Arne Garborg (1851-1924) Arne Garborg
(1851-1924)

   Høgskolen i Vestfold | Biblioteket | Digitale tekster | Skjønnlitteratur | Arne Garborg hovedside

Arne Garborg – journalist, politikar og forfattar

Av førsteamanuensis Kåre Glette

I dag, 25. januar 2001, er det på dagen 150 år sidan Arne Garborg blei fødd. 73 år seinare døydde han, den 14. januar 1924.  – Garborg?, spør kanskje den unge kvinna som sit på cafebaren med café au lait og ein artikkel om sex og samliv i Magasinet, var ikkje det den bondske diktaren med «Bondestudentar» og Hanna Winsnes' kokebok? Han er da heilt uaktuell for meg, tenkjer ho, justerer posituren på cafékrakken, nippar av café au lait-koppen og prøver å sjå hyperurban og hypermoderne ut. Dersom den unge kvinna tenkjer slik, er ho psevdointellektuell og kulturprovinsiell.

Mannen
76 år er det sidan Garborg døydde, men han er utruleg levande i dag. Dei sakene han stridde for, dei problemstillingane han formulerte og dei posisjonane han inntok, var så intelligente, framskridne og moderne at ein garborgkjennar føler at han utan problem kunne plassert Garborg inn i dagens politiske landskap, føler at han «veit» kva Garborg ville meint om Røkke, hyttepalass, kvinnesak, homofili, EU-spørsmålet o.l. Garborg var så uendeleg mykje; bonde, bymann og intellektuell, jærbu, nordmann og europear, skribent, journalist, skjønnlitterær forfattar, kritikar, essayist, forskar, polemikar og forkynnar. Innan alle sjangrane han brukte var han ein nyskapane stilkunstnar, og han eksperimenterte og blanda sjangarane som ingen andre forfattarar og hundre år før dette blei mote innan norsk modernisme. Garborg blei den tredje kultfiguren innan det nynorske prosjektet, etter Aasen og Vinje, og meir enn desse bidrog han til å gjera det nynorske skriftspråket til eit «finstemt instrument for tanke og kjensle og til et moderne kulturspråk» (professor Edvard Beyer).

Tida
Mellom 1851 og 1924 skjedde det grunnleggjande endringar i Noreg; det moderne samfunnet voks fram. Bonde- og ættesamfunnet gjekk i ppløysing, industrialiseringa skaut fart og blei den dominerande næringsgreina, noko som førte til urbanisering, mekanisering av jordbruket og kapitalisering av produksjonslivet, med nye eigedomsforhold og samfunnsklassar til følgje. Folk drog til byen eller Amerika. Eit politisk stormver feiar over landet med massemobilisering og kvasse motsetnader mellom Venstre og Høire, bønder og embetsmenn. Parlamentarismen blir innført, unionen med Sverige oppløyst, «den nye arbeidsdagen» for nasjonalstaten Noreg kan starta, og landet blir vevd inn i den internasjonale økonomien. Kristendommen taper sitt åndshegemoni, og verdsleggjeringa skyt far. Skriftspråket blir demokratisert, lese- og skrivekunne allemannseige, avisene dukkar opp, det blir nå mogleg å leva av skriftproduksjon, vi får ein nasjonallitteratur, eit nytt skriftspråk (landsmålet) som alternativ til dansk-norsken og dermed opptakten til ein grunnleggjande kulturstrid og aktualisering av den norske nasjonalitetstanken som står sentralt på heile 1800-talet.

Livshistoria
Livet, kunsten og tenkinga til Garborg både uttrykkjer og protesterer mot denne historiske utviklinga. Garborgs personlege, dels private liv, er blitt framstilt som ei danningsreise med fleire underledd, t.d.: Heime (Jæren) – Ute (Kristiania, Kolbotn, europeiske storbyar) – Heime (Jæren), eller Heime (kristendom) – Ute (fritenkjarskap, dvs. ikkje-kristne tankeformer) – Heime (personleg kristentru som han har tvilt og strevd seg fram til gjennom eit heilt liv). Det som gjorde at Aadne (Arne då han var 20 år gammal), eldste sonen i ein søskenflokk på ni, ville bort, vekk, ut, var det som skjedde då han var åtte år gammal. Då blei far hans gripen av djevleangst, dommedagsredsle og og sjukeleg skuldkjensle i ein grad som gjekk på forstanden laus. Alt blei omsnudd heime hos vesle Aadne, det var berre gudsord og arbeid frå morgon til kveld. Odelsguten vraka familiegarden, drog til Sørlandet på lærarskulen. Der fekk han vita at far hans hadde hengt seg. Deretter bar det til Christiania for «å studera eller døy». I hovudstaden markerte han seg straks som ein kvass kritikar og eit strålande intellekt. Han blir ein leiarfigur innan målreisinga, blir fast tilsett som statsrevisor, debuterer som skjønnlitterær forfattar, gifter seg med Hulda Bergersen, blir avsett som statsrevisor på grunn av farlege, europeiske meiningar, buset seg på Kolbotn i Østerdalen, gjer fleire utanlandsreiser og deltek i den politiske striden og i den generelle samfunns- og kulturdebatten. I 1897 buset han seg på garden Labråten på Hvalstad i Asker, der han blir buande resten av livet. Men om sommaren dreg han til Jæren. Den «umoglege» statsrevisoren blir så statstipendiat i 1898 og bruker resten av livet til meiningsproduksjon og omsettingsarbeid.

Journalisten
Journalistikk kan definerast som dagsaktuell skriving. Garborgs rolle som mediegründer og journalist har lenge vore undervurdert. Han starta som journalist med handskrivne blad i 12-13 års alderen. Seinare grunnla, redigerte og skreiv han Seminaristen, seinare Lærer-standens Avis (1871-73), han starta Tvedestrandsposten som han også skreiv i og redigerte (1872-73). I Oslo starta han målavisa Fedraheimen som han også var redaktør for (1877-82) og journalist i. Seinare var han også medredaktør i Den 17de Mai. Han var fast skribent i Dagbladet, Aftenbladet, VG og andre aviser, bidragsytar i ei rekkje norske og utanlandske tidsskrift. Det er inga overdriving å seia at han var var meiningsprodusent med eit stadig større publikum nesten dagleg frå dei første tenåra til han la ned pennen nyttårkvelden 1923. Og han greidde å leva av skrivinga si. Til saman gav Garborg ut over 2000 artiklar og essays, dessutan skreiv han over 1400 brev og seks band dagbøker, som også er ei form for journalisering. Som journalist er han profesjonell. Han gjer heile det offentlege rommet til emne for si skriving, og produserer ei lang rekkje meiningsytringar i den kulturelle og politiske kampen. Produktiviteten er stor, berre i 1882 må han jamt over ha produsert ein artikkel annankvar dag. Han brukar ei rekkje sjangrar og retoriske verkemiddel. Den første tida er holdninga konservativ, ortodoks og antidemokratisk, seinare blir han «norsk», folkeleg, demokratisk og radikal.

Politikaren
Heile sitt vaksne liv var Arne Garborg politikar. Ikkje slik at han hadde formelle verv, men ved at han deltok aktivt, engasjert og kraftfullt i den politiske og kulturelle debatten – med eit europeisk perspektiv. Etter kvart blei han ein førande opinionsdannar som «alle» lytta til når han kom med innlegg, også rikspolitikarane. Truleg haddde han stor innverknad. Han deltok med fynd og klem i det politiske ordskiftet fram mot riksrettsoppgjeret i 1885, men han engasjerte seg også i grunnleggjande kulturelle og samfunnsmessige spørsmål.

Han kjempa mot førande professorar og biskopar, presteskapet og rikspolitikarar. Allereie i 1877 blei han den førande ideologen for målreisinga med pamfletten «Den ny-norske Sprog-og Nationalitetsbevægelse» der han med fagleg tyngde set målsaka inn i ein internasjonal, språkhistorisk, språkspsykologisk og språkdidaktisk samanheng. Seinare skriv han ei rekkje artiklar og pamflettar om målsaka og duellerer kraftfullt med sin gamle kampfelle Bjørnstjerne Bjørnson, den konservative professor Monrad og andre «modstrævere». I hans tid lovfestar (1879) Stortinget at barna har rett til å snakka dialekten sin i klasserommet, jamstiller landsmål (nynorsk) som riksspråk og lovfestar at skolestyra kan innføra nynorsk i kommunane.

«De to sociale hovedspørgsmål, fattigdommen og kjærligheden, begynder at komme op her også nu», skreiv han allereie i 1866. Med stor kraft kjempa Garborg heile livet mot alle dei som forsvarte, idylliserte eller moraliserte over fattigdommen, dei som sa fattigdommen var sjølvforskyldt, økonomisk naudsynt eller moralsk utviklande. Med europeisk tankegods (sosialdarwinisme, sosialisme, positivisme) hevda Garborg at fattigdommen var samfunnsmessig bestemt og at den verka nedbrytande og demoraliserande på individet. Difor var det politikarane sitt ansvar å avskaffa den.

«Kjærligheden» var den tids ord for spørsmål som dreidde seg om samliv, ekteskap, seksualitet, prostitusjon o.l. I ei rekkje artiklar, den mest kjende heiter «Fri Skilsmisse» (1888), hevdar Garborg at ekteskapet utelukkande må tuftast på gjensidig frivilligheit, er det ikkje det, har ektefellene rett til skilsmisse. Han raste mot tvangsekteskap, eller interesse- og fornuftsekteskap som han kalte det. Han braut tabu og snakka ope og med avsky om mishandling, fysisk, psykisk og seksuelt, innanfor ekteskapets rammer. Til presteskapets skrekk snakka han også om onani, og gjorde seg talsmann for ei sunn og naturleg seksuell utfalding. Han harselerte over dei som moraliserte over prostitusjonen. Den kunne ikkje avskaffast, meinte han, før fattigdommen og ulikskapen mellom mann og kvinne var tilinkjegjort.

Cafébar og kaffistove
Og her er vi tilbake ved vår café au lait-nippande dame på kaffebaren i innleiinga. Dersom ho set seg ned og les Garborgs artiklar om sex, samliv og ekteskap, vil ho oppdaga at hovudpunkta om dette i Magasinet og i hennar eige hovud blei formulert av Garborg for over hundre år sidan. Men han sat på kaffistove, ikkje på cafébar, han drakk kaffi, ikkje café au lait. Så han må jo vera «bondsk». – Jeg derimot er urban og moderne!

DEL 2

Arne Garborg var ein av dei store forfattarane i siste halvdel av det nittande hundreåret, og den første moderne forfattaren som skreiv på nynorsk. Forfattarskapen hans er djupt forankra i hans personlege og private liv, norsk historie og ikkje minst i europeisk åndsutvikling. Han var ein europeisk intellektuell som med stort mot formidla europiske tankeformer inn i Noreg; religionskritikk, (sosial-)darwinsime, positivisme, naturalisme, sosialisme, kommunisme, anarkisme o.a. Gjennom heile livet argumenterte han mot utestenging frå Europa, samstundes som arbeidde for norsk sjølvstende, politisk og kulturelt.

Det er ein intim samanheng mellom meiningsprodusenten (journalisten og poliktikaren) og diktaren Garborg. Begge skriveformene går inn i eit poetokratisk prosjekt der diktaren ønskjer å påverka og forandra samfunnet. Den nære samanhengen kan illustrerast ved følgjande forhold: Då Garborg debuterte som forfattar, hadde han allereie skrive journalistisk og politisk i over ti år. Forteljinga Ein fritenkjar, romanen Bondestudentar og brevsamlinga Kolbotnbrev blei først publisert i avisa Fedraheimen før dei kom ut som skjønnlitterære bøker. Dessutan: Dei tema som han tok opp i diktinga si, var også dei som stod sentralt i den journaliserande og politiske skrivinga.

Diktaren Garborg stod fram på slutten av 1870-talet med ei par mindre forteljingar. Debuten kan setjast til 1881 då Ein fritenkjar kom ut, ei bok som var eksplosiv, kontroversielle og som folk flest fekk frysningar av. «Fritenkjar» var ein som tenkte sjølvstendig og uavhengig av kristendommen i livssynsspørsmål. Denne første nynorske «romanen» handlar om teologen Eystein Hauk som ikkje lenger greier å ha den rette lutherske tru, og som difor bli forakta, utstøytt og heimlaus, til slutt fordømd av sin eigen son.

Dei fire neste romanane kan vi kalla for Garborgs Kristiania-romanar;
Bondestudentar (1883), Mannfolk (1886), Hjaa ho Mor (1890) og Trætte Mænd (1891). Desse fire bøkene høyrer naturleg saman, det dreier seg om same sjanger, dei same tema, handlinga går føre seg på same stad, dels også på same tid, og mange av personane går igjen frå bok til bok. Det desse romanane tematiserer er fattigdommen og «kjærligheden», dvs. samliv, seksualitet, ekteskap og prostitusjon, som Garborg tidleg meinte var dei to sosiale hovudspørsmåla i samtida. I Bondestudentar er hovudvekta lagt på forholdet mellom fattigdom og personlegdomsutvikling, i dei tre siste er det forholdet mellom økonomi og erotikk som er det sentrale temaet. Desse fire romanane er alle naturalistiske; dei forklarar mennesket på bagrunn av arv, miljø og samfunn, og dei førte til at Garborg fekk eit dundrande gjennombrot i Tyskland. Der fekk han status som kultfigur og pionerforfattar. Hjaa ho Mor t.d. kom ut same år på landsmål, dansk og tysk.

Bondestudentar er ein brei samfunnshistorisk, kulturhistorisk og individualpsykologisk roman. Hovudpersonen er bondeguten Daniel Braut. Han vil bort, opp og fram og tek spranget frå den skrinne jærgarden til studentstatus i Kristiania der han mistar og svik seg sjølv. Til slutt blir han embetsmann, men karakteren blir forkrøbla. Mannfolk er ein breidt opplagd roman frå kunstnar- og literatmiljøet i Kristiania. Forfattaren viser ei rekkje ulike kjærleiksforhold, men dei aller fleste går til grunne. Vi får også opprørande glimt av purunge jenter som av naud driv med gateprostitusjon. I Hjaa ho Mor er temaet det same som i Mannfolk. Hovudpersonen Fanny Holmsen får ei forkvakla oppfatning av seksualitet og difor kjærleiksevna si øydelagd på grunn av ei tertefin og småborgarleg oppdraging, og går til grunne i eit konvensjonsekteskap.

Dagboksromanen Trætte Mænd er ein elegant roman som uttrykkjer ei allmenneuropeisk livskjensle; angst, meiningstap, oppløysing, fragmentering, dekadanse, ein totaliserande tvil. Hovudpersonen Gabriel Gram har mista alle verdiar, og si kjærleiksevne.

Det hadde starta tidlegare, men i 1890 var det mange som observerte det. Då kom Kolbotnbrev ut, ei brevsamling som viser naturelskaren og prosalyrikaren Garborg. På denne tida er Garborg inne i ei djuptgåande krise, han er lei av byen, utviklingsoptimismen, naturalismen, politikken og politikarane, ikkje minst «fridomsmennene» i Venstre som nå har komme til makta. Han er redd han skal bli sinnssjuk, slik faren blei, og ta sjølvmord. Ekteskapet skrantar. Han er på leiting; geografisk, ideologisk og åndeleg. Den religiøse religionskritikaren og fritenkjaren treng noko nytt å tru på. Han dreg attende til Jæren etter tjue års eksil. I 1892 feirar han 17. mai på Bryne.

Den andre delen av Garborgs forfattarskap kan vi kalla Jærdiktinga. Fire bøker handlar om Hòve-slekta; Fred (1892), Læraren (1896), Den burtkomne Faderen (1899) og Heimkomin Son (1908). To andre jærbøker er Haugtussa (1895) og Knudaheibrev (1904). Men merkelappen jærdikting er reduserande.
Dette er også nasjonal og internasjonal, allmennmenneskeleg og evigmenneskeleg, og ikkje minst djupt gripande dikting.

Hòve-syklusen kan lesast som ein konfrontasjon mellom det moderne og det før-moderne på Jæren. Dei store nasjonale og internasjonale «forteljingane» i samtida møtest usynleg i denne syklusen; kristendommen, jaabækismen, kommunismen, anarkismen, liberalismen, kapitalismen, georgeismen og tolstojismen. I denne syklusen samlar Garborg seg om dei verdiane han har funne i det friske, før-pietisktiske bondesamfunnet på Jæren, sentrale tankar i kristendommen, kommunismen og hos Leo Tolstoj, og ikkje minst dei tankane om jordeige og jord-deling som han har funne hos den amerikanske sosialøkonomen Henry George som han blei ein ivrig talsmann for dei siste tjuefem åra av livet sitt. Denne ideologien, ikkje arbeidarrørsla, blei Garborgs vern mot det tiltakande «pengevældet»som stadig greip om seg, og som han stadig talte og skreiv mot. Garborg var «kanskje den mest fanatiske anti-kapitalisten som har levd i dette landet» seier professor Rolv Thesen.
Romanen Fred er både naturalistisk og nyromantisk, både ein samfunnsstudie og ein intens sjelestudie, ein tekst om store samfunnsendringar på landsbygda og om mismot, sinnssjukdom og sjølvmord som dei kan utløysa. Det har vore vanleg å lesa denne romanen som ein sjølvbiografisk roman om Garborgs barndom, om ervingen som vraka farsgarden, og farens sjølvmord.

Læraren, Den burtkomene Faderen og Heikomin Son handlar om kristendom som praktisk og revolusjonerande handling. Paulus Hòve tek bibelordet på alvor og meiner ein skal selja alt det ein eig og gi pengane til dei fattige. Han er ein fascinerande person i all sin idealisme, intelligens og konsekvente etikk. Den butkomne Faderen er Garborgs meisterverk, her møter vi djupe tankar og inderlege kjensler, skriven i ein intens, bibelfarga og prosalyrisk stil, forma som dagboksutdrag. Heimkomin Son har på langt nær den same intensitetet, denne boka er meir drøftande og argumenterande, men den gir eit viktig innblikk i den georgeismen Garborg utvikla særleg dei siste tjue åra av livet.

Haugtussa (1895) er ein forteljande dikt-ring som fortel om det gamle, friske og før-pietistiske Jæren, skriven i ein sterkt variert og musikalsk prega versekunst. Hovudpersonen Veslemøy vinn over dei mørkemaktene som ho opplever kring seg, fordi ho berre er enkel, god og elskeleg, fordi ho ikkje er utstyrt med moderne og komliserte tankebygningar eller «forteljingar». Garborg har funne attende til Jæren og jærbuen i seg, og dette har gitt nytt livsmot og ny livsglede. I 1899 bygde han seg sommarhus i Knudaheio, ikkje så langt frå barndomsheimen, ei høgtliggjande hytte under Undheimsfjellet med vidt utsyn over barndomsbygda, jærheiane og havet.

I 1904 gav han ut Knudaheibrev, ei samling fiktive brev, skrivne til sin beste ven overlærar S. Schjøtt, daterte frå mai 1899 til juli 1902. Desse breva er djupt personlege, springande, kårserande og humoristiske, men også reflekterande, analyserande, tilbakeskodane og djupt alvorlege. Han skriv han om matlaging, grøftegraving, kråka og andre trivialitetar, men også om barndomsheimen og oppveksten, utviklinga på Jæren, i Noreg og i ekteskapet. Garborg blei nobelpriskandidat, men mista trua på dikting vel 50 år gammal. Men han slutta ikkje med meiningsproduksjon og omsettingsarbeid. Under den store optimismen under «den nye arbeidsdagen» etter 1905 var han pessimistisk og resignert, såg at landet var blitt ein «provins under det kapitalistiske verdensvelde». Men den resignerte skreiv også: «Den største striden som no stend, er den som Jesus sjølv opna: Striden mot mammon.Eller mammon-satan». Kapitalismekritikk og religionskritikk (jfr. Jesus Messias og Den burtkomne Messias) flyt saman hos den djupt religiøse, tidlegare fritenkjaren.

 

[ Toppen av siden ]

Høgskolen i Vestfold | Biblioteket | Digitale tekster | Skjønnlitteratur | Arne Garborg hovedside
Sist endret: 25.1.2001