firledda resonnementet i desse poengterte og meiningstunge setningane: ein kan lesa litteraturen inn i historia, ein kan lesa historia ut av litteraturen, ein kan lesa historia inn i litteraturen og ein kan lesa litteraturen ut av historia ( Weinreich og Handesten 1997:119).

Går me no tilbake til emnets kjerne, nemleg teksten, kan denne ha ulik funksjon i ei litteraturhistorisk framstilling. Lars Handesten nemner desse innfallsvinklane i Litteraturens byrde. Ein kan ha eit syn på forholdet verd - tekst som byggjer på gjenkjenning, mimesis, der ein ser på teksten som noko som refererer til eit saksforhold, som noko som viser til den reelle verda. Men dette synet må nyanserast i følgje Handesten ved at ein ser på teksten som eit "troldspejl" som tolkar verda, ikkje avspeglar den, ein trollspegel som både kan idealisere og kritisere.

Ein kan også betrakte eit verk som ein autonom struktur, eit lukka tekstlandskap i forhold til litteraturhistoria, men eit tekstlandskap som opnar seg innover. Denne teksthaldninga fører i sin yttarste konsekvens til at teksten blir ahistorisk, sidan all kontekstualisering av teksten vil relativisere den litterære eigenarten.

Det tredje poenget til Handesten i denne samanhengen er den post-moderne og dekonstruksjonistiske synsmåten som ser på teksten som så mangetydig at den umogeleg kan plasserast i ein litteraturhistorisk samanheng. Ein konsekvens av dette kan vera eit intertekstuelt tekstomgrep der ein opnar tekstobjektet mot andre tekstar og ser korleis dei påverkar kvarandre. No nærmar me oss ein resepsjonsestetisk innfallsvinkel som ikkje vil vera interessant i ein tradisjonell litteraturhistorisk kronologi.

Er det så inga framtid for litteraturhistoria? Er grunnlagsproblema så store at det er umogeleg å dyrke sjangeren? David Perkins skil mellom den narrative og encyklopediske litteraturhistoria i si bok Is Literary History Possible? (1992). Den narrative boksoga er den tradisjonelle som me alle kjenner. Den kronologi-baserte forteljinga er det overordna disposisjonsprinsippet. Men i den siste tida har det også kome ut litteraturhistoriske framstillingar som følgjer eit anna prinsipp. Her bryt ein opp den indre kronologien og i staden samlar ein artiklar/ essay om beslekta emne (f eks om ulike forfattarskap innanfor ein periode, om ulike kvinnelege forfattarar, om ein spesiell sjanger osv). Samanhengen mellom artiklane er lausare, ein gjev opp det overordna kronologiske prinsippet og ein inviterer dermed lesaren til i større grad å danne seg sine eigne samanhengar. Samstundes får ein høve til å gå i djupna. Denne forma for boksoge kallar altså Perkins for den encyklopediske litteraturhistoria, og denne typen framstilling har han betydeleg sans for. I dei siste 20 åra har det blitt gjeve ut fleire slike litteraturhistorier i Norge. Kanskje den viktigaste er Norsk kvinne-litteraturhistorie 1- 3 (1988- 90). Eit par andre kan også nemnast: Essayet i Norge. Fjorten riss av ein tradisjon 1982) og Forfatternes litteraturhistorie (1981). Kanskje også læreboktekstane nærmar seg eit slikt prinsipp?

Etter desse refleksjonane over sjangeren litteraturhistorie på eit allment plan, nærmar me oss no problemstillingar knytt til det som denne artikkelen skal dreie seg om, nemleg formidling av litteraturhistorie i ein undervisningssamanheng. Igjen vil eg referere synspunkt frå den viktige boka Litteraturens byrde der Lars Handesten gjer det til eit stort poeng at disiplinen litteraturhistorie i liten grad har dreia seg om tekstanes/ litteraturens historie. Derimot har det vore ein sterk tradisjon for å bruke skjønnlitterære tekstar for å belyse eit historisk forhold,
f. eks. ein sosialhistorisk røyndom. Utgangspunkt er dansk skule og praksisen der, og Handesten refererer viktige synspunkt frå danskfagets historie, der ein spesielt på 70-talet tala sterkt for at litteraturen og historia til denne skulle fungere som eksempelmateriale for overordna tematiske overbygningar. For å bruke Handestens uttrykk: ein har undervist med litteratur, ikkje i litteratur. Fyrst på 90-talet har ein nådd fram til eit grunnleggande syn på skjønnlitteratur som eit estetisk objekt. Dette er iallfall nedfelt i læreplanar og uttaler frå Dansklærerforeningen. Noko anna er praksis. Handesten meir enn antydar at lærarane i dansk verkar rådlause overfor denne haldningsendringa, ja kanskje ikkje lærarane har den nødvendige kompetansen for å kunne ta innover seg denne endringa og til å omsetje dette i vellykka pedagogisk praksis Dette grunngjev han bl a ut frå resultatet av ei spørjeskjemaundersøking. Enda meir problematisk blir dette når den nye interessa for litteraturen som estetisk objekt fell saman med den nye interessa for eldre litteratur som også blir nedfelt i danske læreplanar på byrjinga på 90-talet.

Som me ser av desse synspunkta - dei same problemstillinga gjeld også for norsk skulerøyndom. Spørsmålet om ein underviser i eller med litteratur er i høgste grad eit betimeleg spørsmål å stille, spesielt når det gjeld den eldre litteraturen og litteraturhistoria. Eitt av paradoksa i L97 er understrekinga av arbeidsmåtar som tek utgangspunkt i at litteraturen er eit estetisk objekt og på den andre sida understrekinga av tema- og prosjektbaserte arbeidsmåtar der ein lett kan tenke seg at det spesifikt litterære må underordne seg allmenne tematiske forhold, og der merksemda om dei estetiske kvalitetane ved verket forsvinn undervegs i arbeidsprosessen som ein fokuserer så sterkt på.

[ Innhold - Toppen av siden ]

Litteraturhistorie - litteraturens historie ?
Den engelsk/austalske lingvisten M. A. Halliday seier at tekstar i ein undervisningssamanheng er i eit slags grenseland mellom det han kallar for ein kulturkontekst og ein situasjonskontekst (Berge m.fl. 1998). Ser me på lesing av og undervisning i litteraturhistorie som ein slik aktivitet, vil ikkje minst den kulturelle konteksten vera viktig. Meir enn nokon annan disiplin seier diktingas historie noko om vår sjølvforståing som kulturnasjon. Lærebokas litteraturhistorie reflekterer og avspeglar såleis kanskje meir den allmenne litteraturhistoria enn krava i L97.

Som me har nemnt tidlegare - det er mange måtar å skrive litteraturhistorie på. Det viktigaste spørsmålet i denne bolken er å finne ut kva for ei litteraturhistorie det er som blir formidla i dei nye norskverka. Dette spørsmålet er altfor stort til å kunna besvarast fullgodt. Likevel vil eg velje fire ulike innfallsvinklar for å kunne nærme meg eit svar.

Me har tidlegare vore inne på disiplinens sentrifugalkrefter. Ein kan trass dette tenke seg at framstillinga gjer eit forsøk på å framstille teksthistoriske linjer på ein konsekvent og heilskapleg måte. Det å påvise graden av teksthistorie blir den fyrste innfallsvinkelen.

For det andre, den biografiske tradisjonen kjem til uttrykk i dei mange forfattarbiografiane der ein ofte tek livet av gamle mytar - og kanskje skaper nye. I kor stor grad er norskverka personfokuserte i si framstilling, og i kva grad blir det påpeika ein klar samanheng mellom liv og dikting? Dette er det andre spørsmålet eg vil drøfte.

Dette spørsmålet heng også saman med den tredje problemstillinga som ser på korleis dikting, som estetisk objekt, blir behandla. Ein måte å framstille dette på er å setje diktverket inn i ei allmennhistorisk ramme der denne ramma gjer greie for kausalitetssamband historie - tekst på positivistisk vis. Denne reduseringa av teksten frå estetisk objekt til historisk kjeldemateriale kan ein forvente å finne ut frå det faktum at dette presumptivt er ein seigliva tradisjon i norsk litteraturhistoriografi. Søkjer ein etter rasjonelle forklaringar i historia, forfattarens liv og trekk ved ein periode for å kunne seia noko om det litterære verket? Finn ein eit slikt mekanisk kausalitetssamband uttrykt? Ein kan også tenke seg at det estetiske objektet lever sitt eige liv i framstillinga og står i eit dialektisk forhold til sine omgjevnader ( jf Handestens omgrep "troldspejl").

Medan dei tre problemstillingane som er nemnde ovanfor har å gjera med korleis teksten blir behandla og vurdert av litteraturhistorikarar, har periodisering å gjera med korleis tekstmaterialet og stoffet blir organisert i ei framstilling. Å påvise og å problematisere periodiseringa vil utgjera den fjerde innfallsvinkelen i denne framstillinga.

[ Innhold - Toppen av siden ]

Nytt verk - gammalt innhald: "Frå Saga til CD"
Kva slags litteraturhistoriografisk metode brukar Frå saga til CD? Tre nøkkelord kan brukast for å gje eit svar på dette spørsmålet: mimetisk, biografisk og positivistisk. Dei litterære verka blir omtalt fordi dei etterliknar ein historisk og sosial røyndom som lesaren får presentert på førehand. Den sosiale røyndomen er konfliktfylt, og dette tar forfattaren opp i sine bøker. Brandes-tradisjonen gjennomsyrar framstillinga. Det biografiske kjem ofte til uttrykk ved at ein hevdar at forfattaren skriv om sin eigen oppvekst eller sitt eige liv i ei meir eller mindre fordekt form. Behovet for å forklare teksten ved hjelp av utanomtekstlege forhold er framtredande. Den positivistiske, mimetiske og biografiske metoden gjer at litteraturen som estetisk objekt kjem i bakgrunnen. Eg skal i det følgjande grunngje dette med fleire døme.

Frå saga til CD skriv at Amalie Skram skreiv den fyrste romanen sin, Constance Ring (1885), på bakgrunn av sine eigne menneskelege erfaringar,
" [...] der stoffet i hovudsak er henta frå det første ekteskapet hennar". Deretter står det at romanen handlar om eit ekteskap, med ei ulukkeleg kvinne og ein utru og " lausaktig" mann. Samtidig blir det understreka at romanen utfordrar oppfatningar på den tida om kvinner og seksualitet. Men ingen ting blir nemnt om kva det var ved skrivemåten til Skram som gjev ho ein velfortent plass i norsk diktings historie.

Ein premiss ligg her om at Amalie Skram skreiv slik "det eigentleg var". Fred av Arne Garborg blir også omtalt etter same prinsippet. Ikkje minst er det biografiske framtredande: "Han var mykje oppteken av livsangsten og det tragiske dødsfallet til faren. Dette er bakgrunnen for romanen Fred (1892), som vart første steget ut av vonløysa som seig innover han" (SC 10a:202). Deretter gjev ein ein kort parafrase over romanen der parallellen Enok Haave og Eivind Garborg er tydeleg. Riktig nok står det litt om skrivemåte, men det avgrensar seg til " med humor", og at det over eit par bipersonar lever ei " lys og frisk ånd".

Den mimetiske Brandes-tradisjonen er openberr når ein skriv om Jens Bjørneboe. Ein skriv fyrst at det ikkje tok lang tid for opprøraren i han kom fram. Deretter følgjer eit tekstutdrag som fortel om korleis den unge diktaren opplevde skulesystemet. Så går ein over til å gje eit langt innhaldsreferat av Jonas ( 1955). Kopling mellom Jonas og eigne erfaringar ligg klart oppe i dagen. Men ein seier ingen ting om Jonas som litterær tekst.

Eit grep ein gjer når det gjeld den aller nyaste litteraturen , er å seia at no kjem
"oppvekstromanar i skotet". I staden for å gå inn på sjangermessige nyovringar i norsk romanskriving, som t. d. meta-romanen og den sjangerblanda romanen, let ein altså den biografiske og mimetiske romanen dominere omtalen av litteraturen frå 1980- og 90-talet. Frå saga til CD skriv om denne romantypen: "Handlinga er ofte lagt til ein by eller bygd på 1950-, 1960- , 1970-åra, og hovudpersonen er gjerne fødd i same året og på same staden som forfattaren sjølv. På den måten verkar forteljingane sanne og truverdige" ( mi utheving)
( SC 10a:304).

Tora-trilogien blir tildelt eit langt innhaldsreferat, og Tove Nilsen slår i gjennom som forfattar med oppvekstromanen Skyskraperengler (1982), ei bok som bygger på minne " forfattaren har frå oppveksten på Bøler". I eit fyldig innhaldsreferat over Bøler-trilogien, finst det ei linje om skrivemåte.

Går me tilbake til gullalderforfattarane, ser me den same litteraturhistoriografiske vinklinga. I Kiellands roman Garman & Worse ( 1880) er det det "gamle kiellandske handelshuset som står i sentrum". Ein tek også med eit sitat frå Kielland sjølv for å legitimere den biografisk-historiske vinklinga:" " Kielland & Søn", omdiktet og forvrengt efter beste evne". (SC 9a: 130).

Jonas Lies fyrste roman, Den Fremsynte ( 1870), blir framstilt som ei forteljing frå Lies barndomsår i Tromsø. Ein trekker dessutan ein parallell mellom Amtmannens Døtre (1854-55) og Familien paa Gilje ( 1883). Begge set fokus på kvinneundertrykking og tvangsekteskap. Her ser ein tydeleg Brandes-perspektivet på romanane - dei store skilnadene på desse bøkene som estetiske uttrykk skriv ein ikkje noko om. Bjørnson skriv Synnøve Solbakken (1857) fordi han i København møtte eit ungt forfattarmiljø og las mykje internasjonal litteratur slik at " dei mange nye inntrykka hjelpte han til å tolke betre sine eigne kjensler og haldningar". Den biografiske koplinga mellom romanen Sult (1890) og Hamsuns eige liv er også heilt openberr. Frå saga til CD skriv at Hamsun gjekk frå avis til avis for å få publisert tekstane sine. Han hadde også kjent kva svolt var for noko. Ein avsluttar avsnittet med å seia at " no ville han skrive om opplevingane sine".

Ut frå desse døma er det grunn til å hevde at litteraturen etter 1850 for ein stor del blir sett inn i det biografiske-mimetiske perspektivet der ein mest totalt ignorerer teksten som estetisk objekt.

Det er også interessant å sjå at for diktarar innafor romantikken, blir dei vist meir rettferd på det viset at her går ein inn på skrivemåte og deira eigen poetikk. Både Welhavens harmonisyn og tankar om det "uutsigelige", og Vinjes tankar om tvisynet og folkeopplysning får omtale, medan ein ikkje skriv noko om f eks Kiellands særpreg som diktar. Refleksjonane over diktaranes eigen litterære praksis, anten uttrykt gjennom lærebokforfattaren eller diktaren sjølv, er sterkare uttrykt i tida før 1850 enn seinare. Her set ein fokus på litteratur som estetikk og ikkje berre som noko mimetisk.

Konklusjonen på dette punktet må bli at teksthistoria stoppar opp når romantikken tar slutt. Alle diktarar seinare ser ut til å etterlikna ein røyndom som forfattaren har opplevd. Ei alvorleg innvending er at ein ikkje seier kva ein fiktiv tekst er . Ein skriv om litteratur som noko som gjengir røyndommen, ikkje som utvidar vår forståing av den.

Kausalitetssambandet levd liv - dikting er i høgste grad framtredande og gjer framstillinga biografisk-positivistisk. På det viser er litteraturhistoria i Frå saga til CD mykje i slekt med Henrik Jægers vel 100 år gamle biografiske positivisme, medan nyare litteraturhistoriske arbeid der ein er opptatt av teksthistoria ( Willy Dahls Noregs litteratur ( 1981 - 89) og Fidjestøl m fl Norsk litteratur i tusen år. Teksthistoriske linjer ( 1994, 1996) ) ikkje har påverka lærebokforfattarane i det heile - kan det sjå ut til.

Kvifor er ein så lite teksthistorisk i orientert? Teksthistorie er vanskeleg å skrive om. Ein må i så fall ha eit omgrepsapparat som kan beskrive endringane. Fagtermar som kan karakterisere dei litterære endringane manglar, for ein stor del i Frå saga til CD. Dessutan skaper ei konsekvent teksthistorisk vinkling problem med tanke på å disponere stoffet på ein oversynleg måte for elevane. Det er også eit banalt faktum at det er lettare å skrive om personar enn om tekst. Derfor vel ein truleg den biografiske vinklinga på emnet. L97 dreiar også merksemda i disiplinen noko i biografisk retning ( [...] lese om livet deira" (L97: 129).

Korleis er så den biografiske framstillinga viss ein ser denne i eit mytedanningsperspektiv? Hovudinntrykket er at den er nøktern, den er i liten grad mytedannande, den er relevant i forhold til forfattarens dikting og - ikkje minst - den er forholdsvis innhaldsrik. Av og til finn ein fragment av overleverte perifere biografiske enkeltopplysningar, men dette pregar ikkje framstillinga. Alt i alt vil den gode lesaren finne mykje stoff om kulturarven, eksemplifisert gjennom diktarane våre.

Periodeinndelinga er svært fasttømra og rigid, og til dels passé dersom ein ser på nye faglege innsikter på feltet. Spesielt gjeld kanskje dette nyromantikken, som periode som verkar avgrensande på mogelegheitene for å forstå kompleksiteten i skriftlivet på 1890-talet. Innfallsvinklar ein utelet er dekadansemotivet, landsmålslitteraturen, moderniteten i Hamsun -diktinga og vidareføring av den realistiske tradisjonen. Populærlitteraturen blir heller ikkje vektlagt. Periodeomtalen i Frå saga til CD ser på Hamsuns dikting med vekt på " den gåtefulle kvinna" og naturskildringa, Kinck skriv om innestengde kjensler og Obstfelder-framstillinga er ei einaste lang lidingssoge. Men ein modererer periodeinnhaldet noko ved å skrive eit kort avsnitt med tittelen "1890-åra - ikkje berre nyromantikk".

På 1900-talet kan periodenemninga bli problematisk og irrelevant. Dette har Frå saga til CD tatt konsekvensen av ved at ein tonar ned den kronologisk siste aktuelle nemninga, nyrealismen. Dei kjente periodane på 1800-talet er presenterte som titlar på omfattande kapittel. Når det gjeld førre hundreår, vel ein overskrifter som "Moderne tider", "Krig og etterkrigstid" , "Velstand og opprør" osv. Nyrealismen finn ein som eit underkapittel.

Det er grunn til å hevde at ein betaler ein høg fagleg pris for denne overdrivne og rigide periodiseringa. Behovet for å forenkle, plassere stoffet i båsar og setje merkelappar på litteraturen er så sterkt at ein samtidig gjev avkall på faglege innsikter. Dessutan fører forenklinga til ein språkbruk som i beste fall er meiningslaus, i verste fall tilslørande og feilaktig. Eit godt døme finn ein når nyrealismen blir sett opp mot realismen: "Medan realistane og naturalistane i 1870- og 1880-åra var mest interessert i individet og fridomen til individet, er nyrealistane meir opptatt av einskildmennesket sitt forhold til familie, slekt og samfunn. " ( SC 10a:62). Denne utsegna er så generell at den blir feil. Duun var altså ikkje interessert i fridommen til enkeltindividet, medan Ibsen ikkje var opptatt av individets forhold til samfunnet ! Den siterte utsegna blir riktig nok moderert ved at ein prøver å forklare nærmare kva nyrealisme er. Men særleg klargjerande er ikkje dette med tanke på den generelle periodedefinisjonen. Ein set opp ulike kriterium på nyrealisme. Desse diktarane vil bevare dei gamle verdiane. Dei vil vise at menneska har sine naturlege røter i det miljøet ein veks opp, på bygda eller i arbeidarstroka. Nyrealistane skriv om kvardagen til vanlege folk, dei skriv romanseriar om slekt, familie og samfunn. Berre det siste kriteriet gjev meining som eit samlande periodekriterium. Undset var verdi-konservativ, men Duun er for eksistensiell i sin tematikk til å vera verdikonservativ. Falkberget og Braaten skildrar det kollektive samhaldet som ein verdi, men som ein verdi som gjev håp om endring!

Kriteriet om naturlege røter er så banalt at det behøver ingen kommentar ut over det at alle har sine naturlege røter der ein veks opp. Poenget med at ein skriv om vanlege folk, er også framheva. Men det har ein jo gjort før i boksoga! Og når ein først synest at dette er viktig - kvifor er ikkje Kristofer Uppdal nemnt med eit ord? Kristin Lavransdatter høyrde vel heller ikkje til blant "vanlege folk" i si tid. Tilbake står det einaste kriteriet som er liv laga om nyrealismen som periode: dette er tida for dei lange romanseriane.

Kapitlet " På tampen av eit tusenår", som omhandlar litteraturen frå 1980 og framover, reiser også ein del problem. Ein vel å bruke mange sider på å seia noko om denne perioden, og ein legg vekt på tre retningar: oppvekstromanar, historiske romanar og kriminalromanar. Dette betyr at meta-romanane til Kjærstad og Fløgstad på 80-talet ikkje er verdt omtale, heller ikkje dei kulturkritiske 90-tals romanane til Solstad, heller ikkje romanar med kjønns-roller som tema i etterkant av kvinnefrigjeringa på 70-talet - for å nemne noko. Det er sjølvsagt umogeleg å gjera alle til lags på dette området. Her må ein velje, og her vel ein den litteraturtypen som ein oppfattar som den mest elevvennelege. Å skrive om t d Fløgstad, Kjærstad og Solstad for ungdomsskuleelevar er sjølvsagt vanskeleg, men ambisjonsnivået når det gjeld 1800-talslitteraturen er ganske høgt. Kvifor skal ein ikkje ha dei same ambisjonane her?

Eleven får med denne vinklinga eit klart inntrykk av at den litterære utviklinga stagnerer noko voldsomt. Etter eit lite blaff med eksperimentering og politisering på 60- og 70-talet, er ein igjen tilbake til oppvekst, barndom og ein traust psykologisk realisme. Ein kan faktisk augne ei linje der ein fører litteraturen tilbake frå modernisme og eksperimentering til ein gammal oppvekst- og barndomsrealisme. Ein føretar kvalitative sprang, men spranga er som regel eitt fram og minst to tilbake.

[ Innhold - Toppen av siden ]

Teksten får plass: "Pegasus"
Verket Pegasus viser evne til å vise fram dei skjønnlitterære tekstane og den teksthistoriske utviklinga. Tekstdøma spelar hovudrolla og blir ramma inn av kommentarar om skrivemåte og meir kortfatta litteraturhistoriske innleiingskapittel. Som ein konsekvens av den teksthistoriske vinklinga er det to andre emneområde som blir nedtona, i sterk kontrast til f eks Frå saga til CD, og det er det biografiske elementet og den allmennhistoriske delen.

Fleire døme viser korleis tekstane blir sett i sentrum: Petter Dass' salme: "Herre Gud ditt dyre navn og ære" blir presentert i to versjonar, ein nyare frå Norsk Salmebok og ein eldre, den opphavlege versjonen. Samanlikninga er eit enkelt, men kanskje lite nytta grep i litteraturhistoria. Her har ein eit ypparleg utgangspunkt for teksthistorisk arbeid, ikkje minst for å oppfylle læreplanens målsetjing om å sjå litteratur - og språkhistoria under eitt.

Det andre døme viser enda tydlegare den teksthistoriske forankringa. I innleiinga til det lange kapitlet "Fortellinger fra nasjonalromantikken til naturalismen" står det at ein no bryt med den kronologiske organiseringa av stoffet. I staden plukkar ein ut ulike tekstar frå ulike periodar på 1800-talet som belyser det same temaet, i dette tilfellet at unge menneske søker i hop. I tilknyting til dette merkar me oss kva ein seier om eleven og teksttolking i det ein vender seg direkte til eleven: "Når tekster settes sammen, påvirker de hverandre. Det betyr at vi nok tolker dem på en litt annen måte enn om vi hadde lest novellene helt atskilt eller sammen med andre tekster" (Pegasus 9 kl.:119). Sjølv om ein gjer det klart at ein vil framheve periodeskilnader belyst gjennom tekstar, er det ikkje rett at ein løyser opp den kronologiske strukturen. Tekstane blir presentert i kronologisk rekkefølgje, og ein skriv ei innleiing til teksten der ein tek for seg forfattar og periode - eit kjent og kjært mønster. Likevel viser ein overfor eleven at tekstane har ein innbyrdes samanheng, dei er ikkje valt ut tilfeldig.

Eit anna tilfelle illustrerer tydeleg skilnaden i tilnærming mellom Frå saga til CD og Pegasus. Når Frå saga til CD omtalar Sigbjørn Obstfelder, legg ein mest all vekt på alle dei tragiske hendingane i livet hans. Slåande er det å sjå korleis Pegasus omtalar same forfattaren. Her er det mest berre lagt vekt på tematiske spørsmål, og ein nemner berre tre biografiske opplysningar på den knappe sida: han var utdanna teknikar, han døydde ung og han gav berre ut ei diktsamling. Klargjerande er også formuleringa om at medan naturalistane skildra skuggesidene ved tilveret, skreiv Obstfelder om kjenslene dette førte med seg.

Men den teksthistoriske vektlegginga er ikkje konsekvent gjennomført. Det er verdt å merke seg korleis Sigrid Undset blir behandla ( Pegasus 10 kl.:227). Riktig nok gjev ein ein fyldig presentasjon av Kristin-trilogien. Men det som likevel pregar kapitlet, er den forholdsvis detaljerte biografiske gjennomgangen av livet hennar. Detaljane kan ha relevans for hennar kunstnarleg utvikling ( "----maleren Theodor Kittelsen sa at hun hadde talent"), men likevel er inntrykket at ein slår om seg med detaljar som står i eit svært indirekte forhold til hennar forfattarskap. Mange av desse informasjonane er unødvendige viss ein skal skrive ei litteraturhistorie, men relevante viss ein skal skrive ein biografi. Me får veta at ho som kontorist hadde ni timars arbeidsdag med fjorten dagars sommarferie og 30 kroner i månadslønn. Ho "hatet" handelsskulen. Ho skreiv om kveldane, nettene og om søndagane. Ho var i USA under krigen , ho miste to av barna sine like før og under andre verdskrigen og etter krigen var ho sliten og hadde dårleg helse. Ho døydde på Lillehammer sjukehus i 1949, skriv ein. Ein typisk historisk-biografisk samanheng blir også vektlagt. Stikkordet her er 11 år - diktaren var 11 då far hennar døydde. Ein skriv: "Hun lar det ofte skje avgjørende hendelser i livet til hovedpersonene sine nettopp når de er i den alderen."( Pegasus 10 kl.:228).

Pegasus bruker også delvis sjangerdeling som prinsipp i sin litteraturhistoriografiske metode. På 1800-talet skil ein ut dei episke sjangrane i kapitlet "Fortellinger fra nasjonalromantikken til naturalismen", medan ein let 1900-tals lyrikarane få eit eige kapittel der ein presenterer diktarane kvar for seg utan at ein skriv ei samanhengande framstilling av lyrikkens utvikling. Det same er tilfelle for 1900-tals novellistar der ein presenterer Vesaas, Borgen og Nedreaas kvar for seg og som innleiing til tekstdøma. Dermed har ein i realiteten brote ned litteraturhistoriesjangeren, i staden for å peike på utviklingstrekk organiserer ein kunnskapen om personar.

Eit anna viktig poeng i denne samanhengen er at ein faktisk avsluttar den samanhengande framstillinga av norsk diktings historie med Sigrid Undset. Kvifor? Forfattarane gjev ikkje svar på dette, men ein kan spekulere. Ein grunn kan vere føringane i L97, ein annan disiplintrengselen , ein tredje kan vere at ein tenker som så at emnet er så komplekst at det er umogeleg å føre utviklinga fram til i dag. Frå saga til CD kastar seg ut i det, Pegasus løyser problemet ved å lage ein antologi over samtidslitteraturen med den lause tematiske overbygninga:" Hvem er jeg?"

Som tilfellet er med Frå saga til CD, er Pegasus svært tradisjonell når det gjeld å bruke kjente periodeinndelingar. Riktignok blir kanskje sjølve periodiseringa dempa noko når det gjeld litteraturen fram til 1814. Her har ein eit stort kapittel med tittelen "Litteraturen forteller" der ein som underkapittel bruker dei kjente nemningane, med nokre modifikasjonar. "Norrøn tid" blir brukt som overskrift på eit oversynskapittel om den språkhistoriske utviklinga, ikkje som ei nemning eller overbygning for tekstar frå den norrøne perioden. I staden for felleslitteratur som nemning brukar ein "Dansketida begynner", "Barokken (1600-tallet)", "Opplysningstida ( 1700-tallet)". Elles er folkediktinga skilt ut som eige kapittel, og slik den er presentert, er den ikkje meint å vera ein mellomperiode mellom norrøn tid og 1800-talet. På det viset fristiller ein seg frå tradisjonell periodetenking når det gjeld denne delen av litteraturen.

Ifylgje tradisjonen blir Vinje og Collet plassert i kapitlet " Fra romantikk til tidlig realisme". ( Pegasus 8 kl:86-118). Aasmund Olavsson Vinje er romantisk i naturdikta, mens livssynet hans var "basert på fornuft og realisme". Ein kan etterlyse alle dei dikta av Vinje som uttrykker ein allmenn livsvisdom, som er tanke- og refleksjonsdikt - korleis høver dei inn i periodeforståinga som er uttrykt? Vidare skriv ein om lyrikken til Henrik Ibsen. Men kvifor denne skal omtalas under kapitlet " Fra romantikk til realsime" , kan ein undrast over. Dikta som blir omtalt er "Borte!", "Terje Vigen" i tillegg til at ein siterer frå "Solveigs sang" og eit par andre kjente dikt. Tema som blir berørt er kjærleiken, døden, verdien av å gjera dei rette vala og sjølvransakinga til kunstnaren. Slik dei dikta står, gjev det lita meining å plassere dei mellom romantikk og realisme viss temaval er eit periodekriterium.

Når det gjeld det lange kapitlet "Fortellinger fra nasjonalromantikken til naturalismen" (Pegasus 9 kl.:118 - 152), er ideen bak kapitlet at kvar tekst representerer kvar periode. Dette er uproblematisk med tanke på Maurits Hansen og novella hans " Luren". Bjørnson står som ein overgangsfigur mellom romantikk og realisme, og det er også uproblematisk når ein skriv om bondeforteljingane. Men Bjørnson blir plassert i den båsen, og der blir han verande. Han sluttar å skrive bøker i 1860, får ein eit klart inntrykk av. Rigid periodisering fører til ei avgrensa forståing av Bjørnson.

Realismen som periode er representert med teksten " Karen", ein av dei verkeleg store leseverk-klassikarane. Men å la teksten stå som typisk for realismen, er å redusere teksten. I tematikk tek den opp eit samfunnsproblem. Men Kielland-novella er så litterær med sine mange tekstlag - med sin natursymbolikk, sin replikk-kunst, sin antydande stil og sin stramme komposisjon. Naturens rolle i teksten og dei underliggande kjenslene gjer teksten like mykje romantisk som realistisk. Periodisering fører i dette tilfelle til ei reduksjonistisk lesing.

I kapitlet om nyromantikken blir både Jonas Lie og Arne Garborg plasserte. Men dei blir med rette plasserte i fleire periodar: realisme, naturalisme og nyromantikk. Nemninga nyromantikk blir brukt og forklart, ein seier også at somme diktarar heldt fram med å skrive " slik de hadde gjort før". Dette er den einaste forma for nyansering i biletet av 1890-talet som nyromantikkens tidsrom. Ein overivrig trong til periodisering fører til at ein ser borte frå andre sider ved den litterære utviklinga på 1890-talet, som framveksten av litteratur på landsmål, modernistiske Hamsun-romanar, heimstaddikting, populærlitteratur.

"Nyrealismen" blir også oppretthalde som periodenemning ( Pegasus 10 kl.: 205 - 235). Var framstillinga av 1890-talet uklar, blir grunngjevinga for å operere med nemninga nyrealisme enda tynnare. Det einaste som gjer Hamsun, Duun, Undset og Sandel til nyrealistar, er at det er ein nye generasjon og at dei representerer "flere sider ved den norske litteraturen i det 20. århundre". Dette er så upresist at det gjer ein periodekarakteristikk umogeleg.

[ Innhold - Toppen av siden ]

Innleving og skildring: "Gjennom språket"
Av dei studerte verka legg dette minst vekt på litteraturhistorie. Organiseringa av stoffet er også viktig her. Ein samlar alt biografisk stoff om einskildforfattarar bak i kvart bind, nærmast som oppslagstekstar. Dessutan presenterer ein eit skjematisk periodeoversyn bak i kvart bind som har karakter av å vera oppslagsstoff. Det som stå igjen er nokre få kapittel om tradisjonell litteraturhistorie, og det er tre område ein legg mest vekt på: eventyr/ folkedikting, romantikken/nasjonalromantikken og 1890- talet.

Av dette ser me at der vanskeleg å augne ein konsekvent litteraturhistoriografi, både pga stoffmengda og organiseringa. Likevel kan ein med ein viss rett seia at framstilling av diktingas historie er merkt av skildring og innleving, ein er utydeleg når det gjeld den historiske forankringa, og ein legg vekt på forteljinga som sjanger. Spesielt er dette tydeleg når romantikken blir omtalt. For å belyse noko av det ein kan kalle for ein litteraturhistoriografi, vil eg omtale kapitlet om romantikkken - som er ganske representativt slik Gjennom språket framstiller diktingas historie.

I avsnitt " Er du romantisk - og nasjonal?" skriv ein om romantikk som fenomen, ei framstilling som inviterer eleven med på medskaping og medføling: " Vi ser for oss noe søtt og godt, spennende og drømmeaktig, noe bortimot uvirkelig"( Gjennom språket 9 :86). Ein legg ut om romantikk, prega av vekebladas klisjear, før ein endeleg er over på romantikken som litterær periode. Vegringa mot historisering er framleis levande. Blant anna omtalar ein konsekvent opplysningtida som tida " før" - kvifor kan ein ikkje tidfeste denne perioden? Omtalen av romantikken som periode er også så allmenngyldig og banal at ein gjer seg tanken om at her har lesaren krav på meir presise meldingar frå forfattarane si side. Ein skriv om romantikken at historia blir sett på som spennande, at ønsket om fridom for individet er typisk og at ein set fantasien og kjenslene i sentrum. Romantikkomgrepets legitimeringsproblem blir her akutt.

Når ein skal studere korleis litteraturhistoria blir framstilt, hadde ein venta seg fleire anekdotar og forteljinga om diktarane våre, i tråd med forteljingas plass i L97. Dette er eit hovudinntrykk når det gjeld alle dei tre studerte verka. Brått, uventa, blant alle allmennelege ord om romantikk og stemning dukkar det opp ei poetisk og kort forteljing, ja faktisk to, i Gjennom språket. Den eine handlar om då Adam Oehlenschläger skreiv " Gullhornene" og korleis Heinrich Steffens inspirerte han og var fødselhjelpar for diktet. Deretter blir det gitt ei skildring av jenta som fann desse gullhorna, ei søtladen og romantisk skildring. Forteljinga fortener å bli sitert i sin heilskap:

      Over landskapet ligger en sugende, mystisk spenning. Skyene suser, natta bruser, det sukker fra gravhaugen, rosene lukker seg. Her forbereder selve naturen seg, her skal det skje noe stort og hellig. Og det skjer: Opp fra den svarte molda kommer det rødlige gullet. Bondejenta ser noen ufattelig gamle og uendelig verdifulle drikkehorn. Det fantastiske med hornene er særlig de skrifttegnene, runene, som er risset inn. De er hemmelige og hellige tegn fra mennesker i en for lengst svunnen tid. Gjennom dette språket går det en bro til nåtiden, det finnes en forbindelse mellom dem og oss. Det er som om vi hører historiens veldige drønn, vi er en del av en fantastisk sammenheng: " En sagte Torden Dundrer! /Hele Norden Undrer" ( Gjennom språket 9: 89)

Slik dette blir framstilt i lærebokkonteksten, blir denne episoden starten på ein ny æra i vår kulturhistorie. Samanhengane blir ignorerte, i staden er episoden, forteljinga, samanhengen. Ein blir slik som det emnet ein skal skrive om er. Når ein skal skrive om romantikken, blir ein romantisk.

Det er vidare eit poeng å merke seg kor omstendeleg ein er når ein skriv om nasjonalromantikken. 10 sider bruker ein før ein kjem fram til nasjonalromantikken og diktekunsten. Før det skriv ein som nemnt om romantikken og "deg", om romantikk generelt, om nasjonalromantikken som kjem til Norden, til Noreg, multi-mediashowet i Christiania Theater, nasjonalromantikken i musikk og historieskriving, før ein endeleg kjem fram til Wergeland - som ikkje er nasjonalromantikar. Hadde ein kartlagt like mykje om føresetnadene for det moderne gjennombrotet, hadde det sagt meir om norsk litteratur. Her er ein lydig og legg vekt på nasjonalromantikken, slik L97 seier.

[ Innhold - Toppen av siden ]

Ei fagleg-pedagogisk legitimeringskrise?
Det som slår ein når ein ser desse tre undersøkte verka i samanheng, er kor forskjellig dei behandlar emnet litteraturhistorie. Frå saga til CD gjev ei svært framtung framstilling der ein bruker mykje plass og tid før ein kjem inn på det som emnet skal dreie seg om, det teksthistoriske. Alt det som omgir tekstane av historiske opplysningar, tar overhand og gjer tekstens betydning mindre. Pegasus har ei anna tilnærming til teksten ved at den er meir i sentrum og diktarens grunnar til å skrive som han gjer, kjem ofte fram i forfattaromtalane.

Periodiseringa er svært tradisjonell i alle dei tre verka. Ein ser tydelegvis på periodisering som eit nødvendig grep slik at elevane skal få utbytte av framstillinga. Men det er ingen som i nemneverdig grad drøftar periodeinndeling som prinsipp.

Frå Saga til CD sit mest fast i ein biografisk tradisjon. Pegasus frigjer seg bevisst frå denne, kan det sjå ut som. Gjennom språket er i liten grad biografisk, men heller ahistorisk skildrande og ved eit par høve teksthistorisk ( spesielt i Hamsun-omtalen).

Både Frå saga til CD og Pegasus er heilskaplege framstillingar med ein relativ konsekvent litteraturhistoriografi, i motsetnad til Gjennom språket. Det som er felles for alle tre verka er prinsippet om å la dei skjønnlitterære døma vera integrerte i framstillinga av diktingas historie. Tekstutvalet er elles svært lite overraskande.

Ingen av norskverka greier å gje boksoga som skuledisiplin ny kraft og legitimitet. Det er klare tendensar til at den går i oppløysing, den blir integrert i, eller helst underordna andre tematiske samanhengar. Der ein prøver å gje ei heilskapleg framstilling, avslører ein veikskapar som svekkar legitimiteten monaleg, problemområde knytt til periodisering, utval innafor etterkrigs-litteraturen, overdriven biografisering osv.

No er ein tilbake til David Perkins' boktittel: "Is Literary History Possible?" Svaret når det gjeld desse lærebøkene, må bli nei. Litteraturhistoria er ikkje " mogeleg" viss ein ser den tradisjonelle Frå saga til CD som formidlar minimal ny innsikt på feltet. Gjennom språket gjer litteraturhistorie til skildring, fiksjon, utan nye faglege poeng. Pegasus tilfører noko nytt når det gjeld språk og tekstutval og er fagleg vinkla inn på teksten. Men dette verket sviktar på den nyaste litteraturen og er for uklar på den eldre.

Framstillingne som er undersøkte viser også tydeleg korleis lærebokteksten eksisterer i spenningsfeltet mellom plan/elev og læreboktradisjon. Sjølve framstillingsmåten prøver å nærme seg eleven, medan den faktisk framstilte litteraturhistoria er prega av eit fagleg etterslep frå tidlegare lærebøker om emnet. Det er kanskje den alvorlegaste innvendinga mot boksoga i desse verka: fråveret av ny fagleg innsikt.

[ Innhold - Toppen av siden ]

Litteratur
Primærlitteratur:

  • Bonde, Elin, Hein Ellingsen og Hilde Justdal
    1997 Pegasus. Norsk for 8 klasse. Språk og litteratur
    1998 Pegasus. Norsk for 9 klasse. Språk og litteratur
    1999 Pegasus. Norsk for 10 klasse . Språk og litteratur
    Oslo: Universitetsforlaget
  • Jensen, Marit og Per Lien 1998 - 1999 Frå Saga til CD. Norsk for ungdomssteget ( bind 8a, 8b, 9a, 9b, 10 a, 10 b) Oslo: Forlaget Fag og Kultur
  • Sætre, Odd og Ragna Ådlandsvik
    1997 Gjennom språket 8. Grunnboki norsk for 8 klasse i grunnskolen
    1998 Gjennom språket 9. Grunnbok i norsk for 9 klasse i grunnskolen
    1999 Gjennom språket 10. Grunnbok i norsk for 10 klasse i grunnskolen
    Oslo: Det Norske Samlaget

Sekundærlitteratur:

  • Berge, Coppock, Maagerø ( red) 1998 Å skape mening med språk. En samling artikler av M.A.K. Halliday., R. Hasan og J.R.Martin Oslo: Landslaget for norskundervisning. (LNU)/ Cappelen Akademisk Forlag a.s.
  • Dahl, Willy 1974 " Jeg skal aldri gjøre det mer. Om å skrive sin samtids litteraturhistorie". Norsk Litterær Årbok
  • Granaas, Rakel og Lars Sætre 1982 " Litteraturhistorien som roman" Eigenproduksjon 13/14 Nordisk institutt, Universitetet i Bergen
  • Kittang, Atle, Per Meldahl og Hans H. Skei 1983 Om litteraturhistorieskriving. Perspektiver på litteraturhistoriografiens vilkår og utvikling i europeisk og norsk sammenheng Øvre Ervik: Alvheim og Eide Akademisk Forlag
  • Perkins, David 1992 Is Literary History Possible? Baltimore and London : The John Hopkins University Press
  • Weinreich, Torben og Lars Handesten 1997 Litteraturens byrde. Litteraturhistorie og ældre tekster i folkeskolen i teori og praksis Roskilde: Roskilde Universitetsforlag
  • Aarnes, Sigurd Aa. 1986 " Norsk litteraturhistorieskrivning - tradisjon og tradisjonskritikk" i Eigenproduskjon 27/1986 Nordisk institutt, Universitet i Bergen

    [ Innhold - Toppen av siden ]

<< Forrige side - Forside - Innhold - Neste side >>

 

Avdeling for lærerutdanning 

 
Fokus på pedagogiske tekster 3
Fem artikler om vurdering av lærebøker

Notat 8/2001
Copyright © 2001 forfatterne / Høgskolen i Vestfold
Konvertert og publisert på veven: 15.5.2001
HVE-Biblioteket