Ivar Aasen: Symra. Tønsberg: Høgskolen i Vestfold, 2000.
Gå til: | Innholdsfortegnelse | Nettbiblioteket | Digitale tekster

FALS OG FUSK

Med Fals og Fusk er Verdi full,
og mangt eit Korn læst vera Gull;
men naar ein ser det nærre,
so var det verdt eit mindre Rop:
d'er berre Graastein alt i Hop,
og stundom nokot verre.

Um Framgang er no myket rødt,
alt nytt skal vera Framgang stødt,
men naar ein ser det nærre,
so gjeng det ymist att og fram:
det eine fær ein betre Ham,
det andre verder verre.

Av Fridom skrøyter mangein Mann,
og fagre Ord han tala kann,
men naar det kjeiner nærre,
so vil han liten Fridom sjaa,
og kann han Vald i Grendom faa,
han verd ein strenger Herre.

Um Landsens gamle Sed og Viis
dei tala tidt med myken Priis,
men naar det kjemer nærre,
naar sjølv dei gamall Sed faa sjaa,
so kvekka dei og røma fraa,
som ingen Ting var verre.

Av Vit og Kunnskap, ser ein tidt,
at Folk vil skrøyta stort og vidt,
men naar det kjemer nærre,
so vita dei um Smaating best,
og minst um det, som trengdest mest,
og slikt er helder verre.

Og mangein Gut læst vera klok
og skriver stort i Blad og Bok,
og naar du ser det nærre,
so er det litet Gagnet i,
og skal du fara etter di,
so fer du fulla verre.
 
 
 

Ivar Aasen: Symra. Tønsberg: Høgskolen i Vestfold, 2000.
Gå til: | Innholdsfortegnelse | Nettbiblioteket | Digitale tekster