Draumkvedet  |  Tekster  |  Galleri  |  Litteratur

Draumkvææ

Moltke Moes restitusjon fra 1890-årene, basert på flere oppskrifter



I.   Visionens ramme (1-6)

1.   Vi'du me lye, eg kvea kan
     um einkvan nytan drengjen,
     alt um'n Olav Åsteson,
     som heve sovi so lengji.

2.   Han la seg ne um joleaftan,
     sterkan svevnen fekk,
     vakna 'kji fyrr um trettandagjen,
     då folkkji at kjyrkjun gjekk.
       Å de va Olav Åsteson,
       som heve sovi so lengji.

3.   Han la seg ne um joleaftan,
     no hev 'n sovi so lengji,
     vakna 'kje fyrr um trettandedagjen,
     då fuglane skoke vengjir.
       Å de etc.

4.   Han vakna 'kji fyrr um trettandedagjen,
     då soli rann i lie,
     då sala han ut flotan folen,
     han ville at kyrkjun rie.
       Å de etc.

5.   Presten stend'e fyr altari
     å les upp lestine lange,
     Olav set seg i kyrkjedynni
     å tel'e draumane mange.
       Å de etc.

6.   Gamle menner og unge
     dei gjev'e etti gaum'e,
     mæ han Olav Åsteson
     tel'e sine draume.
       Å de etc.

II.  Visionærens indledning (7-15)

7.   Eg la me ne um joleaftan,
     sterkan svevnen fekk,
     vakna 'kji fyrr um trettandagjen,
     då fokkji at kjyrkjun gjekk.
       For månen skin'e,
       å vegjine fadde so vie.

8.   Eg hev vori meg upp mæ sky
     å neatt mæ havi svarte;
     den som vi'mit fotspor fydde,
     lær 'kji av bliom hjarta.
       For etc.

9.   Eg hev vori meg upp mæ sky
     å ne mæ havsens grunni;
     den som vi' mit fotspor fydde,
     lær 'kji av bliom munni.
       For etc.

10.  Eg hev vori meg upp mæ sky
     å neatt på svarte dikji.
     eg hev set at heite helvite
     å ein dell av himmerikji.
       For etc.

11.  Eg hev fari ivi vigde vatne
     å ivi jupe dalar;
     høyrer vatn, å ser de inkji,
     undi jori so mune de fara.
       For ete.

12.  Eg æ so trøytt å færemo,
     å inna so mune eg brenne;
     eg høyrer vatn, å fær de inkji,
     undi jori so mune de renne.
       For etc.

13.  Inkji neggja soten min,
     inkje gjødde min hund'e,
     inkji gol dei ottefuglan:
     de tottest meg vera under.
       For etc.

14.  Eg va meg i auromheimi
     i mange nettar å trå,
     de veit gud i himerik,
     hossi mang ei nau eg såg.
       For etc.

15.  Eg kan noko av kvòrjom,
     derfy tikjest eg fro,
     eg va 1ònge i mòli mòka,
     ha eg tott den dauen go.
       For etc.

III. Færden til Dødsriket (16-23)

16.  Fysste eg va i uteksti,
     eg va lònge i mòlli mòka,
     sund'e gjekk mi skarlakskåpe
     å neglan av kvòr min fot.
       For etc.

17.  So va eg meg uteksti
     igjenom den tynnyr-ring;
     sund'e gjekk mi skarlakskåpe
     å nevlan av kvòr min fing.
       For etc.

17a. Eg sleit sund'e, mi skarlakskåpe,
     i tynnyr-ringjen meg rispa;
     so kjem dei fram smådrengjine
     å mine fingane felsa.
       For etc.

17b. Eg sleit sunde mi skarlakskåpe
     igjenom den tynnyrmog'e;
     fram kjem adde smaadrengjine,
     dei helt undi kvar min fot'e.

18.  Kjem eg meg at gjaddarbrui,
     ho heng'e so hågt i vindi;
     ho æ òdd me guri slegji
     å saum i kvòrjom tindi.
       For etc.

19.  Ormen høgg'e, å bikkja bite,
     å stuten stend midte på leii:
     tri æ tingji på Gjaddarbrui,
     å adde æ gramme a vreie.
       For etc.

20.  Bikkja bit, å ormen sting,
     å stuten stend å stangar -
     de slepp ingjen ivi Gjaddarbrui
     som fedder domane vrange.
       For etc.

21.  Eg hev gjengi Gjaddarbrui,
     ho æ både bratt og lei;
     vassa so hev eg dei Våsemyran,
     no æ eg kvitt'e dei.
       For etc.

22.  Va'i so hev eg dei Våsemyran,
     der hev 'kje sta'i me grunn;
     no hev eg gjengji Gjaddarbrui
     mæ rapa mòll i munn.
       For etc.

23.  Eg hev gjengji Gjaddarbrui,
     å der va krokane på,
     men eg totte tyngre dei Gaglemyran,
     gud bære den dei skò gå!
       For etc.

IV.  Færden i Dødsriget 1 (24-28)

24.  So kom eg meg at vòtno dei,
     der isane brunne blå,
     gud skaut dei i hugjen min:
     eg vende meg derifrå.
       For etc.

25.  Eg va meg i auromheimi,
     ingjen der eg kjende,
     berre ho sæle gumor mi
     mæ raue gull paa hendi,
       For etc.

26.  Surne fòr ivi Grimaråsen
     å surne ivi skålestrònd,
     men dei som får ivi Gjaddarhylen,
     dei kòme våte fram
       For etc.

27.  Så tok eg av på vetterstig
     alt på min høgre hònd;
     der såg eg meg ti paradis,
     de lyser ivi vene lònd.
       For etc.

28.  Der såg eg att'e gumor mi;
     meg mune 'kji bet'e gange:
     «Reis du deg ti brokksvalin,
     der skò domen stande.»
       For etc.

V.   Den foreløpige dom (29-37)

29.  Kjem eg meg at pilegrimskyrkjun,
     der va meg ingjen mann kjend'e,
     berre ho goe gumor mi
     mæ raue gull på hendi
       I brokksvalin
       der skò domen stande.

30.  Der kom færi noranti,
     å den rei no so kvasst;
     fyri rei Grutte gråskjeggji
     alt mæ sit store brass.
       I etc.

31.  Der kom færi noranti,
     de totte eg vera vesst;
     fyri rei Grutte gråskjeggji,
     han rei på svartan hest.
       I etc.

32.  Der kom færi sunnanti,
     de tottest meg vera best;
     fyri rei sakte såle-Mikkjel.
     han rei på kvitan hest.
       I etc.

33.  De kom færi sunnanti,
     å den rei no so tvist;
     fyri rei sankte såle-Mikkjel
     næste Jesum Krist.
       I etc.

34.  Der kom færi sunnanti,
     ho tottest meg vera trå,
     fyri rei sankte såle-Mikkjel,
     å luren undi armen låg.
       I etc.

35.  De va sankte såle-Mikkjel,
     han blæs i luren lange:
     «Å no skò adde såline
     fram fy domen gange!»
       I etc.

36.  Men då skolv dei synde-såline,
     som ospelauv fy vinde,
     å kvòr den, kvòr den sål der va,
     ho gret fy syndine sine.
       I etc.

37.  De va sankte såle-Mikkjel,
     han vog i skålevikt;
     so vog han adde synde-såline
     burt ti Jesum Krist.
       I etc.

VI.  Færden i dødsriket II (38-45)
     (Onde gjerningers løn)

38.  Eg såg meg einom drengjen,
     de fysste eg vart ve,
     liten småsvein bar han 'ti fangji
     å gjekk i jori ti knes.
       I etc.

39.  Kjem eg meg at manni dei,
     kåpa den va bly:
     hass arme sål i dessum heimi
     va trong i dyre ti.
       I etc.

40.  Kjem eg meg at mònno dei,
     dei bar på gloande jor:
     gud nåe dei fatike såline
     som flutte deildir i skog!
       I etc.

41.  Kjem eg meg at bònno dei,
     dei støje so hågt på glo:
     gud nåe de synduge såline,
     ha banne burt far å mor!
       I etc.

42.  Kjem eg meg at pòdda å òrmen,
     dei hòggje kvòrare mæ tanni:
     de va synduge synskjini
     som hae kvòrare banna.
       I etc.

43.  Der møtte eg dei òrmane tvei,
     dei bite kvòrare i spori:
     de va dei synduge syskjenbònni
     som gifte kvòrare på jori.
       I etc.

44.  Kjem eg meg at Syslehusi,
     der va trollkjeringan inne:
     dei sto kjinna i raue bloi,
     de va so tung ei vinne.
       I etc.

45.  Der æ heitt i helvite,
     heitar hell nokon hyggje:
     der hengde dei 'pivi ein tjyrukjetill
     å brytja ne-i ein presterygg'e.
       I etc.

VII. Gode gjerningers løn (46-51)

46.  Sæl æ den i føisheimen
     fatike gjev'e sko:
     han tar inkji berrføtt gange
     på kvasse heklemog.
       Tunga talar,
       å sanning svarar på domedag.

47.  Sæl æ den i føisheimen
     fatike gjeve ku:
     han tar inkji sumlug gange
     på håge Gjaddarbru.
       Tunga etc.

48.  Sæl æ den i føisheimen
     fatike gjev'e brau:
     han tar inkji ræast i auromheimi
     fy hòrske hundegau.
       Tunga etc.

49.  Sæl æ den i føisheimen
     fatike gjev'e kònn:
     han tar inkji ræast på Gjaddarbrui
     fy kvasse stutehònn.
       Tunga etc.

50.  Sæl æ den i føisheimen
     fatike gjeve mat:
     han tar inkji ræast i auromheimi
     anten fyr hæ-i hell hat.
       Tunga etc.

51.  Sæl æ den i føisheimen
     fatike gjeve klæ-i:
     han tar inkji ræast i auromheimi
     fyr håge kjellar-bræ-o.
       Tunga etc.

VIII. Slutning (52)

52.  Gamle mennar å unge
     dei gjev'e etti gaume;
     de va han Olav Åsteson,
     no hev 'en tålt sine draume.

Draumkvedet  |  Tekster  |  Galleri  |  Litteratur