Ivar Aasen: Symra. Tønsberg: Høgskolen i Vestfold, 2000.
Gå til: | Innholdsfortegnelse | Nettbiblioteket | Digitale tekster

TOLUGT MOD

Tolugt Mod er godt aa hava.
Tidt mot Straumen fær du kava,
um din Rett er nog so god.
Ymist fær du sjaa og høyra,
som er ilt i Syn og Øyra;
tak det alt med tolugt Mod.

Naar du tunge Verk maa gjera
og fær Vantakk heim aa bera,
tak det tolugt og ver god.
Fær du vera med i Reidsla
og fær inkje godt av Veitsla,
tak det alt med tolugt Mod.

Verda Folk deg alt for fine,
vil dei spotta deg og dine,
gakk ifraa deim og ver god.
Grina dei aat all din Bunad,
aat din Tale, Gang og Snunad,
tak det alt med tolugt Mod.

Naar dei til sitt eiget Nøgje
gjera berre Laatt og Løgje
av ei Gjerning, som var god;
naar med Skam dei ned vil riva
betre Verk, en sjølv dei driva,
tak det alt med tolugt Mod.

Naar dei til sitt eiget Gaman
leggja Slarv og Drasor saman
um ei Grend, som vist er god;
naar dei skjella og skamfara
Folk, som inkje sjølv faa svara,
tak det alt med tolugt Mod.

Naar dei Lygn um Landet senda
rundt, og Sanningi forvenda
i ein Storm av Skraal og Ljod;
naar dei truga Folk aa tegja,
som eit Ord imot vil segja,
tak det alt med tolugt Mod.

Um eit Ord du heve svarat,
og det so var snutt og snarat,
til det reint paa Tverka stod;
var du hutad midt i Talen
som ein Unge, vill og galen,
tak det alt med tolugt Mod.

Tru du maa, at Retten vinner,
naar han rette Tidi finner;
men han trenger Verja god,
og det verder langt aa bida;
mang ein Harm du fyrst maa lida.
Berre hav eit tolugt Mod.

Ivar Aasen: Symra. Tønsberg: Høgskolen i Vestfold, 2000.
Gå til: | Innholdsfortegnelse | Nettbiblioteket | Digitale tekster