Ivar Aasen: Symra. Tønsberg: Høgskolen i Vestfold, 2000.
Gå til: | Innholdsfortegnelse | Nettbiblioteket | Digitale tekster

LIVET

Heimen er baade vond og god,
det skifter med Sut og Gaman.
Hæv er den, som med same Mod
kann taka mot alt tilsaman.

Vegen ligger so ymist til
med Staup og store Krokar.
Ein kjemer der, som ein ikkje vil,
og fram i mange Flokar.

Sveinen stemner i Vegen radt
med stora Voner i Barmen;
men Vegen verd honom tidt for bratt,
og Voni møtest med Harmen.

Um ei Stund han fær ein Stur,
det heve sitt gamle Gjenge:
Gleda gløymest, fyrr du trur,
men Sorgerna sitja lenge.

Kjem han sturen i Verdi ut,
so fær han liten Fagnad;
Verdi snur seg fraa all Sut
og fraa ein Vesallmanns Lagnad.

Ho vil, at Mannen skal stræva hardt
og ikkje fraa Verket vika
og aldri missa sitt Mod for snart,
um endaa Vonerna svika.

Strenge Dagar maa koma paa,
men etter koma dei milde.
Den største Hugnad me stundom faa,
der minst me vona vilde.

Lauvet fell um Hausten av,
um Vaaren atter det spretter.
Dauden herjar um Land og Hav,
men Livet kjem alltid etter.

Stormen sopar i Skogom hardt,
so Tre og Kvister brotna;
men grøne Kvister vil renna snart
av Rotom til deim, som rotna.

Kjært er Livet med all sin Harm;
det klaarnar, alt som det gjenger.
Men endaa treng eg ei Von i Barm
um eit, som varer lenger.

Ivar Aasen: Symra. Tønsberg: Høgskolen i Vestfold, 2000.
Gå til: | Innholdsfortegnelse | Nettbiblioteket | Digitale tekster